DEI FIRE SØSTRENE PÅ SØRSÆTRA

På Sørsætra på Fjellværsøya voks det opp fire søstrer i begynnelsa på 1800-talet. Dei mista faren sin tidlig, og i lag med mora si måtte dei fire vera med å drive heimegarden. Tre av søstrene vart verande på Fjellværsøya og Ulvøya heile livet. Den fjerde reiste langt sør i landet. Her kjem historiene om dei fire.

I 1810 døde husbonden Jens Jakobsa på Sørsætra.  Han vart berre 40 år.  Kona hans var ho Krestianna Hansdotter frå Nordsætra, og ho satt att med fire døtrer på garden: Elen på 15 år, Andrea Kjerstine på 12 år, Anna Margreta på 10 år og Stina, som var fem år da faren døde.  Krestianna  var berre 45 år, men ho gifta seg ikkje opp att.  Ho satt med det største bruket på Sørsætra.  Han Jens hadde kjøpt det av farbror sin i oktober 1789, og det utgjorde halve garden.  Den andre halvparten av Sørsætra var delt i to bruk.  Brørne hans Jens hadde kvar sin halvpart av farsgarden, som dei hadde kjøpt av mora og stefaren: Per Jakobsa kjøpte sitt bruk i oktober 1783, og Erik Jakobsa kjøpte sitt i januar 1789[1].

Det var mandag den 17.september 1810 at han Jens Jakobsa på Sørsætra fall i frå.  Søndagen etter, den 23. September, var det jordpåkasting på Fillan kjerkegard, så det må ha vore gravøl etter han den dagen eller eit par dagar før.  Om Jens Jakobsa døde av sjukdom eller av ei ulykke på land eller sjø, veit vi ikkje, men det at han ga vekk alt sølvtøyet til dei fire døtrene sine før han døde, tyder på at døden ikkje kom heilt brått på.  Det kan også verke som om han hadde ei hand med at alle dei fire døtrene arva jord og hus og heim etter han på Sørsætra. Han var ein akta mann i bygda.  I den militære sjølegdrulla for Fjellvær legd var han oppnemnt som legdsmann, og hadde dermed eit ansvar for mannskapet i sitt legd.  I sjølegdrulla for 1809 står Jens Jakobsa nemnt for siste gongen. Her får vi opplyst at ved sesjonen i 1811 er han død.  Broren Anders på Mellomsætra tok over som legdsmann etter han.  Fleire gonger satt han som lagrettemann, han vart brukt som tingvitne og meddomsmann og han var ofte oppnemnt som vurderingsmann ved registreringsforretningar og arveskifte.  Siste gongen han vart nemnt som lagrettemann, var på hausttinget på Hopsjøen sist i oktober 1808. 

Arveskiftet etter Jens Jakobsa gir oss eit godt bilde av forholda på garden etter at husbonden gjekk bort.  I august 1811 vart registreringa i heimen på Sørsætra gjort, og i januar 1812 vart skiftet mellom arvingane gjort ferdig.  Slik er det situasjonen rett etter at han Jens døde vi får presentert i skiftet.

Krestianna Hansdotter dreiv garden sjøl etter at ho vart enke.  Ho hadde ein dreng og ei taus, og etter som dei eldste døtrene også tok til å bli store, hadde dei vel hender nok til å klare seg.  Dessutan var ho langt frå dårlig stilt: Ho hadde hus og heim, gard og krøtter og eit bra økonomisk grunnlag.  Han Jens hadde greidd å nedbetale lånet som han tok over da han kjøpte garden, og det var lite gjeld ellers: Eit års lønn til drengen Hans og tausa Ingeborg, nokre dalar til handelsmennene Nils Strøm på Aunøya og Alexander Hammond Friedlieb i Trondheim, det var alt. 

Garden på 12 marklag jord og hus vart taksert til 600 riksdalar, og inventar, husdyr, reiskap og anna lausøre verdsette takstmennene til 284 riksdalar.  Det er litt tvilsamt om alt som hørte garden til vart med da skifteregistreringa vart gjort i august 1811.  Av husdyr var det med ein raud treårsgammal hest, fire kyr, to kviger og ein kvit vêr.  Ikkje ein sau, ikkje eit lam eller ein kalv.  Sjøreiskap og utstyr til fiske var det også lite av: Sju sildgarn, tre moddgarn, eit søkknotøre og halvparten av inventaret i ein storbåt på tre lester.  Ikke ein færing eller ein seksring, ikkje eit segl eller eit fiskesnøre eller eit vadbein.  Lite med sengeklede er det også: Stort sett utstyr til ei seng, og langt ifrå nok til ein familie på to vaksne, fire jenter og eit par tenestefolk.  Nei, her har nok familien delt noko seg imellom på førehand.  Sorenskrivar Kaasbøll nemner sølvtøyet, men det ser ikkje ut til at han brydde seg så hardt om det andre.  Det var nok i buet til salær og omkostningar, alle som hadde uteståande fekk sitt og det vart bra med arv, både til enka og dei fire døtrene.  Ingen hadde grunn til å protestere på at nokre sauer, ei båtrye og eit fiskesnøre eller to og nokre småbåtar hadde gått til familien på førehand.  Ein god del husgeråd med koppar og kar, fat, stampar, bøtter, tallerkenar og trau er med i skiftet.  Ein tekjel av koppar, eit kvit tekanne og kvite tekoppar er kanskje litt uvanlig hos fiskarbøndene her først på 1800-talet.  Av møblar merkar vi oss eit brunmala skattoll, eit stort og eit mindre fallbord med to klaffar og fleire trestolar.  Det var og noko gardsreiskap: Ein plog med veltefjøl av jarn, nokre skufler, grev og spett, fleire ljåar og eit par høysleder.  Han Jens Jakobsa må ha drive med snekkering, for det var påfallande mykje snekkarutstyr etter han, til og med ei snekkarkiste.  Vi får også vita litt om korleis han Jens Jakobsa var kledd når han var i finstasen.  Kvardagskleda var det vanlig å gi vekk, mens dei finare, verdifulle klesplagga gjerne vart med i skifta.  Finkleda hans Jens var av ullstoff alt i hop.  Det meste var norsk, av vadmål eller anna heimvove stoff: Ei ny grå vadmålskufte, ein grønn vest, ei blå vadmålstrøye, ei blå bukse av vadmål og ei grå vadmålstrøye.  Meir verdifullt var ei blå trøye og bukse av importert ullstoff.  Han hadde også ei raud bukse.  Alle tre buksene var nok  knebukser, slik vanlig folk brukte på denne tida.  Slik fekk han også vist fram dei fine, nye svart- og kvitranda ullstrømpene sine.  Sko, støvlar eller hauplagg av noko slag er ikkje nemnt, heller ikkje sjøhyre. 

