Christoffer var yngste broren hans Gammel-Broder. Det meste av hans historie er gjømt for oss. Berre nokre små gløtt har det vore mulig å samle i hop til ei lita forteljing. Så veit vi heldigvis noko meir om etterslekta hans. Dei har greidd å sette spor etter seg. Lite visste dei trulig om han Christoffer.
Da Christoffer for første gong såg dagens lys ein novemberdag i 1798, budde foreldra Rasmus Pedersen Klæbu og Margrethe Christiane Molde – ho vart kalla Grete – på husmannsplassen Rotvollberget i Strinda. Her hadde dei budd ein tre-fire år da Christoffer kom til verda, og han var nummer åtte i søskenflokken. Av dei eldre søskena var det trulig berre dottera Olava Margrethe på tolv år, Casper Andreas på fem og tvillingane Maria Carolina og Amalia Ulrikka på to som budde heime hos foreldra på Rotvollberget hausten 1798. Dei andre tre var ute i teneste eller var fosterbarn hos andre.
Christoffer vart døypt i Lade kyrkje 25.november 1798. Fadrane var folk frå nabolaget i Rotvolltraktene, og både i prestens og klokkarens kyrkjebok står døypenamnet oppført med berre «Christopher»[1].
Når dette med døypenamnet blir trekt fram her, er det fordi far Rasmus og mor Grete hadde lagt seg til ein spesiell «tradisjon» med oppkalling, som presteskapet ikkje heilt tok på alvor når dei førte kyrkjebøkene. Dei fire borna som vart døypte mens dei enno budde i Stod og Ogndalen vart kalla opp etter slekt og familie, som vanlig var. Etter at dei kom flyttande sørover til Trondheim og Strinda, fann dei på å gi ungane sine namn etter personar meir «høgt på strå», trulig folk som dei på eitt eller anna viset hadde hatt eller framleis hadde kontakt med. Frå kven dei henta namnet Casper Andreas på barn nummer fem, er uvisst, men da Rasmus og Grete skulle finne namn på tvillingdøtrene i februar 1796, gjekk dei rett til «øvste hylle» og kalla opp greve og generalmajor Carl Jacob Waldemar von Schmettow og Stinken Anna Catharina Møllmann sine to døtrer. Det var Maria Caroline Georgine, fødd i 1786, og Amalia Uldricha Fredericha, fødd i 1791. Da tvillingane frå Rotvollberget vart innførte i kyrkjebøkene for Strinda, står det berre Maria Caroline og Amalia Uldriche der[2]. Men greven sjølv var med i stod fadder i lag med fleire av sin øvre omgangskrets i byen. Og da tvillingane vart konfirmerte i Hemne kyrkje i 1811, står det «Maria Caroline Scharsina[3] Molde» og «Amalia Uldricha Fredericha Molde»[4]. Og kvifor valde husmannsfolket på Rotvollberget namna til grev Schmettows døtrer? Ikkje utenkjeleg fordi det nettopp var greven som var eigaren av storgarden Rotvoll, som Rotvollberget hørte til. Kanskje var det ingen ulempe å gjera stas og ære på dei som gjekk med husmannsfolket sitt liv i lomma?
Og kva så med Christoffer? Kven var han oppkalla etter? Verken dåpen i 1798 eller konfirmasjonen i 1817[5] gir svar på det. Ikkje før det dukkar opp i ei sak sommaren 1824 kjem det for ein dag. Her blir Christoffer Rasmussen Molde omtala med namnet «Pavels», og han underteiknar også eit dokument med Pavels. Seinare blir Pavels brukt om Christoffer i fleire samanhengar. Så kven var da denne Christoffer Pavels som Rasmus og Grete på Rotvollberget kalla opp sonen sin etter? Jau, den militære offiseren Christoffer Pavels, som etter ein lengre militær karriere sørafor kom som kaptein til 1. trondhjemske nasjonale infanteriregiment og sjef for det stodske kompani frå 5.januar 1775, akkurat på den tida da stodbyggen Rasmus Pedersen Klæbu var soldat. I 1789 fekk han majors grad, og året etter vart han kommandør for infanteriregimentets 3.bataljon og sjef for det strindenske kompaniet. I 1800 vart han innvilga pensjon med obersts grad og budde i Trondheim til han døde i 1811[6]. Denne karen kjente Rasmus Klæbu naturligvis til frå tida i Stod og sannsynligvis også frå åra i Strinda. Kanskje hadde Rasmus noko slags form for arbeid for sin gamle militære sjef, eller kan hende var dei i kontakt på anna vis, nok til at Rasmus og Grete valte oberst Pavels sitt namn på sonen sin i 1798.
Enno mens Christoffer var berre spedbarnet, flytta Rasmus og Grete frå Rotvollberget og til Lademoen. Det må ha vore i 1799 eller året 1800. I februar 1801, da den store folketeljinga vart tatt opp, hadde Rasmus og Grete med fire ungar fått seg husrom på reiparbanen på Bakkestranda. På reiparbanane var det store bygg der tauverk vart sett inn med tjære. Ei slik stor tjærebu var det også ved Bakke reiparbane på Lademoen, og her var det innreidd bustader for folk, trulig først og fremst for dei som arbeidde på reiparbanen. I Tjærabua på Lademoen budde det seks familiar i 1801, fem av dei med «Arbejdsmand» som husfar[7]. Ein av desse var Rasmus Klæboe med kona Margrethe Molde og borna Olava Margrethe (15), Maria Carolina og Amalia Ulrikka (5) og vesle Christoffer (2). Det er vanskelig å førestille seg korleis det må ha vore å leva i eit hus der dei sette inn tau med varm tjære og tørka, hengte opp og lagra dette nytjæra tauverket. Den sterke lukta kraup inn i dei gjennom kleda, maten og lufta dei pusta inn. Tjærabua må ha vore ei naudløysing for dei som budde der, og det var neppe mange som vart buande der lenge. Heller ikkje Rasmus og Grete gjorde det. På sandmælen mellom den gamle kongevegen og elva låg det fleire små hus. Her var det rett og slett kalla Mælen, og her hadde Rasmus og Grete funne seg hus da dei hausten 1802 fekk sonen Broder Nikolai[8]. I eit kyrkjeboknotat frå januar 1804 går det fram at dei framleis budde på Mælen, og da det tiande barnet, Elisabeth Margrethe, vart døypt i Bakke kyrkje i august 1810, vart det opplyst at Rasmus og Grete budde på Lademoen, antakelig framleis Mælen på Bakkestanda.
Året etter tok livet ei ny vending for Christoffer og familien hans. I kyrkjeboka for Lade sokn i Strinda finn vi dette ført inn på datoen 26.mai 1811: «begrav …… Rasmus Peders. Klæboe. Død paa Gaden i Byen formodentlig af Hunger gl 54 Aar»[9]. Slik kan eit lite kyrkjeboknotat fortelje ei heil historie. Den korte, historisk korrekte versjonen er slik:
Rasmus Klæbu frå Lademoen er inne i byen ein dag i mai 1811. Her fell han om på gata og døyr. Presten Peder Schjelderup trur at han rett og slett døydde av svolt, og at Rasmus var 54 år gammal. Eigentlig var han godt og vel 56 år.
Men enn om sonen Christoffer var med far sin denne dagen? Og kva om vi møtte Christoffer mange år seinare, kanskje under Sankthansmarknaden i Trondheim i 1824, der vi veit at han var? Så kunne vi spørje han kva som skjedde den maidagen i 1811. La oss prøve og sjå korleis det går:
Det er sein ettermiddag siste dagen i juni 1824. I byen er det mykje liv og røre no under Sankthansmarknaden, og dette er ein av dei siste marknadsdagane. Eg er på veg ned Bersvendsveita, og akkurat i krysset mot Ravelsveita møter eg han: Christoffer Pavels Molde. Han er ein ganske storvaksen kar, midt i 20-åra og har ei kvinne omtrent på same alder under arma. Eg helsar og spør om han har tid til ein liten prat, og da eg ber han og kjærasten Ingeborg med på eit krus øl, har Christoffer god tid, forstår eg. Det er trongt om plassen på ølstuene rundt om i byen med sommarvarme og marknadstid, men vi kryssar Dronningens gate, går ned i Gjetveita og her finn vi plass ved eit bord til oss tre.
Christoffer tømmer halve ølkruset og ser skarpt på meg.
- Den dagen i mai 1811? Da han far daua? Kva spør du om det for? seier han.
- Lurer berre på kva som skjedde, svarar eg.
- Han daua, svarar han Christoffer. Det var det som hendte. Eg var tolv år den gongen. Det er så lenge sia. Eg kjem ikkje i hau noko av det.
- Det gjer du så visst, det, seier Ingeborg. Du har snakka om det mange gonger. Fortel no, Christoffer!
- Eit krus til? spør eg.
Så fortel han:
Vi budde inne på Lamoen den tida, far, mor Grete, yngstebror Broder Nikolai, veslesøster Lisa og eg. Det var ei vond tid. Vi hadde ingen ting, ikkje mat eingong. Dei fleste fattigfolk hadde lite. Vi hadde ingen ting. Eg gjekk svolten kvar dag.
Den maimorran vart eg vekt tidlig. «Bli med far din inn til byen i dag», sa ho mor. Ho var så bleik og mager å sjå til, kjem eg i hau. Ho baud meg ein kopp mjølk. Eg drakk det halve, og ga resten tilbake til ho. Ho takka og tok imot. Så gjekk vi, han far og eg.
Vi var ikkje komne lenger enn til Bakkestranda ved Reiparbanen, så stansa han far og stødde seg mot ein vegg.
- Kva er det, far? spurte eg. Er du sjuk?
- Berre gå, gut. Eg kjem, svara han.
På Bybrua stansa han igjen. Stod og heldt seg fast i gelenderet. Eg våga ikkje å spørje. Vi stod ei stund. Da vi gjekk vidare, la han handa på aksla mi og stødde seg på meg.
- Eg vart så hautullin, sa han.
- Skal vi snu og gå heim? spurde eg.
Han svara ikkje, stavra seg vidare. Vi svinga til høgre ned Sjøgata, kom oss fram til Krambuveita, men da greidde han ikkje meir. Han slapp taket i meg og seig overende. Eg snakka til han, ropa, prøvde å reise han opp, men han såg berre på meg. Prøvde visst å seie noko, men så var det slutt.
Christoffer tek ein god støyt av ølkruset sitt. Seier ikkje meir.
- Og så da? spør vi
- Og så? Christoffer ser kvasst på meg. Eg var tolv år. Eg visste ikkje kva eg skulle gjera. Eg ropa. Den kom folk til. Nokon tok tak i han. «Er det han Rasmus Klæbu?», var det nokon som spurte. «Han er full», var det ei kjerring som sa. Da sprang eg.
- Sprang du?
