HISTORIA OM RASMUS OG GRETE

Slektstavler blir ofte mest namn og årstal. Historiene og livet til mennskja attom namna veit vi vanligvis mindre om. Men tek vi oss på tak og arbeider med meir enn årstala og dei mange namna, så hender det at spennande, romantiske eller kanskje tragiske historier kjem for ein dag. Historia om Rasmus og Grete blir smått om senn til på den måten. For det er langt ifrå den ferdige historia om Rasmus og Grete, dette. Rett som det er dukkar det opp små bitar som vi ikkje visste om, som passar inn i historia og som gjer Rasmus og Grete og deira nærmaste litt meir levande for oss.  

Om historia om Rasmus og Grete blir ferdig nokon gong? Nei, vi får da ikkje tru det …..

Den 20.januar 1755 fødde gardkona på Ner-Klæbu i Stod, Ane Pedersdotter, ein son.  Han vart døpt i For kjerke i Stod den 26.januar og fekk namnet Rasmus, etter ein morbror, som døde ung. Far hans Rasmus var Per Persa[1] Klæbu, og på Ner-Klæbu hadde son teke over etter far sia 1500-talet – i fem-seks generasjonar. Men Rasmus var ikkje eldste son på garden. Frå eit tidligare ekteskap hadde Per Persa sonen Per, som var odelsgut. Det vart strid og ufred i heimen da odelsguten Per ville ta over garden og sette far sin på kår. Dei hadde tradisjon for å krangle om slikt på Ner-Klæbu, men dei historiene skal vi la ligge her. Rasmus vart konfirmert i 1773, og etter det måtte han ut og ta seg teneste, som vanleg var. Etter ei tid kom han, i følgje tradisjonen, til prestegarden For i Stod.  Prestegarden ligg tre-fire kilometer unna Klæbu, høgt og fritt oppe på Forrahaugen. 

På For prestegard budde på denne tida soknepresten Ole Eriksen Molde og prestefrua Margaretha Mikaelsdotter Vahl med familie. Ole Eriksen Molde var fødd i Molde i Romsdalen i 1721. Foreldra var skreddar Erik Olsen Molde og kone Maren Nilsdotter. Dei flytta til Trondheim om lag 1723-24, og her vaks Ole opp og gjekk på Trondhjem Katedralskole. Han hadde ein bror Nils[2], som døydde som student i København i 1752, og han hadde tre søstrer: Inger Maria[3], Beret Maria[4] og Inger [5]. Etter at Ole Molde vart utdanna prest i København, var han huslærar i Trondheim nokre år, deretter kapellan i Nærøy i Nord-Trøndelag og hausten 1750 ordinert til sokneprest i Måsøy prestegjeld i Finnmark. Den 21.april 1751 trulova han seg med Margaretha Christiana Prøsch frå Trondheim, dotter til musikar og organist (Gerhard) Carl Prøsh og Henrikke Christiane Borchgrevink. Den unge prestefrua døydde på Måsøya alt våren 1752, etter at dei hadde fått dottera Maren Margretha Molde i 1751. Det vart søstra hans Ole Molde, Beret Maria Eriksdotter Molde, som styrte hus og heim for soknepesten mens han var enkemann.

Rundt årsskiftet 1755-56 gifta Ole Molde seg med Margaretha Mikaelsdotter Vahl frå Bergen[6].  Dei fekk sonen Mikael i 1758-59 og dotra Maren Møller, fødd rundt 1761, og dei var begge oppkalte etter foreldra til den nye prestefrua. På farsida kunne Margaretha Vahl rekne slekta si tilbake til gullsmed Evert Faall, som kom frå Lübech og tok seg borgarskap i Bergen i 1656, og på morsida til chirurgus og barberar Gustavus Möller, som kom frå Riga i Latvia. Ho var altså av hansaslekt på begge sider.

Hausten 1761 vart Ole Molde utnemnt til prest i Stod, og da dei kom hit utpå sommaren 1762[7], hadde dei med seg tre born: Maren Margaretha (rundt 11 år), Michael (2-3 år) og Maren Møller (om lag årsgammal). Med seg hadde dei også Maren og Erik Molde, foreldra til presten. Etter kvart vart det fleire barn i prestegarden, og den første av desse var Margaretha Christiana Preus Molde, fødd 18.august 1763 og døpt 21.august. Ho var oppkalla etter første kona hans Ole Molde, og ho vart altså vår Grete.