Ho mor Krestianna arva halve bruket, og den andre halvparten vart delt likt mellom dei fire jentene.  Elles vart arven fordelt mellom dei etter faste reglar. Formyndar for dottera Elen var farbror Erik Jakobsa Sørsætra, for Andrea Kjerstine morbror Knut Hansa Nordsætra og for Anna Margrete og Stina var farbror Anders Jakobsa Mellomsætra formyndar.  Dei hadde tjukke slekta rundt seg på alle kantar.  Livet gjekk vidare etter at far Jens fall frå.

Det var sommaren 1789 at Jens Jakobsa fekk lovnad frå farbror Anders Persa om å overta hans halvpart av Sørsætra til hausten.  Dermed var grunnlaget for å stifte familie til stades.  Etter at soknepresten Otto Stub hadde gjort frå seg preka i Fillkjerka den 20.september 1789, vart han Jens Jakobsa frå Sørsætra og ho Krestianna Hansdotter frå Nordsætra trulova i kjerka, etter gammal skikk.  Dei to som stod fram og vitna om at det ikkje var noko i vegen for at dei to kunne gifte seg, var han Per Persa Nordsætra og han Johan Jonsa frå Reksa.  Dette skjedde samme dagen som bror hennes Krestianne, Knut Hansa, gifta seg, så det vart vel dobbel feiring på Nordsætra denne seine septemberkvelden.  Året etter, mandagen den 5.juli 1790, var Jens og Krestianna på Dolm og gifta seg i Dolm kjerke. 

Sommaren etter, i juli 1791, fekk Jens og Krestianna på Sørsætra det første barnet sitt.  Det var ei jente, og da prosten Stub døpte ho  i Fillkjerka 24.juli 1791, fekk ho namnet Andrea, etter Jens sin farbror Anders, som døde på Sørsætra denne sommaren.  Den 12.september 1793 fekk dei ein gut, som tre dagar etter vart døpt i Fillkjerka og fekk namnet Hans, etter faren hennes Krestianna.

Men hausten 1794 vart vond for folket på Sørsætra.  På ein knapp månad mista dei tre born på garden.  To av dei var Jens og Krestianna sine: Dottera Andrea Kjerstina, 3 ½ år gammal, døde 14.november, og Hans, som var berre litt over årsgammal, døde 1.desember.  Den 8.desember døde Marta Persdotter på Sørsætra, 2 ½ år gammal og søskenbarn til Andrea og Hans.  At små barn døde, var ikkje uvanlig i det gamle samfunnet, men at dei mista tre på ein gong, må ha vore tungt for folket på Sørsætra.

Den 10.oktober 1795 fekk Jens og Krestianna ei dotter, som dei kalla Eli etter mor hans Jens – eller Elen, som presten Hans Ross skreiv i kjerkeboka da han døpte henne 8.november i Fillkjerka. 

På Trinitatis søndag, den 3.juni 1798 var det fullt av folk i den nye kjerka i Fillan.  Ikkje mindre enn 184 menneske gjekk til alters den dagen.  Den var ein månad sia førre gudstenesta i Fillkjerka, for kapellan Hans Ross hadde vore åleine som prest i Hitra etter at soknepresten Otto Stub døde året før.  Fire barn vart døpte i Fillkjerka denne sommardagen, og eitt av dei var den nyfødde dottera til Jens Jakobsa og Krestianna Hansdotter på Sørsætra.  Ho var fødd 28.mai, og ved dåpen fekk ho samme namnet som den jenta som døde frå dei hausten 1794: Andrea Kjerstine. 

Den 12.desember 1800 fekk Jens og Krestianna ei dotter til.  Ho vart døpt i Fillan kjerke andre juledag og fekk namnet Anna Margrete.  Våren 1805 fekk dei enda ei dotter, Stina, som dei rodde til Fillan og fekk døpt den 10.mai.   Ho vart den siste dei fekk, og ho var enno ikkje seks år da far Jens døde frå dei.

¤ ¤ ¤

Elen Jensdotter – sikkert kalt Eli til daglig – var i konformasjonsalderen og eldst av søstrene ved skiftet etter far Jens i 1811.  Sist på året 1815 – 20 år gammal – gifta ho seg med ein kar frå Mastad: Jakob Persa.  Han var fødd på Mastad sommaren 1787.  Foreldra var gardfolk på Mastad: Per Jonsa og Grete Maria Stefansdotter.  Per Jonsa kom frå Stjørdalen og gifta seg med Grete Maria i Fillan kjerke 27. juli 1783.  Ho var da enke på Mastad etter Jakob Olsa, og ho hadde fleire barn frå første ekteskapet, mellom dei Ola og Benjamin.  I ekteskapet med Per Jonsa fekk ho tre barn: Beret Krestine, fødd i november 1783, Jakob i 1787 og Jonetta våren 1790.  Våren 1794 kjøpte Ola Jakobsa den delen av garden Mastad som mora og stefaren Per Jonsa hadde, og mor Grete Maria, stefar Per Jonsa og dei tre borna fekk kår av garden, så lenge mora eller stefaren levde.  Det var ikkje noko lett kår Ola Jakobsa måtte oppfylle frå bruket sitt:

Kårfolket skulle ha fri bruk til alle husa på garden i lag med Ola Jakobsa. Dei skulle ha tre mæling åker, som dei sjølve skulle dyrke og hauste, og enda ein mæling jord, som dei sjølve skulle rydde og dyrke.  Vinterfor til tre kyr og fem sauer, skulle dei også ha, men for dette skulle Per Jonsa arbeide på garden tre dagar  i slåttonna kvart år.

Ola Jakobsa gifta seg i Dolmkjerka sommaren 1794 med Margrete Isaksdotter.  Benjamin Jakobsa døde på Mastad 12. desember 1797, og den 18.desember 1798 døde mor Grete Maria Stefansdotter på Mastad, 53 år gammal. 

