Amalia Ulrikke var ei av dei fem søstrene til Gammel-Broder. Ho var fødd på Rotvollberget i Strinda, kom som ung jente til Vesse i Hemne, seinare til Sunndalen og Stangvika, vidare til Sunndalsøra og til sist Kristiansund. Ho reiste kanskje ikke så langt ut i verda, men livsvegen hennar vart så visst ikkje lett …
Rasmus Pederson Klæbu og kona Margrethe Christiane Molde var komne frå Sparbu til Trondheim omkring 1792 og fekk det femte barnet sitt[1] der i mars 1793. Rundt 1794-95 flytta dei frå byen til husmannsplassen Rotvollberget under storgarden Rotvoll på Strinda. Kanskje dreiv dei plassen og hadde pliktarbeid på garden, som andre husmenn, og kanskje hadde Rasmus arbeid på teglverket som hørte til Rotvoll. Midt på vinteren 1796, i februar, fødde Margrethe Christiane – eller Grete, som ho vart kalla – tvillingar, to jenter. Dei vart døpte i kjerka på Lade 14.februar 1796. Fire born vart døpte her denne vinterdagen, og det var stort oppstuss: Ikkje rundt dåpen til Lars og Ane Rotvollmarkas son Lars, og heller ikkje ved dåpen til Ola og Karen Lille-Lades gut Ingebrigt. Men da tvillingjentene frå Rotvollberget skulle døpas, reiste ein heil flokk på tolv av dei fremste i byens elite seg, gjekk fram til alteret og stod fadder[2]. Mellom dei var sjølvaste grev Carl Jacob Waldemar von Schmettow (1744-1821), generalmajor og eigar av heile Rotvoll og husmannsplassen Rasmus og Grete budde på. Og ikkje nok med det: Dei to jentene fekk namna Maria Carolina Georgine[3] og Amalia Ulrikke Fredrikke, oppkalla etter grev Schmettow sine to døtrer. Verken soknepresten Peder Schjelderup eller klokkaren Lars Torgersen brydde seg med å føre opp dei tredje fornamna i kyrkjebøkene. Tre namn på to lutfattige husmannsungar? Det fekk trass alt vera måte på. Men kvifor stilte desse prominensane opp som fadrar for dei to husmannsjentene? Kanskje ikkje av annan grunn enn eit utslag av grevens påståtte sosiale sinnelag. Dessutan var ein tvillingdåp litt spesiell, og når så Rasmus og Grete fann på å kalle opp døtrene hans, så kosta det vel den såkalla riksgreven lite å samle nokre vener og kjente i kjerka på Lade ein februardag i 1796.
Rasmus og Grete budde på Rotvollberget enno i november 1798 da dei fekk ein son til[4], men så må dei ha flytta derifrå året etter, eller i året 1800. Kanskje fekk Rasmus Klæbu seg arbeid på reiparbanen ved Bakke på Lademoen? I den store tjærabua der var det bustad for fem-seks familiar, kanskje først og fremst for folk som nettopp var komne dit og nylig hadde fått seg arbeid. I februar 1801[5] budde Rasmus og Grete med fire ungar i Tjærabua: Olava Margrethe (15), Maria Carolina og Amalia Ulrikke (5) og Kristoffer (2). Dei andre søskena var ikkje lenger heime hos foreldra: Ane Maria var i teneste ein stad i nabolaget, Peter og Casper budde hos fosterfamiliar ikkje langt unna og Ola var på storgarden Gjørv på Inderøya.
Tjærabua var neppe ein god plass å bu, særlig ikkje med ungar. Det var her reiparbanen lagra og verma opp tjæra, og her tjærabreidde og tørka dei tauverket. Dei som budde her, fekk venne seg til tjæralukta, både natt og dag. Få vart buande her lenge, og det vart heller ikkje Rasmus og Grete. Kanskje alt i 1801 flytta dei til eit hus på Mælen, tett attmed reiparbanen på Bakkestranda. Her låg det på denne tida nokre små hus oppe på sandmælen mellom elvebreidda og kjørevegen inn til byen, og i eitt av desse slo Rasmus og Grete seg til. Da det niande barnet deira, Broder Nicolai Hansen, vart døpt i Bakke kjerke i november 1802, får vi greie på at dei budde på Lademoen og nærare bestemt Mælen[6]. Vel eit år seinare, i januar 1804, døydde ein kar på Mælen som heitte Ola Anderson. Han budde hos Rasmus Klæbu da han døydde, står det i kjerkeboka[7], så vi forstår av det at Rasmus og Grete hadde husrom – eller i det minste ein sengeplass – å leige ut. I august 1810 fekk Rasmus og Grete sitt tiande barn, og da ho vart døpt i Bakke kjerke den 19.august 1810[8], skriv både klokkar og prest at foreldra budde på Lademoen. Her blir det opplyst at dei var innerstar, altså at dei leigde seg husrom hos andre, kanskje eit lite hus. Trulig hadde Rasmus og Grete no berre dei to yngste av ungane hos seg.
Kva så med tvillingane Maria Carolina og Amalia Ulrikka? Jau, dei hadde flytta frå Lademoen og var komne til garden Vesse i Hemne. Der budde presten i Hemne med familie og tenarskap. Dit kom søstrene Molde trulig omkring 1810. Kvifor det, skal tru?
Det kan ha vore eit par grunnar: Ho Grete, mora til tvillingsøstrene, var prestedotter. Faren hennes var soknepresten Ole Molde frå Stod, ein ganske kjent prest i si samtid. Han døde i 1787, og Grete og hennes familie var altså av presteslekt. Det var eit slags brorskap prestar imellom, der dei kjente seg bundne til å hjelpe kvarandre og prestefamiliane. Det kan derfor vera presten i Strinda, Peder Schjelderup, som hadde sett kor vanskelig Grete og hennes familie hadde det, tok affære. Kanskje fann han det naturlig å ta kontakt med sin slektning i Hemne, sokneprest Johan Schjelderup Borch, nettopp for at desse to jentene av presteslekt skulle kome til ein prestegard og lære om korleis unge menneske av prestestand skulle føre seg.
Den 20.oktober 1811 var det konfirmasjon i den gamle kjerka i Hemne. Av dei 17 jentene stod Maria Carolina Scharsina Molde som nummer ein og Amalia Uldricha Fredericha Molde som nummer to[9]. Sokneprest Borch (1737-1817) var ein gammal mann på denne tida. Prestefrua Andrea Dorothea Kjøbing (1755-1828) var andre ekteskapet hans Borch. Dei hadde hatt fire born, men i 1811 var berre to av dei i live: Sonen Christian (23), som hadde gifta seg i august 1811, og dottera Petronelle (18). Prestefamilien Borch budde med tenestefolk på garden Vesse, og dei var no familien til tvillingane Maria og Amalia. I sitt første ekteskapet hadde presten Borch hatt tre born, men no var berre ei av døtrene i live. Det var Sophia Dorothea, fødd i 1779, og gift med Peder Borch Tønder, soknepresten i Sunndalen på Nordmøre. Slektskap og familieband sørga for nær kontakt mellom prestegardane i Hemne og i Sunndalen.
Det er fleire døme på at søstrene Molde var fadrar på born i Hemne i lag med familien Borch[10]. Sommaren 1816 døde siste attlevande dottera frå presten Borch sitt første ekteskap, Sophia Dorothea Borch, prestefrua i Sunndalen, 37 år gammal[11]. Presten Peder Borch Tønder vart sittande att på Hov prestegard i Sunndalen med tre born, den yngste 18 veker gammal. I første omgang måtte han sjå seg om etter nokon til å styre hus og heim for seg, i neste kanskje ei ny kone. Tønder hadde sikkert nær kontakt med den gamle svigerfaren sin i Hemne i sorga over Sophia Dorothea. Johan Borch var sjølv både gammal og sjuk og song på siste verset, så det er rimelig å tenke seg svigersonen Tønder rett som det var besøkte svigerfar Borch heime hos han på Vesse i Hemne. Her møtte den sørgjande enkemannen dei to søstrene Molde.
Våren 1817 døde gamle Johan Schjelderup Borch på garden sin Vesse i Hemne, 80 år gammal. Etter nådensåret[12] kom inntektene frå presteembetet bort, og presteenka Andrea Dorothea måtte greie seg med inntektene frå garden og kanskje ein liten pensjon. Kanskje satt ho ein ettermiddag i stua på Vesse med broderiet sitt, såg ut gjennom glaset ned mot Søa og tenkte:
Nei, no kunne ho ikkje ha dei to gifteklåre ungjentene Molde gåande heime på Vesse, lenger. Visst arbeidde dei for både mat og kleda, men ho hadde meir enn nok av kvinnfolk på garden. Sonen og svigerdottera skulle snart ta over, og sjølv var ho over 60 og skulle på kåret. Maria og Amalia var over 20 år no. Vaksne kvinnfolk. Gifteklare.
Hm, når ho tenkte seg om: Hadde ikkje Tønder i Sunndalen bruk for ny hustru? Han var rettnok meir enn dobbelt så gammal som Molde-jentene, men han var likevel ikkje eldre enn 45 år, ein mann i sin beste alder. Og for eit godt gifte det ville bli for den av jentene som fekk han! Dei var av presteslekt, jentene, det var sant nok, men åtte ikkje nåla i veggen, stakkars. Fekk ho til dette giftemålet, så hadde ho som fostermor gjort ein god innsats. Ingen kunne seie anna.
Nåla stansa i broderiet. Han kunne no ikkje gifte seg med begge, den godaste Tønder, heller. Ho funderte litt, smilte for seg sjølv og broderte vidare. Han fekk gifte seg med den eine og ta den andre på kjøpet. Slik måtte det bli.
Og slik vart det. Den 24.august 1817 står dette i kjerkeboka for Hemne[13]:
Lyst for Velærværdige Hr Pastor Peder Borch Tønder Sognepræst til Sundalen Enkemand og Jomfrue Maria Caroline Schjersine Molde.
Dei gifta seg i den nye kjerka i Hemne den 6.oktober 1817. Og så bars det til Hov prestegard i Sunndalen, ikkje berre med brurfolket, men også med tvillingsøstera til brura, Amalia Ulrikka.
Heime på prestegarden hadde Peder Borch Tønder tre born frå første ekteskap: Peder Jeremias (fødd 1806), Johanna Amalia (fødd 1808) og Ole (fødd 1816). Rollene som prestefrue og trebarnsmor kom brått på den unge Maria Carolina, men no hadde ho søstera si til å hjelpe seg. Amalia vart «husjomfru» i prestegarden. Da presten Tønder og den unge frua hans fekk døpt det andre barnet sitt i 1820, står det slik om ein av fadrane i klokkarboka[14]:
HusJomfrue paa Præste-Gaarden og Barnets Moster Amalia Ulrikka Fridericha Molde
Akkurat dette året hadde dei fått seg ny lensmann i nabobygda Stangvika[15], ein ung mann på berre 29 år. Det var Jonas Peterson Grøn frå Trondheim.
Jonas Peterson Grøn vart døpt i Domkjerka i Trondheim 6.januar 1791[16]. Foreldra hans var Petter Nilsson Grøn og Elisabeth Torsteinsdotter Grønset, begge frå Trondheim. Petter Grøn fekk borgarbrev som kremmar i byen 1784[17], same året som han og Elisabeth gifta seg[18]. Dei fekk sonen Nils Andreas i 1785, men han døde berre nokre veker gammal. Petter og Lisa[19] Grøn hadde gard og grunn i Prinsens gate, og her budde dei da Jonas vart fødd. Hausten 1793 kjøpte Peter Grøn den kjente Grannangården, med våningshus og sjøbrygge, som strekte seg frå Taraldsgårdsveita til Fjordgata tett attmed Ravnkloa. I november 1794 fekk Petter og Lisa dottera Maren Magdalena. Ved folketeljinga i 1801 budde kremmar Petter Grøn med kone, to born og ei tenestejente i gården sin i Fjordgata. På forsommaren året etter døde Lisa Grøn av feber, 46 år gammal. Petter sin bror styrmannen Jonas Nilsson Grøn var gift med Lisa si søster Birgitta Torsteinsdotter Grønset. Dei flytta inn til Petter og borna hans i Grannangården rundt den tida mor Lisa døde. Borna Jonas og Maren voks såleis opp hos far, farbror og moster. I 1809 selte Petter Grøn Grannangården i Fjordgata og flytta handelen sin til Levanger.
Maren Magdalena Grøn (1794-1871) gifta seg 7.oktober 1824 i Levanger med juristen Rasmus Hansen (1797-1861). Jonas vart fullmektig hos futen på Nordmøre før han vart lensmann.
Det kondisjonerte miljøet i bygdene på Nordmøre var ikkje så stort tidlig på 1800-talet. Dei fremste var sorenskrivaren[20] og futen[21], og så var det prestar og lensmenn rundt om på bygdene. Desse hadde sosial omgang med kjøpmenn og dei større bøndene. Det var juleselskap, middagar, ball, bryllaup, gravøl og barsøl. Utanom dette var det bygdeting og kanskje meir tilfeldige besøk ved reiser, både i embets medfør og elles. Det var mange høve der ein ung, ugift lensmann kunne møte ei enda yngre husjomfru frå prestegarden i nabobygda.
Så vart det bryllaup på Hov prestegard i Sunndalen i jula 1821. Tredje juledag vart lensmann Jonas Peterson Grøn, som for tida budde på garden Kvanne, gift med «Jomfrue Amalia Uldricha Fridricha Molde, for nærværende i Sundals Præstegaard». Han var nesten 31 år gammal[22], og ho var ikkje langt frå 26. Tvillingsøstrene Amalia Ulrikke og Maria Caroline hadde budd fleire stader, men under same tak heile livet. No var den tida over. Prestefrua Maria Caroline budde på Hov og flytta eit halvår seinare med familien sin til Elverum. Lensmannsfrua Amalia Ulrikke drog med sin mann til Stangvika. Dei hadde ikkje sjølveigande gard, men leigde seg inn hos andre. Den 14.mai 1823 fekk dei si første dotter. Ho fekk namnet Elisabeth Petrine, oppkalla etter foreldra hans Jonas, og vart døypt i Stangvik kjerke 26.juni 1823[23]. Utanom prosteparet Tønder[24] var alle fadrane frå garden Brøske i Stangvik, kanskje ein indikasjon på at det unge lensmannsparet den tida budde der på garden. Dei fekk ei dotter til den 22.mars 1825, døypt i Stangvik 10.april[25] og fekk namnet Carolina Christiana. Det kan sjå ut som om morsida si slekt vart kalla opp denne gongen, med mellomnamna til tvillingsøstera og mora hennes Amalia. Sonen Petter Fredrik vart fødd 6.desember 1826 og døypt 14.januar 1827[26], og 28.juni 1828 fekk dei sonen Jonas, som først vart heimedøypt rett etter at han kom til, og så i kjerka den 3.august 1828[27].