- Eg sprang. Nedover Krambugata til Strandgata og bort til mostermann Nikolai Hansen sin bygård i Strandgata 12. Der dundra eg på porten. Heldigvis var det ho moster Bergetta som kom og opna. Der fekk eg hjelp. Dei kom med ei vogn og henta han far og kjørte han heim.
- Og mor di, kva ……
- Takk for ølet, seier han Christoffer, reiser seg og går. Ho Ingeborg hastar etter, og så er dei borte.
1811 var eit av dei verste svoltåra i nyare norsk historie, både fordi det var uår og fordi engelske krigsskip blokkerte matleveransar til landet vårt under Napoleonskrigane. Verst gjekk dette sjølvsagt ut over fattigfolk, og aller hardast vart det for dei fattigaste i byane. Vi har ingen statistikk over kor mange som svalt i hel i desse kriseåra, men om vi blar i kyrkjebøkene for Trondheim og Strinda for året 1811 på leit etter fleire enn Rasmus Klæbu som døydde av svolt, finn vi ingen der det uttrykkelig står at dei kan ha døydd av svolt. Det betyr ikkje at svolt ikkje var den direkte eller indirekte årsaka til at folk døydde av til dømes feber, «mavesyge» eller «svaghed». Kyrkjebøkene frå denne tida er ikkje sikre kjelder for å fastslå dødsårsak. Likevel kunne fleire dødsfall med «formodentlig af Hunger» ha vore ein tydeligare indikasjon på at svolt verkelig tok livet av ein del menneske i byen og områda ikring i 1811. Den indikasjonen får vi ikkje. Antakelig var det ein særlig grunn til denne tilleggsopplysninga om dødsfallet hans Rasmus Klæbu, nemlig at han døydde på open gate. Dei som døydde på «vanlig vis» i ei seng, fekk ikkje ført opp noko nærare forklaring, men når ein eldre kar fall på isen ein stad på Bakklandet og døydde der han datt, så var det såpass spesielt at presten Schjelderup skriv om det. Likeeins fortel han om tenestejenta som satt ved grua og baka, vart råka av lynet som slo ned i murpipa, og døydde på flekken.
Om Christoffer vart verande hos mor si etter at faren døydde, veit vi ikkje. Han var tolv år og kunne begynne å gjera rett og skjel for seg som tenestegut, men han var sikkert også i stand til å hjelpe mor Grete og veslesøstera si i ei vanskelig tid. Vi veit at han seinare i livet vart sjømann i innanriks fart, så det er rimelig å tenkje seg at han, som andre gutungar i 12-14-årsalderen, fekk nokre turar med dei mange jektene som segla ut frå Trondheim og Bakklandet stadig vekk gjennom heile året. Det vart betre tider for land og folk etter at freden kom i 1814, og det opna for større aktivitet, både på sjø og land. For ein arbeidsvillig unggut vart det nok å henge fingrane i. Det ser i alle høve ut til at Christoffer heldt seg i Trondheimsområdet. Han vart konfirmert i Bakke kyrkje den 20.april 1817[10]. Da var han 19 år gammal, eldst av konfirmantane i sitt kull. Dei andre var frå 14 til 17 år gamle. Det kan vera fleire grunnar til at han ikkje vart konfirmert tidligare. Kanskje slapp han ikkje fram før? Presten og klokkaren hadde litt ulik oppfatning av korleis det låg an med kunnskapane og oppførselen til konfirmanten Christoffer. Presten førte inn karakteren «temmelig god» både på kunnskap og oppførsel, mens klokkarens dom var «Kundskab maadelig» og «Opførsel god».
Sommaren 1816 kom Christoffer sin bror, sjømannen Casper Andreas Molde, tilbake til heimbyen etter å ha vore utanlands i meir enn åtte år. Han hadde fleire år bak seg som engelsk prisonfange, og var utstyrt med trebein etter å ha mista høgre beinet sitt i ei ulykke på eit engelsk skip. Det ser ut til at mor Grete, sønene Casper og Christoffer og dottera Elisabeth i alle fall i periodar heldt i lag. Ei historie frå seinhausten 1819 er slik[11]:
Hausten 1819 budde Grete Molde på Bakklandet. Her hadde ho losji hos Anna Helena Kolstad, kona til matros Ola Kristian Petersen. Anna var rundt 25 år på denne tida, og styrte huset mens mannen var på sjøen: Leigde ut rom, dreiv med litt skjenking og matservering og tok på seg forskjellige oppdrag, mellom anna klesvask for folk. Mor Grete Molde hadde budd i dette området ei tid, og i kveldinga den 31.oktober, det var ein søndag, fekk ho besøk i losjiet sitt av to av sønene sine: Casper Andreas og Christoffer Pavels. Casper hadde nylig vore ein tur i London for å ordne opp i ein sjømannspensjon han meinte å ha rett på. Denne søndagen hadde dei to brørne vore innom ei kneipe og fått seg ein tår eller tre for tørsten. Da dei kom heim til mor si, var det ein framandkar på besøk i huset. Så heilt framand var no denne karen eigentlig ikkje for Casper, for det var kaptein Robert Wilson frå Bridlington i England, føraren av briggen «Leda», skipet som Casper Andreas hadde hatt skyss med heim frå London ein månads tid tidligare. «Leda» låg no reiseklar på hamna, lasta med tørrfisk, og kapteinen var hos Anna Kolstad for å hente nokre kleda som ho hadde vaska for han.
For Casper Andreas, som var godt i kakken etter runden på kneipa, passa det aldeles glimrande at han møtte kaptein Wilson. Han hadde ei sak som han ville ta opp med kapteinen: Casper hadde betalt to pund sterling for skyssen med «Leda» heim frå London, men så hadde kaptein Wilson sett den fullbefarne sjømannen Casper i fullt arbeid om bord på turen. Dermed meinte Casper at han hadde arbeidd for skyssen, så no ville han ha att pengane sine. Kapteinen var absolutt ikkje einig med Casper, og dermed vart det ein høgrøysta diskusjon på engelsk, som enda med at Casper greip kapteinen i brystet og klemte han mot veggen. Før det utvikla seg vidare, gjekk Anna Kolstad og Mor Grete imellom, og Anna bad kaptein Wilson om å gå, og det gjorde han med ein gong. Casper hadde fått blod på tann og ville humpe etter kapteinen på trebeinet sitt, men Anna Kolstad heldt han tilbake, slik at Wilson kom seg unna. Christoffer Pavels hadde følgt det som hende, og sjølv om han ikkje forstod alt dei sa, så oppfatta han det slik at bror Casper vart dårlig behandla av kaptein Wilson. Så mens Anna og Mor Grete var opptatt med å roe ned Casper, smatt Christoffer ut i fullt firsprang etter kapteinen. Engelskmenn stod just ikkje høgt i kurs verken hos folk på Bakklandet eller i resten av Norge på denne tida, så no meinte Christoffer det var på sin plass å banke opp denne Wilson-fyren, som hadde vore ufin mot bror Casper.
Ute på gata vart det eit basketak. Folk stimla saman. Ein slåsskamp på søndagskvelden var ikkje å forakte. I etterkant var det uklart korleis alt gjekk føre seg. Kaptein Wilson meinte at Christoffer overfall han, mens Christoffer innrømte at han hadde skuva til kapteinen så han fall i gata, men det var fordi kaptein Wilson først slo Christoffer over arma med stokken sin. Da kapteinen kom seg på beina, la han på sprang frå området på Bakklandet som dei kalla Kjerkegrenda – antakelig ved Bakke kyrkje – og Christoffer sprang etter han. Så stansa kaptein Wilson og løfta stokken sin til eit nytt slag. Da veik Christoffer tilbake og snudde, mens kapteinen sprang vidare oppover Bakklandsgata.
Og det var det? Å nei, da. Heldigvis for oss, som finn denne historia i kjeldene fordi kaptein Robert Wilson dagen etter melde historia inn til politimeisteren i Trondheim: Mons Lie. Wilson hadde ikkje fått med seg det han kom til Anna Kolstad for å hente, han hadde fått øydelagt den nye, fine hatten sin og han hadde vorte brutalt overfalle av brørne Molde, både i Grete Moldes losji og ute på gata. Og politimeister Lie kalla med ein gong inn partar og vitne til møte i politikammerretten, for å sjå om saka let seg løyse utan at ho måtte til byretten. Enden på visa vart at Anna Helena Kolstad fekk oppgjer frå kaptein Wilson, og dermed leverte ho ut det han kom for å hente. Så måtte politimeister Lie bruke si diplomatiske kløkt for å løyse saka mellom Wilson og Molde, og det lyktes han med. Dei vart forlikte om dette:
Matros Casper Andreas Rasmussen vedtog strax at betale Sagens Omkostninger og en Mulkt af 1 Spd til de Fattige for den uforsigtig eller uartighed han har viist imod Kapitain Wilson. Kapitain Wilson frafaldt sin videre Anke ….
Om vi den 16.november 1819 hadde sett oss ned i godstolen med Adresseavisa og funne fram til «Ind- og udklarerede Skibe», kunne vi under «Udgaaende» den 5. november ha lese: Robert Wilson, af Briglingthon, til Alcona med Tørfisk. Vi ønskjer han og mannskapet god tur[12].
Nei, Christoffer Pavels Rasmussen Molde la ikkje att så mange spor etter seg på denne tida, men nokre få er det. Vi har eitt her som også fortel om kontakten med familien, og som i tillegg nemner ein ny person i Christoffer sittt liv. La oss ta ein tur til Trondheim i mai 1823[13]:
Først må vi nemne ein kar frå Byneset som heitte Ola Ingebrigtsen Størvold. Han var fødd på Størvollen i Spongdalen i 1792, vaks opp ved fjorden og hadde trulig vore på sjøen gjennom heile oppveksten. Han kom flyttande til Trondheim i 1822 og kjøpte seg eit hus på Hospitalsløkkan[14], like ved Skanseporten. Etter at han kom til byen, var Ola Størvold jektekar, med fleire reiser langs kysten kvart år[15].
Ola Størvold leigde ut rom i huset sitt, og i 1823 budde Mor Grete Molde (61) med sønene Casper Andreas (30) og Christoffer (24) der. Trulig budde også dottera Elisabeth Margrethe (13) i lag med dei. I tillegg var det ei Jonetta som budde i huset. I slutten av mai 1823 vart både Ola Størvold og leigebuarane hans kalla inn til politiretten i Trondheim. Styresmaktene i byen hadde fått nyss om at Ola Størvold dreiv med meir enn fartøyfart: Handel. Ifølgje byprivilegia måtte ein ha handelsborgarskap i byen for å ha lov til å drive handel der, og handelsborgarane var heile tida på intens jakt etter folk som tok seg til rette og dreiv handel utan lov. Korleis ryktet om at Ola Størvold dreiv med tuskhandel hadde kome styresmaktene for øre, kjenner vi ikkje til, men det er jo litt påfallande at familien Molde stiller så mannsterke opp i retten og at dei går så grundig og detaljert til verks når dei blir forhørte. Kan det ha oppstått ein konflikt mellom husverten og leigebuarane? Kan det vera Mor Grete og familien som har tipsa politiet om det Ola Størvold dreiv med? Er det ein rein hemnaksjon vi er vitne til her? Følg no med på kva som hende den 31. mai kl halv elleve på politimeisterens kontor under leiing av grev Frederik Christoffer Trampe, sjølvaste stiftsamtmannen. Han var konstituert politimeister i Trondheim på denne tida.