Om det var kåret som vart for tungt, eller om det var utsiktene til at stefaren tok til å stifte ny familie som gjorde utslaget, er noko uvisst: Sommaren 1800 selte Ola Jakobsa sin part av Mastad til Jon Endresa Eide for 280 riksdaler.  Sjølv dag, den 3.juni 1800, kjøpte han ein mindre part av Mastad av Jon Endresa. Denne parten omfatta også Ingeborvika, og hit flytta Ola Jakobsa, kona Margrete Isaksdotter og borna: Eli Jonsdotter (som var hennes barn frå første ekteskap), Jakob Johannes Olsa, fødd 3.mars 1794, og Grete Maria Olsdotter, fødd 26.oktober 1798.  Etter at dei kom til Ingeborvika fekk dei sonen Isak, fødd 16.mai 1801.  Ola bygde hus i Ingeborvika: Ei stua med kammers og kjøkken, eit lite fjøs og eit naust.  Men i 1802 døde Ola Jakobsa i Ingeborvika.  Det vart opna registrering og arveskifte etter han 8.januar 1803.  Litt var det da etter han: Eit par kyr, noko innbu, ein god seksring med rigg og utstyr og godt med fiskereiskap.  

Enkemannen Per Jonsa på Mastad gifta seg med Mali Estensdotter 12.oktober 1800.  Ho var 20 år yngre enn han.  Den 19.februar 1801 fekk dei ein son, som vart døpt i Fillkjerka 1.mars 1801 og fekk namnet Esten. 

Jakob Persa budde heime på Mastad hos faren og stemora til har var 23-24 år og kom da til Fjellvær som tenestekar hos sorenskrivar Kaasbøll[2]. Så gifta han seg med Eli Jensdotter på Sørsætra i 1815 og flytta dit. 

I eit skøyte datert Fjellvær julaftan 1816 sel enka Kristianna Hansdotter sin part av Sørsætra til svigersonen Jakob Persa Mastad for 500 riksbankdalar eller 50 norske spesidalar, mot at ho får vera medbrukar i garden så lenge ho lever, men at Jakob og Eli skal bestemme alt som har med drifta av garden å gjera.  Det betyr at Jakob Persa og Eli Jensdotter tok over og dreiv Krestianna sin halvpart og Eli sin  arvepart av gardsbruket.  I praksis dreiv dei også dei tre andre søstrene sine arveparter, i første omgang mot at Andrea, Anna Margrete og Sara fekk bu heime på garden. 

Jakob Persa og Eli Jensdotter fekk tre born: Benjamin Petter var fødd 16.juni 1818, Grete Krestine var fødd 7.oktober 1822 og Krestianna, fødd 12.august 1827. 

Jakob Persa døde 24.juni 1849.  På skiftet etter han den 19.august 1850[3] fekk sonen Benjamin Jakobsa overta garden Sørsætra ( av skyld 12 mrkl eller 1 dlr 15 skill) mot at mora Eli Jensdotter fekk kår.  Garden vart taksert for 340 riksdalar, gjelda var tre obligasjonar på i alt 100 riksdalar og når lausøret kom til og skifteomkostningane vart trekte frå, vart det att 100 dalar til enka Eli, 50 dalar til sonen Benjamin og til døtrene Grete og Krestianna vart det 25 dalar på kvar.  Det drygde for ho Eli å få kårbrevet frå han Benjamin, sjølv om det var vilkåret for at ho overlet garden til han.  Ikkje før i 1857 vart kårbrevet tinglese, men da hadde ho Eli flytta heimafrå.  Til Einvika flytta ho.  Der var yngste dottera, ho Krestianna, gardkone.  Mannen hennes var Anton Elias Jakobsen frå Nordsætra[4].  Ho Eli kunne ikkje bu lenger hos han Benjamin og familien hans “formedelst mindre god Behandling i hans Hus”[5].  Dei fem siste åra av sitt liv budde ho Eli i Einvika.  Etter at ho døde den 30.november 1861, reiste lagvergen hennes, som var han Søren Nikolaisen Vaslagaunet, eit krav mot han Benjamin fordi han ikkje hadde oppfylt kåret overfor mora.  Den 5.august 1862 kom dei til forlik.  Det vart slik at han Anton og ho Krestianna i Einvika fekk erstatning frå han Benjamin for dei fem åra ho mor Eli budde heime hos dei: 2 ½ tønne bygg, 5 ½ tønne blandkorn og 6 tønner potet.  Dette skulle gjerast opp med halvparten før jul 1862 og andre halvparten til jula etter.

¤ ¤ ¤

Den neste av dei fire søstrene på Sørsætra som stifta familie og flytta ut, var Anna Margrete.  Ho fann seg ein som budde i Kjevikan, ein husmannsplass under garden Ulvan.  Ola Abrahamsa heitte han, og han hadde så visst ikkje fått den enklaste starten på livet.  Han vart fødd 30.juni 1793 på husmannsplassen Kvitlabrua under garden Røstad på Levanger.  Mora var Malena Larsdotter.  Ho var fødd i Hoddevika i Selje prestegjeld i Nordfjord sommaren 1751.  Sist i 1780-åra var ho oppe i Trondenes i Sør-Troms og fekk sitt tredje barn utafor ekteskap, og i 1789 vart ho dømt til seks års tukthus for ”3 Gange begaaet Leiermaal og andet uanstændigt Forhold”.  Ho kom inn på Trondheim tukthus i oktober 1790.  Fleire tukthusfangar fekk amnesti og vart sette fri på grunn av ”Hindes Kongelige Høyhed Kronprindsesse Maria Sophia Fredricas lykkelige Nedkomst” hausten 1792.  Maria Larsdotter var mellom desse.  Ho vart sett fri frå tukthuset den 5.januar 1793, men da var ho igjen med barn.  Faren vart oppgitt til å vera Abraham Olsen.  Han var også tukthusfange,  og han var død da sonen vart fødd.  Malena Larsdotter kom til Levanger, fekk losji hos Jon Olsen og Gunborg Andersdotter på Kvitlabrua[6] og fødde guten sin der.  Han vart døpt i Levanger kjerke 13.juli og fekk namnet Ola.  Berre som liten gut kom han åt Hitra til oppfostring hos Ola Larsa og Ane Olsdotter.  Det var tett kontakt mellom sjøbygdene og Innherad den gongen.  Fiskarbødene reiste kvart år til Marsimartnaden på Levanger, og det kan godt vera at han Ola Larsa fekk med seg gutungen heim frå martnaden eit år.  Ola Larsa og Ane Olsdotter var først leigebuarar i Ingeborgvika på sørsida av Knarrlagsundet, og deretter husmannsfolk i Kjevikan på andre sida av sundet.  Dit kom dei rundt 1802[7] .