Da sonen Jonas kom til verda, veit vi nøyaktig kvar lensmannsfamilien i Stangvika budde. Sommaren 1827 hadde lensmann Grøn bøksla husmannsplassen Trøa under garden Ytre Stangvik av gardmannen Kristoffer Einarson[28]. Trøa ligg oppunder skogbandet, ovafor gardane i Stangvika. Sommaren 1828 fekk lensmannen flytta eit toetasjes våningshus frå garden Brøske til Trøa, og likeeins kjøpte han fjøs, korn- og høylåve frå forskjellige stader og bygde seg ein standsmessig bustad for ein lensmann[29]. Våningshuset hadde dagligstue med sengekammers, kjøken, spiskammers og vedskjul i første etasje. I andre etasje hadde lensmannen kontoret sitt, og her var det fleire innredde soverom. Over var det mørkeloft. På kjøkenet var det sjølvsagt grue, på stua stod ein stor toetasjes kakkelomn med jarnrør og på dagligstueloftet var det ein kakkelomn av stein. Og heimen til lensmannen og kona hans var godt utstyrt, det mangla ikkje på det. Ein lensmann i Halsa og Brøske tinglag kunne gjera rekning med ei årlig inntekt på 130 spesiedalar og kanskje meir enn det i 1820-30-åra[30], så om han stelte seg vel kunne Jonas Grøn, madam Amalia og borna leva greitt og trygt der oppe i Trøa, med utsikt over Stangvika og fjorden. Og greitt såg det ut òg. Hos dei var det både sølv, messing, koppar og tinn å finne i det store skatollet av eik, i sengene var det dyner med dun og feller med åklede og på stua stod det stolar med skinntrekk, bord og benkar og eit stort slagur. På veggen hang ein spegel, og for vindauga hang det gardiner. Det var store og små gryter, panner og vaffeljarn, krustøy og glas, koppar og kar. Lensmann Grøn ser ut til å ha vore ein lesande mann. Han hadde ei samling på minst 40-50 bøker[31]. Ivrig med drift på sjøen var lensmannen derimot ikkje. Han hadde eit handsnøre og ein færing, men færingen brukte han trulig mest til embetsreisene sine. Dei hadde ein liten kornåker i Trøa, og sikkert potetåker og, og i fjøset hadde dei plass til fire kyr og eit titals sauer.
Både sorenskrivaren og futen på Nordmøre fortel om ein dugande og god lensmann Grøn. Paa Grund af Lensmand Grøns Duelighed og den i sin Tid viste Nidkjærhed for at udføre de ham overdragne Forretninger, skreiv futen Niels Andersen i oktober 1830.[32]. Og sorenskrivar Johan Herman Buch var ikkje dårligare da han i august 1830 skreiv: ….en udmærket duelig og accurat Mand i sine Forretninger, et Vidnesbyrd som vist heller ikke vil mangle ham fra mine samtidige Medembeds-Mænd baade Foged Nissen, og Foged Andersen[33]. Men dei to – sorenskrivaren og futen – hadde ein særlig grunn til å gi ros og gode ord til lensmann Grøn: Dei hadde vondt av han og tykte synd i han. Kvifor? Fordi dei såg at han var i ferd med å gå til grunne, først og fremst som menneske – og dermed uunngåelig også som embetsmann.
Noko gjekk gale for lensmann Grøn og den vesle familien hans. Når det begynte, veit vi ikkje. Korleis det begynte, er også uvisst. Kvifor det gjekk skeis, kan vi berre ane. Men at drikk og fyll var ein del av tragedien, kan vi vera bra sikre på. Og enda verre: Familievald og omsorgssvikt.
Utover 1820-åra vart det som gjekk føre seg heime hos lensmann Grøn godt kjent rundt om i nabolaget. Det let seg ikkje skjule, heller ikkje når lensmannen var ute i embets medfør. Og etter kvart fekk kan hende også slekta greie på at ikkje alt var som det skulle mellom Jonas og Amalia. Vi veit at mor Grete i mai 1826 reiste frå Trondheim til Stangvika for å besøke dottera Amalia og familien hennes[34], og broren Casper Andreas besøkte søstera i Stangvika på forsommaren 1830, på veg til Bergen[35]. Kanskje er det eit teikn på at dei kom dit for å hjelpe?
Enn om vi tenkjer oss at den yngre broren på Hitra, Broder Nokolai, møtte søstera Amalia Ulrikke i Kristiansund ein gong i 1840-åra. Ho budde der i byen på den tida, og han Broder var rett som det var med på fartøy med klippfisk til Kristiansund. Ein kveld høvde det seg kanskje slik at dei to søskena satt toeina, og så tenkte han Broder at no skulle han endelig spørje Amalia om noko han hadde lurt på i mange år: Kva var det som hende med ho og lensmann Grøn den tida i Stangvika?
Kjære deg, Broder Nikolai, du skulle ikkje spørje meg. Det er ikkje godt for meg å tenkje tilbake på det. Men når du no spør, så kan du få vita. Kanskje er det ei slags hjelp i det, for meg òg.
Da eg gifta meg med han Jonas Grøn i romjula ‘21, så tura vi bryllaup på Hov prestegard i Sunndalen – ja, du veit ho søster Maria og han Tønder budde der da. Til bryllaupet kom far hans Jonas frå Levang med dottera si, ho Maren Magdalena – ho var vel midt i tjugeåra den gongen. Ho tok meg til sides ein kveld i jula – og så sa ho: Han Jonas er ein god kar. Pass berre på at han ikkje får for mykje å drikke, for da blir han ein annan.
Det vart eg fort varig, tru meg på det. Før jula var over kom han i krangel med både far sin og presten Tønder. Vi fekk roa han ned og baska han til sengs. Dagen etter var han sjuk og sengeliggande – og skjemtes som ein hund. Det var meininga at vi skulle vera i prestegarden til trettandagen, men no ville han Jonas reise heim før. På heimturen til Stangvika lova han meg bot og betring.
Det såg slik ut òg, lenge. Og vi hadde det godt. Først fekk vi ho Lisa og så ho Lina. Seinare kom gutane. Men han Jonas var ofte på embetsreiser, og i Stangvika og Halsa var det mange på gardane rundt om som brente brennevin. Det var lensmannen som skulle følgje med at bøndene følgde lova og brente berre til eige bruk. Han skulle forsegle apparata når brenninga var ferdig og opne dei når det skulle brennas meir. Og så skulle lensmannen passe på at brennevinsskatten vart rett betalt. Og kva tur du lensmannen vart servert når han for rundt på desse reisene? Somtid var han så full når han kom frå slike turar, at det var så vidt han krøka seg heim. Og ikkje berre det: I lensmannsveska var det meir enn nok flasker med brennevin som ekstra betaling.
Ja, Broder Nikolai, eg skuldar glisfiskane rundt om på gardane for det som hendte. Dei var ikkje så mykje likare sjølve, nokre av dei, men når dei fekk skjenka full lensmannen, så han ikkje visste av seg, kom på tull med innkrevjinga av skatten, vart arg og oppfarande, da kasta dei han på dør. Og da likte dei seg. Dei visste så vel korleis dei skulle bera seg åt med han, og dei visste godt korleis han bar seg åt når han kom heim åt meg og ungane òg.
Det var det verste. At han drakk seg full og skjemte seg ut der han for rundt om på bygdene, det kunne eg leva med. Men det var det han gjorde når han kom full heim åt meg og ungane som fekk alt til å rakne – både for han og for meg. Han reiv kjeft, han trua oss på livet og han slo. Han banka både meg og ungane. Vi prøvde å dempe han, både eg og tenestejenta og lensmanndrengen. Da vart det verre. Jenta og drengen kunne rømme huset og koma seg unna. Det kunne ikkje eg og ungane. Vi måtte vera der og ta det som kom. Eg prøvde å ta til motverje. Da slo han meg halvt ihel. Og om eg prøvde med det gode, spytta han på meg og håna meg. Eg visste aldri kva som kom.
Eg var alltid redd når han var ventande heim. Det vart likare om eg tok meg ein dram, fann eg ut. Og slik vart det. Meir og meir etter kvart. Vi drakk, både han og eg. Eg tolte juling betre når eg var full. Brydde meg ikkje så mykje om det, heller. Og no fekk eg bank fordi eg var full.
Etter at han hadde sove rusen ut, var han klein – både i kropp og sinn. Han gret og bar seg. Angra seg, sa han. Eg drakk berre meir. Ville ikkje høre klaginga hans. For meg vart det likare slik. For ungane, stakkar, vart det heilt forferdelig. Eg minnes og skjemmes, Broder Nikolai.
Så hadde vi gode tider i lag òg. Det var tider da han skydde brennevin, og da hadde vi det bra. Den tida da vi flytta til Trøa og bygde husa våre der, var ei slik god tid. Vi såg lysare på det da. Men det vara ikkje. Det kosta å bygge oppe i Trøa, og vi handla meir hos kjøpmann Bing i Trondhjem enn vi makta med. Kanskje slo eg for stort på. Han Jonas meinte i alle fall det. Ho mor Grete kom og budde hos oss ei tid. Eg ville så gjerne vise ho kva lensmannsfrua i Stangvika var god for. Men det gjekk dårlig, det. Fleire gonger måtte han Jonas levere tilbake varer som eg hadde bestilt. Han skjemtes for handelsmannen og var rasande på meg. Og eg var rasande både på han Jonas og meg sjølv – så eg drakk.
Hausten 1829 hadde vi det verre enn nokon gong. Vi visste verken ut eller inn. Tida fram mot jul er mesta borte for meg, Broder Nikolai. Og så – dagen før Løssimess[36] – hendte det ….
Den 12.desember 1829 sendte Jacob Christian Tochle på Austigarden i Ytre Stangvika eit brev til sorenskrivar Buch på Kvanne[37]. Trulig same dagen fekk han også sendt bod over fjorden til futen Andersen på Bekken ved Meisingsetfjorden i Tingvoll. Som nabo og ein av dei førande mennene i bygda, var det naturlig at Tochle var den som tok kontakt med styresmaktene om denne hendinga. Og kva var det som hendte?
Jau, lensmann Grøn hadde over fleire dagar vore utan sans og samling , og den 12.desember hadde han vore heilt vill og gal, tatt kniven sin og prøvd å skjera strupen over på seg sjølv. Akkurat korleis det skjedde, veit vi ikkje. Nokon må ha greidd å ta frå han kniven, kanskje Nils Brøske, som var lensmannsdreng på denne tida. Så fekk dei vel roa han ned, bunde for såret og henta hjelp frå nabolaget. Slik det blir omtala, ser det ut til at Jonas Grøn greidde å påføre seg sjølv store skadar[38]. Futen Niels Andersen kallar nokre dagar seinare dette den sørgelige Tildragelse med Lensmand Grøn[39], og i eit brev til Romsdals amt at Lensmand Grøn desvære i en langvarig Vildelse i disse Dage, har gjort Forsøg paa at skille sig ved Livet paa en voldsom Maade, ved at benytte en Kniv, til at ville overskære Struben[40]. At lensmann Jonas Grøn har hatt det så ille at han ville ta sitt eige liv, har undra og opprørt både sorenskrivar og fut, og det verkar som om dei er oppriktig lei for det. Futen Andersen uttrykker det slik: Jeg beklager meget, at en i Forretningen saa dygtig Mand, og med en Characteer, som ei tillod sig Nogens Ulempe, naar ikke den strænge Pligt bød det, skal have grebet til en saa oprørende Beslutning, som den at ville skille sig selv med Livet[41]. Men han ser samtidig at Jonas Grøn ikkje kan fortsette som lensmann i Halsa og Brøske, sjølvsagt ikkje i første omgang og neppe seinare, heller: Ifald det staar til Bedring med Grøn, hvorom der kun skal være lidet Haab, er det at formode, at han i Tiden frivilligen søger om Entledigelse fra Ombudet[42]. Futen la fram forslag om å konstituere gardmann Tore Halse som lensmann medan Jonas Grøn var sjuk, og slik vart det. Andre juledag 1829 sendte futen Andersen eit brev til Jonas Grøn om at Tore Halse no var lensmann i Deres Sygdomsforfald[43].
Alt i januar 1830 begynte Jonas Grøn kampen for å få embetet sitt tilbake. Han må ha kome seg fort på fote, og han visste nok vel at det no handla om framtida for han sjølv og familien hans. Den 16.januar sendte Jonas Grøn eit brev til futen Niels Andersen og ba om å få embetet tilbake, men futen svara fire dagar seinare at det var ikkje han kompetent til å avgjera. Det var amtet som måtte bestemme dette, hevda futen, men han rådde Grøn til å vente ei tid med å vende seg til amtet om dette. Utover våren 1830 var det noko kontakt mellom futen og Grøn om nokre tidligare embetssaker som låg føre, men spørsmålet om å gi lensmannsembetet tilbake til Jonas Grøn vart ikkje tatt opp skriftlig. Kanskje tok Jonas Grøn saka opp direkte med både sorenskrivar og fut, men det kom ikkje noko ut av det. Så forsto han nok etter kvart kor landet låg: Dei ville ikkje ha han tilbake i stillinga som lensmann. Frustrasjon og fortviling bygde seg opp hos familien oppe i Trøa. Kva for utslag det gjorde seg, kan vi berre ane.
Onsdagen den 4.august 1830 var det månadsting i Brøske og Halsa tinglag. Som vanlig vart tinget halde på Austigarden i Ytre Stangvika hos Jacob Christian Tochle. Tinget gjekk også som vanlig, under leiing av sorenskrivar Buch, med futen Andersen, konstituert lensmann Tore Halse og lagrettemennene til stades. Da tinget var over om kvelden den 4.august og folket reiste heim kvar til sitt, vart sorenskrivaren og lagretten verande att hos Tochle. Neste dag skulle dei skyldsette eit lite jordstykke – som vart kalla Myra – nedafor plassen Trøa, der Jonas Grøn budde. Det var Grøn som ville kjøpe denne teigen for å ha til åker.
Litt før klokka åtte om morgonen den 5.august kom Jonas Grøn til Austigarden og inviterte sorenskrivaren og rettspersonalet til middag heime hos seg samme dag[44]. Både sorenskrivaren og fleire av dei som var til stades, var litt forundra over at Grøn kom, heilt edru og ordentlig. Under tinget dagen før hadde det vore snakk om at Jonas Grøn hadde gått på fylla over lengre tid, og at han på sjølve tingdagen hadde vore sjuk og sengeliggande.
Jau, sorenskrivar Buch og følgjet hans tok imot invitasjonen, og vart med Jonas Grøn heim til Trøa, der skyldsettingsforretninga skulle haldas. Dit kom dei litt over klokka ni om morgonen, og der møtte dei Amalia Ulrikka, lensmannskona. Ho var så full at det var så vidt ho greidde å halde seg på beina. Ho hadde slik forferdelig tannpine, fortalte ho, og i sorenskrivaren sitt påsyn tok ho seg nokre drammar til, for å døyve pina. Men tannpina hennes Amalia vart berre verre utover formiddagen. Jonas fekk to gonger overtala ho til å gå inn på eit siderom og legge seg nedpå og få seg litt sømn. Det gjorde ho, men berre ei kort stund kvar gong.
Sorenskrivaren og taksasjonsmennene gjorde unna synfaringa og kontrollerte merkesteinane på jordstykket Myra, så gjekk dei inn til middags. Både Jonas og Amalia var svært vennlige mot sorenskrivar Buch, og dei overgjekk kvarandre i å takke han for den gode venskapen han alltid hadde vist dei. Under middagen minte Amalia stadig mannen sin på at han ikkje måtte glømme alt han hadde å takke sorenskrivaren for, og ho forsikra Buch om at no var han den einaste ho og Jonas Grøn hadde å støtte seg til, i den vanskelige situasjonen dei var i.
Etter middagen fortsette skyldsettingsforretninga, men etter kvart vart Jonas Grøn meir og høgrøysta. Han brukte kjeft og vart trugande, og det var sorenskrivar Buch det gjekk ut over. Det vart så ille at Buch braut av heile forretninga, for frå Trøa og heim til tingverten Tochle i Austigarden Stangvika. Ikkje lenge etter kom Jonas Grøn også dit, og no var han enda meir ustyrlig. Han ville gå laus på sorenskrivaren, og det måtte fleire mann til for å halde han tilbake og føre han inn i ei anna stue. Tre gonger prøvde Jonas Grøn å angripe sorenskrivaren, mens han ropa og skreik og kalla han tjuv, bedragar og kjeltring og det som verre var. Til slutt ga sorenskrivar Buch ordre om at to mann måtte følgje Jonas heim og halde vakt over han til han hadde sove rusen ut. Etter dette drog kvar heim til sitt, og så vart det ikkje til meir den dagen. Men historia enda sjølvsagt ikkje her.