Det er Christoffer Rasmussen Molde som står fram og vitnar først. Han fortel at han losjerer i huset hos Ola Størvold, og at han har kjøpt potet og sild og brennevin hos Ola. Christoffer har også sett at Ola selte gammalost og smør, og Ola har sjølv fortalt han at han hadde med seg tobakk for sal når han var på vårfiske ute i væra. Vidare fortel Christoffer at «Pigen Ingeborg Catharina Kaas» har fortalt han at ho har sett eit papir, ei rekning, mellom Ola Størvild og madam Martha Smith, og at det er for ho Ola har reist omkring med kramvarer. For fjorten dagar sia reiste Ola i lag med Trond Loktu på fiske, og han har fortalt til Christoffer at da hadde han kramvarer med seg. Meir enn dette har ikkje Christoffer å fortelje om denne ulovlige handelsverksemda hans Ola Størvold, men han legg til at «megen Uorden herskede i Ole Størvolds Huus». Kva han legg i det, blir verken etterspurt eller forklart nærare, men han fortel at fleire av slavane frå festninga vankar i huset, og at slavevoktarane sitt på kjøkkenet, medan slavane får vera åleine inne i kammerset.
Etter Christoffer er det Casper Andreas Molde sin tur. Også han fortel at han losjerer i huset, og han nemner fleire vareslag som Ola Størvold handlar med. Han stadfester også at «Slaverne har havt sin Gang deri Huset», men han veit ikkje om vakthaldet på dei er dårlig.
Enka Margrethe Molde fortel at ho losjerer i Ola Størvold sitt hus, og at ho veit at han driv handel med smør, sild, ost og brennevin. Ho kjenner til «Huusets Uordentligheder», og ho seier rett ut at «Ole Størvold ogsaa har holdt løse Fruentimmer, med hvem Slaverne har havt adskilligt at bestille». Mor Grete skuldar altså Ola Størvold for å drive horehus, og det kjem som eit tillegg til det som saka eigentlig handlar om, nemlig ulovelig handel. Jau, her luktar det ramt av ein attomliggande konflikt.
Resultatet av heile saka vart at Ola Størvold fekk ei bot på to dalar og eit rettsgebyr på to dalar. Han godtok begge delar på staden, og trulig var han glad til. Og om dei ikkje alt hadde gjort det, så reknar vi med at Ola gav Molde-familien beskjed om å pakke tøla sine og kome seg ut av huset hans på flekken. At Ola Størvold på Hospitalsløkkan dreiv med tuskhandel og heldt horehus, er ikkje så interessant for vår historie om Molde-slekta. Vi skulle mykje heller ha visst kvifor dei så inderlig og hemningslaust vitna mot husverten sin. Men vi fekk no vita at Mor Grete og sønene ikkje berre heldt i lag av og til, men at dei også budde i lag frå tid til annan. Og så fekk vi altså av omtale møte Ingeborg Catharina Kaas, og ho skal vi snart møte igjen.
No skulle vi så gjerne ha hatt ei kvardagshistorie eller to om han Christoffer Pavels Molde; ei historie som kunne ha fortalt oss meir om korleis han var, kva han dreiv på med og korleis han levde. Det får vi ikkje. Kjeldene er ikkje slik. Forteljingar frå dagliglivet til vanlige folk er mangelvare. Det er når noko særskilt skjer at vi finn fara etter dei som gjekk før oss. Slik er det også her. No skal vi til sankthansmarknaden i Trondheim i 1824. Vi har vore der før, i ei tenkt forteljing, fordi vi visste at Christoffer var der akkurat da. Den historia som kjem her, er ei sann historie[16]:
Det er midnatt i Stiftsstaden. Siste marknadsdagen, torsdag 1.juli 1824, er i ferd med å gli over i fredag. Frå Kjøpmannsgata og opp Vår Frue strete ved banken kjem tre unge menneske arm i arm: I midten Christoffer Pavels Molde, med ei Kjerstina på eine sida og Ingeborg Catharina Kaas på den andre. Dei har hatt det artig under marknadsdagane, er lette og glade, men også litt triste, for Kjerstina skal flytte til Namdalen dagen etter. Ho har fått seg teneste der. Ved gravplassen til Vår Frue kyrkje i krysset med Vår Frue gate, møter dei to karar. Det er gullsmed xxx Qvale og sveinen hans, Hans Hansen. Dei ser ut til å ha fått ein solid tår over tørsten og er ikkje i så godt lune. Hans Hansen stiller seg i vegen for dei tre og seier til Christoffer at han vil ha ei av damene hans. Christoffer flirer, og svarar at det får vi akkordere skikkelig om. Hans blir ufin og seier at han vil ha ei av dei til å krype på. Christoffer svarar et det går nok ikkje, for desse kvinnfolka er ikkje av det slaget. Hans gir seg ikkje, og til slutt seier Christoffer at det får vi snakke meir om seinare, tek Kjerstina under ei arm og Ingeborg under den andre, snur seg og går vestover stretet. Qvale og Hans begynner å gå ned Kjerkerista mot Kongens gate. Hans han riv kjeft og er sint, stansar og seier: «La oss gå etter dei»! Qvale svarar: «Nei da, ikkje gjer det». Det hjelper ikkje. Hans snur og spring bortover Vår Frue strete og Qvale følgjer etter. Ved generalkomissær Wibes gard spring Hans Hansen rett i ryggen på Christoffer og prøver å slå han over nakken. Qvale slår Christoffer over skuldra med stokken sin. Ingeborg slepper taket i Christoffer og seier til han at han må forsvare seg. Da Kjerstina slepper andre handa til Christoffer, tek han Hans i brystet og kastar han i gata. «Eg legg ikkje hand på deg, sjølv om eg er mann for det», ropar Christoffer til Hans. Hans kjem seg på beina og prøver å gå laus på Christoffer, men han held han unna seg og ropar på nytt at han ikkje vil legge hand på han.
Tårnvektaren i Vår Frue kyrkje, Arnt Grefstad, har stått oppe på utkikksplassen sin i tårnet og følgt med. No ropar han at dei må halde fred og slutte med bråket. Da roar det seg. Christoffer, Ingeborg og Kjerstina går ned forbi sprøytehuset vest for kyrkja til Kongens gate mot Torget. Gullsmeden og sveinen hans går ned Nordre gate. Roa senker seg på nytt over byens indre kjerne.
Mandag 5.juli 1824 melder Christoffer saka til politiet. Kva som fekk han til det, veit vi sjølvsagt ikkje. Det kan vera Ingeborg som hadde irritert seg slik over oppførsla til gullsmeden og sveinen hans, men meir sannsynlig er det vel at ryktet om slagsmålet sikkert begynte å spreie seg i byen. Kanskje rekna Christoffer og Ingeborg med at tårnvektar Arnt Grefstad kom til å rapportere bråket, og i så fall ville det vera best for dei å vera på offensiven. Konstituert politimeister Trampe stemna gullsmedmeister Qvale og gullsmedsveinen Hans Hansen til å møte i politikammerretten torsdag 8.juli 1824 klokka ni om morgonen. Her skulle også Christoffer, Ingeborg og Kjerstina møte, men Kjerstina var alt reist til Namdalen, så ho møtte ikkje. Også to vitne vart kalla inn: Vektaren i tårnet på Vår Frue kyrkje, Arnt Grefstad, og soldaten Cornelius Jacobsen, som hadde stått vakt ved stiftamtskrivarens gård og sett det meste av det som skjedde. Gullsmeden og sveinen hans hadde lite å stille opp med. Hans Hansen gjekk med på å betale tre spesidalar, der ein dalar og ei ort skulle dekke utgifter til retten og resten, ein dalar og fire ort skulle betalas til Christoffer for tort og svie.
Da Ingeborg Catharina Kaas stod fram og vitna i politikammerretten, står det om ho at ho var 26 år gammal, losjerte hos Trond Loktu i Sandgata og at «hun har været og er en Slags Kjæreste til Klageren», altså Christoffer. Kvifor det står «en Slags» kjærest kan ein no lure på. Kanskje møter vi her eit tidlig sambuarpar? Men kven var ho?
Ingeborg Catharina vart døypt i Domkyrkja i Trondheim den 6.juli 1794[17]. Foreldra var tambur Christen Jenssen Kaas og kona Ellen Mortensdotter Rønning. Christen tente ved Det 14.gevorbne trondhjemske artillerikompani, med base på Kristiansten festning[18]. Christen Kaas og Ellen Mortensdotter gifta seg i Domkyrkja i Trondheim 15.januar 1794[19]. Det ser ikkje ut til at dei fekk fleire barn enn Ingeborg. I 1798 fekk Christen Kaas vatersott[20]. Han døydde utpå hausten, 42 år gammal, og vart gravlagt på Domkyrkjegarden i Trondheim 19.oktober 1798[21]. Kvar det vart av mor og dotter i den første tida etter at husfaren fall ifrå, har det foreløpig ikkje vore råd å finne ut av. Ikkje før i mars 1816 møter vi Ingeborg Cathrine Kaas, og da i ein litt spesiell samanheng – i politiretten i Trondheim[22].
Ei vanlig oppfatning hos dei mennene som satt i maktposisjonane i den unge norske staten etter 1814, var at kvinnene hadde eit særlig ansvar for lediggang og umoral i samfunnet, først og fremst i byane. «Løsagtige Fruentimmer» lokka karane til aktivitetar på kvelds- og nattetid, som gjorde at karane forsømte arbeidet sitt og kanskje til og med slutta å arbeide på ærlig vis. Dessutan førte denne umoralske aktiviteten som desse kvinnene dreiv, til kjønnssjukdommar og andre smitteplager, som skada heile samfunnet – ikkje minst moralsk. For å få bukt med dette, sette styresmaktene i Trondheim inn ein storoffensiv våren 1816. Dette vart gjort på ordre frå Trondheim stift den 19.mars 1816, og ordren gjekk ut på at alle einslige kvinner som ikkje var i teneste hos andre, som hadde eit dårlig rykte eller som var mistenkte for ein utsvevande livsførsel skulle registrerast. Denne oppgåva var det rodemeistrane rundt om i byens roder som skulle ta seg av, og dei laga lister som vart sendte inn til byens styresmakter. Med utgangspunkt i listene og kommentarane frå rodemeistrane, skulle kvinnene plukkast ut, og på ein bestemt dato bli henta inn til Rådstua i Trondheim. Der skulle eit kobbel av dokterar under leiing av kanselliråd og stadsfysikus Johan Friman, regimentskirurg Adolph Prøet og stadskirurg Wilhelm Schladermund, undersøke alle kvinnene for å finne ut om dei hadde veneriske sjukdommar. Deretter skulle alle kvinnene forhørast i politiretten om sin eigen helsetilstand og livsførsel. Etter dette skulle retten først bestemme tiltaka og deretter dømme eller frikjenne. Dei friske kunne midlertidig settast på frifot, mens dei mest tvilsame hamna i arresten under Rådstua med ein gong. Dei sjuke skulle i første omgang til sjukehuset eller «Kuur-Anstalten» for behandling. Deretter skulle retten tre saman for å dømme eller frikjenne.