I 1809 møtte Ola Abrahamsa på sesjon og registrering til den militære sjølegden.  Her blir det opplyst at han budde i Kjevikan og vart oppfostra der.  Også ved sesjonen i 1814 møtte han, og da står det om han at han var ”frisk og god” – og så blir det tilføydd: ”og meget storsnutet”.  Han må ha sagt noko eller oppført seg på ein måte som fall dei militære sjefane tungt for brystet.  Det kan sjå ut som om han var ein uredd kar, som ikkje var redd for å ta bladet frå munnen. 

Anna Margrete Jensdotter og Ola Abrahamsa gifta seg i Fillkjerka den 9.november 1823.  Dei slo seg ned i Kjevikan og vart husmannsfolk der etter fosterforeldra hans Ola[8].  Det var tre husmannsfamiliar som budde i Kjevikan på denne tida. 

Anna Margrete og Ola fekk ein gut julaftan 1824, og dei gav han namnet Jens, etter far hennes Anna Margrete.  Men vesle Jens vart berre åtte dagar gammal. Han døde nyttårsdagen 1825.  Den 12.september 1826 fekk dei ei dotter, og ho fekk namnet Anna Kjerstine og vart døpt i Fillan kjerke 15.oktober.  Sommaren 1829, den 3.juni, fekk dei ein gut, som dei døpte Isak Olaus i Fillkjerka 12.juli.  Dei var framleis husmannsfolk i Kjevikan den 19.februar 1832 da dåpen til enno ein gut, Andreas Martinus, vart ført i kjerkeboka.  Andreas kom til verda i Kjevikan den 29.januar det året.  Også seinare på året 1832 er dei nemnt som husmannsfolk i Kjevikan, men da dottera Jana Jensine vart fødd 5.oktober 1834 og døpt i Fillan kjerke 27.oktober, budde dei på Sørsætra.  Anna Margrete hadde arva ei liten part av Sørsætra etter far sin, og derfor står ho og mannen hennes innført i kjerkeboka som gardmannsfolk på Sørsætra da Jana Jensine vart døpt.  Med arveparten følgde også rett til husrom på garden.  Men dei vart ikkje lenge på Sørsætra.  Sommaren 1835 selde Ola Abrahamsa på vegne av kona si hennes part av Sørsætra til Jakob Persa for 25 spesiedalar, og trulig flytta dei frå Sørsætra på den tida. 

Den vesle garden Breivika på Fjellværsøya vart utskild frå Leirvika i 1780-åra.  Litt utpå 1800-talet budde det ein Lorns i kvart sitt stuahus i Breivika: Den eine var Lorns Olsa Dahlberg frå Hemne, som kjøpte garden i 1815.   Den andre var Lorns Kristian Schanche, som var leiglending på garden.  Lorns Olsa var gift med Judith Andrea Jensdotter frå Herøya.  Dei hadde fire-fem born.  Lorns Olsa fall frå i 1821[9].  På auksjonen etter Lorns i 1824 fekk Abraham Walseth gjennom ein stråmann, Georg Fr Ducke, tilslaget på Breivika for 114 dalar.  Lorns Schanche var først gift med Malena Pålsdotter (d 1816) og deretter med Karen Andersdotter.  Frå begge ekteskapa var det ein barneflokk på seks.  Lorns Schanche døde i 1830. 

I 1830-åra opna det seg for nye brukarar i Breivika.  Eigaren Abraham Walseth selte unna mykje av sitt jordiske gods på ein auksjon på Hopsjøen 18.september 1833 – også garden Breivika.  Anders Jonsa Mastad fekk tilslaget for 200 dalar.  Anders var fødd på Forve i Orkdalen.  Foreldra kjøpte ein part av Mastad i 1807, og i 1833 selde Anders sin part av Mastad til broren Jon, tok med seg kona Ane Olsdotter og slo seg til i Breivika.  Nokre år seinare kom Anna Margrete Jensdotter og Ola Abrahamsa frå Sørsætra og slo seg ned som leiglendingar i Breivika[10].  Den 17.mai 1840 fekk Anna Margrete og Ola Abrahamsa ei jente til.  Ho fekk namnet Krestianna etter mormora si og vart døpt i Fillkjerka den 2.august. 

Anna Margrete var brukt som jordmor i nærområdet.  Ho var ikkje utdanna, men fungerte vel som ei såkalla krafskjerring eller ljøsmor – ein høgst nødvendig peron i alle grender.  I juli 1844 var ho innkalla til Stakkvika som vitne i ei rettsak, men ho kunne ikkje komme frå fordi ho var jordmor på Skjæret, ein husmannsplass under Leirvika.  Det var det ingen som mukka på.  Ei krafskjerring hadde ei livsviktig stilling i bygda[11].

Det verkar som han Ola Abrahamsa også var ein kar med “beskjeng”[12].  Enno med han budde i Kjevikan skaffa han seg ein lestabåt (ein åfjordsbåt som lasta ein lest = 12 tønner i rommet), det kunne vera ein fyring.  Hausten 1828 lånte han ut denne båten til Krestian Adriansa Kvalvika, Rasmus Nilsa Olavika og Erik Nilsa Kjevikan.  Desse karane skulle til Stjørdalen, trulig på bøgdareis.  Så var dei uvørne da dei kom til utlaupet av Stjørdalselva.  Det var stiv kuling og mesta full fjæra sjø.  Veret stod rett på, men dei la likevel opp elvaosen, stikk i strid med all god sjømannskap.  Og det gjekk gali.  Båten forliste og vart øydelagt.  Ola Abrahamsa måtte ha båt, så han bestilte seg ny lestabåt frå Monstad i Åfjorden med ein gong.  Han kravde sjølsagt erstatning frå dei tre som hadde forlist med båten hans.  Båten var fem år gammal, så 10 dalar var ein passelig pris for han.  Nei, dei tre var ikkje så ivrige på å erstatte båten.  Så baud Ola Abrahamsa seg til å betale ein firedel sjøl.  Sju og ein halv dalar ville han ha.  Men nei, det kom ikkje noko oppgjør frå dei tre.  Da trekte han Ola dei inn for forlikskommisjonen.  Den 13.januar 1829 var det møte[13], og no vart det forlik.  Han Ola fekk det som han ville ha det, og det vart bestemt kor mykje kvar av dei tre skulle betale.  I tillegg vart det bestemt at dei tre “paa egen Bekostning” skulle vera med han Ola Abrahamsa til Åfjorden og hente heim nybåten hans.  Vi får tru det var god stemning om bord.