Sorenskrivar Johan Herman Buch kunne ikkje la denne saka gå upåakta hen. Dette var ikkje berre eit angrep på ein offentlig embetsmann, men det var utført av ein annan embetsmann, som rett nok var ute av teneste for tida. Slikt kunne styresmaktene slett ikkje tåle, særlig når det skjedde opent mens andre hørte på. Buch måtte melde frå til amtmannen i Romsdals amt, eidsvollsmannen Hilmar Meincke Krohg[45]. Gjennom to brev til amtmannen fekk sorenskrivar Buch fortalt kva som hadde skjedd[46]. Av breva går det klart fram at det var verken hemn eller sinne som fekk han til å melde frå. Tvert imot: Buch var oppriktig lei seg for det som hadde hendt:
Endskjønt med inderlig Vemod, og altsaa høist ugjerne, seer jeg dog mig nødtvungen til herved at incinuere det høie Amt Udskrift af det Passerede …
Han var lei seg for at han var tvungen til å melde inn dette til amtmannen, ikkje for eigen del, men fordi dette ville gjera Jonas Grøn enda meir ulykkelig
… som Manden allerede er og længe har været ulykkelig nok tilforn, som gift med et, i yderste Grad til Drukkenskab forfaldet Qvindemenneske, og som Fader til flere, men, 4 endnu levende smaae Børn med hende. Som huslig ulykkeig, og maaske selv af Naturen tilbøielig til Nydelsen af større Qvantiteter Spiritus, end han kan taale …
Edru var Jonas Grøn ein beskjeden mann, men han vart heilt rasande når han var full. Sorenskrivaren har aldri møtt eit menneske som kunne endre seg så totalt i fylla
… og jeg for mit Vedkommende anseer ham fra nu af, for et saa farligt Menneske at den offentlige Sikkerhed virkelig risikerer meget af ham, især, da det noksom er bekjendt at han i sine berusede Andfald, truer Kone og Børn eller hvem der forekommer ham med at tilføie dem det verste onde ….
Så fall sorenskrivar Buch sin eigen dom over Jonas Grøn:
At han i alt Fald hverken kan eller bør være Lænsmand her eller andensteds, eller beklæde noget andet offentlig Ombud, derom er der vel neppe deelte Meeninger …
Amalia og Jonas hadde satsa alt på denne dagen, torsdag 5.august 1830. Dette var dagen da dei skulle greie å få med seg sorenskrivar Buch på å overtale futen og amtmannen til å gi Jonas lensmannsembetet for Halsa og Brøske tilbake. Skyldsettingsforretninga heime hos dei oppe i Trøa var sjansen dei skulle nytte, med servering av middag og gode ord. Og så gjekk alt så gale som det kunne. Verken Amalia eller Jonas greidde å halde seg unna brennevinet, og det velta alt. Først var det Amalia, som under dekke av tannpine, skjenka seg, til og med i sorenskrivarens påsyn. Så var det Jonas, som kanskje fekk ei kjensle av at taktikken ikkje gjekk etter planen, og som måtte styrke seg litt ekstra under middagen. Amalia var såpass at ho prøvde å stagge han ved stadig å minne om hjelpa som sorenskrivaren ved mange høve hadde gitt dei, men det var for seint: Jonas hadde som vanlig fått i seg meir enn han tålte, mista kontrollen over seg sjølv og dermed var alt øydelagt.
Jonas Grøn gjorde likevel eit fortvila forsøk til. Så fort han var i stand til det, skreiv han eit brev til sorenskrivar Buch[47], der han bittert angrar det han har gjort, ber om tilgjeving og håpar at sorenskrivaren vil sjå på hendinga på mildaste vis. Grøn hadde kanskje enno eit lite håp om at dette berre kunne bli ei sak mellom han sjølv og sorenskrivaren, men etter som hendinga gjekk føre seg under rettsforhandlingar – skyldsettingsforretninga den 5.august – og retten måtte avbryte på grunn av det Jonas Grøn sette i gang, vart dette ei offentlig sak.
Den 14.august 1830 skriv futen Andersen til Jonas Grøn[48] der han ber han
om at tage en Tour over Fjorden, og vil De derefter ved Fogdecontoiret faae Anledning til at afgive Erklæring over en Dem vedkommende Sag. Deres Ankomst imødesees inden Onsdag i næste Uge, da jeg til den Tid er at træffe hiemme.
Det var amtmannen som hadde pålagt futen å kalle Jonas Grøn inn på teppet, for å få gjort klart om lensmannen vedgjekk det som hadde skjedd, eller om han nekta for det. Men Grøn hadde så visst ikkje tenkt å nekte. Han hadde jo bedt sorenskrivaren om tilgjeving og håpa på å få det. Etter å tenkt seg om ei vekas tid, skreiv han dette brevet til amtmannen i Romsdals amt[49]:
I Aaret 1820 blev jeg ansat til Lensmand for Brøsche Thinglaug, og nogle Aar senere tillige overdraget Lensmandstjenesten for Halse Thinglag. Til bægge mine Formænd svarede jeg aarlig Pension saalænge de levede; de ere begge ved Døden afgagne.
Da jeg nu, formedelst Sinds- og Legems Svaghed, ikke seer mig i Stand til længere at bestyre disse Ombude efter Pligt og Samvittighed, saa er det jeg herved aller ærbødigst andrager om at være entlediget derfra, og at maatte nyde 20 Spd i aarlig Pension for min Levetid, af min Eftermand.
Stangvigen den 14de August 1830
Allerærbødigst
J Grøn
Trulig var både amtmannen og futen letta over at Jonas Grøn trakk seg frå embetet sitt. No kunne dei kvitte seg med han i god tid før saka mot han kom opp. Ny lensmann fekk dei fort på plass, og dei gjekk med på å yte Grøn ein pensjon på åtte spesiedalar i året. Det var langt under det Jonas Grøn hadde håpa å få. På denne tida hadde ein tenestekar ti spesiedalar i årslønn. For åtte spesiedalar kunne ein få ei ku, to tønner rug eller ei dundyne. For ein dalar kunne ein få fire par ullstrømper, eit par silketørkle, ei god vadmålstrøye eller ein skinnfell. Pensjonen var sjølvsagt alt for liten for Jonas, Amalia og dei fire ungane til å leva for. Derfor prøvde Jonas å finne andre oppdrag som han kunne tene litt på. Den 1.november 1830 skreiv Jonas Grøn til futen Andersen[50] der han baud seg til å utføre nokre mindre strøoppdrag. Han hadde ikkje noko å leva av, skreiv han:
Naar Alle, endog de ringeste Næringskilder tilstoppes og næsten al Mulighed til lovlig Erhvervelse betages, biver for mig og min talrige Familie intet uden Betlerstaven til overs
klaga han. Men han fekk ingen respons. Særlig taktisk var det vel heller ikkje at det først og fremst var kontrollen med brennevinsapparata rundt om i bygda han baud seg til å ta seg av.
I tillegg til dei psykiske plagane vart Jonas Grøn også fysisk sjuk. Enno så seint som i februar 1831 var Jonas Grøn såpass at han tok imot og sendte brev, så det må ha vore utover våren at han vart skikkelig klein. Kva som feilte han veit vi ikkje, men distriktslege Andreas Christian Qvale[51] i Kristiansund var hos han i Trøa minst eit par gonger, undersøkte han og ga han medisin[52]. Det vart også prøvd råder som på denne tida meir hørte heime i folkemedisinen. Anders Ellevson Stangvik prøvde årelating på han, utan at det verka slik dei hadde håpa[53]. Så – klokka fire om morgonen på pinseaftan, den 21.mai 1831 – døydde Jonas Grøn heime i Trøa[54].
Sjølv om eit vanskelig samliv no var over, var dette eit fryktelig slag for Amalia Ulrikka. Ho var 35 år gammal enke med fire små born utan forsørgjar. I bygda hadde ho ikkje noko godt ord på seg, verken som kone eller mor. Sokneprest Frederik Heyerdahl[55] i Stangvik var oppe i Trøa hos Jonas Grøn på dødsdagen, og i all hast fekk han sendt denne beskjeden til sorenskrivar Buch på Kvanne[56]:
Velbaarne Hr Sorenskriver Buch!
Lensmand Grøn er for nogle Timer siden ved Døden afgangen. Som første Medlem af Bygdecommisionen anseer jeg det for min Pligt, saavidt muligt, at sørge for hans umyndige Børns Vel og da muligens den efterladte Enke mindre, end tilbørligt, kunde tage disses Tarv i Betragtning giver jeg mig herved den Frihed at adspørge Deres Velbaarenhed om det ikke var rigtigst, at hans Eftrladenskaber strax af Skifteforvalteren bleve tagne i Øiesyn og, om muligt, optegnede og forseglede indtil videre.
Stangvigen den 21de Maii 1831 ærbødigst
Heyerdahl
Heyerdahl stolte ikkje på at Amalia Urikka var i stand til å handtere hus og heim til det beste for borna sine, og derfor meinte han – som leiar av bygdekommisjonen – at buet etter lensmannen måtte takas hand om med ein gong. Og sorenskrivaren var tydeligvis heilt einig. Alt same dag troppa tre mann, med sorenskrivarens kontorbetent Hans Sejersted i spissen, opp i Trøa og sette i gang med registrering av alt som der var å finne. Heile dagen heldt dei på, og Amalia Ulrikka måtte vera med, opne skuffer og skap i alle rom frå kjellar til loft, svara på spørsmål og gi forklaringar. Klokka sju om kvelden hadde dei registrert alt, plassert verdigjenstandar inn på lensmannens kontor, forsegla kontordøra og sendt ei kiste med linty til oppbevaring hos Jacob Tochle i Austigarden. Amalia fekk streng ordre om ikkje å gi frå seg eller selje noko frå buet. Tochle vart oppnemnt som tilsynsverge for dei fire små borna, og Amalia bad om å få Martinus Larsen Brøske som lagverge for seg.
Gravølet etter Jonas Grøn vart bestemt til 29.mai. Den 23.mai skreiv Amalia Ulrikka brev til sorenskrivar Buch[57]:
Mit indelige ønske er at kunde see min afdøde Mand Jordet paa en nogenlunde passende maade, med hvortil jeg for nærværende Tid mangler Alt – ja, endog meget til det daglige Ophold for mig og mine
Ho ber derfor om å få utbetalt pengar frå dødsbuet, slik at ho kan halde gravøl etter mannen sin og skaffe kleda til seg sjølv og ungane. Både tilsynsvergen og lagvergen stiller seg bak det ho ber om, og ut frå den lista Amalia sett opp, får vi eit inntrykk av kva som gjekk med i eit gildt gravøl på Nordmøre i 1830-åra:
¾ tønne rug, ½ tønne bygg, ¼ tønne malt, 2 merker humle, 2 potter franskbrennevin, 9 potter kornbrennevin, 2 pund kaffe, 3 pund raffinert sukker, 1 potte sirup, 1 bismerpund ost 1 våg kjøtt[58]
Her skulle det både bryggas, bakas og steikas, kan vi sjå. Malt og humle var ingrediensar til brygging av øl, og det kan verke i seinaste laget ei knapp veka før gravølet skulle vera, men på Amalia si liste var det no med. Vi merkar oss også at ho ville ha bra med sterkt drikke i gravølet, to liter konjakk (franskbrennevin) og mesta ni liter simplare brennevin. Attåt dette ber Amalia om ein dalar og tre ort til fire bommullstørkle og to dalar og to ort til åtte alen sirstøy[59] til forkle til seg og borna. Og så vil ho også gjerne ha to spesidalar i handpengar til å førebu gravølet. I alt ber ho om 21 spesidalar, fire ort og fire skilling. Jau, fordi Tochle og Brøske går god for det Amalia ber om, så går sorenskrivaren med på å gi Amalia det forskotet ho ber om. Til lagvergen Martinus Brøske skriv sorenskrivaren den 24.mai[60] at det pengebeløpet som enka etter Grøn har bedt om, skal utbetalas for å dekke kostnader til gravølet og ein nødvendig handskilling til enka, men:
der naturligvis maae indskrænkes til det høist nødvendige, og alligevel anstændige efter Boets nærværende Forfatning, uden at indlade sig paa Bøygdeskikvis eller ufornuftig Forfængeligheds Følelser
og så skriv han vidare:
saa, da man ei kan forsvare at betroe bemeldte Enke selv nogen som helst Dispotion af Boets Penge enten til Begravelsen, Besørgelse eller i andre Henseender, formedlest hendes bekjendt daglige Forhold og Forfatning, overdrages dette herved til Dem
Same dagen sender sorenskrivaren også eit brev[61] til bornas tilsynsverge, Jacob Tochle, der han fortel at lagvergen skal få utbetalt pengane, og Tochle må
gaae ham til Haande med Raad og Daad til Hensigtens Opnaaelse
og så legg han til om Amalia Ulrikka:
thi De ved bedst beskeed om, at man efter hendes bekjendte forfaldne og ulykkelige Forhold og Forfatning, ikkje kan betroe hende nogen som helst Bestyrelse paa egen Haand, af enten Begravelsen eller Boets øvrige Anliggender
og så føyer han til dette:
Hvorledes man paa bedste Maade skal faae Børnene Forsørgede, som jeg anseer uforsvarlig at betroe Hende – er noget som vi nærmere faaer at overlægge
Slik får vi eit innsyn i kva for rykte Amalia Ulrikka hadde på seg, både hos øverigheita og hos bygdafolket: Ikkje var ho i stand til å halde eit anstendig gravøl etter mannen sin, ikkje kunne ho sjølv få handtere pengar og ikkje greidde ho å ta vare på dei fire små borna sine. Stort verre kunne det vel ikkje bli?
To dagar seinare, den 26.mai, sendte sorenskrivar Buch to likelydande brev, eitt til prokurator Rasmus Hanssen i Skogn og eitt til sokneprest Peder Borch Tønder på Inderøya[62]. Rasmus Hanssen var gift med Maren Magdalena Grøn, Jonas Grøn si søster[63]. Peder Borch Tønder var ektemannen til Amalia Ulrikka si tvillingsøster, Maria Carolina. Prokuratoren og presten var dermed fastermann og mostermann til dei fire små borna i Trøa. Dette skreiv sorenskrivaren:
Paa Grund af forrige Lensmand Jonas Grøns dødelige Afgang den 21de dennes om Morgenen, maa jeg herved bruge Frihed at henvende mig til DVHd som Paarørende betræffende hans efterladte Børn, der ere 2de Sønner og 2de Døttre.
Disse Børns Tilstand er af den Beskaffenhed, at det saasnart som muligt maae blive sørget for dem, da Moderens ege[n] iværende Forfatning samt hendes handle-Maade imod disse Smaa er af den Beskaffenhed, at det ikke kan taales at de faar blive under hendes Forsorg og Pleie, som jeg kan i stræng Forstand sige, er slæt ingen.
Jeg maae dertil bemærke at Børnenes Forfatning er saaledes, at jeg ei kan nære noget Haab om at kunne faae disse bort til nogen der har Familie førend de ordentlig have været under Kuur for Fnat og Frost[64] m.m.
Førend jeg nu altsaa griber til noget disse betræffende, udbeder jeg mig deres Velbaarenheds Betænkning derom meddelt.
Hans efterladte Boe vil formodentlig blive omtrænt 500 Spd efter hvad man nu veed.