Den 26.mars 1816 sette styresmaktene i Trondheim by med president Blom spissen i gang aksjonen. 60 kvinner i alderen 16 til 53 år vart henta og samla i Trondheim rådstue. Da heile seansen var ferdig etter tre dagars nådelaus handtering, viste det seg at 35 av dei 60 kvinnene var friske. Av desse vart 24 sette på frifot, somme av dei med trugsmål om reaksjonar ved brot på god og akseptabel oppførsel. Dei elleve andre hamna i kasjotten, fordi dei var lausgjengarar, hadde eit for dårlig rykte eller fordi retten beint fram ikkje trudde at dei kunne leva eit anstendig liv. Det var 25 av kvinnene som var smitta eller var mistenkte for å ha smitte. Fem av desse hadde skabb og skulle få behandling for det. Av dei innhenta kvinnene var det altså 20 som hadde veneriske sjukdommar eller mistanke om det. Alle desse vart sendte til sjukehuset.
Dagen etter at den store aksjonen i Rådstua var over, trødde politikammerretten saman og avsa dom over dei 60 kvinnene. 20 av dei vart dømde, og dei skulle sone si straff i Trondheim tukthus. 40 av kvinnene vart frikjende for straff, men fleire av dei fekk klare formaningar og åtvaringar om å endre livsførsel.
Ingeborg Cathrine Kaas var ei av dei som vart henta inn til Rådstua i Trondheim 26.mars 1816. Ho budde hos artilleristen Ola Olsen Lian i Sandgata 60 på denne tida. Dette var i Domkyrkjesoknets 12. rode, og her var det teiknemeisteren Mathias Dalager som var rodemeister. Han registrerte alle huseigarane og leigebuarane i februar 1816. Hos Ola Lian noterte han «Ole Lian med kone og confirmered datter p 16 aar» og som losjerande finn vi «Anne Catrina Kaas». Rodemeisteren hadde i farten glømt Ingeborg sitt første namn, men han kom godt i hau noko anna. I merknadane står dette: «NB Baade datteren og den indlogerede Mamselle er vitløftige qvinder». Ikkje så rart at Ingeborg Cathrine vart henta inn til Rådstua månaden etter. Ho stod fram som nr 28 av dei 60 kvinnene. Dokter Friman undersøkte ho og kunne slå fast at Ingeborg ikkje hadde nokon kjønnssjukdom. Slik fortalte ho historia om seg sjølv og kvifor ho ikkje var i fast teneste:
Ho er 21 år gammal og fødd i Trondheim. Faren hennar døydde for 18 år sia, og mora hennar lever på Hospitalet. Ho er ikkje gift og har ingen barn. Ho har aldri hatt noko fast teneste. No losjerer ho hos Ola Lien på Batteriet[23], og ernærer seg med skreddarsaum og anna handarbeid. Ho har aldri vore tiltala for noko, og ho har aldri vore på sjukehus. Noko fast teneste har ho heller ikkje hatt, og grunnen til det er at ho har brekt høgre handa si ved to forskjellige tilfelle, og dermed kan ho ikkje gjera noko tungt arbeid. Sist ho prøvde seg i fast teneste, det var hos Weding, måtte ho berre gi opp og forlate posten.
Etter dette vart Ingeborg sett på frifot i påvente av rettens dom, men før ho gjekk vart ho «paalagt at frafalde lidderlige Huuse». Da dommen fall eit par dagar seinare, står det om Ingeborg Cathrine: «28. Inger Catrina Kaas[24], har tvende Gange brækket sin Arm og er derved bleven uskikket til at tene; hun ernærer sig ved lovligt Haandarbeide og Skræddersøm; bliver saaledes for Tiltale at frifinde».
Det retten ikkje visste da Ingeborg Cathrine skunda seg ut av Rådstua som fri kvinne den dagen i slutten av mars 1816, men som ho sjølv nok etter kvart hadde fått klart for seg, var at ho skulle bli mor til hausten.
I 1816 budde det ein tenestekar i Trondheim som heitte Even Andreas Berg. Han skal vi møte litt nærare.
Even Andreas var fødd i Ila i 1794 og vart døypt i Domkyrkja 19.oktober det året[25]. Foreldra hans var Nils Ellevsen Berg og kona Bergitta Andersdotter. Ved folketeljinga i 1801, da Even Andreas var berre gutungen, budde familien i Mellomila 15:Far arbeidsmann Nils (36), mor Bergitta (39), dottera Ane (11) og sønene Even Andreas (7) og Gjert Johan (5). Året etter fekk dei dottera Maren Sofie.
Den 22. desember 1816 var ein liten gut med namnet Even Andreas døypt i Domkyrkja i Trondheim[26]. Han var fødd 5.november 1816, og foreldra var Even Andreas Berg og Ingeborg Cathrine Kaas. Fadderane var frå Sanden alle som ein, mellom dei Ola Lian, og det kan jo tyde på at Ingeborg Cathrine framleis budde i det området, no med ein liten gut å forsørge. Om ho og barnefaren hadde tenkt seg eit liv saman, kjenner vi ikkje til. Det vart det i alle høve ikkje noko av.
Den 16. desember 1819 fekk tenestekaren Even Andreas Berg attest frå soknepresten i Domkyrkjesoknet i Trondheim om flytting til Ørlandet[27], og han finn vi ført opp som innflyttar på Ørlandet tidlig på året i 1820[28]. Han kom dit som tenestekar. Han slo seg til på Ottersbo og livnærte seg etter kvart som fiskar. Den 30.september 1821 gifta han seg i Veklem-kyrkja på Ørlandet med tenestejenta Marta Olsdotter frå Austrått[29].
Når Ingeborg Cathrine vart kjærast med Christoffer Pavels Molde, visste berre dei, men han nemnte ho i saka mot Ola Størvold i mai 1823, så da var dei tydeligvis kjende[30]. Seinare har vi møtt dei arm i arm gjennom byens gater sommaren 1824, og at dei vart i lag i tida framover, får vi eit bevis på 6. november 1825. Den dagen vart det døypt ei jente i Domkyrkja i Trondheim[31]. Ho var fødd uti Sanden den 15.september 1825 og fekk namnet Ingeborg Christofie. Foreldra var «Pigen Ingeborg Catrine Kaas og Faderen Søfarende Christopher Rasmussen Pavelts». Endelig, her får vi altså greie på kva Christoffer dreiv med: Han var sjømann, slik som fleire av brørne sine. Vi merkar oss også at eit par av fadderane på dottera hans var sjøfolk, ein skipstømmermann og ein matros. Kanskje eit spor for å finne ut meir om sjøreisene hans Christoffer? Men så legg vi merke til eit lite notat til om barnefaren Christoffer: «død på Søen». Ein gong mellom januar og 6.november 1825 hadde altså Christoffer mista livet på sjøen. Noko gravferd for han er ikkje registrert i kyrkjebøkene for Trondheim. Kanskje kan han ha vorte gravlagt ein annan stad ved kysten, men det er også høgst sannsynlig at han drukna og aldri vart funnen igjen. Hadde han reist utanriks, ville vi ha funne han i sjømannsrullene, men det gjer vi ikkje. Han vart ført i kyrkjeboka som «Søfarende», og derfor er det nok ganske sikkert at han var fartøykar langs Norskekysten, der ein sjømann kunne reise med sjøpass, utan å vera innrullert.
Om det var slik eller slik, Christoffer Pavels Rasmussen var ute av soga, i alle fall i eigen person. Men no hadde han fått etterslekt. Før han døydde fekk han kanskje greie på at han skulle bli far, men det er tvilsamt om han nokon gong fekk sjå den vesle dottera si. I så fall må han ha døydd mellom 15.september og 6.november 1825. Det kan verke som om vesle Ingeborg Chistofie fekk ein litt tung start på livet. Dei måtte hente pastor Arentz for å få ho heimedøypt. Det var nok derfor det gjekk såpass lang tid som sju veker etter fødselen før ho vart døypt i kyrkja. Men den vesle jenta klarte seg. Sommaren 1826 fekk ho koppevaksine av batterilege Knudsen[32], sikkert ein lege som heldt til ved batteriet i Sanden. Dårligare stod det til med halvbroren hennar, Even Andreas. Han døydde i Sanden 29.januar 1827 etter langvarig sjuksom. Han var 11 år gammal, og vart gravlagt ved Domkyrkja 8.februar[33].
Ingeborg Cathrine vart buande ute i Sanden i åra som kom. Kanskje heldt ho det gåande med skreddarsaum. Så kom det ein jektekar ruslande ein vakker dag. Nils Olsen Sæter heitte han, og han var fødd på garden Sætra i Valsøyfjorden i Aure prestegjeld på Nordmøre og budde no uti Ila, rett borti nabolaget.
Faren til Nils var Ola Olsen Sæter, og mora heitte Kari Nilsdotter. Ola var skreddar og i 1801 budde han og kona Kari i ei lita stue på garden til broren Torstein Olsen på Sætra, mesta innerst inne i Valsøyfjorden[34]. Dei fekk fleire born: Marit i 1800, som døydde berre to veker gammal, ei ny Marit i 1801, som også døydde som barn, Gjertrud i 1804, Ola i 1806, som døydde i januar 1808 og Nils i 1809[35]. Rundt 1810 flytta familien til husmannsplassen Hjelnestrøa under garden Hjelnes, to-tre kilometer lenger ute i Valsøyfjorden. Våren 1812 fekk dei ei jente, og for tredje gongen valte dei namnet Marit, men ho døydde som lita, ho også. I 1815 fekk dei sonen Christoffer, og seinhaustes 1816 dottera Randi. Den 23.mai 1819 døydde husmannen Ola Olsen i Hjelnes, 59 år gammal, og 16.juli 1821 døydde også kona Kari Nilsdotter. Ho vart berre 47 år gammal. Av dei åtte borna var det berre fire som levde da foreldra var borte: Gjertrud (17)[36], Nils (12), Christoffer (7) og Randi (5). Det vart opna skifte etter Ola og Kari i Hjelnestrøa 28. september 1821[37], og dagen etter vart det halde auksjon på plassen på det dei hadde etter seg. Stort var det ikkje. Vel 17 spesidalar var verdien på heile buet, gjelda var på berre eit par dalar, så det vart ein arv i overkant av 15 dalar å fordele på dei fire borna. Nokre år sinare, ved folketeljinga i 1825, finn vi framleis dei to yngste borna i nærområdet. Begge var til oppfostring hos formyndarane sine ved skiftet i 1821: Christoffer hos Mads Larsen og Barbro Pedersdotter på Hjelnes, og Randi hos Henrik Olsen og Magnhild Isaksdotter i Rodalen. Kvar søstera Gjertud og broren Nils tok vegen rett etter at heimen var oppløyst, kjenner vi ikkje til, men etter få år møter vi Nils igjen.