Den 11. Juni 1847 kjøpte Ola Abrahamsa garden Breivika av Anders Jonsa Mastad for 150 spesiedalar.  Det var ein svært liten gard, med skyld på berre 3 marklag.  Hest hadde dei ikkje, men dei fødde eit par kyr og nokre sauer.

Anna Margrete Jensdotter døde i Breivika 27.desember 1853, berre 53 år gammal.  Ho vart jordfesta på Fillan kjerkegard 5.juni 1854.  Det vart halde arveskifte etter ho 22.oktober 1855, etter at det var auksjon over noko av lausøyret i Breivika 29.august 1855[14].  Her framgår det at det var sønene Isak Olaus og Andreas som fekk tillagt garden og husa som morsarv, og vi kan gå ut frå at faren, han Ola  Abrahamsa, dermed sa frå seg garden og tok seg kår – berre 62 år gammal.  

I juni 1858 gifta sonen Andreas seg med Stina Margrete Gjertsdotter Ulvan, og dei slo seg etter kvart ned i Grindskaret på Ulvøya.  Det vart Isak Olaus som fortsette i Breivika.  Han gifta seg den 4.juni 1863 med Anna Marie Knudsdotter Vedøya.  Dei fekk fleire born, og Ola Abrahamsa budde som kårkall hos dei, til han tok kvelden den 21.november 1871.  Han vart gravlagt på Fillan kjerkegård, og jordfestinga var 19.mai 1872.

¤ ¤ ¤

Andrea Kjerstine Jensdotter var nest eldst av dei fire søstrene på Sørsætra.   Ho arva ein liten part av garden etter faren, og til den arveparten låg også hus og heim.  Så Andrea vart på Sørsætra etter at ho vaks til, og arbeidde på  garden heime. 

På eitt av dei tre bruka på Sørsætra budde Andrea sin farbror Per Jakobsa og kona hans, ho Beret Larsdotter.  Farbror Per kjøpte sin gardpart av mora og stefar sin hausten 1783, etter at han hadde gifta seg med ho Beret den sommaren. Med i kjøpet var også part av husa på garden[15], men etter ei tid sette han Per Jakobsa seg opp eigne hus, eit lite stykke vest for det gamle tunet på Sørsætra[16]

Per og Beret fekk seks barn, men berre to av dei opplevde å bli vaksne: Eli (døpt Elen), fødd i 1788, og Peter Andreas, fødd i 1795.  Eli gifta seg på haustparten 1810 med Petter Klasa (dei skreiv Clausen), fødd i 1783 i Gullbrandsvika i Imsterfjorden, som da låg under Ørland prestegjeld[17]. Han kom til Hitra i lag med foreldra sine som barn, først til Vollen i Barmfjorden og seinare til Langfjæra på Ansneslandet.  Petter Klasa og Elen vart buande  som innerstar (leigebuarar) hos Per og Beret på Sørsætra, og det var nok gardsonen Peter Andreas som skulle overta garden etter foreldra sine.  Men i november 1821 døde Peter Andreas.  Året  etter[18]  står Petter Klasa og Eli oppført i kjerkeboka som gardmannsfolk på Sørsætra.  Dei hadde eigentlig ikkje overtatt garden, men det var nok dei som dreiv han for Per og Beret.  Men han Per Jakobsa sleit med økonomien.  I 1822 måtte han gå til kjøpmann Ducke i Vikan  i Barmfjorden og låne 100 spesiedalar med pant i garden sin, og da var Per 66 år – ein gammal mann i den tida. 

Så døde bror hans Per, han Erik Jakobsa på Sørsætra.  Det skjedde i 1822, og ved arveskiftet i november, der han Per var lagverge for brorenka si, ho Lisbet Persdotter, vart det fort klart at gjelda var så stor at ho Lisbet ikkje greidde å gjera opp for seg.  Gard og grunn og alt dei åtte måtte seljas.  Det må ha vore ei vond tid for ho Lisbet og borna og for alle dei nærmaste.  Da han Erik døydde, tapte dei alt.  Og det må ha skapt uro og tunge tankar hos fleire.  Hos han Per og ho Beret var både alderen og gjelda høgare enn hos han Erik og ho Lisbet.  Odelsguten var død, og dottera Eli og mannen hennes budde som fattige leigebuarar heime hos Per og Beret.  Korleis skulle dei bera seg åt for å berge garden og trygge alderdommen?  Da var det at dei fekk høre at dottera etter han Jens, ho Andrea Kjerstine, visstnok for og lura litt med denne fostersonen åt sorenskrivaren på Fjellvær.

No lyg eg i hop ei historie som eg trur ho Andrea Kjerstine kan ha fortalt om ein sommarkveld i året 1824. Eg ser for meg ho Andrea som ei lita og rappkjefta ei, og så trur eg han Broder Nikolai var stor og meir tungtrødd. Så vart kanskje forteljinga hennes Andrea omtrent slik da:

Det går ein gammal gongsti forbi husa våres på Sørsætra, dem kalle.  Om du vil gå den stien med kveldssola i røggen, kjem du først åt Sætervågen og Mellomsætra, der han farbror Anders budd.  Når du ha gått rundt Sætervågen, kjem du åt husa hos han morbror Knut på Nordsætra, der ho mor e ifrå.  Går du vidar, så kjem du åt Einvikja, og eit lite stykkj te, så ser du Fjellvær. 

Han har vore der frå eldgammelt, den gongstien.  Dem gjekk en opp i husmannstida, sei n han farbror Per.  Han kjem i hau den tida, han farbror.