Her står det beint fram at Amalia Ulrikka ikkje tek seg av ungane sine og at dei lir naud. Sorenskrivaren ber familien om å ta affære. Men verken juristen eller teologen vil gripe inn. Prokurator Hansen i Skogn svarar sorenskrivar Buch etter ei vekas tid[65], og sokneprest Tønder svarar tre veker seinare[66]. Tønder skriv at
hans egen store Familie ei tillader ham at virke for Nogen af Grøns Børn
Verken slektsband eller nestekjærleik viste seg sterke nok til å stille opp for dei fire små borna – ikkje hos juristen i Skogn og heller ikkje hos presten på Inderøya. Så vart det altså sorenskrivaren som måtte «gribe til noget». Trulig ein gong på hausten 1831 sørga sorenskrivar Buch og presten Heyerdahl for at det vart gjennomført ein såkalla lisitasjon i Stangvika. Det var ein slags omvendt auksjon, der oppfostring av ungar vart gitt til dei som baud minst. Alle dei fire borna var heime hos mora vinteren over, men alt den 9.april 1832 fekk Amalia ut mesta seks spesiedalar frå buet til å kjøpe kleda og utstyr til Carolina, som skulle til Nestua på garden Gjeldnes høgt over Todalsfjorden halvanna mil innover frå Stangvika. Her var Jon Olsson og kona Ildri Olsdotter gardfolk. Dei hadde mista tre av dei fire små borna sine i 1828[67] og satt att med spebarnet Ola. No tok dei til seg sjuåringen Carolina Christiana – kalla Lina – for ti spesiedalar i året. Ho vart verande på Gjeldnes, og etter tre år sa Jon og Ildri frå seg betalinga[68]. No var ho tenestejente i Nestua på Gjeldnes. I bygdaboka for Stangvik skriv Hans Hyldbakk:
Jo Olson var ein opplyst og evnerik mann, som skreiv uvanleg godt for seg. Han var med i det første heradstyret i Stangvik og dreiv mykje som tømmer- og plankannammar for kjøpmenn i Kristiansund og førde nøye rekneskap over all tømmerhandel.
Til månadstinget i Stangvika 30.oktober 1832 gjorde mor Amalia klar dei to gutane sine til å reise heimefrå. Ho fekk ta ut nokre dalar frå buet til kleda åt dei.
Petter Fredrik på mesta seks år var eigentlig tinga bort til Per Gunnarson og Mildri Larsdotter på garden Brekkan oppe ved Ålvundelva innerst i Ålvundfjorden. Dei skulle ta han for tolv spesiedalar i året. Men dette vart det ikkje noko av. Enka Helena Teilgaard på Ytre Stangvik tok Petter til oppfostring for 11 spesiedalar, og her var han frå oktober 1832 til oktober året etter, og kanskje også vinteren over. Men i mai 1834 var Petter Fredrik heime i Trøa hos mor si[69], og han vart verande hos ho.
Minsteguten Jonas Petter på berre fire år kom til Ola Kristofferson og kona Mali Olsdotter i Nestua i Nordvika, ei mils veg innover fjorden mot Todalen. Ola var fadder på Jonas Petter da han vart døypt, og han og Mali var barnlause da dei tok Jonas til seg for 14 dalar det første året, 12 dalar det neste og deretter 10 daler. Seinare fekk dei dottera Ingeborg, men fostersonen Jonas Petter vart buande hos dei.
Eldste jenta, Elisabeth Petrine – kalla Lisa – , ville Amalia Ulrikka ha heime hos seg oppe i Trøa. Ho var ni år sommaren 1831.
Ein haustdag i 1831 kom ein litt lurvåt kar hinkande opp vegen til Trøa. Han hadde trebein på høgre fot og stødde seg på ei krykkje. Fremmendkaren slapp å spørje etter vegen, for han hadde vore der før, enno med lensmannen levde. Dette var Amalia Ulrikka sin bror, Casper Andreas Molde, krigsseglaren, som hadde vore i den engelske prisonen, segla på dei store hav og mista eine beinet sitt på ei reise over Atlanteren i 1814, rett før krigen var slutt. No reiste han rundt i landet til nær slekt, både for hjelp og nytte. Kanskje hadde han fått høre at søster Amalia hadde vorte enke? Sjølv om han mangla eit bein, hadde han ein sterk rygg og gode nevar. Han kunne vera med å ta i eit tak, han. Vi får tru ho Amalia vart glad for at han kom. Ho hadde rett nok ikkje mykje å by han, men tak over hauvet vinteren over vart det ei råd med. Casper Andreas vart i Trøa til mai 1832. Da drog han vidare, med attest frå presten Heyerdahl i lomma[70]. Ho Amalia Ulrikka hadde nok med seg og sitt, såpass skjønte han.
Ja, det var stritt for ho Amalia Grøn oppe i Trøa. Det tok tid før buet etter lensmannen vart gjort opp, og Amalia måtte be sorenskrivaren om kvar ein skilling ho hadde bruk for. Ho bygsla plassen ho budde på, og ho måtte kjøpe arbeidshjelp til både åker, eng og pliktarbeid. Mykje greidde ho sikkert sjølv, ho var ikkje meir enn midt i 30-åra, og kanskje sleit ho mindre med drikkinga etter at mannen Jonas var borte. Likevel, inntekter hadde ho ikkje. Etter skifteregistreringa heime i Trøa same dagen som Jonas Grøn døde[71], vart ikkje meir gjort før i november 1831. Da var det først ei tilleggsregistrering den 2.november og så vart det halde stor auksjon oppe i Trøa den 21.november. Sjølv om Amalia gjorde det ho kunne for å halde på det mest nødvendige, vart det god plass i lensmannsstua i Trøa da auksjonen var over og kjøparane hadde henta sitt.
Våren etter, den 6.april 1832, vart det halde ny skiftesamling hos sorenskrivaren på Kvanne. Amalia Grøn og lagvergen hennes, Martinus Larsen Brøske, var til stades, men skiftet vart heller ikkje no gjort ferdig. Det var ein del krav til buet som enka med sin lagverge og borna sin tilsynsverge ikkje ville godta. Og dermed kom ikkje saka vidare på ei lang stund. Stadig vekk måtte Amalia Ulrikka skrive til sorenskrivaren og be om å få utbetalt pengar frå buet til dekking av utgifter og livsopphald. Og det gjekk sorenskrivar Buch velvillig med på. Med inndekking av det ho sjølv kjøpte på auksjonen 21.november 1831, fekk ho utbetalt godt og vel 100 spesidalar i mindre slumpar gjennom månader og år. Men sjølve arveskiftet kom han ingen veg med. Fleire gonger bad ho Amalia om at skiftet snart måtte bli avslutta og endelig gjort ferdig, men til inga nytte.
Ikkje før den 20.februar 1834 vart arveskiftet etter Jonas Grøn tatt opp att. Da hadde Johan Buch slutta som sorenskrivar på Nordmøre. Konstituert sorenskrivar var da Caspar Wessel Bjerck[72], og da han 10.februar 1834 gjekk igjennom sorenskrivararkivet for Nordmøre, fann han fort ut at skiftet etter Jonas Grøn ikkje var avslutta. Dermed sette Bjerck med ein gong i gang med det. Han kalla kreditorar, debitorar og arvingar saman til ny skiftesamling på bustaden sin Kvanne, først den 20. februar 1834 og deretter den 4.april. No vart alle lause trådar samla og stridsspørsmål avklarte. Særlig hadde det stått strid om eit større krav frå kjøpmann Bing i Trondheim, men i juli 1834 valte talsmennene for arvingane å gi seg. Dermed kunne Caspar Bjerck kalle skifteretten saman til sluttbehandling av skiftet den 18. og 19.august 1834. Når gjeld og utgifter var trekte frå, vart arven på 300 spesidalar.
Men i mellomtida hadde det skjedd både eitt og anna oppe i Trøa. Kanskje skyltes det eit slagur? På stua hos lensmann Grøn sto eit av den sorten[73]. Amalia Ulrikka fekk tilslaget på dette uret på auksjonen 21.november 1831, så det vart ståande der det hadde stått. Men så kan det vera at noko skjedde med dette uret. Kanskje begynte det å gå feil? Kanskje vart det tull med slaget, eller kanskje det stoppa og vart ståande i sju steinar? Ein dag hausten 1832 kom ein urmakar frå Sunndalen luskande opp vegen til Trøa. Namnet var Ola Ingebrigtson Ødegaard, han var 28 år gammal og han var ungkar. Han fekk høgst trulig slaguret i gang igjen. Men da det var gjort, så gjekk han ikkje derifrå. Han vart der. Amalia Ulrikka var 35 år.
Ola Ingebrigtson var fødd på husmannsplassen Øygarden under Linset ved Litldalselva, oppe i Litldalen i Sunndalen. Foreldra var Ingebrigt Estenson (1760-1837) og Marit Olsdotter (1766-1860). Faren kom frå husmannsplassen Håsen under Hov prestegard, og mora var gardjente frå Linset. Ingebrigt kjøpte halve husmannsplassen Øygarden av den kommande svigerfaren sin i 1794, og så var han husmann på andre halvparten. Øygarden var dermed ei blanding av gard og husmannsplass.
Ingebrigt Estenson si slekt hadde røter til Jordalsgrenda[74], og folket hennes Marit Olsdotter kom frå Gikling og Torska på nordsida av elva Driva oppe i Sunndalen, før foreldra hennes kjøpte Linset[75] i den tronge Litldalen og flytta dit i 1780.
Hausten 1790 fekk Ingebrigt og Marit sonen Erik. Dei gifta seg i 1795 og fekk dottera Helg våren 1797. Ola var fødd i 1804 og døypt 10.mai – på Kristi himmelfartsdag, og i 1807 fekk dei dottera Marit. Ingebrigt og kona Marit dreiv Øygarden til midten av 1820-åra. Da var dei tre yngste søskena flogne frå reiret. Søstrene Helg og Marit vart strandsittarkoner på Sunndalsøra[76], og etter å ha lært seg urmakarhandverket kom trulig også broren Ola til Sunndalsøra. Eldstesonen Erik gifta seg i 1824 med klokkardottera Eli Nilsdotter, dei tok over Øygarden og Ingebrigt og Marit vart kårfolk. Kårmannen Ingebrigt Estenson døydde 19.august 1837, mens Marit Olsdotter levde heilt til 13. april 1860 og vart mesta 100 år gammal. Da var det sonesonen Ingebrigt Erikson som dreiv Øygarden.
Dei fekk det litt travelt, ho Amalia Ulrikka og han Ola urmakar oppe i Trøa. Det vart lyst til ekteskap for dei i Stangvik kjerke 1. og 2.juledag 1832 og tredje gongen på nyttårsdagen 1833. Den 17.januar 1833 gifta dei seg i Stangvik kjerke[77], og den 3.juli 1833 fekk dei ei lita jente. Ho vart døypt i Stangvik kjerke 28. juli og fekk namnet Mariane[78].
På auksjonen den 14.mai 1834 kjøpte Ola Ødegaard jordlappen Myra etter Jonas Grøn for 100 dalar. Seint på sommaren same året, på skiftesamling 18. og 19.august, vart skiftet etter lensmann Jonas Grøn endelig slutta, og dermed hadde Amalia Ulrikka og mannen hennes råderett over hus og heim. Og no venta dei ikkje lenge med å reise frå Trøa. Alt hausten 1834 pakka dei og for derifrå. Med seg hadde dei gutungen hennes Amalia, Petter Fredrik på åtte år, og den vesle dottera deira, Mariane, på halvtanna år. Så langt skulle dei ikkje. Berre med båt over Stangvikfjorden, gjennom Nesøysundet og innover Ålvundfjorden til Ålvund. Så med hesteskyss derifrå opp gjennom dalen langs Ålvudelva til Ålvundeid, og derifrå nedover dalen til Oppdøl. Så med båtskyss det siste stykket innover Sunndalsfjorden og inn til Sunndalsøra. Det var her dei skulle slå seg ned og skapa seg ei framtid, trudde dei.
Sunndalsøra, der elva Driva møter Sunndalsfjorden frå søraust og Litldalselva frå sør, hadde gjennom 1700-talet vokse fram til ein liten strandstad. Gjennom lange tider hadde gardane opp gjennom Sunndalen hevd på å ha naust og sjøbuer her, sjølv om området låg på garden Åker sin grunn. Rundt midten av 1600-talet kom ordning med skysstell i gang i Norge, og det vart oppretta skysstasjonar og gjestgivari på strategiske plassar langs reiserutene til lands og til sjøs. Sunndalsøra fekk skysstasjon og overnattig for reisande, og rundt gjestgivariet vart det aktivitetar og folkeliv, kanskje med røter i den gamle martnaden som hadde vore her gjennom lange tider. Staden vart med kvart militær mønstringsplass og den faste tingstaden for tinglaget. På sjølve gjestgivariet vart det utover 1700-talet bygd fleire hus, til saman 8-10 bygningar, med plass for både matservering, skjenking og overnatting. Og rundt om på Øra slo familiar seg ned, leigde grunn av eigarane og bygde seg hus og heimar. I 1796 viser eit oversyn at det budde 17 strandsittarfamilier på Sunndalsøra, med 17 stuer, 16 buer, sju fjøs, 13 vedskott og 13 naust. I tillegg var det 20 naust her, som tilhørte gardbrukarar opp gjennom Sunndalen[79]. I 1801 budde 89 menneske med smått og stort på Sunndalsøra, og folketalet auka – år for år. Midt i 1830-åra vart folketalet på Øra i overkant av 100.
I 1784 vart ein danske med namnet Hans Gottfried Fabian von Eppingen sjef for det sunndalske militære kompaniet. Han var kaptein, vart seinare major og budde på Husby i Øksendalen[80]. Han og kona Anna Johanne Mechlenborg fekk ein son i 1792: Reinhard von Eppingen, som også vart militær og nådde løytnants grad. I 1829 kjøpte denne løytnanten halvparten av Sunndalsøra, men fire-fem år seinare var han løyst frå det militære, og no ville han kvitte seg med sin part av Sunndalsøra og slå seg ned ein annan stad. Her såg Ola Ingebrigtson Ødegaard sin sjanse: Han ville slå seg til på Sunndalsøra og bli gjestgivar. Dei fann ut at dei skulle bytte: Eppingen skulle overta Trøa i Stangvika og flytte dit, mens Ola og Amalia tok over halve Sunndalsøra. Sjølvsagt kunne dei ikkje bytte likt. Eppingen hadde gitt over 1000 spesidalar for sin del av Sunndalsøra da han kjøpte der i 1829. I tillegg til husa i Trøa og jordstykket Myra skulle Ola Ødegaard betale eit mellomlegg til løytnant Eppingen, kanskje rundt 4-500 spesidalar. Og korleis skulle Ola og Amalia greie å skaffe dei pengane? Kanskje var det litt att frå auksjonen og skifteoppgjeret etter lensmann Grøn, og for alt det vi veit kan vel også urmakaren sjølv ha vore god for nokre dalar, men dei måtte ut på lånet også. Det ser ikkje ut til at det gjekk berre greitt. Vi veit at dei fekk låne noko av fattig- og skolekassa i Sunndalen, men langt ifrå nok. På denne tida var det ein kar som hadde fått løyve til å drive landhandel på Sunndalsøra – visstnok den første i sitt slag i Sunndalen[81]. Han heitte Ola Gunnarson Hoås, og han var fargar og dreiv altså med farging av heimevove tøy. Fargaren ville no drive landhandel og attåt gå i lag med urmakaren om å drive gjestgiveri på Sunndalsøra. Ola Hoås gjorde avtale med Ola Ødegaard om å kjøpe seg inn med 330 spesidalar, og dermed vart makeskiftet mellom løytnant Eppingen og Ola Ødegaard avgjort. Mellomlegget skulle betalas i 1835, og den 11.februar 1835 vart det sett opp ein kontrakt mellom Ola Ødegaard og Ola Hoås om avtalen dei imellom[82]. Hoås skulle betale 150 dalar seinast ein månad etter at dei underteikna kontrakten og 180 dalar innan sommartinget i juni 1835. Dette var eit opplegg Eppingen var tilfreds med. Men Ola Ødegaard fekk ingen pengar i mars, og ikkje seinare, heller. Han masa jamt og trutt på både Ola Hoås og kausjonisten hans, Ivar Nilson Mele, men til inga nytte[83]. Til slutt visste ikkje Ødegaard anna råd enn å klaga Ola Hoås inn for forliksrådet i Sunndalen, og den 2.juli 1835 møttes partane på Hov prestegard i Sunndalen – det vil seie, Ola Hoås møtte ikkje, han sendte kausjonisten sin i staden[84]. Ødegaard viste til avtalen frå februar og ville ha eit forlik som sto fast på avtalen. Ivar Nilson Mele nekta på dette, og dermed hadde ikkje Ola Ødegaard anna å gjera enn å be om å få saka fram for retten.