Nils Olsen vart altså sjømann og reiste med jekter langs kysten, og det er som matros vi finn han att[38]. Nils heldt fast på fødestaden sin som etternamn og kalla seg Nils Olsen Sæter. Han fekk sjøpatent 15.februar 1832, og på denne tida budde han i Ila i Trondheim hos snekkar Løvset. Gjennom heile 1830-talet reiste matrosen Nils Sæter langs Norskekysten fleire turar kvart år. Frå januar til oktober 1832 var Nils utskriven til den såkalla Finnmarksekspedisjonen, visstnok ein militær operasjon nordover i samband med avklaringa rundt grensene og ressursfordelinga i nordområda.
I 1833 var Nils Sæter med skipper G A Carlen på jekta «Ellen Catharina», først ein tur til Tromsø på sommaren og deretter ein tur på hausten til martnaden i Overhalla. Så segla han med jektskipperbrørne Koen frå Bakklandet i fleire år: Johan Henrik Andersen Koen og Lorentz Andreas Andersen Koen på jektene «De tvende Brødres Haab», «Fisken» og «Patrioten», den siste i 1839. Dei fleste av desse turane var til Lofoten frå januar til mai-juni og gjerne ein tur til på seinsommaren, slik det vanligvis var. Nils var også med nokre turar på sildefiske om hausten, med frakt av salt til fiskarane på feltet og med sildelast tilbake til byen. Vi manglar oversyn over Nils Sæter sine reiser på 1840-talet, anna enn at at han hausten 1840 var med skipper J N Sandberg med jekta xxxxxx på sildefiske. Rundt 1843-44 vart Nils Sæter sjølv jekteskipper, kanskje på eiga jekt. I 1846 førte han ei lita jekt på 6 kommerselestar med namnet «Christine»[39].
Den 6.august 1834 gifta aurgjeldingen, ungkaren og matrosen Nils Olsen Sæter (25) seg med Ingeborg Cathrine Kaas. Ho opplyste at ho var 34 år gammal, men sannheita var at ho var over 40. Ho hadde med seg dottera Ingeborg Cheristofie på åtte år, og etter kvart slo den vesle familien seg til på Tronkløkka[40], altså på Kalvskinnet i Trondheim i området ved Trondheim Hospital og Hospitalløkka[41]. Her var dei i alle fall i 1839, men sommaren etter flytta dei til Lademoen[42]. Meininga var at Nils og Ingeborg skulle kjkøpe seg hus der. Om huskjøpet vart noko av, kjenner vi ikkje til, men at dei vart buande på Lademoen, det veit vi[43]. Året etter at dei kom til Lademoen, den 24.oktober 1841, vart Ingeborg Christofie Pavels konfirmert i Bratsberg kyrkje i lag med dei andre konfirmantane frå Lade sokn det året[44]. Ho må ha vore ei oppvakt ung dame, for presten ga ho karakteren «Meget god» både i «Christendomskundskab» og i «Flid m m», ein av dei beste i sitt kull. Kanskje var det på denne tida at mor Ingeborg begynte å kjenne seg dårlig. Etter kvart kom hosten, ho spytta blod, og det vart fort klart at ho hadde fått tæring. I halvtanna år heldt ho ut, sikkert med god hjelp frå dottera si, men den 28.mai 1843 var det slutt. Ho døydde på Lademoen og vart gravlagt på Lade den 4.juni 1843[45]. Enkemannen Nils Sæter budde i lag med steddottera Ingeborg Christofie fram til seinsommaren 1844. Da flytta dei inn til byen og fekk losji hos snekkar Jens Chr Lindgaard i Sandgata[46]. Samtidig flytta det inn ei ugift kvinne hos snekkar Lindgaard. Det var Karen Marie Torsteinsdotter Iversen (36), som kom frå Bodø. Ho var dottera av tidligare lensmann Torstein Iversen i Lofoten, og no kom ho til Trondheim for å søke seg arbeid. Kanskje fekk ho arbeid som hushaldar hos jekteskipper Nils Sæter og steddottera hans, etter som det var der ho flytta inn og står innført i lag med dei i kyrkjeboka. Eit år seinare tok Nils og Karen Marie ut lysing, og den 10.oktober 1844 gifta dei seg i Domkyrkja i Trondheim[47]. Den 2.juli 1845 fekk dei dottera Caroline Margrethe. Da ho vart døypt i Domkyrkja 24.august 1845, budde dei framleis i Sandgata, sannsynligvis som leigebuarar hos snekkar Lindgaard, for både Jens sjølv og kona Elen var fadderar på den vesle jenta[48]. Den 8.mars 1847 døydde Nils Olsen Sæter, 38 år gammal. Han døydde av «brystsvaghed», står det, og han vart gravlagt den 15.mars[49]. På denne tida var Ingeborg Christofie godt over 21 år gammal, og no var ho heilt sikkert ute i teneste ein eller annan stad i byen. Fem år seinare, i mars 1852, møter vi ho igjen[50]. Ho hadde ei tid vore i teneste hos bymusicus Rostad, får vi vita[51], men no losjerte ho hos skomakarmeister Meldahl i Brattørveita. Der fødde ho ein son den 1.februar 1852. Han fekk namnet Martin Christian ved dåpen i Vår Frue kyrkje 21.mars. Far til barnet var ungkaren og malarsveinen Martin Hågensen. Han losjerte for tida hos smeden Brechan i Danielsveita. Ved dåpen kom det ei skriftlig erklæring frå Martin Hågensen om at han var far til barnet, og mor Ingeborg Christofie opplyste at dette var begge foreldra sitt første leiarmål[52]. Vi merkar oss at ho frå no av bruker «Sæther» som etternamn. Det fortel oss at ho trulig hadde hatt eit nært og godt forhold til stefaren sin gjennom oppveksten.
Martin Hågensen er førebels eit lite mysterium: Kvar kom han frå, og kvar vart han av? Antakelig heitte han Martin Hågensen Hansen; det oppgir i alle fall sonen Martin Christian da ha gifta seg i 1878.
Etter den skriftlige erklæringa frå 1852, har vi ikkje funne fleire livsteikn frå malarsveinen Martin Hågensen. Sjølv om ho var åleinemor, sette ikkje Ingeborg Christofie bort den vesle sonen sin til andre, men tok seg av han sjølv. I desember 1865, da guten snart var 14 år gammal, losjerte mor Ingeborg i lag med sonen Martin i Nidarlia, på austsida av Steinberget i Ila[53]. Ingeborg står ført opp som «Arbeiderske».
I Nidarlia budde det på denne tida 106 menneskje med smått og stort, fordelt på 32 hushald. Det var arbeidsfolk av ulike slag som budde her: Dei fleste i famliar, ofte losjerande hos andre, arbeidsmenn og arbeidskvinner, utan at det er nærare spesifisert, tømmermenn, malarar, murarar, ein sjømann, ein pottemakar, ein smed, ein urmakar, ein postførar, ein musikkorporal, ein skraphandlar, ein sagbruksarbeidar, ein skomakar, ein skreddar og ein som arbeidde på eit laboratorium på eit apotek. Den første familien som vart ført opp, var ein husmannsfamillie, som hadde ein hest og tre kyr, og som sådde ei tønne havre og sette ei tønne potet. Elles var dei ein familie som hadde ku, to som hadde ein sau eller to, tre som hadde geiter og åtte familiar som sette nokre potetrender.
Av føringa i folketeljinga kan det sjå ut som om Ingeborg Sæter og sonen Martin losjerte hos enka Marie Gulbrandsen. Ho var 68 år, hadde ei pleiedotter på åtte år og står oppført som huseigar. Utanom Ingeborg og Martin hadde enka Mali Vold og den gamle mora hennar losji her, og likeeins den unge skreddaren Adolf Næs, trulig frå Bjugn.
To år seinare vart Martin Christian konfirmert. Det skjedde i Vår Frue kyrkje i Trondheim den 6.oktober 1867[54]. Det var 28 gutar som vart konfirmerte denne dagen, og fattigguten Martin Christian var mellom dei seks-sju av gutane med dei likaste karakterane. Dette er det første signalet vi får om at det var godt hau på guten. Det neste kjem fire år seinare. Den 31.desember 1871 vart det tatt opp kommunal folketeljing for Trondheim, og ein av dei som var med og førte skjema for Byåsen og Steinberget, underteikna med «M.C.Hansen (Seminarist)»[55]. Det var Martin Christian. Under Steinberget nr 24 hadde han ført opp to familiar: Den eine var Ola Svendsen Fuglem frå Selbu med kona Marit Ingebrigtsdotter og to born, og den andre var Ingeborg Christofie Sæther, fødd i 1825, og sonen Martin Christian Hansen, fødd i 1852, han sjølv. Om seg sjølv føydde han til: «Hersteds under Ferierne, som varer fra 21. Decembr 1871 til 6.Janr. 1872». Han var altså heime hos mor si på juleferie da han førte skjemaet for folketeljinga, men til vanlig var han ein annan stad. Kvar? Jau, han var seminarist, altså på eit av lærarseminara og utdanna seg til lærar. Han var seminarist på Klæbu seminar. Da han var heime hos mor si på juleferie i desember 1871, var han halvferdig med siste året ved seminaret. Han begynte der hausten 1870 og var ferdig uteksaminert lærar våren 1872. Vi skal møte seminaristen og læraren Håkonson-Hansen litt seinare, men la oss først følgje mor hans i åra som kom.
I desember 1875 ser vi av folketeljinga at Ingeborg Christofie hadde fått seg arbeid som «husholderske» hos ein enkemann heilt ute i Fagervika nordvest for Ilsvika: Muraren Andreas Jonsen[56].