Men det går ein sti om du vil gå imot kveldssola òg, frå Sætra.  Berre ein rekster vestover myrane og løngheian.  Han går heilt åt Sollia.  Da eg var veikjunge og gjette krøttera om somrane, hendt det at dem kom vekk fer oss uti marka.  Som oftast va det berre å gå rekstern åt Sollia, da.  Der fann vi dem, mesta allveg.  Dem trivdes der, krøttera, og det forstår eg så godt.  Finar plass fins itj.  Grønt og fint og frodig.  Der kan ein setta så høgt opp og sjå utover Sæterfjorden, over mot Tranvikan og Ulvågan og Ulværet.

Ein søndags ettermeddag kom ‘n Broder Nekolai på gongstien frå Fjellvær.  Han hadd stortrøy på seg i sommarvarmen – og trøya va i minst laget åt ‘n, stor og brei over røggtavla som ‘n hadd vorte.  Eg hørt flettinga på ungan da dem såg ‘n.

– Ska du nån stan, Andrea? spurt n Broder da ‘n såg mæg.

– Ja, det e no deffer eg e ut, sa eg.

– Kor du ska hen, da? spurt ‘n.

– Melk kyn hass farbror Per, sa eg.

– Kor dem e hen dem, da? spurt ‘n Broder

– Innpå flua og dreg småsei, din tosk, sa eg

Ungan, som stod og tjyvlytta, bynt å storflir attom nova.  Eg tok melkbøtta i eine handa og soplimen i den annera og rent ette dem.

– Det va likar de fann igjen krøttera som de ha gjett vekk, enn å stå her å apas med vakse folk, hauka eg.

– Dem e borti Sollia, du får finn dem sjøl, ropa ungan og va over all haugan.

– Så du ska heilt dit, da? spurt ‘n Broder.

– Ja, ska eg få melka tu dem, så lyt eg vel det, sa eg.

– Du vil kanskje ha følge, da? sa ‘n Broder.

– Bli det kortar veg, da? spurt eg.

– Mykjy kortar, sa n Broder.

Vi hørt ungan hylflira da vi gjekk.

Vi fann de to kyn hass farbror Per borti Sollia.  Før vi leidd kvar våres ku tebakers åt sommarfjøset, sett vi oss ned på de gammel hustuften og såg utover fjorden.  Det va blekkstilla. 

– Der sjer du Ulvågan, sa eg og peika.  – Ho farmor va derifrå.  Veit du, ho kjøft Sørsætra, ho – ette at ho vart enk og satt med ein stor skokk med unga. 

– Kjøft a heile gårdn? spurt ‘n Broder.

– Ja, i lag med svogern sin, han Anders Persa, sa eg.

– Ho må ha vore eit hiva kvinnfolk, sa ‘n Broder.

– Ja, dem fertele om a enno, sa eg.  Ho Eli, søster mi, e oppkalla ette a.

– Fleir hiva kvinnfolk på Sørsætra, ha eg haurt, sa ‘n Broder.

– Pella deg opp no, og hjølp meg å få heim kyn, sa eg.

Dei hadde kanskje hatt eit godt auge til kvarandre lenge, kva veit eg?  Kjeldene fortel heldigvis ikkje om slikt.  Men i kjerkeboka for Hitra[19] får vi vita at da ei jente på Nordsætra skulle døpe si vesle Jonetta i Fillan kjerke i februar 1824, så stod ”Broder N Fjeldvær og Andrea Jensd. Sæter” fadder i lag.  Tilfeldig?  Kanskje, men da dei to stod som brudepar i Fillan kjerke søndag 28.august 1825, var nok dei fleste av slekt og nabolag vel kjente med at det var dei to.  I kjerkeboka står det[20] . ”Broder Rasmus(sen) Fjeldvær, 23 Aar” og ”Andrea Kristine Jens(datter) Sørsæter”.  Forlovarane var ”Ole Næsset og Niels Udsæht”, og dei karane var brukte som forlovarar tre-fire gonger i Fillkjerka dette året.  Ola Nesset var trulig Ola Rasmussen på Nesset i Bjønnavågen, gift med Marit Iversdotter frå Fjellvær.  Dei flytta til Selvågan i 1830.  Nils Utset kan ha vore Nils Eriksen Oldre på Utset, som på denne tida flytta til Nordbotn og seinare vart gardmann på Ulvan.

Det skulle ikkje undre meg om bryllaupet  vart feira hos sorenskrivaren på Fjellvær, det som hadde vore heimen hans Broder gjennom mykje av barndommen og heile ungdommen.  Om andre enn sorenskrivarfamilien av slekta hans Broder var med og tura bryllaup, veit vi ikkje, men slekta og naboane hennes Andrea møtte mannjamt fram, får vi tru.  Kanskje fekk nokre av dei for første gong komma inn i stuene hos Madam Kaasbøll på Fjellvær i det bryllaupet.  Og banda han Broder hadde til Fjellvær var sterke. Sorenskrivarfamilien var fadrar da Broder og Andrea døpte ungar i Fillkjerka, og lenge brukte han Fjeldvær som etternamn.  På ein auksjon i november 1836 – meir enn ti år etter at han flytta til Sørsætra – står det at Broder N Fjeldvær var mellom kjøparane av noko lausøyre som Broders moster Olava Margrethe Kaasbøll selte unna[21] . Historia om Broder og Andrea på Sørsætra kjem som eiga forteljing.