Men no begynte løytnanten oppe i Trøa å miste tålmodet. Han ville ha oppgjøret sitt. Ola Ødegaard prøvde alt han kunne å få Hoås til å halde lovnaden sin, men til inga nytte. Etter kvart innsåg nok Ola og Amalia at dette ikkje gjekk. Våren 1836 vart Ola Ødegaard stemna for retten av Reinhard Eppingen. Dei to var ikkje ueinige om det som hadde skjedd. Det var den tredje parten som hadde svikta. På rettsmøtet den 4.mai 1836 i Ytre Stangvika, kom partane fram til at dette makeskiftet ikkje let seg gjennomføre. Dei kom til forlik, og det gjekk ut på at Eppingen med sin familie og Ødegaard med sin til «Lovens næste Fardag», som var den 14.april 1837 skulle ta med seg pikkpakket sitt og flytte ut frå husa til kvarandre. Reinhard Eppingen skulle flytte med sine heim att til Sunndalsøra, mens Ola og Amalia Ødegaard ikkje hadde nokon heim å flytte tilbake til. Dei hadde dratt på seg skyld og gjeld i denne prosessen, så dei måtte berre legge ut på auksjon husa i Trøa, jordstykket Myra og det dei elles hadde att av eigedelar. Trulig fekk dei leige seg inn hos nokon på Sunndalsøra eller hos slekta hans lenger oppe i Sunndalen for ei tid. Den 19.november 1836 vart det halde auksjon oppe i Trøa. Der vart husa i Trøa selte for 132 spesidalar til børsemakar Halvor Hoås, bror til fargar Ola Hoås, og med ein eldre bror som kausjonist![85] Og Eppingen kjøpte Myra for 42 dalar. Ola Ødegaard var til stades. Kva han tenkte da han opplevde dette, veit vi ikkje. Men at nokon hadde drive eit spel med han, det skjønte han nok. På auksjonen kjøpte han ein liten kakkelomn og ei seng, og med inntektene frå auksjonen fekk vel han og Amalia Ulrikka gjort opp for seg med kvart.
Så var draumen om å bli gjestgivarar på Sunndalsøra knust. Kabalen gjekk ikkje opp. Ola og Amalia hadde tapt alt, og no var det berre å trekke seg unna og finne ein annan måte å livberge seg på. Og midt oppe i alle vanskane hadde Amalia Ulrikka mista sonen Petter Fredrik. Han døydde den første våren dei var på Sunndalsøra, 25.mai 1835[86]. Kva han døydde av veit vi ikkje, men koppar var ein vond sjukdom på denne tida. Petter Fredrik vart gravlagt ved Hov kyrkje 31.mai 1835, litt over åtte år gammal.
Amalia Ulrikka og Ola Ødegaard bestemte seg for å prøve eit nytt liv i Kristiansund. Dei tok med seg vesle Mariane og flytta hit i september 1837[87].
Kristiansund var ein by i god utvikling på 1830-talet[88]. Skreifisket hadde teke seg opp den seinare tida, og feitsildfisket på sommaren fekk «et ganske sterkt oppsving» i 1830-åra. Sildeeksporten frå byen auka sterkt, og i klippfiskhandelen gjekk Kristiansund inn i den tida som blir kalla spansketida. Klippfiskeksporten frå Kristiansund til Spania gjekk no inn i si storheitstid, ikkje minst fordi eksporten kunne aukas kraftig ved hjelp av spanske skip. Folketalet i byen auka også, frå 1.883 i 1815 og 2.121 i 1825, til 2.347 i 1835 og til 3.163 ti år etter[89]. Handel og eksport kravde mange slags handverk og mykje arbeidskraft. Det var nok derfor Ola Ingebrigtsen Ødegaard tok med seg kone og barn og flytta til byen.
Trulig var det ikkje først og fremst urmakarar Kristiansund var ute etter hausten 1837. Det kan vel vera at Ola prøvde seg med det først, men etter kvart vart han blekkenslagar. Dei var det god bruk for i Kristiansund, ikkje minst til å laga emballasje til alle fiskeprodukta som vart eksporterte frå byen. Så det var som blekkenslagar han livberga familien sin i åra som følgde. Dottera Mariane vart konfirmert i Kristiansund i 1848[90], og i november 1855 vart ho forlova med skomakarsvein Anders Anderson frå Havdal i Tingvoll[91].
Han var fødd 15.juni 1830 og døpt i Tingvoll kjerke 4.juli samme året. Anders var son av Anders Jonson og Magnhild Nilsdotter, som var leigebuarar på Havdal da sonen Anders vart fødd. Her budde dei også da sonen Einar vart fødd i 1834.
Mariane gifta seg med skomakar Anders Anderson Havdal i månadsskiftet mars/april 1856[92]. Hausten 1856 fekk Mariane og Anders det første barnet sitt: Magnus Anders. Han vart døpt 19.oktober i Kristiansund[93] og var truleg oppkalla etter farmor og farfar, Magnhild og Anders. To år seinare kom neste sonen til verda. Det var Albert Oluf, som vart døpt 1.november 1858[94]. Han kan ha vore oppkalla etter mormor og morfar, Amalie og Ola.
Amalia Ulrikka Ødegaard døde i Kristiansund den 17.juli 1858, vel 62 år gammal. Ho vart gravlagt som fattiglem den 30.juli[95], og det tyder på at ho fekk støtte til livsopphald frå fattigkassa i Kristiansund. Blekkenslagaren Ola Ødegaard vart sjuk og døydde på sjukehuset i Kristiansund i overgangen mellom vinter og vår i 1861 og vart gravlagt 8.mars[96].
To dagar før faren døde – den 6.mars 1861 – fødde Mariane det tredje barnet sitt, ein gut som fekk namnet Peter Helenus[97]. Han var svak og vart heimedøpt av jordmora, madam Halse. Men guten kom seg og vart døpt i kjerka 21.juli 1861[98]. Hausten 1863, den 26.september, fødde Mariane ein gut til. Han fekk namnet Hans Svennert og vart ikkje døpt i kjerka før 15.mai 1864[99]. På denne tida budde skomakarkona Mariane Olsdotter med familien sin som leigebuarar hos snekkarmeister Lars Toresen i Nergata 13a på Nordlandet[100]. Mariane og Anders skomakar fekk tre born til: Anders i 1866, Anna i 1869 og Mariane i 1871. I løpet av desse åra flytta familien til Nergata 4 på Nordlandet og leigde hus hos kjøpmann Ellev Marsteen[101]. Her hadde Marsteen fleire bygningar som han leigde ut husrom i, og med kjøpmannen sjølv, kone og tenestejente var det ikkje mindre enn 16 familiar med i alt 64 menneske som budde her: To familiar i kvar sin etasje i hovudbygninga, ein i første og ein i andre etasje i eit kontorbygg, fire familiar fordelt på to etasjar i ei bakbygning og åtte familiar i eit ombygd fjøs. Kanskje var det rett og slett boligmangel i Kristiansund på denne tida?[102] Her – i første etasje i fjøset – budde Mariane og Anders skomakarmeister med dei sju borna sine.
I 1875 var dei to eldste sønene, Magnus (19) og Albert (17), alt reiste til sjøs som matrosar, og dei to neste , Peter (14) og Hans (12), arbeidde som fiskearbeidarar, trulig på kleppfiskberga, i sesongane. Den 3. mai 1877 reiste også 16-åringen Peter til sjøs som kokk med skonnerten EGO av Kristiansund til Sverige. Skipper om bord var Casper Westad frå Kristiansund, og han hadde med eit mannskap på fem, der yngstemann var kokk. Broren Magnus kom heim til Kristiansund med same skipet frå ein utanlandsreise 25.april, og han mønstra på skonnerten AVANCE av Kristiansund med skipper Erik Petersen, som 14. mai 1877 la ut på reise til Douarnenez nordvest i Frankrike[103]. Det vart Magnus Andersen si siste reise. Den 3.juni – lengst sør i Den engelske kanal – fall Magnus over bord og drukna. AVANCE segla straks inn til Falmouth i England, og kaptein Petersen meldte frå om hendinga til det svensk-norske visekonsulatet den 4.juni. Så segla AVANCE vidare til Douarnenez og var framme her den 18.juni – utan den eine matrosen sin. Peter Andersen segla med EGO og skipper Westad til Spania og Portugal også hausten 1877, mens broren Albert Oluf på denne tida segla med skipper Rugseth på jakta SØMMELINE til Nordland. I 1878 var han matros på skonnerten JIL av Kristiansund[104], ført av skipper Adolf Erland. Den 27.august 1878 reiste dei ifrå Kristiansund, kom til Stralsund i Austersjøen og og reiste derifrå 4.oktober, vidare til Jersey i Kanalen, og segla derifrå 9. november til Setubal[105] rett sør for Lisboa i Portugal . Her lasta dei salt for Kristiansund 3.desember 1878 og var trygt heime 10.januar 1879. Albert Oluf rakk så vidt innom mor Mariane og far Anders for å helse på før han dagen etter mønstra som jungmann på skonnerten AVANCE, skipet der broren Magnus fall på sjøen halvtanna år tidligare. Og som kokk om bord var veslebroren Peter Eleneus med. Turen gjekk først til Bilbao og deretter til Barcelona med klippfisk, så derifrå 4.april 1879 til Setubal i ballast. Her lasta dei salt og segla heimover 12.mai 1879 og kom heim til Kristiansund 23.juni. No vart brørne Albert Oluf og Peter Elenus heime til 31.juli 1879. Da segla dei ut med barken NORDPOLEN ført av skipper Casper Westad, Albert som lettmatros og Peter som jungmann. Dei segla først til England, så til Cadix, vidare til Ålesund og kom så heim til Kristiansund 3.desember.
Sommaren 1882 tok skomakar Anders Anderson og kona Mariane Olsdotter med seg yngste sonen Anders og dei to døtrene Ane og Mariane og reiste til Amerika[106]. Det var til Michigan dei reiste, så kanskje hadde sønene som var til sjøs, mønstra av, funne fram til dette området og fått foreldra og dei mindre søskena til å kome etter. Kort tid etter at dei var komne over til Amerika, døydde far Anders og dottera Ane – han den 13. og ho den 14.oktober 1882. Tolv år seinare[107] budde enka Mary A Anderson i lag med sonen Albert, sonen Andrew og dottera Mary A i Benzie County ved nordaustsida av Michigansjøen. Her budde også Hans Anderson med si kone Annie og borna Gertie M og Enia, og Peter Anderson med kona Brite og borna Magnus, Oswald og Vera. Her vart familien buande og er kan hende her framleis. Mariane døydde 27.november 1904, 71 år gammal.
Dette har Krister Olsen notert om familien i USA:
Utreise fra Kristiansund, 21. juni 1882
Anders Andersen, Marie, Anders, Anne, Marie
√ Anders (f. 22/9-1828?) døde 13/10-1882
√ Anna D (f. 4/5-1869) døde 14/10-1882
Folketelling 1894
Benzie County, Michigan:
1) Mary A. Anderson 62 Norway, Albert 34 Norway, Andrew 27 Norway, Mary A 22 Norway
2) Hans Anderson 33 Norway, Annie 26 Norway, Gertie M 5 Michigan, Enia 1 Michigan
3) Petter Anderson 33 Norway, Brite 31 Norway, Magnus 5 Michigan, Oswald 3 Michigan, Vera 4/12 Michigan
Folketelling 1900
Crystal Lake, Benzie, Michigan:
1) Mary Anderson, Albert, Andrew
2) Hans Anderson, Anna, Gertie, Aner, Hannah 1897 Michigan
3) Petter Anderson, Berete, Magnus, Oswald, Vera, Milo 1897 Michigan
√ Marian Anderson døde 27/11-1904
√ Hans Anderson (f. 24/1-1861) døde 13/7-1904
Folketelling 1910
Crystal Lake, Benzie, Michigan:
1) Albert Anderson, Adaline 38 Michigan, Charles M 13 (adoptert)
2) Anna Anderson, Gertrude, Einar Hanna, Einar Ness (Annies far)
3) Peter E. Anderson, Brit, Oswald, Vera, Milo
√ Anna Anderson (f. 18/2-1868) døde 7/6-1911
√ Brit Anderson (f. 22/6-1862) døde 20/2-1912
Folketelling 1920
Crystal Lake, Benzie, Michigan:
1) Albert Anderson, Adeline, Charles M
2) Einar Anderson, Hanna (søster), Charlotte (niese)
3) Peter E Anderson, enkemann, bor alene
4) Oswald O Anderson, Gladys A 23 Indiana, Ardath 3 6/12 Michigan, Edward O 2 2/12 Michigan
Folketelling 1930
Frankfort, Benzie, Benzie, Michigan:
1) Albert Anderson, Adaline
2) Einar Anderson, Hanna (søster), Benjamin Smith (svoger) 37 Michigan, Charlotte H (niese) 14, Bonnie A (niese) 7, Lawrence 4 3/12
3) Peter E. Anderson, Vera V (datter), Robert J. Denton (svigersønn) 40 Illinois, Robert P (dattersønn) 9 Michigan, Emma J (datterdatter) 8 Michigan
4) Oswald O Anderson, Gladys A, Ardith H, Edward O, Hudson M 9 Michigan, Barbara J 1 4/12 Michigan
√ Albert O Anderson (f. 1858) døde 1944
√ Hanna Smith (f. 1897) døde 1930
√ Benny G Smith (f. 27/4-1892) døde 21/6-1959
√ Robert J Denton (f. 1890) døde 1957, Vera Denton (f. 1894) døde 1942
√ Geraldine B Denton (f. 2/2-1920) døde 12/1-2001. På steinen står også Robert P. Denton (f. 2/12-1920) uten noen dødsdato.
√ Edward O Anderson (f. 1917) døde 2003, Elizabeth C Anderson (f. 1918) døde 2003.
En Dale Driscoll la I 1997 ut en etterlysning på nettet ang. Anders Andersen, Mariane Odegard og Ole Engebrigtsen Odegard. Han bor trolig i Grand Rapids, Michigan og har tlf. 616-791-0436
MINNEORD over G. Denton:
FRANKFORT – Geraldine Bratsch Denton of Frankfort, went to be with her Lord on Friday, Jan. 12, 2001.
She was born on Feb. 2, 1920, in Detroit, the daughter of LeRoy and Betty (Ransom) Bratsch. In 1939, she was one of five candidates chosen to run for National Cherry Queen. On March 25, 1946, she married Robert P. Denton, who survives her.
She was an active businesswoman. She and her husband had a restaurant, a dress shop and Century 21 «Denton Realty,» from which they retired after 20 years. She also was a member of the Eastern Star and the PEO.
She is survived by her husband, Robert; a son, Mark Denton of Interlochen; two daughters, Randy Wiese and her husband Craig of Hallock, Minn., and Dayna Morris of Traverse City; six grandchildren; two sisters, Ardith and her husband Willis Copeland, and Phillis Darling; and several nieces and nephews.
Preceding her in death was a brother, LeRoy Bratsch; and a daughter, Sheri Sullivan.
She was a loving wife, mother, sister and grandmother and will be greatly missed by all who loved her.
Cremation has taken place. Memorial services will be held at 2 p.m. on Sunday at the First Congregational Church in Frankfort. The Revs. Dinah Haag and Richard Stoddard will officiate.