Andreas Jonsen var fødd 21.mars 1822 på husmannsplassen Sæterbakken ved Vikarauntjønna mellom Vikåsen og Stokkåsen, ikkje langt unna nordenden av Jonsvatnet i Strinda. Foreldra var Kirsten Amundsdotter frå Glensettrøa og Jon Olsen frå Korsvikberget. Jon var skomakar. Dei gifta seg i Lade kyrkje i 1806, fekk fire born før Andreas og budde litt rundt omkring: Først nokre år i Glensettrøa ved Jonsvatnet, så ei tid på Korsvikberget og frå 1818-1819 som leigebuarar på Sæterbakkan. Rundt 1825 vart dei husmannsfolk i Sæterbakkan, og ikring 1830 tok dei over husmannsplassen Tjønnhaugen like i nabolaget og flytta dit. Gjennom åra fekk dei fleire born: Mikkel i 1806, Beret Marta i 1809, Ingeborg Anna i 1811, Ola Andreas i 1815, Jonetta Kirstina i 1819 og altså Andreas i 1822[57]. Da Andreas konfirmerte seg i Lade kyrkje den 9.april 1837, budde familien framleis på Tjønnhaugen[58]. Kor mange av desse som vaks opp og nådde vaksen alder, er ikkje undersøkt.
Antakelig vart ikkje Andreas lenge heime på Tjønnhaugen etter at han fekk «presthanda på hauvet». Han lærte seg opp til å bli murar, og da var det trulig enklast å finne seg arbeid inne i byen, ikkje minst etter den forferdelige bybrannen i 1842. Vi møter Andreas Jonsen igjen våren 1850. Han hadde funne seg ei jente: Jakobine Nikolaidotter. Ho var fødd på Ytterøya 21.september 1819, dotter av innerstfolka Nikolai Jakobsen og Malena Olsdotter på Ytterbergvaldet[59]. Andreas og Jakobine fekk ei dotter den 24.mars 1850. Ho vart døypt i Domkyrkja den 20 mai[60] og fekk namnet Marie Nikoline. I april 1851 bad Andreas om lysing til ekteskap med Jakobine[61], og dei gifta seg i Domkyrkja 4.januar 1852[62]. Den 13.desember 1852 fekk dei dottera Josefine Kjerstine, og ho vart døypt i Vår Frue kyrkje den 30.januar 1853[63]. På denne tida losjerte Andreas og Jakobine i T Nielsens gard i Brattørveita. Seinare fekk dei også ein son: Carl Odin. Han vart fødd 6.oktober 1858 og vart døypt i Vår Frue kyrkje den 19.desmber 1858[64]. No losjerte dei i Gjetveita hos enke G Hustad. Så flytta dei til Ila. Ved folketeljinga 31.desember 1865 budde Andreas og Jakobine med dei to døtrene og sonen på vestsida av Øver-Ila i nr 38[65]. No losjerte dei hos skomakar Ola Li, som budde her med kone og fire born. Også enka Karoline Johansen og sonen hennar losjerte her. Seks år seinare budde Andreas og Jakobine med dei tre borna framleis hos Ola Li i Ila[66]. Eit par-tre år seinare vart Jakobine sjuk. Ho fekk tæring, og døydde 28.januar 1874[67]. Etter dette flytta Andreas Jonsen til Fagervika. Dei tre borna var vaksne, Andreas flytta for seg sjølv og det var no han ordna seg med «husholderske».
Den 24.september 1876 fekk Ingeborg Christofie endelig stå brur, 51 år gammal. Det skjedde i Vår Frue kyrkje. Brudgommen var enkemannen Andreas Jonsen. Ingeborg opplyste at faren hennar var sjømann og heitte Christoffer, og etter som ho kalla seg Sæter til etternamn, trudde sjølvsagt både prest og klokkar at faren sitt namn var Christoffer Sæter, så det førte dei inn i bøkene[68]. Meir interessant er det at vi her får vita at Ingeborg hadde kontakt med farsslekta si. Forlovaren hennar var søskenbarnet Peter Molde, sonen til farbroren Ola Rasmussen Molde.
Ingeborg og Andreas slo seg til i området Steinberget. I 1885 budde dei i Nidarlia[69], og i 1891 finn vi dei i Steinberget nr 19[70]. På denne tida begynte Andreas Jonsen å slite med helsa. Kva som feilte han, kjenner vi ikkje til, men Andreas var i 70-åra og hadde hatt eit hardt og tungt arbeid gjennom eit langt liv. Hausten 1993 vart han sengeliggande og kom aldri opp meir. Det går fram av dødsannonsen som Ingeborg rykka inn i Adressa den 18.januar 1896[71]:
Dødsdagen var 14.januar 1896, og dagen etter førte dokter Eriksen «Debilis senilis» som dødsårsak, altså alderdomssvakheit[72].
Vel tre år seinare døydde også Ingeborg Christofie. Den 29.april 1899 somna ho inn heime i Steinberget 19, også ho av alderdomssvakheit, meinte dokter Eriksen[73]. No var det sonen hennar som rykka inn dødsannonse i Adressa[74]:
Dødsfald
Min mor, enke Ingeborg Kristofie Johnsen, født Sæther, døde lørdag aften, 73 ½ år gammel.
Trondhjem, 1ste mai 1899
Håkonson Hansen
Begravelsen foregår fra kapellet på Ilens kirkegård torsdag den 4de mai kl 12 ½
Det er bortimot oppsiktsvekkande at Martin Christian Håkonsen, fattigguten og «lausungen», kom seg slik fram i livet som han gjorde. At mora hans gjorde det ho kunne for å hjelpe han, treng vi ikkje tvile på, men det må ha vore fleire som trødde til. Kven, veit vi ikkje. Likevel: Mest må Martin Christian ha trødd til sjølv. Han må ha hatt «eit hau» og ein vilje utanom det vanlige. Det skulle noko til å bryte ut av det vanlige livslaupet for fattiggutar, skaffe seg utdanning og løfte seg sjølv slik han gjorde. Det begynte altså med Klæbu seminar:
Klæbu seminar[75] vart oppretta av soknepresten i Klæbu, Hans Jørgen Darre, i 1839. Det kom som eit resultat av skolelova av 1827, der det i § 8 sto: «Efterhvert som oplysningsvæsenets understøttelsesfond tillader det, skal der i stiftsstæderne eller paa andre passende steder oprettes læreanstalter, hvor der skal gives dem, der attraar at ansættes til kirkesangere og til lærere ved faste skole, en til deres bestemmelse passende dannelse». Dermed vart det i tida som kom, etablert toårige lærarseminar rundt om i landet: Trondenes Seminarium i Troms stift kom i gang allereie alt i 1826 ved hjelp av støtte frå «seminarii laponici». Etter diskusjonar om lokalisering fleire stader, kom Asker seminar i gang i 1834, etterfølgd av Holt seminar på Sørlandet, Klæbu seminar i Trøndelag og Stord seminarium i Hordaland i 1839. I Trondhjems stift tok det tid før ein greidde å samle seg om staden der seminaret skulle ligge. Her fekk engasjementet til sokneprest Darre mykje å seie, ikkje minst fordi han peika seg ut som ein godt eigna styrar for seminaret. Klæbu vart etter kvart valt, også fordi etablering på landsbygda ville gjera godt for elevane, men meir ro og færre «forstyrrende og skadelige indvirkninger»[76]. Dei første åra heldt seminaret til i andre etasje på Klæbu prestegard, med 12 elevar og to lærarar. Etter kvart kom det fleire kull med fleire elevar, og seminaret vart bygd ut med fleire bygg og nye fasilitetar ikkje langt unna prestegarden. Til slutt stod det alt i alt 22 bygg på den såkalla Seminarplassen, med vakre hage- og parkanlegg. Det vart langt vekt på trivsel og harmoni som ei ramme kring utdanninga. I toppåra på 1860-talet dimitterte Klæbu seminar 40 seminaristar kvart år, seinare vart det mellom 20 og 30 i året[77].
Førsteåret gjekk med til innhenting av kunnskap. Tov Solheim skriv: Elevane hadde meir enn nok å gjere. Ved sida av kristendom skulle dei lære morsmål, skriving, rekning, geografi og andre fag. Lærebøker var det heller dårleg med, og dei måtte ofte nøye seg med å skrive av det som vart sagt i timane.
Anders Kirkhusmo frå Ålen gjekk på Klæbu seminar i 1885-1887. Han skreiv om lærargjerninga si i «Minner fra et langt arbeidsliv» (1945), og her fortalde han også om tida på seminaret: Opplæringa ved skolen ble gitt av bestyreren og 3 faste medlærere, i hagebruk av en gartner fra Trondheim. Seminaret var tålig bra utstyrt med hjelpemidler, især i naturfag og gymnastikk. Selve opplæringa var nok helt skolemessig etter datidens skikk med leksegiing og leksehøring. Noen selvstendige eksperimenter eller omfattende arbeidsoppgaver forekom sjelden utenom de vanlige stiloppgavene og utarbeidelsen av de oppgavene som ble gitt for de praktiske prøver. Øvelser i praktisk lærerdyktighet fikk vi bare siste året ved seminarets øvelsesskole. Da fikk vi vekselvis 2 om gangen i 2 dager i trekk være til stede ved øvelsesskolen og iblant assistere læreren. – Om vi ikke fikk noen særlig åndelig høyning gjennom opplæringa, så fikk vi i hvert fall lære å arbeide, og det var ikke minst viktig, selv om det foregikk i bundne og ikke i mer frie former. Etter 1ste års opphold ble det holdt fullstendig prøve i alle fag (oppflytningsprøve). Noe resultat av prøva i de forskjellige fag fikk vi aldri vite før dimisjonsdagen ved utdelinga av testimoniene,
Og Tov Solheim skriv[78]:
Noko latmannsliv i luksus var det så visst ikkje på Klæbu seminar. Timeplanen for 1866 viser at det var 44 skoletimar i veka. Skolen tok til kl. 8 og varte fram til kl. 13 med friminutt mellom kvar time. Etter ein pause til kl 15 var det atter undervisning i to-tre timar. Laurdag slutta dei kl 13. I tillegg kom så lekselesinga og øvinga på salmodikon. Fritidsproblem var såleis ukjent. Elevane låg på sovesalar, opptil 12 på kvart rom. Maten var om lag den same som var vanlig på landsbygda på denne tid.