I den gamle bygdaboka for Stod, «Stod i fortid og nutid»[8], skriv O.Nordgaard om presten Ole Eriksen Molde i Stod.  Han skriv også om borna til presten, og han kjem med denne historia som har levd på folkemunne:

«En mundtlig tradisjon beretter, at en av Ole Moldes døtre, Grete, blev gift med rådsdrengen på prestegården. De hadde en sønn, som blev kalt Ole Molde efter sin morfar. …………..  Tradisjonen melder også at nevnte Grete kom som enke til prestegården på Inderøya.  ……….. Tradisjonen beretter at det var presten Moldes datter av første ekteskap som blev gift med rådsdrengen. Det sies også, at stedmoren satte sig imot forbindelsen, mens faren gav sitt samtykke. Da presten Molde i sitt første ekteskap hadde bare en datter, nemlig Margrete Preus M., må tradisjonens Grete og nevnte Margrete være samme person»

Her er mykje interessant, noko er rett og noko har folkeminnet tulla med. Det er prestedottera Margaretha Christiane Preus Olsdotter Molde og Rasmus Pedersen Klæbu det handlar om. Han var jo frå Ner-Klæbu i Stod, og vi får stole på at han var dreng på prestegarden – kanskje rådsdreng også. Men vår Grete var ikkje frå presten sitt første ekteskap, så det må ha vore mora hennes Grete, og ikkje stedmora, som var imot ekteskapet. Jau, dei fekk ein gut som fekk namnet Ole Molde, men det var etter at dei reiste frå  Stod. Det er også rett at Grete endte sine dagar på Inderøya. Ho budde da hos dottera si, Maria Carolina Tønder, som var prestekone der. At ho vart kalla Grete er nok også rett. I kjerkebøkene for Ogndalen blir ho kalla «Grete Støen».

Historia om Rasmus og Grete er både romantisk, dramatisk og tragisk. Av lista over borna deira kan ein lesa eitt og anna om korleis livet vart for dei to. Den 14.november 1783 fekk dei sitt første barn. Det var før dei vart gifte, men presten Ole Molde skriv ikkje i kjerkeboka at barnet var «uekte», slik det skulle gjeras. Kanskje fekk han seg ikkje til det, bestefaren, eller hadde han kanskje andre grunnar?[9] Dei fekk ei jente, og ho vart døypt fire dagar etter at ho kom til. Ho fekk namnet Anna Maria. Den 18. januar 1784 gjekk Grete kjerkegang[10]. Vi får håpe at det var faren, soknepresten sjøl, som leidde ho inn over kjerkegolvet. Og no var det inga anna råd: Dei to unge måtte få gifte seg, sjølv om prestefrua var imot det. Den 22. februar 1784 vart Rasmus og Grete trulova, og den 12.mars, på sjølvaste greismessdagen, vart dei gifte i For kjerke. Men livet i Stod vart kanskje ikkje så lett for dei unge nygifte. Leigemål utafor ekteskap var straffbart i dei tider. Det vanka både bøter og offentleg skrifte for slikt[11]. Somme måtte i gapestokken òg. Det fins ikkje oversikt over dei som måtte tåle kjerkas disiplin for Stod på denne tida[12]. Men folk visste, og vi må tru det vart kviskra og snakka om rådsdrengen og prestedottera, slik Nordgaard stadfester i bygdaboka. Kanskje dette var ein grunn til at dei reiste frå heimbygda? Når dei reiste, veit vi ikkje akkurat, men dei reiste ikkje så langt heimanfrå i første omgang. 

Dei for til nabobygda Ogndalen i Sparbu prestegjeld. Mor hans Rasmus var frå dette området. Dei slo seg til på garden Støa i Ogndalen, godt og vel ei halvmil markaleies sør for Klæbu. På Støa var det eit større sagbruk, og det var noko Rasmus hadde erfaring med frå heimgarden Ner-Klæbu. I bygdaboka for Sparbu blir det hevda at dei kom til Støa i 1785, og det kan stemme bra. Den 11.mai 1786 fekk dei sitt andre barn nettopp her. Det var også ei jente. Ho vart døypt i Skei kjerke i Ogndalen på Kristi Himmelfartsdag, den 25.mai, 1786, og ho fekk namnet Olava Margrethe Molde. Ho vart oppkalla etter foreldra hennes Grete, soknepresten og prestefrua i Stod. Verken presten eller prestefrua var der som fadderar, men Per Klæbu kom frå Stod og sto fadder. Om dette var far hans Rasmus eller om det var broren, veit vi ikkje, begge heitte jo Per. Men ein av dei var det no, og så veit vi at slekta heldt ihop, framleis.