Memorial contributions may be made to the American Cancer Society. Arrangements are being handled by the Reynolds-Jonkhoff Funeral Home in Traverse City.
Kva så med dei borna som Amalia Ulrikka hadde frå første ekteskapet sitt – Grøn-borna? Sonen Petter Fredrik døydde på Sunndalsøra i 1835, men dei tre andre hadde fått nye heimar rundt om i Stangvikbygdene og vart ikkje med da mora flytta til Sunndalsøra og seinare til Kristiansund.
Eldstejenta Elisabeth Petrine – som vart kalla Lisa – vart verande heime i Trøa hos mor Amalia etter at far Jonas Grøn døydde, men i tiårsalderen, da mora, stefaren, broren Peter og halvsøstera Mariane flytta til Sunndalsøra, begynte Lisa å bli gammal nok til å ta seg teneste, så ho vart verande i Stangvika ein stad. Ho vart konfirmert i Stangvik kyrkje 25.august 1839, men det er uvisst kvar ho budde da. I 1845 tente Lisa på eitt av bruka på garden Halle inne i Todalen. Ho fødde ein gut der den 5.september, og far til guten var Anders Olsen, som var dreng på Halle. Guten vart døypt i Stangvik kyrkje 21.september 1845[108] og fekk namnet Petter Fredrik, oppkalla etter Lisa sin døde veslebror. Begge søskena til Lisa, Jonas og Caroline Grøn, stod fadder på gutungen hennes[109]. Fem år seinare fekk Lisa ein gut til. Da hadde ho teneste på eitt av bruka i ytre Stangvika. Guten kom til verda 15.juli 1850, og faren var drengen Ola Jakobsen frå Surnadalen[110]. Om ho kalla opp faren eller broren er uvisst, men ved dåpen i Stangvik kyrkje den 11.august 1850 fekk guten namnet Jonas[111]. Seinhaustes 1851 fann Lisa ut at det var like lurt å gifte seg med denne Ola frå Surnadalen, for da visste ho at dei skulle få eit barn til. Den 21.november 1851 gifta dei seg i Stangvik kyrkje[112], og den 7.mars 1852 fekk dei ei jente. Da budde Lisa og Ola som innerstar i Stangvika. Jenta vart døypt i Stangvik kyrkje 4.april 1852 og fekk namnet Maria[113]. Lisa si søster Caroline Grøn var fadder. Etter ei tid flytta Lisa og Ola til husmannsplassen Finnvika under Stangvik prestegard. Dei leigde seg inn her og budde som innerstar nokre år. Mens dei budde her fekk dei to born: Fredrikke, som var fødd 29.mai 1855[114], og Jakob, fødd 11.januar 1858[115]. Tre år seinare finn vi dei att som innerstar på garden Drøpping. Den 17.januar 1861 fekk dei sonen Martinus[116]. Dei hadde til no ført eit omflakkande liv, han Ola og ho Lisa, men i første delen av 1860-åra fann dei seg endelig ein heim. Da vart dei husmannsfolk på den jordlause husmannsplassen Bakhaugen under garden Kvanne. Her var dei den 13.januar 1864 da dei fekk sonen Fredrik[117], og ved folketeljinga i desember 1865 budde dei her med dei fire borna Fredrikke, Jakob, Martinus og Fredrik. Far Ola livnærte familien som dagarbeidar. Her på Bakhaugen vart Ola og Lisa verande resten av sine liv. Lisa døydde her 18.mai 1891, gravlagt 23.mai. Dottera Maria var heime på Bakhaugen og stelte for far sin etter at mora døydde[118]. Den 4.april 1907 døydde husmann og enkemann Ola Jakobsen Bakhaug. Han fekk hjelp frå fattigkassa dei siste åra av livet sitt.
Carolina Christiana Grøn var nest eldst av lensmannsborna. Ho vart sett bort til gardmannsfolka Jon Olsson og Ildri Olsdotter i Nestua på garden Gjeldnes, halvanna mil innover Todalsfjorden frå Stangvika. Det var i april 1832. Jon og Ildri på Gjeldnes fekk 10 spesidalar i året for å ta seg av sjuåringen Lina, som Carolina vart kalla[119]. I 1835 – da Lina var ti år – sa sjølvfolket på Gjeldnes frå seg betalinga dei hadde hatt for jenta, for no tok dei ho inn som tenestejente på garden[120]. Den 23.august 1840 vart ho konfirmert i Stangvik kyrkje, med gode kunnskapar og god oppførsel[121]. Kanskje var det somme som trekte den gode oppførselen meir i tvil fem og eit halvt år seinare, for da fekk ho ein liten gut med drengen på Drøpping, Lars Person. Guten vart fødd på Gjeldnes den 23.mars 1846. Han vart døypt i Stangvik kyrkje 9.april 1846 og fekk namnet Jonas[122] Mellom fadrane var Lina sin bror Jonas Grøn og fostermora Ildri Gjeldnes. Lina vart verande på Gjeldnes og fekk kanskje ha guten sin hos seg dei første åra[123]. Utpå 1850-talet kom det ein ny dreng til Gjeldnes. Kristen Jakobson heitte han, og i jula 1854 feira Lina høgtida såpass solid med han at ho fekk ein gut til 25.august året etter. Han vart døypt i Stangvik kyrkje 16.september 1855 og fekk namnet Einar[124]. Det vart ikkje noko meir mellom Lina og Kristen. Han gifta seg nokre år seinare med ei jente på nabogarden Nausta på Gjeldnes, flytta til Straumsnes og vart gardmann på Fløystad. I 1865 budde sonen Einar hos faren sin på Fløystad. På den tida var Lina ugift tenestejente hos gardmannen Ola Johanson og Ildri Gudmundsdotter på eitt av bruka i Nordvika[125]. Ti år seinare – i 1875 – budde Lina som innerst – leigebuar – hos Ola Olson og Ingeborg Nilsdotter i Nordvika, der ho livnærte seg ved «Sjauarbeide». Det er til no det siste vi veit om ho.
Femåringen Jonas Petter Jonasson Grøn vart sett bort til gardmannen Ola Kristofferson og kona Mali Olsdotter i Nestua i Nordvika i oktober 1833[126]. Nordvika ligg ei mils veg innover fjorden frå Stangvika. For at dei tok til seg guten skulle Ola og Mali få 14 spesidalar for han det første året, 12 dalar det andre og 10 dalar i året frå han var sju år og deretter[127]. Ein sjuåring kunne jo begynne å gjera noko nytte for seg på garden eller i gjetarmarka. Den 15.september 1844 vart Jonas konfirmert i Stangvik kyrkje, og han hadde «meget gode Kundskaber og god Opførsel», står det i kjerkeboka[128]. I 1853 gifta han seg. Det gjekk føre seg i Satngvik kyrkje den 24.februar. Brura var frå Ytre Stangvika, og ho var bra rund over magan der ho stod framfor alteret på bryllaupsdagen. Ingeborg Andersdotter heitte ho, fødd 15.februar 1831[129], og foreldra var Anders Eliason og Eli Arntdotter. Berre halvannan månad etter bryllaupet fekk Jonas Petter og Ingrid ei dotter, som dei kalla Eli etter mormora. Eli var fødd 6.april 1853 og døypt 15.mai. Faster Lina Grøn var fadder på jenta[130]. Jonas og Ingrid var innerstar i Ytre Stangvika etter bryllaupet og utover 1850-åra, trulig hos foreldra hennes Ingrid. Dei fekk to barn til mens dei budde der: Jonas, fødd 12.mars 1855[131], og Anders, fødd 27.oktober 1857[132].
I 1860 flytta Jonas Petter og Ingeborg med barneflokken innover Todalsfjorden til Nordvika, der Jonas vaks opp. Der fekk dei bygsle eit stykke kalla Sagbakkan, og her rydda dei seg ein husmannsplass under garden Nestua Nordvika. Jonas fekk kjøpt bårstua frå Trøa, fødestaden sin i Stangvika, og gjorde ho til stuahus i Sagbakkan. Så bygde dei fjøs, skaffa seg husdyr og fekk eigen heim for seg og barneflokken. Dottera Ane kom til verda 1.mars 1861, og 14.mai 1863 vart han Petter fødd. Ved folketeljinga i desember 1865 finn vi Jonas, Ingeborg og fire av borna på husmannsplassen Sagbakkan. Eldste dottera Eli var tenestejente i Nordvika, men mor til Ingeborg, Eli Arntsdotter, var no enke og budde i Sagbakkan. Dei hadde to kyr og ti sauer på plassen, litt havreåker hadde dei, og så dyrka dei potet. Året etter fekk Jonas og Ingeborg ei dotter til. Det var Marie, fødd 24.mai 1866[133], og åtte år etter fekk dei ein attpåklatt: Johanna, fødd 19.juli 1874[134]. Ikkje mindre enn ni menneske budde i det vesle stuahuset i Sagbakkan da folketeljinga vart teken opp 31.desember 1875[135]:
| Jonas Petter Grønn | 1829 | g | Husmand m Jord, Sagmester |
| Ingeborg Andersdatter | 1831 | g | hans Kone |
| Eli Arntsdatter | 1785 | e | hendes Moder, forsørges af Fattigvæsenet |
| Jonas Jonassen | 1855 | ug | deres Søn, hjælper Forældrene, Bødker |
| Petter Jonassen | 1863 | ug | Do |
| Marie Jonasdatter | 1866 | deres Datter | |
| Johanna Jonasdatter | 1874 | Do | |
| Elen Jonasdatter | 1852 | ug | hos Forældrene |
| Magnus Olsen | 1874 | hendes Søn, understøttes af sin Fader | |
| Fraværende: | |||
| Anders Jonassen | 1857 | ug | Søn af Jonas Grøn, hjælper Forældrene, Matros, til Nordland |
På plassen fødde dei framleis to kyr, to ungdyr og sju sauer. Dei sådde trekvart tønne havre og sette ei tønne potet. Mykje vart det ikkje å leva av for eit stort hushald, men vi ser at far Jonas arbeidde attåt som sagmeister, at sonen Jonas hadde begynt som tønnemakar og at sonen Anders var matros og reiste i kystfart. Men så var jo eldste dottera Eli komen heim, og ikkje åleine, heller. Den 11.januar 1874 fekk ho ein gut med tenestekaren Ola Martinson på Nesøya i Stangvik. Guten kalla ho Magnus. Vel to år seinare, 4.mai 1876, fekk Eli ein gut til med same tenestekaren. Denne vesle karen vart døypt i Stangvik kyrkje 2.juli 1876. Han fekk namnet Petter, og morfar Jonas og mormor Ingeborg stod fadder for han i kyrkja den dagen. Dei hadde huset fullt frå før, men tok godt imot ein til. Og den 13.mai 1879 fekk Eli eit barn til. Det var ei jente, og denne gongen var far til barnet ein tømmerarbeidar frå Kvanne. Eli tente på plassen Hagan[136] under Nordvika da ho fekk barnet. Jenta fekk namnet Anna Dorthea, og ho vart døypt i Stangvik kyrkje 22.juni 1879[137]. To av søskena hennes Eli stod fadder på jenta: Jonas Jonasson Grøn, som no var matros i kystfart, og humannsdottera Ane Jonasdotter Grøn. Foreldra hennes Eli var ikkje fadder denne gongen. Dei var ikkje eingong til stades i kjerka denne junidagen. Noko hadde hendt.
Heilt i slutten av 1860-åra begynte folk frå Stangvik prestegjeld å interessere seg for Amerika. Det var smått stell og trongt om saligheita for mange. Av folketeljingane kan vi sjå at «Natteophold» i fjøset ikkje var uvanlig for ungdom og tenestefolk[138]. I kjerkebøkene for Stangvik finn vi ein som flytta «Til de Forenede Nordamerikanske Fristater, at nedsette sig der» i 1868, åtte i 1869, sju i 1870, ein i 1871, 14 i 1872 og 20 i 1873. Gjennom 1870-åra varierte talet på emigrantar mellom ingen til over 30. I året 1879 var det seks personar frå Stangvik som reiste over til Amerika. Fire av dei kjenner vi godt: Sjømannen og ungkaren Anders Jonasson Grøn reiste i midten av april 1879, og 3.juni 1879 tok husmann Jonas Peter Jonasson Grøn i lag med hustru Ingeborg Andersdotter og minstejenta Johanna Jonasdotter på fem år farvel med slekt og vener i Stangvik, med attest frå presten øvst i reisekista. Målet var «de Forenede Nordamerikanske Fristater, at nedsette sig der». Det er som om vi enno kan kjenne den blandinga av tvil, sakn og forventning dei må ha hatt. Så vart det sikkert lettare for både for dei som reiste og dei som vart att at fleire skulle komme etter. I mai 1880 reiste også dei fire søskena Jonas, Petter, Ane og Maria Grøn over Atlanteren. No var det berre den eldste søstera – Eli Jonasdotter – att i Noreg. Ho hadde tre born utafor ekteskap, og det var trulig grunnen til at ikkje ho også vart med til Amerika da resten av familien reiste. Men ho hadde kontakt med familien sin i USA, og ho fekk besøk derifrå også på sine eldre dagar[139]. I året 1900 budde Eli på plassen Jeilan under garden Husby i Todalen hos Ole Erikson og Mali Kristensdotter. Her arbeidde Eli i hus og fjøs. Trulig hadde ho vore her ei tid, og ho vart her fleire år framover òg. Ho hadde to av borna sine og familiane deira ikkje langt unna. Sonen Petter Olsen Grøn vart husmann i Innergjengstøa under garden Gjeldnes etter svigerforeldra sine i 1899, med pliktarbeid på garden og skogsarbeid attåt. Dei tre første borna sine fekk Peter og kona Maria Jonsdotter mens dei budde i Innergjengstøa, men i 1901 flytta dei til plassen Ytre Haltbakkan under garden Søyset og her fekk dei åtte born til. Eli Grøn si dotter Anna Dorthea gifta seg med Anders Pedersen frå Husby i november 1902[140], og i fleire år budde dei som leigebuarar på Husby, trulig på plassen Husbytrøa. Dei fekk fire born den tida dei budde som innerstar, men i 1909 fekk dei seg endelig ein husmannsplass og kunne bygge seg sin eigen heim. Det var plassen Øran under Kvennset i Todalen, og da flytta Eli heim til dottera, svigersonen og barnebarna sine. Ved folketeljinga 1910 budde ho hos dei som «Bakste- og vaksekone», står det.