¤ ¤ ¤

Stina Jensdotter var den yngste av dei fire søstrene på Sørsætra.  Ho var fødd i april 1805 og vart døypt i Fillkjerka 5.mai.  Den 17.november 1822 vart ho konfirmert i Dolm kjerke, og sommaren 1829 flytta ho til Trondheim for å søke seg teneste[22]. Ho fekk losji hos Jens Ørsund og familien hans i Bersvendsveita da ho kom til byen.  Kanskje tente ho også  der, men våren 1831 reiste ho frå Trøndelag[23]  Den 25.mars 1831 står det oppført at ho flytta til Kristiansand, og samme dagen flytta teiknemester Kribell og kone også dit.  Dette er første gongen ho Stine kallar seg Justine, og det gjorde ho heretter.  Om ho hadde anna samband med ekteparet Kribell enn reisefølgje til Sørlandet, kjenner vi ikkje til.  Kribell står heller ikkje oppførte som innflyttarar til Kristiansand, men det gjer Justine[24].  Den 21.april 1831 er ho registrert som innflytta.  Ho kom ”for at tjene”, står det, og det kan tyde på at tenesta var avtalt på førehand.  Det var til tollkontrollør Due i Kristiansand ho kom.  Trulig var dette familien Oluf Christian Due og Anne Catrine Wibe frå Trondheim.  Men av ein eller annan grunn vart ho ikkje lenge i Kristiansand.  Den 4.oktober 1831 står det i kjerkeboka at ho flytta vestover til Farsund[25], og kan hende reiste ho vidare til Flekkefjord, der tollbetjent Carsten Schjøtt Due, bror til Oluf Christian, og kona Malene Marie Buch frå Trondheim budde på denne tida.  Det må ha vore her ein stad vår Justine møtte ein viss ung styrmann og gardmannsson frå Hidra.  Namnet hans var Tønnes Olsen Urstad.  Seinhaustes i 1833, den 28.november, vart Tønnes og Justine gift i Hidra kjerke.  Brurgommen var fødd 2.juli 1807 på garden vestre Urstad, der foreldra Ole Jakobsen og Ingeborg Elisabet Pedersdotter var gardmannsfolk. 

Tønnes var ikkje eldste sonen på Urstad, så han fortsette på sjøen som styrmann.  Dei nygifte slo seg til i Sønnevika, eit strandsete nede ved Rasvågen rett sør for Urstad.  Sønnevika hørte Urstadgardane til, og her budde dei da dei fekk sonen Ole Elias 1.februar 1835.  Tønnes Olsen og Justine Jensdotter fekk tinglyst feste på Sønnevika frå Ole Olsen på vestre Urstad, bror til Tønnes, våren 1836.   Dei leigde også ut hustomter til andre som slo seg til  i Sønnevika, og i april 1836 gjorde dei avtale med Jakob Andreas Jakobsen og kona Anne Sofie Nilsdotter om leige av grunn til hustomt.  Men da avtalen skulle underskrivas 10. juni 1836, er det Justine Jensdotter som skriv under åleine Formedelst min Mands Tønnes Olsen nu indtrufne Dødsfald”, skriv ho.  I festekontrakten mellom Tønnes og broren Ole Olsen Urstad frå 30. mai 1836, står ingenting om dødsfallet, så vi kan slå fast at Tønnes Olsen døde mellom 30.mai og 10.juni 1836.  Men i kjerkeboka for Hidra står han ikkje oppført mellom dei gravlagde.  Han kom trulig bort på sjøen, knapt 29 år gammal.

Justine og den vesle guten hennes vart buande i Sønnevika etter at far i huset vart borte.  Det må ha vore eit ganske stort og fint hus dei hadde, verdsett til 350 spesiedalar.  Og dei hadde inga gjeld, så materielt var det ikkje så ille for dei.  Men forsørgaren var borte, så ho Justine måtte finne ein utveg for ei framtid for seg og Ole Elias.  Og ho fann sjølsagt den utvegen alle unge, ansvarsfulle enkjer måtte ty til i dei dagar: Ho fann seg ein ny kar. 

Også han heitte Tønnes, og også han kom frå garden Urstad.  Men han kom frå øvre Urstad.  Foreldra var Hans Gabriel Heinsen og Elen Bentsdotter Urstad.  Den 14.september 1837[26] vart enka Justine Jensdotter gift med ungkar Tønnes Hansen Urstad.  Ho var no 32 år gammal, han var 28 år – fødd 7.mars 1809 [27]. Ein av forlovarane var Ole Olsen Urstad, gardmannen på vestre Urstad og bror til første mannen hennes Justine. 

Jau, det hasta vel litt for dei to å bli gift.  Den 7.januar 1738 fekk dei ei jente:  Hanna Tomine.  Så kom det tre jenter til: Jensine Christiana – fødd 19.juli 1840, Trine Justine – fødd 3.mai 1843 og Gusta Emilie – fødd 2.januar 1846.  Alle jentene var fødde i Sønnevika.  Om også Tønnes Hansen reiste til sjøs, veit vi enno ikkje, men han satt ikkje så ille i det.  I 1843 lånte han ut pengar til gardmannen Jacob Elias Jacobsen på nedre eller vestre Urstad.  Likevel, i 1848 bestemte Tønnes og Justina seg for å kjøpe seg gard.  Eit bruk i Krågedal, på andre sida av Rasvågen mot Kirkhavn vart til sals, og den 4.april 1848 sel Jesper Rasmussen sitt bruk i Krågedal til Tønnes Hansen Urstad for 480 spesiedalar.  Knapt eit år etter fekk dei sonen Theodor Severin – fødd 24.mars 1849.  Så kom 1850-talet – eit vondt tiår i Krågedal.

Justine sin son frå første ekteskap, Ole Elias, vart sjømann, som far sin.  I september 1849 vart han konfirmert, og trulig venta han ikkje lenge før han mønstra på eit skip og reiste ut.  Han kom i utanriksfart.  Den 15.november 1854 totalforliste skipet han var på.  Det skjedde sør for England ein stad, og Ole Elias mista livet sitt der.  Knappe to år seinare, den 19.september 1856 døde Tønnes Hansen Krågedal, berre 47 år gammal, og 26.juli 1857  døde også Justine.  Ho vart gravlagt på Hidra kjerkegard 1.august 1857.  Ved grava stod fem born, den eldste, Hanna Tomina, var 19 år og den yngste var Theodor Severin, berre åtte år gammal.

Ved arveskiftet etter foreldra var det Theodor Severin som vart tillagt garden, og sommaren 1859 fekk han heimelsbrevet på han.  Men alt våren etter vart det halde auksjon på garden.  Det var vel vergane til dei fem umyndige borna i lag med overformyndaren i Flekkefjord som fann det rettast å gjera det slik. 