Den 22. august 1787 døde sokneprest Ole Molde i Stod. Gravferda var den 12.september, og O.Nordgaard skriv i bygdaboka for Stod at Ole Molde vart gravlagd under skriftehuset[13] i Følling kjerke. Prestefamilen, unntatt dottera Grete, budde på Forr prestegard i nådensåret – det året enka og familien hadde rett til å bu der etter at presten var død. Etter dette vart prestefamilien Molde spreidd rundt om, men Grete og hennes Rasmus vart verande i Ogndalen. Den 5.april 1788 fekk Rasmus og Grete på Støa det tredje barnet sitt. Denne gongen vart det ein gut. Han vart kalla Petter Andreas, og vart døypt i Skei kjerke 18.april samme året, truleg oppkalla etter foreldra hans Rasmus: Per og Ane. Far hennes Grete vart oppkalla to og eit halvt år seinare. Den 20.oktober 1790 fekk dei ein gut til. Han vart døypt i Skei kjerke 7.november 1790, og han fekk rett og slett namnet Ole Molde[14]. Så hadde altså tradisjonen rett: «De hadde en sønn, som blev kalt Ole Molde, efter sin morfar». Grete gjekk kjerkegang i Skei kjerke i Ogndalen 17.januar 1791. Dei vart truleg buande på Støa enno ei tid, men ikkje lenge. I bygdaboka for Sparbu står det at dei flytta frå Støa rundt 1793 og slo seg ned som strandsittarar i Straumen på Inderøya. Jau, dei kan kanskje ha budd i Straumen ei tid, men alt i februar-mars 1793 var dei komne til Trondheim, for da fekk dei sitt femte barn og den tredje sonen sin der. Han vart døpt i Domkjerka 5.mars 1793 og fekk namnet Casper Andreas. Kva som fekk dei til å reise frå Støa i Ogndalen og til Trondheim, veit vi ikkje. Kanskje mista dei bøkselen på Støa, eller kanskje var det byen som lokka. Mora hennes Grete, presteenka Margrethe Vahl Molde, hadde tatt med seg fleire av borna sine og flytta frå Steinkjer til Trondheim i oktober 1789. Trulig hadde ho Grete kontakt med søskena sine, men om ho var på talefot med mor si, veit vi ikkje. Kvar Grete og Rasmus budde da dei kom til Trondheim, veit vi heller ikkje, men Casper vart døypt i Domsoknet, så dei budde nok der ein stad. Det ser ikkje ut til at livet i byen vart så greitt for Rasmus og Grete og dei fem små ungane deira. Dei vart ikkje lang tid i byen. Da tvillingane Maria Carolina og Amalia Ulricha kom til 2. februar 1796, hadde dei flytta frå byen og etablert seg på husmannsplassen Rotvollberget i Strinda. Her budde dei også da den neste sonen, Kristoffer vart fødd hausten 1798. Han vart døpt i Lade kjerke 25.november det året. Men vel to år seinare hadde dei flytta på nytt. I folketellinga 1801 budde dei ein stad som vart kalla Tjærabua på Lademoen. Dette var ein del av reiparbana, trulig ikkje den beste plassen å bu på. Kanskje var det berre brukt som eit mellombels husvære i påvente av å finne noko likare. Her budde det seks familiar i 1801. Rasmus var «Arbeidsmand uden jordevej», står det i folketeljinga – ein arbeidskar, som enten var knytta til ei eller anna verksemd eller tok det arbeid som baud seg. Det er ikkje urimelig å tenke seg at Rasmus arbeidde på reiparbana. På denne tida hadde Rasmus og Grete fire av borna buande hos seg: Olava Margrete på 15 år, tvillingane Maria Carolina og Amalia Ulrikka på fem år og sonen Kristoffer på to år. Kvar var så dei andre? 

Anna Maria budde ein stad dei kalla Ladebrua på Lademoen da ho vart konfirmert i året 1800. Det var like ved der foreldra budde. Kvar ho var akkurat i 1801 veit vi enno ikkje. Kanskje var ho i byen, kanskje på Bakklandet og kanskje på Lademoen ein stad. Langt unna var ho sikkert ikkje, for ho vart gift i Bakke kjerke tre år seinare.  Petter Andreas var på Bakklandet i 1801. Han var da «Læredræng» hos bakarmeister Petter Snidkier på Bakklandet, og i 1803 vart han konfirmert i Bakke kjerke. Ikkje lenge etter vart han sjømann i utanriks fart. Sonen Ole Molde Rasmussen finn vi på Inderøya i 1801. Han var tenestegut på storgarden Gjørv. Hadde foreldra sett han att der da dei reiste sørover? Det kan jo hende. På Gjørv budde Claus Holst og kona Johanna Sofia, fødd Randulf. Familiane Molde og Randulf hadde sosial omgang i si tid, og det kan vera grunnen til at den vesle guten kom til oppfostring på Gjørv. .  Så var det Casper Andreas. Jau, han var fosterson hos vognmann Morten Rotvold og kona Malena Larsdotter i Vestergade 7[15] i Trondheim. Her finn vi han i folketellinga 1801. Han vart seinare sjømann og fekk eit dramatisk liv.