Dette har Krister Olsen samla om Grøn-greina som flytta til USA[141]:
Jonas Petter Grøn, d. 28/3-1887 Isabelle, Delta, Michigan, gravlagt Moss Lake Cemetery
Gift m/
Ingeborg Andersdatter, f. ca. 1831, d. 28/8-1886 Isabella, Delta, Michigan
1 Ellen Grøn
2 Jonas J Green, f. 12/2-1855, d. 25/1-1946 Seattle, King, Washington, gift 1888 Seattle m/Nellie Tufvoson, f. 3/12-1858 Sverige, d. 15/1-1933 Seattle
a) Jessie Green, f. 2/6-1890 Seattle, d. 30/8-1988 Seattle, gift 1914 m/Harry Melvin Armstrong, f. 1886 Canada. Hadde ingen barn i 1930.
b) Eben Jonas Green, f. 23/9-1893 Seattle, d. 13/3-1984 Seattle, gift 1921 m/Phyllis Denney, f. 12/5-1890, d. okt. 1975 Portland, Oregon. Hadde ingen barn i 1930.
c) Harriett Green, f. 1898 Seattle, gift m/Fredrik Wilhelm, f. ca. 1895 New York. Bodde i San Fransisco i 1930 og hadde ingen barn.
d) Elmer H Green, f. 3/12-1902 Seattle, d. 12/2-1983 Seattle, gift m/Berta M, f. 16/3-1902, d. 12/6-1989
a) Elmer Green jr.
b) James W Green
3 Andrew J. Green, f. 1857, d. 1929 Norge?, gift 1883 Wisconsin m/Guro Nelson, f. 1858, d. 26/11-1913 Snohomish, Washington
a) Gunhild Margrethe Green, f. ca. 1883, gift m/Jay Vick
a) Earl Vick
b) Erma Vick
b) Guri Anna Green, f. 10/8-1884 Wisconsin, d. 5/7-1949 Morton, Lewis, Washington, gift 27/4-1907 Snohomish m/Lauriston F. Phelps
a) Alerna Phelps, f. 1913 Morton
b) Marjorie Phelps, f. 1914 Morton, d. Honolulu, Hawaii
c) Evelyn Phelps, f. 23/2-1917 Morton, gift 1278-1936 Aberdeen Washington m/Richard Bartley, d. 1999
a) Richard Phelps Bartley, f. 7/1-1938, d. 1974 Honolulu, Hawaii
c) Jonas Peter Green, f. ca. 1886
d) Nils Nicolai Green, f. 21/6-1887 Arlington, Snohomish, gift 28/10-1920 Snohomish m/Phoebe Sigsworth
e) Anton Fredrick Green, f. 28/11-1888 Arlington, d. 15/10-1962 Anacortes, Washington, gift 4/6-1913 Snohomish m/Isabelle Jenny, f. 23/2-1892 Snohomish, d. 5/7-974 Anacortes
f) Ingeborg Caroline Green, f. 15/6-1890 Arlington, d. 20/8-1964 Morton, gift m/Gilbert Wall
a) Craig Wall
b) Doris Wall
c) Gordon Wall, gift m/Doris
g) Clara M Green, f. ca. 1892, d. 1895 Silvana, Snohomish
h) Clara Amanda Green, f. 26/9-1896, d. 18/2-1967 Chicago, Illinois, gift 1924 Seattle m/Joseph Martin Azukas, f. 17/9-1892 Chicago, d. 28/7-1983 Normal, Illinois
i) Gustav Albert Green, f. 7/8-1897, d. 4/5-1988 Burlington, Skagit, Washington, gift 11/6-1920 Mount Vernon, Skagit m/May Showalter, f. 20/6-1903 Buckley, Pierce, Washington, d. 16/7-1990 Anacortes
j) Peter Bernhard Green, f. 27/8-1900, d. ca. 1970 Seattle
Gift 2. gang m/Synnøve Nordvik
k) Otto Gilbert Green
4 Anna Green, f. 1/3-1861, d. 27/7-1938 Seattle, gift 21/11-1880 Frankfort, Benzie, Michigan m/John P. Aspen, f. 2/4-1852 Kristiansand, d. 21/3-1892
a) Peter Aspen, f. 12/10-1881 Frankfort, d. 1/6-1901 Peshastin, Chelan, Washington
b) Ida Christine Aspen, f. 28/4-1883 Sisters Bay, Wisconsin, d. 19/4-1920 Seattle, gift 24/11-1904 Peshastin m/Green Berry Kinney, f. 16/11-1879 Beloit, Kansas, d. 27/1-1949 Seattle
a) Kenneth Dale Kinney, f. 1/11-1905 Peshastin, d. 18/2-1987 Hammond, Clatsop, Oregon, gift 27/5-1926 Tacoma m/Mary Ruth Ostrander, f. 27/1-1900, d. 27/9-1988 Portland, Oregon
b) Green Burman Kinney, f. 3/2-1908 Peshastin, d. 28/10-1979 Seattle, gift 13/6-1939 Grangeville, Idaho m/Clara Francis Rogers, skilt i 1944, gift 2. gang 1/3-1951 Olympia, Washington m/June E. Mayo, f. 1901, d. 13/2-1968 Seattle
c) Jessie Ellen Kinney, f. 25/10-1909 Peshastin, d. 21/4-1967 Leavenworth, Washington, gift 15/9-1928 Seattle m/Joseph John Bonomi, f. 13/12-1905 Issaguah, Washington, d. 19/9-1979 Leavenworth
d) William Elbridge Kinney, f. 7/7-1912 Peshastin, d. 21/11-1973 San Diego, California, gift 13/11-1939 Augusta, Arkansas m/Nanna Lou Ella Ward Smith, f. 18/12-1920 Augusta
e) Christina Jeanette Kinney, f. 21/10-1914, d. 25/4-1916 Seattle
f) Donald Paul Kinney, f. 8/10-1916 Seattle, d. 23/3-1985 Snohomish, gift 27/5-1943 Milltown, Skagit m/Grace Delores Quande, f. 8/7-1919 Milltown, d. 26/1-1981 Seattle
g) Mary Ester Kinney, f. 26/3-1919 Seattle, d. 8/7-1997 Coarsegold, California, gift 29/7-1938 Seattle m/George Crossette Burton, f. 13/4-1920 Seattle, d. 11/2-1988 Mount Vernon
c) Cora Edvina Aspen, f. 15/8-1885 Isabella, gift 1908 m/Harold Melbourne Stevens f. 17/10-1882 Freeport, Nova Scotia, Canada, d. 18/12-1961 Seattle
a) Hollis Melvin Stevens, f. 18712-1909 Lopez Island, Washington, d. 21/10-1987 Seattle, gift m/Dorothy Whitney, f. 15/11-1911 Seattle, d. 25/3-1978 Seattle
b) Ruth Ann Stevens, f. 4/7-1911 Seattle, d. 2/5-1962 Seattle, gift mai 1937 Seattle m/Everett Hale
a) Robert Hale
b) Thomas Hale
c) George Harold Stevens, f. 2/6-1915 Seattle, gift 25/7-1936 Seattle m/Anita Elizabeth Frizzell
a) Carol Ann Stevens
b) Sondra Jean Stevens
d) John Rodney Stevens, f. 2/12-1922 Seattle, d. 6/9-1972 Seattle, gift 1943 m/Mayme Wilson
a) John W Stevens
b) Kimberly Stevens
c) Tamara Stevens
d) Jonas Emanuel Aspen, f. 8/3-1887 Isabella, d. 2/10-1888 Isabella
e) John Emanuel Aspen, f. 24/2-1889 Isabella, d. 3/12-1961 Seattle
f) Amelia Uldrika Aspen, f. 21/3-1891 Isabella, d. 3/1-1952 Seattle, gift 10/1-1922 British Columbia, Canada m/Lewis Finlay Moore
a) James Moore
Gift 2. gang m/Ole Evenson
g) Anna Evenson
5 Peter Green, f. sep 1863, d. oktober 1894 Prentice, Wisconsin, gift m/Bertha Aspen, f. 9/6-1863 Surnadal, d. 24/12-1913 Isabella
a) Gehart Green, gift m/Mary Dolager
b) John Peter Green, f. 8/4-1884 Isabella, d. 1942, gift 8/7-1914 m/Teckla Eugenia Abrahamson, f. 14/2-1885 Surnadal/Sunndal, d. 1959
a) John F. Green, d. 1923
b) X Green
c) Gordon R. Green, f. 1924, d. 1926
d) Ralph W. Green, f. 1926, d. 1929
e) Carroll Eugenia May Green, f. 7/5-1930 Isabella, d. 30/3-1952
c) Bertha Green, f. 8/4-1886 Isabella, d. 7/4-1937 San Diego, gift m/Willard Beiresdof
a) Ruth Willardeen Beiresdorf, f. 25/10-1913 Plymouth, Wisconsin, d. 1/5-1957 San Diego, gift 1. gang m/Monroe Cooper, gift 2. gang m/John H. Lauterman
d) Pearl Ingeborg Green, f. 1/11-1891 Crystal Falls, Wisconsin, d. 1/3-1918 Isabella, Delta, Wisconsin, gift 7/11-1907 m/John Stensland, f. 1881 Norge
a) Ruth Helene Stensland, f. 14/8-1908 Nahma, Delta, Michigan, d. 17/11-1994, gift 1. gang m/Oliver Peterson, gift 2. gang m/Harwey W. Sundin, f. 27/8-1912, d. 2275-1971
e) Ruth G Green, f. 2/5-1894 Prentice, d. 25/8-1970 Seattle, gift 1/1-1923 m/Frank Holmquist, f. 1882, d. 1944
a) Howard W. Holmquist, gift m/Carolyn
6 Mary Green, f. ca. 1866, d. 26/2-1895 Seattle, gift m/John Bevery, f. 1857 Norge, d. 27/10-1921 Seattle
a) Birdie Marie Bevery, f. 1883, gift 1901 m/Henry Murray, d. 1936
a) Evelyn Murray
b) Louis Murray
c) Margarete Murray, f. 24/4-2004, d. 475-1977, gift m/Raymond D. Survant
d) Dorothy Murray, f. 27/4-1906, d. 15/10-1972, gift m/Nick Ross Barona
a) Lois Baron
gift 2. gang m/James Milroy
b) Julius Peter Bevery, f. 22/12-1885 Namah, Michigan, gift 6/11-1914 Victoria, British Columbia, Canada m/Mattie Anna M. Thorsen, f. 2/8-1895 Silvana, Snohomish, d. 19/10-1990 Arlington, Snohomish
c) Jack E. Bevery, f. 1889, d. 17/8-1912 Seattle
7 Johanna Green, f. 19/6-1874, d. 28/3-1963, gift 3/11-1889 Stanwood, Snohomish m/Halvor M. Thorsen, f. 3/2-1854 Øksendal, Norge, d. 5/2-1947 Seattle
a) Agnes Solveig/Soling Thorsen, gift m/Herbert William Smith
b) Emma Josephine Thorsen, f. 30/8-1890, d. 24/11-1918 Fort Dodge, Des Moines, Iowa
c) Carle Theodore Thorsen, f. 9/8-1891 Arlington, gift m/Josie Berg, f. 1892 Washington
a) x Thorsen
b) x Thorsen
c) Carlene H. Thorsen, f. 25/10-1925 Arlington, d. 28/12-2001 Alaska, gift m/Wikan
d) Peter Green Thorsen, f. 22/1-1894, gift m/Florence Jane Nelligan
e) Mattie Anna M Thorsen, f. 2/8-1895 Silvana, d. 19/10-1990 Arlington, gift 6/11-1914 Victoria, British Columbia, Canada m/Julius Peter Bevery, f. 22/12-1885 Namah, d. 3/4-1953 Seattle, gift 2. gang m/Curtis Monroe Miller, d. 20/7-1983 Arlington
f) Homer Green Thorsen, f. 21/7-1902 Arlington, d. 31/5-1992, gift 26/9-1925 m/Ildrie Ellen Toftager, f. 21/1-1907 Washington, d. 6/4-1996 Stanwood
a) x Thorsen
b) x Thorsen
c) x Thorsen
d) x Thorsen
e) Homer Gene Thorsen, f. 24/9-1926 Arlington, d. 23/4-1974 Arlington
f) Sherryle Dianne Thorsen, f. 1948 Arlington, d. 1948 Arlington
NOTAR:
[1] Casper Andreas
[2] STAT. Ministerialbok for Bakke i Strinda 1780-1797, s 160 og klokkarbok for Lade i Strinda 1757-1819, s.104b. Her er det nok soknepresten, som har ført dåpen inn i feil bok.
[3] Georgine er alltid skrive Sjersine, altså fransk uttale.
[4] Dei fekk døpt sonen Kristoffer i Lade kjerke 25.november 1798. STAT. Klokkarbok for Lade i Strinda 1757-1819, s.151b
[5] Digitalarkivet. Folketeljinga 1801 for Strinda.
[6] Dåpen vart ført inn i ikkje mindre enn tre ulike kjerkebøker: To klokkarbøker og ei ministerialbok, alle fins i digitalarkivet. Det er Klokkarbok for Lade i Strinda 1757-1819, fol.179b, Klokkarbok for Lade i Strinda 1797-1829, s.26-27 og Ministerialbok for Bakke i Strinda 1798-1817, fol 49a. I klokkarbøkene står det at dei budde på Lademoen, men i Ministerialboka er dette spesifisert til Mælen.
[7] Digitalarkivet. Kjerkebok for Lade i Strinda 1781-1817, s 96
[8] Klokkarbok for Lade i Strinda 1797-1829, s 66
[9] Digitalarkivet. Kjerkebok for Hemne 1795-1818, s 258.
[10] Kjerkebok for Hemne 1795-1818, fol.99: fadder i Hemne kjerke på Lars og Gjertrud Alstads barn Erik 11.juli 1813: Hr Krigsraad Borch, Hr Provs Borch, Elling Alstad, Carolina Borch, Maria Molde; og fol 108: fadder i Hemne kjerke på Johan Jonsen og Marit Ødegaardsbekkens son Jon 16.mars 1817: Hr Krigsraad Bork, Pastor Parelius, Morten Ødegaard, Frue Bork, Jomfru Molde
[11] Kjerkebok for Sunndal 1794-1819, s 134b
[12] Eit år da ei presteenke fekk behalde prestegarden og embetsinntekter etter mannen sin; ein slags pensjon som varte i eitt år. I Hemne var det ingen prestegard på denne tida. Vesse var Johan Schjelderup Borch sin eigen gard.
[13] Kjerkebok for Hemne 1795-1818, s 192
[14] Klokkarbok for Sunndalen 1819-1838, s 7
[15] Stangvika er i dag ein del av Surnadal kommune på Nordmøre. Han vart lensmann i Brøske tinglag, som det heitte. Eit par år seinare vart han lensmann i Halsa tinglag òg.
[16] Kjerkebok for Domkjerka i Trondheim 1770-1819,
[17] Brodahl: Trondhjems borgerbok 1744-1793
[18] Kjerkebok for Trondh. Domkjerke 1766-1877, s 323
[19] Ved fleire høve står Elisabeth sitt namn oppført med kortforma Lisa, så det var nok Lisa ho vart kalt til daglig.
[20] Johan Herman Buch var sorenskrivar på Nordmøre 1805-1834 og budde på garden Kvanne inne i Stangvikfjorden
[21] Gabriel Drejer Nissen var fut på Nordmøre frå 1816 til 1818 og Niels Andersen frå 1818-1837, som budde på garden Bekken ved Meisingsetfjorden i Tingvoll
[22] Kjerkebok for Sunndalen 1820-1832, s 369. Her står det rett nok at lensmannen var 32 år gammal, så «svogeren» bomma litt.
[23] Kjerkebok for Stangvik 1820-1830, s 37.
[24] Nicolai Olaus Tønder (1760-1827) og fru Anna Johanna Brun Sørøe (1780-1844)
[25] Kjerkebok for Stangvik 1820-1830, s.55
[26] Kjerkebok for Stangvik 1820-1830, s.74
[27] Kjerkebok for Stangvik 1820-1830, s.84
[28] Nordmøre sorenskrivarembete: Pantebok nr 9b, 1826-1829, s.552 [2/2 Ca/L0014]
[29] STAT: Nordmøre sorenskrivarembete: Skiftedokument 1834, pk nr 15, 3F15. Skiftet etter lensmann Jonas Grøn. Registreringsforretninga av 21.mai 1831
[30] STAT: Romsdals amt: Journalsaker 1830, Ga 191 (nr 2001-2500). I samband med at Jonas Grøn i august 1830 kravde pensjon, bad fut Andersen på Nordmøre Jonas Grøn om å komme med eit oversyn over kva dette lensmannsembetet ga av årsinntekt. Den 28.august leverte Grøn eit slikt oversyn, som fut Andersen godkjente.
[31] STAT: Nordmøre sorenskrivarembete: Skiftedokument 1834, pk nr 15, 3F15. Skiftet etter lensmann Jonas Grøn. Registreringsforretninga av 21.mai 1831. Her er nemnt 20 titlar og ei samling på ti pakkar med bøker i tillegg.