Auksjonen vart halde 19.mars 1860 på sorenskrivarkontoret i Flekkefjord, og det vart Nils Reginius Gabrielsen Vimmersvåg som fekk tilslaget.  Han var fødd i 1838 på garden Eie, som ligg mellom Rasvågen og Hidrasundet.  Faren Gabriel Olsen døydde da Nils var 3-4 år, og mora gifta seg på nytt med Nils Torsteinsen.  Dei vart gardfolk på nabogarden Vimmervåg.  Nils Reginius Gabrielsen var konfirmert i Hidra kjerke på samme dag som Hanna Tomine frå Krågedal, så dei to var godt kjende.  Da Nils kjøpte heimen til Hanna våren 1860, var dei trulig kjærastar.  Den 26.november 1860 gifta dei seg, og slik gjekk det til at dei fem borna etter Justine og Tønnes vart buande i Krågedal enno ei tid.  Men ikkje lenge.

Den 11.februar 1863 døde Gusta Emilie Tønnesdotter, den yngste av søstrene. Ho vart berre 17 år gammal og vart gravlagd på Hidra kjerkegard 18.februar[28].  Teodor Severin flytta inn til Flekkefjord og vart handelsbetent hos Hans Sivert Jacobsen, som dreiv handel i Store Sirdalsgaden 62.  Her finn vi Teodor Severin ved folketellinga 1865.  Det var visstnok godt hauv på guten.  Da han vart konfirmert på Hidra 11.oktober 1863, var det tre av dei 56 konfirmantane det året som fekk karakteren ”Udmærket god” i kunnskap.  Teodor Severin frå Krågedal var ein av dei tre[29].  Den 16.oktober 1870 døde Teodor Severin.  Om det skjedde i Flekkefjord, veit vi ikkje, men han vart gravlagd ved kjerka heime på Hidra den 30.oktober.

Den nest eldste søstera, Jensine Kristiane, gifta seg den 19.januar 1868 i Hidra kjerke med ungkar og skipper Fredrik Elias Jansen frå Rasvågen.  Han var fødd 31.desember 1837 i Rasvågen, som alt den gongen var ein liten tettstad.  Foreldra hans var Nils Fuglesang Jansen og Elisabet Hansdotter.  Dei hadde sju born – seks søner og ei dotter, og alle budde heime da folketeljinga var i 1865.  Fredrik var den eldste av borna, og berre 28 år gammal var han skipper.  Faren Nils og broren Hermand var handelsreisande, broren Hans var styrmann og broren Nils Ferdinand på 18 år var sjømann, han også.  Utpå 1870-talet starta Nils Fuglesang Jansen og nokre av sønene skipsreiarlag i Rasvågen på Hidra.  I 1872 kjøpte dei ”Jenny” på 121,5 kommerselester (=266 brutto registertonn), bygd i Gävle i Sverige i 1842.  Året etter fekk dei hand om ”Palmen” (bygd i Arendal i 1840) på 164 kommerselester (= 346 brutto registertonn).  Eit par år seinare auka dei tonnasjen  med 408 tonn da dei kjøpte ”Luca” (bygd i Jugoslavia i 1857, og til sist i 1890 fekk dei ”Gefion” på 453 brutto registertonn, bygd i Grimstad i 1866.  Fredrik Elias var reiarlagets første skipper på ”Jenny”, fram til dei fekk ”Luca”, som han hadde kommandoen på fram til ho vart selt til Sverige i 1900.  Da mønstra også kaptein Jansen av og gjekk i land.

Dette sjøfartsmiljøet i Rasvågen på Hidra kom Jensine Kristiane inn i da ho gifta seg med Fredrik Elias Jansen i 1868.  Ho fødde åtte born, og fem av dei nådde vaksen alder.  Eldste dottera heitte Theodora Josefina.  Ho gifta seg med Olai Hartman i Flekkefjord.  Dei emigrerte til Sør-Afrika i 1899 og har etterslekt der. 

NOTER OG KJELDETILVISINGAR:


[1] Historia om Jakobsabrørne og forfedrane kjem i ei eiga forteljing om Sørsætra

[2] Sjå hovudrulla for sjølegden i Fosen 1809, Hitra tinglag, 3 legd, bokstav C

[3] Fosen sorenskriveri, Skifteutlodningsprotokoll 3a 22, 1845-1853, s 334b ff

[4] Anton og Krestianna gifta seg 13.juni 1856; Hitra kjerkebok 1852-1860, fol 270b

[5] Forliksprotokoll for Hitra 1842-1865, s 250a

[6] Plassen vart også kalla Røstadplassen: opplysningar gjennom slektsforum frå Birgit Reistad, Levanger (22.juni 2009) og frå Trond Okkenhaug, Verdal (18.juli 2009). Plassen låg på austsida av Levangerelva, like før ho rinn ut i Sundet, mellom plassane Stabelvollen og Veien

[7] Vi finn dei i Ingeborgvika ved folketeljinga i 1801 og Kjevikan i legdsrulla for 1803

[8] Det var auksjon i Kjevikan etter han Ola Larsa i 1825

[9] Årstalet er ført opp i sjølegdrulla 1817; han står ikkje oppført som gravlagt i kjerkeboka, så han kom trulig bort på sjøen

[10] Ole Abrahamsen Bredvig er nemnt som fadder 15.april 1838

[11] Hitra fekk ei utdanna jordmor allereie i 1826, men ho hadde eit stort distrikt, og enno var det mange som hadde meir tiltru til krafskjerringane enn til jordmora.

[12] Beskjeng er eit dialektord som betyr orden og tiltak

[13] Hitra forliksprotokoll 1797-1842, fol 149a

[14] Skifteutlodningsprotokoll for Fosen 1853-1861, fol 149b-150a

[15] Dette går fram av skøytet

[16] Dette huset står på Sætra den dag i dag. Det kjem meir om garden i forteljinga Sørsætra

[17] Kjerkeboka for Ørland 1767-1818 i året 1783

[18] Det var ved dåpen til Petter og Eli sin son Peter Andreas i kyrkjeboka for Hitra 1818-26,s 49

[19] Kjerkebok for Hitra 1818-1826, s.66

[20] D.s, s 193

[21] Fosen sorenskr, Auksjonsprotokoll 1835-1844, s.xxxx

[22] Kjerkebok for Trondheim Domkrk 1821-1831,side 539

[23] D.s., side 532

[24] Kjerkebok for Kristiansand 1827-1841, s.614b

[25] D.s, s.617

[26] Kjerkebok for Hidra 1833-66, s.495

[27] Kjerkebok for Hidra 1781-1832,s.90

[28] Klokkarbok for Hidra 1831-1866, s.597

[29] Klokkarbok for Hidra 1831-1866, s.465

Kommenter innlegget