Martin Kristian Håkonson-Hansen[79] fekk stilling som huslærar i Bjugn etter at han vart uteksaminert frå Klæbu seminar våren 1872[80]. Her vart han i tre år, til han i 1875 vart tilsett som lærar ved Betalingsskolen for Piger i Trondhjem, som heldt til i Dronningens gate[81]. Da Kalvskinnet skole vart opna i 1887, vart Betalingsskolen for Piger flytta dit. I 1889 vart Bestalingsskolen lagt ned, og Håkonsson-Hansen fortsette ved Kalvskinnet skole fram til 1891. Da vart han flytta over til Ilens skole, og der var han til 1903. Den 1.januar 1904 vart Håkonson-Hansen overlærar ved Bispehaugen skole, med ansvaret for 1700 elevar fordelt på 56 klassar. Her fortsette han til 1.august 1923, da han gjekk av med pensjon. Skoleinspektøren i Trondheim skreiv dette da Håkonson-Hansen slutta i skolen[82]:
Overlærer M.K. Håkonson-Hansen fratrer ved inneværende skoleårs utgang sin stilling som overlærer ved Bispehaugen skole etter å ha arbeidet ved Trondhjems folkeskole i 48 år, derav 20 år som overlærer.
Hr. Håkonson-Hansen har ikke bare ved fremrakende dyktighet som lærer og administrator, men også ved sin lange deltagelse i arbeidet for skolens utvikling på alle områder hvor han ellers har hatt anledning til å gjøre sin innflydelse gjeldende, i fagpressen, i skoleråd, skolestyre, bystyre og formannskap, ydet et sa betydelig bidrag til at vår folkeskole er det den er i dag, at det bare faller i de færrestes lodd å få yde noget tilsvarende. Han har hatt krefter og arbiedsevne som få, og ennu færre er det som utnytter dem som han har gjort.
Og Trondheimsavisene skreiv om Martin Kristian Håkonson-Hansen da han døde:
Han har vært bestyrer av Trondhjems metereologiske stasjon fra dens opprettelse 1885, og av Trondhjems astronomiske observatorium fra 1889 til dets nedleggelse i 1912. (Arbeider-Avisen, 21.januar 1931)
Også i det offentlige liv deltok han. Han var således i flere år medlem av bystyret og nedla et stort arbeid som formann i byens beplantningskomite. Videre har han vært medlem av skolestyret, styremedlem i lærerforeningen og formann i Venstreforeningen. (Adresseavisen, 22.januar 1931)
En særpreget og rik personlighet var overlærer Håkonson-Hansen. En mand med meninger og meningers mod. Som skolemand øvet han indflydelse ikke bare som lærer, men også som administrator. Gjennem pressen, i skoleraad, skolestyre, bystyre og formandskab ydet han et betydelig bidrag til folkeskolens utvikling og han var like agtet og avholdt blandt kolleger som blandt elever. Hans arbeid som meteorolog har været av grundlæggende betydning.
….
Alt som rørte sig i aandslivet – kunst, videnskab, sociale problemer – fanget hans interesse, og av og til gav han sit besyv med, i korte rammende sætninger.
Overlærer Håkonson-Hansen var medlem av Videnskabsselskabet og indehadde dets sølvmedalje. Han indehadde til like kongens fortjenstmedalje. (Dagsposten,21.januar 1931)
Håkonson-Hansen var i det hele en særpreget og rikt utrustet personlighet og en arbeidets mann av de sjeldne. (Adresseavisen, 22.januar 1931)
Utan at vi her går djupare inn i yrkeslivet og samfunnsengasjementet til Martin Kristian Håkonson-Hansen, gir byens aviser oss likevel eit bra bilde av korleis samtida opplevde det han dreiv på med. Enda nærare på han kan ein kome om ei tek føre seg dei mange artiklane han skreiv i tidsskrift og presse om skole og undervisning, om natur og meteorologi og om politikk. Her skal vi berre nøye oss med å gå igjennom nokre biografiske opplysningar om Martin Kristian og familien hans:
Da Martin Kristian i 1875 kom tilbake til Trondheim etter tida som huslærar i Bjugn, fekk han husrom i Holstveita nr 1, hos enke og lærarinne Karoline Maria Øverland, som budde i andre etasje der[83]. Her budde han kanskje fram til han gifta seg sommaren 1878. Det skjedde av ein eller annan grunn i Sakshaug kyrkje på Inderøya. Kan hende budde brura der på denne tida? Ho heitte Olemine Fredrikke Olsdotter Reimers og var fødd 22.april 1848 i Trondheim. Foreldra var Ole Johansen Reimers og Sara Fredrikke fødd Steen, og dei hadde seks born utanom Olemine, som til daglig vart kalla Mina.
Foreldra til Mina og søskena hennes budde og dreiv gard ein stad på Byåsen nokre år før dei flytta ned til byen tidlig i 1850-åra og losjerte hos famnsettar[84] Lars Hyll i Søndre gate. Far Ole vart kontorfullmektig, kanskje hos husverten. Den 3.januar 1854 døde far Ole, ein månad før sonen Olaf Johannes kom til verda. Mor Sara måtte greie seg som best ho kunne, og etter kvart flytta ho med nokre av ungane sine til Bakklandet og vart «Pleiemoder» ved Bakklandets Asyl, eit såkalla «Børneasyl», ein pleie og omsorgsinstitusjon som på denne tida heldt til i Nedre Bakklandet 47a[85]. Mina var ikkje med mora si til barneasylet. Kvar ho voks opp kjenner vi ikkje til, men at ho og Martin Kristian gifta seg på Inderøya, kan kanskje tyde på at ho hadde ei tilknyting dit.
Det var den 9.juni 1878 at Martin og Mina gifta seg i Sakshaug kyrkje. På denne tida arbeidde Martin som lærar ved Betalingsskolen for Piger, som da låg i Dronningens gate. Desse betalingsskolane var ein tilleggsskole til folkeskolen for dei som hadde råd til å betale for ekstra og vidarekommande undervisning. Her får vi tru at den unge nyklekte læraren Martin fekk god høve til å ta i bruk all sin nyvunne kunnskap og pedagogiske teft.
Dei nygifte fekk seg husrom hos Gina Wold i Mellomila 7 hausten 1878, og våren etter fekk dei den første jenta si: Frøydis. Ho var fødd den 3.mars 1879[86]. Martin og Mina fekk fem born til, alle fødde mens dei budde i Mellomila 7: Målfrid i 1881, Svanlaug i 1882, Håkon i 1884, Arnbjørg i 1887 og Skoldvor i 1889. Svanlaug døydde av krampe berre to og eit halvt år gammal, og Skjoldvor vart ikkje meir enn godt og vel fem. Arnbjørg rakk å bli vaksen, men ho døydde 1.mars 1916, berre 29 år gammal. Martin og Mina mista tre av dei seks borna sine i ung alder. Verken Frøydis eller Målfrid gifta seg eller fekk etterkomarar. Dei levde i lag, i alle fall til ut på 1930-talet. Frøydis var tilsett ved Stiftsarkivet, det seinare Statsarkivet i Trondheim, i 1899 og arbeidde der heilt til ho pensjonerte seg i 1948. Ho døydde i april 1952. Målfrid møtte psykiske utfordringar frå 15-årsalderen av, og dette ser det ut til at ho sleit med gjennom heile livet. Ho døydde i 1940. Håkon var den einaste at Martin og Mina sine barn som vart gift og stifta familie. Han gifta seg i Bergen domkyrkje med Reidun Elfrida Alness[87] 16.mars 1914. Dei fekk dottera Turid 10.april 1917[88]. Reidun var kontordame i foreldra sitt eksportfirma fram til ho gifta seg, og Håkon var ekspeditør, seinare avdelingssjef i Det Nordenfjeldske Dampskibsselskap.
I 1891 vart Martin tilsett som lærar ved Ila skole, som låg mesta vegg i vegg med bustaden i Mellomila 7. Her budde familien fram til 1897. Da kjøpte Martin og Mina Ilevollen 11, og her budde dei fram til 1904. Da fekk Martin stillinga som overlærar ved Bispehaugen skole, og med til den stillinga følgde det med bustad i sjølve skolebygget. Familien Håkonson-Hansen flytta dermed til Nonnegata 19 på Møllenberg, til overlærarbustaden på Bispehaugen skole, og her vart Martin buande så lenge han var overlærar. Frøydis og Målfrid budde hos foreldra fram til at mora deira døydde. Året etter flytta dei to søstrene til Nedre Møllenberg gate 26.
Den 11.januar 1922 døydde Mina Fredrikke av tæring (tuberkulose) med pleuritt, 74 år gammal[89]. Martin Kristian fylte sjølv 70 år på denne tida, og det var meininga at han skulle gå av for aldersgrensa dette vårsemesteret. Men så kom det eit brev frå lærarstaben ved Bispehaugen skole til skoleinspektøren i Trondheim[90]. Her ber lærarane om at overlærar Håkonson-Hansen må bli oppmoda til å fortsette i stillinga si. Det vil vera eit for stort tap for skolen om han no må slutte, hevdar dei. Dei skriv: «At sætte en mand med hans dygtighet, indsigt, interesse og arbeidskraft ut av virksomhet, vil være en tvilsom handling al den stund loven gir adgang til at fortsette.» Inspektøren meiner at 70 år rett nok er ein høg alder, men i dette høvet vil han følgje ønsket frå lærarane og søke Kyrkje- og undervisningsdepartementet om at Håkonson-Hansen må oppfordras til å stå i stillinga også skoleåret 1922-23. Og slik vart det. Martin tok eit ekstra skoleår ved roret på Bispehaugen.
I avisa Dagsposten den 26.januar 1923 stod denne notisen under overskrifta «Personer og navne»:
Forlovelse er indgaat mellem lærerinde frk Charlotte Corneliussen og overlærer Håkonson-Hansen.
Charlotte Corneliussen hadde i mange år budd i lag med foreldra og søstera si på Møllenberg, og ho hadde vore lærarinne ved Bispehaugen skole i tjue år da ho forlova seg med den avtroppande overlæraren der. Vi skal ikkje eingong streife tanken om at dei to sikkert kunne hatt eit godt auge til kvarandre opp gjennom åra. Her skal vi berre gle oss over at dei i 1923 – ho 57 år og han 71 år – til sist fann kvarandre. Dei gifta seg i Bakke kyrkje 17.mars 1923, og da skoleåret var over, og overlæraren på Bispehaugen takka for seg, flytta dei eit par kvartal bortover til Gyldenløves gate 23 og nokre år seinare til Festningsgata, også på Møllenberg.
Martin Kristian døydde 21.januar 1931[91]. Han fekk aterosklerose – åreforkalking – og døydde trulig av eit infarkt. Det var bisetting ved krematoriet den 24.januar. Alle byens aviser skreiv minneord om han, og det er ingen tvil om at han var ein kjent og respektert mann og i si tid ein av byens profilar. Martin Kristian tilhørte den generasjonen av unge menneskje, som i siste delen av 1800-talet kjempa seg til utdanning og kunnskap, som vart politisk engasjerte gjennom kampen for unionsoppløysinga og sosial rettferd og som i all si ferd aldri glømte sin eigen bakgrunn.
[1] SAT: Ministerialbok for Strinda 1781-1817, s 73 og klokkarbok for Strinda 1757-1819, fol 151b
[2] SAT. Ministerialbok for Bakke i Strinda 1780-1797, s 160 og klokkarbok for Lade i Strinda 1757-1819, s.104b.