Hausten 1802 fekk Rasmus og Grete barn nummer ni. Den 7.november det året vart Broder Nikolai døpt i Bakke kjerke. Da budde dei på Mælen på Lademoen. Og her vart dei truleg buande. I 1804 nemner kjekeboka for Lade sokn dødsfallet til ein kar som budde hos «Rasmus Klæboe», så dei må ha hatt såpass med husrom at dei hadde losjerande hos seg. I august 1810 fekk «Rasmus Pedersen Lademoen og Margrethe Molle» dottera Elisabet Margrete. Ho vart døpt i Bakkjerka 19.august 1810. Og Elisabet vart òg den siste i barneflokken til Grete og Rasmus. I mai året etter døydde han Rasmus brått. Han var i byen, kanskje på jakt etter arbeid, og her fall han om på gata og døydde. Presten skriv «formodentlig af Hunger». Den 26.mai 1811 vart han Rasmus gravlagd på Lade kjerkegard. Presten skriv at han vart 54 år gammal. Det var nesten rett; han vart 56 år. Om det var svolt han døydde av, kan vi ikkje vita sikkert. Heilt sikker var ikkje presten, heller, men det er grunn til å tru at matmangel, sikkert over lengre tid, i det minste var ein medverkande årsak[16]. Det var krisetider. Napoleonskrigane rasa, og engelskmennene blokkerte hamnene og stansa skipsfarten. Det kom ikkje forsyningar av mat og andre varer til byane, og det var stor naud og svolt over alt. Berre dei rikaste hadde det dei trong. Alle andre måtte greie seg frå dag til dag. Om Rasmus hadde fast arbeid eller om han var ein såkalla dagarbeidar, som måtte finne seg nytt arbeid kvar dag, er uvisst. For Rasmus og Grete var det svært vanskelege tider. Berre det at presten trudde at Rasmus svalt i hel, fortel oss kor ille dei hadde det. Sjølv om dei eldste borna ikkje budde heime, så hadde dei nok av munnar å mette i mai 1811. Tvillingane Maria Carolina og Amalia Ulrikka var i Hemne, men Kristoffer på tolv år, Broder Nikolai på åtte og vesle Elisabet Margrete på ni månader var sannsyligvis enno hos foreldra sine. Etter kvart vart dei spreidde rundt om, kvar med si historie. Heng med!

SLUTTNOTER:


[1] Skrive Peder Pedersen på dansk, som var skriftspråket den tida. Sjølvsagt vart han kalla Per Persa.

[2] Fødd i Bersvendsveita, Trondheim i 1729

[3] Fødd i Bersvendsveita, Trondheim i 1725, og trulig død som barn

[4] Fødd i Bersvendsveita, Trondheim 1732 og gift med kjøpmann Carl Gudmandsen i Finnmark

[5] Fødd i Bersvendsveita, Trondheim i 1734

[6] Kjerkebøker frå Måsøy er ikkje bevart frå denne tida, så om dei vart gifte der, kjenner vi ikkje til. Margaretha Vahl var fadder på søsterdottera si i Tromsø 24.oktober 1755, og 16.mai 1756 står ho ført opp i kommunikantprotokollen for Måsøy som «Margaretha Moldes».

[7] Kapellanen i Stod, Johan Tobias Hersleb på Binde, sendte 30.april 1762 eit brev til biskop Gunnerus. Han undrar om ikkje Ole Molde snart kjem til Stod og startar prestegjerninga si der. Det ser han fram til, skriv Hersleb, som Natte-Vægteren efter dend blide Morgen. Kapellanen måtte nok dessverre vente nokre månader til.

[8] Bd.I, s.382-383

[9] Presten Ole Molde skaffa seg nokre mektige fiendar innan embetsverket. Særlig futen Gunnerus var ute etter å få noko på Ole Molde. Ei prestedotter med ein lausunge kunne vera ein godbit å klaske i bordet.

[10] Kjerkegang kom berre gifte mødre til del, ikkje ugifte. Her bryt Ole Molde igjen med skikk og bruk. Det kan minne om ein provokasjon.

[11] Det er ikkje registrert leigemålssak mot Grete og Rasmus. Kjerkeboka registrerer jo heller ikkje at dei hadde noko uekte barn ………..

[12] Futen Gunnerus etterlyste ei slik liste for Stod, men presten Molde let berre vera å levere eit slikt oversyn. Det var futen mektig irritert over.

[13] Sakristiet

[14] Skal vi våge å tru at dette ber bod om eit særlig godt og tett band mellom Grete og far hennes? Ho bar namnet til den første kona hans Ole Molde; frå kjærleiksekteskapet hans?

[15] No Erling Skakkes gate

[16] Kjerkebøkene for Strinda nemner to personar i tillegg til Rasmus som svalt i hel på denne tida, begge våren 1814. Det var trulig fleire, utan at dødsårsaken var oppført.

Kommenter innlegget