[32] STAT: Nordmøre futeembete. Kopibok 1827-1833 (Ba 10)
[33] STAT: Nordmøre sorenskrivarembete. Kopibok 1828-1831 (7Aa.3)
[34] STAT: Trondheim politikammer. Passprotokoll 1823-1826
[35] STAT: Trondheim politikammer. Passprotokoll 1830-1833
[36] Lussimesse, 13.desember
[37] Brevet er omtalt i eit brev som sorenskrivaren sendte til Romsdals amt 9.august 1830. Nordmøre sorenskrivarembete: Kopibok 1828-1831, 7Aa.3. Brevet er ikkje å finne i sorenskrivaren sitt arkiv.
[38] Sorenskrivar Buch skriv om Grøn de paa sig selv den 12te Decbr f.A. anbragte voldsomme Beskadigelser. Nordmøre sorenskrivarembete: Kopibok 1828-1831, 7Aa.3.
[39] Brev til gardmann Tore Halse 18.desember 1829. Nordmøre futeembete: Kopibok 1827-1833; Ba 10, 297
[40] Brev til Romsdals amt 19.desember 1829. Nordmøre futeembete: Kopibok 1827-1833; Ba 10, 298
[41] Op.cit.
[42] Romsdals amt:Journalsaker 1829 frå 3571-3954; Ga185
[43] Brev til lensmann Grøn 26.desember 1829. Nordmøre futeembete: Kopibok 1827-1833; Ba 10, 309
[44] Det er sorenskrivar Buch som fortel dette i to brev til Romsdals amt 7. og 9.august 1830. STAT: Nordmøre sorenskrivarembete:Kopibok 1828-1831; 7Aa.3
[45] Hilmar Meincke Krohg (1776-1851)var amtmann i Romsdals amt frå 1811-1840.
[46] STAT: Nordmøre sorenskrivarembete: Kopibok 1828-1831; 7Aa.3
[47] Dette brevet er ikkje å finne i arkivet, men både sorenskrivar Buch og fut Andersen viser til det i sine brev til amtet. Dei skriv begge at det blir lagt ved saka.
[48] STAT, Nordmøte futeembete, kopibøker 1827-1833, Ba 10
[49] STAT, Romsdals amt, journalsaker 1830 nr.2001-2500, pk 321
[50] STAT, Nordmøte futeembete, Journalsaker 1830, Db 148
[51] Fødd 1804 i Hammerfest, død 1845 i Harstad og distriktslege på Nordmøre frå 1831 til 1833. Gift i 1830 med Barbro Iversdotter Gryta frå Hitra (1809-1884).
[52] STAT, Nordmøre sorenskrivarembete, skiftedokument 30.8. – 16.12.1834, pk 3F15
[53] Anders sendte ei rekning til buet etter Jonas Grøn der han mellom anna forlangte ein dalar for ei reise til Kristiansund for å hente dokter til Grøn og åtte skilling for årelating. STAT, Nordmøre sorenskrivarembete, skiftedokument 30.8. – 16.12.1834, pk 3F15
[54] Nemnt i skifteregistrerings, som tok til samme dag. STAT, Nordmøre sorenskrivarembete, skiftedokument 30.8. – 16.12.1834, pk 3F15 og innført i Kjerkeboka for Stangvik 1831-1849, s 506, Digitalarkivet.
[55] Frederik Heyerdahl (1799 – 1881) var sokneprest i Stangvik frå 1828 til 1864. Stangvik var hans første og einaste prestekall. Etter at han slutta som prest, budde han på sin eigen gard, Tøndergarden i Stangvika, til sin død.
[56] STAT, Nordmøre sorenskrivarembete, skiftedokument 30.8. – 16.12.1834, pk 3F15
[57] STAT, Nordmøre sorenskrivarembete, skiftedokument 30.8. – 16.12.1834, pk 3F15
[58] For å gjera det litt meir forståelig for oss i dag med andre måleeiningar: ¾ tønne rug vil seie godt og vel 100 liter eller rundt 75 kilo, to merker humle var ein halv kilo, ein pott var 0,965 liter, 1 pund (handelspund) var to merker, altså en halv kilo, eit bismerpund var 12 pund, temmelig nøyaktig 6 kilo og ei våg var 72 merker, omtrent 18,5 kilo.
[59] Åtte alen er temmelig nøyaktig fem meter. Sirs er eit glatt, importert bomullstøy
[60] STAT, Nordmøre sorenskrivarembete, skiftedokument 30.8. – 16.12.1834, pk 3F15
[61] STAT, Nordmøre sorenskrivarembete, skiftedokument 30.8. – 16.12.1834, pk 3F15
[62] STAT, Nordmøre sorenskrivarembete, kopibok 1828-1831, 7Aa. 3
[63] Maren Magdalena Grøn (1794-1871) gifta seg 7.oktober 1824 i Levanger med juristen og seinare stortingsmannen Rasmus Hansen (1797-1861).
[64] Fnatt og frost er eit dansk omgrep som gir uttrykk for sjukdom og plager på grunn av ureinsligheit og dårlig stell. Fnatt er skabb, og frost er sår og skader som i utgangspunktet kjem av forfrysingar, men som utviklar seg til alvorlig sjukdom fordi såra ikkje blir stelt skikkelig
[65] Brev av 4.juni 1831 xxxxxxxxxxxxxxx
[66] STAT, Nordmøre sorenskrivarembete, journal 1830-1831, 7Ba. Viser til brev frå prost Tønder av 25.juni 1831.
[67] Hans Hyldbakk: Heimar og ættar i Stangvik 2, s 400
[68] STAT – Nordmøre sorenskr.: Skiftedokument 1834, 3F15
[69] Op.cit. Det er bornas tilsynsverge Jacob Tokle som opplyser dette
[70] Trondheim stift og søndre Trondheim amt: Journalsaker for byen 1833; jnr. 1-500; G345
[71] 21.mai 1831
[72] Han gifta seg på Hitra i 1835 med Anna Margrethe Lauritsdotter Kaasbøll, som var dotter av tidligare sorenskrivar i Fosen, Lauritz Kaasbøll, og kona Olava Margrethe Molde, som var Amalia Ulrikka si moster.
[73] Det må ha vore eit prektig møbel, for det vart vurdert for heile fire spesiedalar, på verdi med fire sauer. Amalia Ulrikka fekk tilslaget for to spesiedalar, to ort og elleve skilling.
[74] Jordalsgrenda hørte frå gammalt av til Tingvoll prestegjeld, men i 1795 vart denne grenda ein del av Øksendal anneks i Sunndal prestegjeld.
[75] Om Linset skreiv presten Chr Glükstad i Sundalens og Øksendalens Beskrivelse frå 1889: Sneskred og Gusten deraf har ofte gjort Skade paa Gaardens Huse. I Begyndelsen af dette Aarhundre skulde Konen en Morgon gaa paa Staburet, men kom ikkje længere end paa Trappen, da Gusten rev Huset bort, medens hun stod uskadt tilbage. Husene laa fordum nærmere under Fjeldet, og der fortælles, at naar Gjedeflokken var paa Beite deroppe, og det hændte, at Middagsgrøden med Smøret i var sat paa Bordet, man da gjennem Ljøret i Taget kunde se Dyrenes Billede i Smøret.
[76] Helg gifta seg med Ole Eriksen Åker den 11.oktober 1825,
[77] Kjerkebok for Stangvik 1831-1849, fol 413b
[78] D.s., fol. 14b
[79] Ivar Seljedal: Sunndalsboka, bd III, s.310ff
[80] Olai Ovenstad: Militærbigrafier, bd I, s 277
[81] Ivar Seljedal: Sunndalsboka, bd III, s.357
[82] Sunndal forliksråd. Møtebok 1827-1845, s 105b-106a
[83] Seljedal hevdar i Sunndalsboka at Hoås var ein dårlig forretningsmann og at han sleit med landhandelen.
[84] Sunndal forliksråd. Møtebok 1827-1845, s 105b-106a
[85] Ivar Seljedal: Sunndalsboka bd II, s 274. Her skriv Seljedal om Gunnar Halvorsen Hoås og borna hans. Mellom sønene finn vi to med namnet Ola. Den eldste var fødd i 1793, og han tok over garden etter faren. Den yngste Ola var fødd i 1807, og det var han, landhandlaren på Øra, som gjekk frå lovnaden med Ola Ødegaard. Broren Halvor var fødd i 1804, og om han står det at han «utflyttet 1838 til Stangvik med sin hustru Anne Olsdatter Skjøllend og 2 barn». Og det var altså i Trøa dei busette seg. I 1845 vart Trøa selt til ein annan.
[86] STAT: Kjerkebok for Sunndal 1832-46, s 214
[87] Kjerkebok for Sunndal 1832-46, fol 263a: Utflytta 7.sept 1837: Uhrmager Ole Ingebrigtsen Ødegaard (33) og Hustru Amalie Ulrikke (39), sammes Dotter (3) til Christiansund
[88] Arne Odd Johnsen: Kristiansunds historie bd 4: Den store veksttid 1814-1900.
[89] op.cit., s 111
[90] Kjerkebok for Kristiansund 1842-1855, s 118
[91] Kjerkebok for Kristiansund 1855-1869, s 2
[92] Kjerkebok for Kristiansund 1855-1865, s 5
[93] Kjerkebok for Kristiansund 1855-1865, s 26
[94] Kjerkebok for Kristiansund 1855-1865, s 60
[95] Kjerkebok for Kristiansund 1855-1865, s 21
[96] Kjerkebok for Kristiansund 1855-1865, s 44
[97] Namnet hans vart seinare skrive Peter Elenus
[98] Kjerkebok for Kristiansund 1855-1865, s 107
[99] Kjerkebok for Kristiansund 1855-1865, s 148b
[100] Folketellinga 1865 for Kristiansund, s 598
[101] Folketellinga 1875 for Kristiansund, s 5107f
[102] I folketellinga 1865 budde det fem familiar med i alt 23 menneske hos Ellev Marsteen. Mesta ei tredobling på ti år fortel kanskje noko om utviklinga i Kristiansund i andre halvdelen av 1800-talet. Og – berre så vi veit det – fjøset var ikkje i bruk til husdyr i 1865, heller.
[103] STAT, Utskrivningsvesenet, Sjøutskrivningen, boks 297: Bemannings- og mønstringslister for Kristiansund innrulleringskrets 1873-1879
[104] «Jil» var bygd i Kristiansund i 1865 på Nedre Kranens Verft for kjøpmann Rasmus Lossius av skipsbyggmeister Ole Mæhle. Ho var på 41 kommerselestar, 89 netto register tonn, bygd for Havannafarten, men segla mykje på Spania, Portugal, Frankrike og England. Adolf Erland var kaptein på «Jil» fram til og med 1880, deretter vart ho ført av kaptein H O Olsen fram til 1885. Da vart ho kjøpt av kaptein Andreas Meldahl, som førte ho sjølv. I 1889 selte han «Jil» til Egersund.
[105] På 1800-talet vart Setubal kalla St. Ubes på engelsk og St Yves på fransk.
[106] Det er Krister Olsen som har arbeidd med denne familiens historie i USA.
[107] Folketeljing 1894
[108] Kjerkebok for Stangvik 1831-1849, s 82b
[109] Petter Fredrik vart konfirmert i Stangvik 6.okt 1861, flytta til Båtnesset i Brattværet på Smøla i1865 og vart fiskar, kom til Råket, gifta seg med Alette Margrethe Knudsdotter Falk i 1878, budde som leigebuarar på Valøya under Råket og døydde der i 1902.
[110] Ola Jakobsen fødd på Skralthaugen i Surnadalen i 1819, kom flyttande til Haugen i Stangvik i oktober 1842 for å ta seg teneste der. Han hadde eit barn frå før.
[111] Kjerkebok for Stangvik 1849-1867, s 9
[112] Kjerkebok for Stangvik 1849-1867, s 301
[113] Kjerkebok for Stangvik 1849-1867, s 19
[114] Døypt i Stangvik kyrkje 1.juli 1855. Kjerkebok for Stangvik 1849-1867, s xx
[115] Døypt i Stangvik kyrkje 21.mars 1858. Kjerkebok for Stangvik 1849-1867, s xx
[116] Døypt i Stangvik kyrkje 17.mars 1861. Kjerkebok for Stangvik 1849-1867, s 72
[117] Døypt i Stangvik kyrkje 20.mars 1864. Kjerkebok for Stangvik 1849-1867, s 90
[118] Folketeljinga 1900
[119] STAT: Nordmøre sorenskr.: Skiftedokument 1834, pk 3F15
[120] D.s.
[121] Kjerkebok for Stangvik 1831-1849, s 323b
[122] Kjerkebok for Stangvik 1831-1849, s 85b
[123] Kvar det vart av Jonas Larson er ikkje undersøkt.
[124] Kjerkebok for Stangvik 1849-1867, s.38b
[125] Folketeljinga 1865 for Stangvik, Ytre Todalens skoledistrikt, s 100
[126] STAT: Nordmøre sorenskr.: Skiftedokument 1834, pk 3F15
[127] STAT: Nordmøre sorenskr.: Skiftedokument 1834, pk 3F15
[128] Kjerkebok for Stangvik 1831-1849, s 332b
[129] Kjerkebok for Stangvik 1831-1849, s 1b: Døypt 15.mai 1831.
[130] Kjerkebok for Stangvik 1849-64, s 25
[131] Døypt 1.april 1833; Kjerkebok for Stangvik 1849-64, s 35
[132] Døypt 8.november 1833; Kjerkebok for Stangvik 1849-64, s 51
[133] Døypt 22.juli 1866; Kjerkebok for Stangvik xxxxx
[134] Døypt 16.august 1874; Kjerkebok for Stangvik xxxxx
[135] Folketeljing 1875 for Stangvik, teljekrets 7, liste 26, [side 3271]
[136] Trulig den plassen som vart kalla Gammelhagan eller Skreddarhagan, etter skreddaren Ola Olson, som budde her i lag med kona Gjertrud Ingebrigtsdotter frå 1843 til Ola døydde i 1884.
[137] Kjerkebok for Stangvik 1879-1902, s 1b
[138] Som eit nært døme ser vi at Ane Jonasdotter og søskenbarnet Fredrikke Olsdotter hadde «sin Bolig (Natteophold)» i fjøset da dei tente hos Ola Johanson og Ildri Gudmundsdotter i Nordvika i 1875. Her i fjøset losjerte også ein innerstfamilie (mor, far og dotter) i lag med dei.
[139] Sjå i fotnote nedafor.
[140] Kjerkebok for Todalen 1879-1911, s 129
[141] Krister Olsen korresponderte våren 2008 med Karen Burton, 18014, 59th Ave. S.E., Snohomish, WA 98296, USA. Ho er (etter det SBS kan forstå) etterkommar av Anna Jonasdotter Grøn (fødd 1861), og Karen opplyste at ho var 60 år i 2008 og hadde to born: Shawna (36) og Russell (35). Ho var interessert i slektshistoria si, hadde sjølv drive med slektsgransking i USA og fortalte til Krister at ho hadde foto av Jonas Petter og Ingeborg «Groin» og kjenner til eit smykke som Agnes Thorsen (dotter av Johanna Jonasdotter Grøn, f 1874) hadde frå mora si. I eit brev frå 1970-åra frå Agnes til Karen fortel Agnes at Johanna reiste tilbake til Noreg og besøkte søstera Eli (Ellen), og da fekk Johanna med seg dette smykket heim. Agnes og Karen trur at smykket må ha tilhørt Johanna og Eli si bestemor, og iflg Karen står dette inngravert på smykket: «Amalia Huldrika Frederika Gron 1787». (Merknad: Nokon har bomma på årstalet her, men elles ser namnet bra kjent ut). Karen har sendt digital kopi av foto av Jonas Petter Grøn (og Ingeborg?) til Krister. Krister har også spurt etter foto av smykket.