[3] Fransk uttale av Georgina
[4] SAT: Ministerialbok for Hemne 1795-1818, s 258
[5] SAT: Ministerialbok for Strinda (Bakke) 1798-1817, fol 232, og sjå note 1.
[6] Olai Ovenstad: Militærbiografier. Den norske hærs officerer. Bd II, s 249-250, og Chr. Thaulow: Personalhistorie for Trondhjems by og omegn, s 561
[7] Den sjette husfaren var ein «Musicanter» Georg Frederich Mann.
[8] Dåpen hans Broder Nikolai vart ført i tre kyrkjebøker: Klokkarbok for Lade 1757-1819, fol 179b, Klokkarbok for Lade 1797-1829, s 26-27, og ministerialbok for Bakke 1798-1817, s 49a. I dei to første står det at foreldra budde på Lademoen, og i den tredje blir far Rasmus kalla «Rasmus Pedersen Mælen». Det tyder på at Mælen blir rekna som ein del av Lademoen.
[9] SAT: Ministerialbok for Strinda (Lade) 1781-1817, s 125
[10] SAT: Minesterialbok for Strinda (Bakke) 1798-1817, fol 232 og klokkarbok for Lade-Bakke i Strinda 1817-1824, s. 242
[11] Denne historia er henta og sett i hop frå dokument i Politiretten i Trondheim. Trondheim Politikammer. Politikammerretten. Forhørsprotokoll 1.6 – 1818-1820 [SAT/A-1887/1/01/L0006] og Trondheim politikammer. Politikammerrettens Forhørsdokumenter. 2.10. Klager og stevninger 1819-1821.STAT
[12] Trondhjems Borgerlige Realskoles allene priviligerede Adressecontors Efterretninger, tirsdag 16.november 1819
[13] SAT:Trondheim politikammer, Politikammerrettens forhørsprotokoll nr 1.8 1823-1827, fol 53a-54a
[14] SAT: Pantebok nr 12 for Trondheim 1813-1822, s 654
[15] SAT: Utskrivingsvesenet. Sjøinnrulleringa, Trondheim distrikt, anotasjonsrulle 1823-1850, nr 850
[16] SAT: Trondheim politikammer, Politikammerrettens Forhørsprotokoll nr 1.8, 1823-1827, fol 129b-130a, og Trondheim politikammer: Politikammerrettens Forhørsdokumenter 2.11: Klager og stevninger
1822-1824
[17] Ministerialbok for Trondheim Domkyrkje 1770-1819, s 105
[18] RA, Lars Kiærland: F/Fe/L0047: Oversiktsplan over den norskse hærs organisasjon frå 1628 til 1940 og RA bibliotek; Den norske hær 1628-1900 (1818): Plansjer utarbeidet av Olai Ovenstad
[19] Ministerialbok for Trondheim Domkyrkje 1766-1877, s 345
[20] Vatersott kalles i dag ødem, fører til opphoping av vatn i kroppen og har gjerne samanheng med hjerteproblem.
[21] Ministerialbok for Trondheim Domkyrkje 1783-1818, s 46b
[22] Heile denne historia er henta frå SAT: Trondheim politikammer, Politikammerrettens Forhørsprotokoll 1.4, 1809-1816, s 733-746 og 751-758, og Trondheim politikammer, Politkammerrettens forhørsdokumenter 2.8, 1815-1816
[23] General von Krogh fekk bygd eit kanonbatteri uti Sanden i 1807. Artillerist Ola Olsen Lien hadde hus i Sandgata 60.
[24] I protokollen blir nr 28 kalla «Inger», men i dokter Friman sin seddel nr 28 står det «Ingeborg Catrine Kaas».
[25] SAT: Ministerialbok for Trondheim domkyrkje 1770-1819, s 106
[26] SAT: Ministerialbok for Trondheim domkyrkje 1815-1821, s 68
[27] SAT: Ministerialbok for Trondheim domkyrkje 1815-1821, s 559
[28] SAT: Klokkarbok for Ørland 1818-1825, s 572
[29] SAT: Ministerialbok for Ørland 1818-1825, s 381
[30] Sjå side 7
[31] SAT: Ministerialbok for Trondheim domkyrkje 1821-1831, s 56
[32] SAT: Ministerialbok for Trondheim domkyrkje 1821-1831, s 556
[33] SAT: Ministerialbok for Trondheim domkyrkje 1821-1831, s 404
[34] Folketeljinga for Aure 1801, 752a og 752b
[35] SAT: Miniterialbok for Aure 1772-1819, s 357, 358, 370, 404, 437 og 469
[36] I skifteforretninga (sjå nedafor) er alderen på Gjertrud oppgitt til sju år, same alder som på Christoffer. Det er inga Gjertrud døypt verken i 1815 eller dei næraste åra, så dette er nok ei feilskriving for Gjertrud fødd i 1804.
[37] Nordmøre sorenskr., skifteprotokoll 1817-1822, fol 414a-414b
[38] Utskrivingsvesenet, sjøinnrulleringa. Hovudrulla for Trondheim 1831, rode 2, bokstav r3, og Ekstrarulla for Trondheim 1831, rode 2, bokstav o2
[39] SAT: Utskrivindvesenet, sjøutskrivinga, boks 100: Skipperruller for Trondhjem 1846-1859
[40] Ekstrarulla for Trondheim 1831, rode 2, bokstav o2.
[41] Wikipedia: Tronka var ei stor trebygning, som vart ført opp i 1836-1842 som «Trondhjems Hospitals Pleiestiftelse for Sindssvage». Namnet kjem av fransk tronc, som betyr kiste, altså innstengte i dårekista
[42] Ministerialbok for Domkyrkja i Trondheim 1840-1847, s 484
[43] Klokkarbok for Lade i Strinda 1829-1840, s 159b
[44] Klokkarbok for Lade i Strinda 1841-1849, s 75
[45] Klokkarbok for Lade i Strinda 1841-1849, s 145. Både i ministerialboka og i klokkarboka vart Ingeborg ført inn med mellomnamnet Christine, men det er ei feilskriving.
[46] Ministerialbok for Trondheim Domkyrkje 1839-1847, s 520b-521a
[47] D.s. side 342
[48] Ministerialbok for Trondheim Domkyrkje 1840-1847, s 117
[49] Ministerialbok for Vår Frue kyrkje 1840-1854. s 255
[50] Ministerialbok for Vår Frue kyrkje i Trondheim 1848-1859, s 17b-18a
[51] Musikus i Trondheim, Georg Frederik Adolf Rostad (1819-1893) var gift med Laura Fredrikke Lovise Rostad, fødd Grundt i 1826. Dei hadde åtte born, fødd mellom 1846 og 1866. Da dei fekk det redje barnet sitt i 1851, budde dei i Munkegata. Familien flytta til Amerika i 1869.
[52] Ministerialbok for Vår Frue kyrkje i Trondheim 1848-1859, s 17b-18a
[53] Folketeljinga for Trondheim 31.desember 1865
[54] Ministerialbok for Vår Frue kyrkje 1856-1872, s 82. Han vart altså konfirmert i Vår Frue kyrkje. Forstaden Ila og områda ikring hørte jo til Domsoknet, men det var fleire av dei som vart konfirmerte i lag med Martin Christian som kom frå Ila, så det er ingen grunn til å tru at han hadde flytta frå Steinberget.
[55] Folketeljing for Trondheim 31.desember 1871, bilde 2231-2232
[56] Folketeljing 1875 for Trondheim, bilde 1507, s 4290
[57] Det er ved å gå igjennom kyrkjebøkene for Strinda, Lade og Bakke sokn, at det har vore mulig å følgje denne familien gjennom nokre år.
[58] Kyrkjebok for Lade i Strinda 1823-1840, s 301
[59] Ministerialbok for Ytterøy 1817-1842, s 13
[60] Ministerialbok for Domkyrkja i Trondheim 1848-1857, s 40
[61] Ministerialbok for Domkyrkja i Trondheim 1841-1852, bilde 87
[62] Ministerialbok for Domkyrkja i Trondheim 1848-1857, s 298
[63] Ministerialbok for Vår Frue sokn i Trondheim 1848-1859, s 42
[64] Klokkarbok for Vår Frue sokn i Trondheim 1853-1858, s 150
[65] Folketeljinga 1865 for Trondheim, Ihlens øvre Gades vestre side
[66] Folketeljinga 1871 for Trondheim, bilde 1950-1951
[67] Klokkarbok for Vår Frue sokn 1865-1877, bilde 283
[68] Klokkarbok for Vår Frue sokn 1865-1877, bilde 49 og Ministerialbok for Vår Frue kyrkje 1873-1879, s 240
[69] Ft 1885 for Trondh kjøpstad, tellekrets: 005 Ilen og Udmarken
[70] Ft 1891 for Trondheim kjøpstad, tellekrets 36, 077 Stenbjærget
[71] Trondhjems Adresseavis, laurdag 18.januar 1896
[72] Ministerialbok for Ila sokn i Trondheim 1896-1932, s 312
[73] D.s, s 325
[74] Trondhjems Adresseavis, tirsdag 2.mai 1899
[75] A Forfang: Klæbu seminar. Et lidet mindeskrift. Trondhjem 1902
[76] D.s., side 7
[77] Tov Solheim (red): Levanger Lærarskole. Klæbu seminar. 150 år. Levanger 1989
[78] D.s., s 30
[79] Det var slik han sjølv begynte å skrive namnet sitt etter at han var ferdig utdanna lærar.
[80] Norsk Forfatter-Lexikon, s 461
[81] Adresseavisen, Trondhjem, torsdag den 22.januar 1931 (nekrolog)
[82] Arbeider-Avisen, Trondhjem, onsdag 21.januar 1931 (nekrolog)
[83] Folkteteljinga for Trondheim 31.desember 1875, s 4290
[84] Ein famnsettar var offentlig tilsett for å måle opp ved som kom inn til byen.
[85] Trondheim byleksikon
[86] Kyrkjebok for Ila i Trondheim 1879-1895, s 3
[87] Reidun var dottera til kjøpmann på Bakklandet og handelsreisande Andreas Cornelius Alness og kona Anna Kristine fødd Nordbo
[88] Turid Reimers Håkonson utdanna seg til talepedagog og retorikklærar i København 1946-47. Ho vart tilknytta Universitetet i Oslo, men dreiv også privat praksis som resitatrise. Heldt radioforedrag om m a norsk lyrikk. Ho strauk Hansen frå etternamnet sitt i 1947. Ho døydde i Oslo 28.mai 2005.
[89] Kyrkjebok for Bakklandet 1917-1933, s 83
[90] Dagsposten 4.mars 1922
[91] Kyrkjebok for Bakklandet 1917-1933, s 207