Ola Molde var ein kjent kar på Inderøya og nærområda ikring på 1800-talet. Han var strandsittar på Straumen og jekteskipper, men mest kjent var han kanskje for kjempekreftene sine. Han var Gammel-Broder sin nest eldste bror.
Ola Rasmussen Molde var fødd på garden Støa i Ogndalen, Sparbu, den 20.oktober 1790. Da han vart døypt i Skei kjerke den 7.november 1790, står det ført i kjerkeboka at foreldra var Rasmus og Grethe Støen . Dette var sjølvsagt Rasmus Klæbu og Margrethe Christiana Molde, som var komne frå Stod fem år før. Rasmus var frå garden Ner-Klæbu i Stod, og Grete var dottera til presten Ole Molde og frua Margaretha Mikkelsdotter Wahl på For prestegard i Stod. Rasmus og Grete hadde tre born frå før da Ola vart fødd: Ane Maria fødd i Stod i 1783, Olava Margrethe fødd i 1786 og Petter Andreas fødd i 1788. Dei to siste var fødde på Støa i Ogndalen, slik som Ola.
Det har levd ei historie på folkemunne i Stod om denne sonen som Rasmus og Grete fekk døypt i 1790. I den gamle bygdeboka for Stod skriv O.Nordgaard dette: En mundtlig tradisjon beretter, at en av Ole Moldes døtre, Grete, blev gift med rådsdrengen på prestegården. De hadde en sønn, som blev kalt Ole Molde efter sin morfar. Grunnen til at dette vart munnlig overlevert og hugsa, kjem trulig av at særlig prestefrua mislikte at dottera valte seg ein simpel gardsdreng, og det vart ikkje likare av at dei fekk det første barnet sitt før dei vart gifte. I ein embetsfamilie – og kanskje særlig hos presten – var dette som ein skandale å rekne. Tradisjonen vil ha det til at det var verst for prestefrua, som ville nekte giftemålet. Presten sjølv, som kom frå fattigare kår, såg romsligare på det – og vigde dei. Rasmus og Grete gifta seg i For kjerke i Stod våren 1784, og kort tid etter reiste dei frå bygda, kanskje ikkje utan eit visst press frå prestegarden. Så ligg det kan hende ein slags trass attom dette, nemlig at når prestefrua ikkje lenger ville ha noko med Grete å gjera, så vart den vesle gutungen kalt Ole Molde efter sin morfar. Dette har folkeminnet merka seg.
I 1791 eller 1792 flytta Rasmus og Grete med dei fire borna til Trondheim. Dei fekk ein gut til der våren 1793 . Så budde dei nokre år på husmannsplassen Rotvollberget i Strinda, og seinare på Lademoen. Kor lenge sonen Ola Molde vart hos foreldra sine er uvisst, men i februar 1801 var han tenestegut på storgarden Gjørv på Inderøya. Han var elleve år da og kan ha budd på Gjørv nokre år. På Gjørv budde Claus Irgens Holst og kona Johanna Sofia, fødd Randulf. Familiane Molde og Randulf hadde sosial omgang i tidligare tider , og det kan vera ein årsak til at Rasmus og Grete fekk plassert den vesle guten sin på Gjørv.
Frå storgarden Gjørv flytta Ola Molde til husmannsplassen Storsveet under garden Storbjørka på Inderøya . Han tente hos husmannsfolka Kristoffer Jonsen og kona Brynhild Knutsdotter. Her var han i fire år – trulig frå våren 1801 til 1804. Så reiste han heim til foreldra sine på Lademoen og vart der ei tid, for han vart konfirmert i Bakke kyrkje den 28.april 1805 . Men lenge vart han ikkje på Lademoen. Han fekk seg teneste hos Lars Halsteinsen Oksvold på garden Kvitvang på Mære i Sparbu. Garden ligg heilt på grensa mot Inderøya, i øvre enden av Børgin, berre eit par kilometer frå Gjørv. Lars Oksvold var da i sekstiåra, var tidligare sersjant og no var han enkemann. Han hadde fleire tenestefolk, og han leigde ut hus til eit gjestgivarpar der. Ola Molde vart på Kvitvang eit par år. I 1807 døde Lars Oksvold , og garden vart selt på auksjon. Ola Molde måtte finne seg ny teneste. Det var neppe så vanskelig for han. I 1808 var han 18 år, og trulig var han uvanlig stor og sterk for alderen . Han fekk seg teneste som dreng på garden Gilberg i Sparbu, eit par kilometer søraust for Kvitvang på vegen mot Mære. På denne tida var det major ved Nordenfjeldske Infanteriregiment Mathias Cecilius Stabel som hadde Gilberg. Han var gift med Elisabeth Magdalena Scharfenberg, og på den tida da Ola Molde kom til garden, hadde dei sju ungar.
I 1780 kom Johan Larsen frå Trættenget under garden Veie i lag med kona si, Marit Andersdotter, og slo seg ned på Leinsplassen, under garden Lein i Sparbu. Dei fekk tre døtrer: Beret (fødd 1781), Marie (fødd 1784, død same året) og Anne (fødd 1785).
Den eldste av døtrene til Johan Larsen og Marit Andersdotter Leinsplassen var Beret Johansdotter . Ho vart mor i 1808. Den 4. desember fødde ho ei dotter, som ved dåpen 1.juledag 1808 fekk namnet Karen. Far til barnet var Ola Rasmussen Molde, nydrengen på Gilberg. Han hadde nettopp fylt 18 år. Presten Kjeldahl skreiv i kyrkjeboka om foreldra til det nydøypte barnet at det var Begges 1ste Gangs Forbrydelse. Å få barn utafor ekteskap var straffbart enno i 1808 . Derfor kom det opp ei sak på andre dagen av vårtinget ved Sparbu tinglag på Jørem den 17.mars 1809 . Etter at presten Kjeldahl hadde meldt inn nye leiemålssaker til futen, vart fleire unge menneske kalla fram for retten for å betale bot for ugjerningane sine. Her kunne dei som møtte, få be om å få redusert bota, mellom anna på grunn av fattigdom. Mellom dei som vart kalla fram var Beret Johansdotter Lein og Ola Rasmussen Gilberg. Ingen av dei to møtte, men på vegne av Beret møtte Kresten Branseggen. Han fortalte at Beret var så fattig at ho ikkje kunne betale full bot. Han baud 24 skilling, og det gjekk retten med på. Fleire av dei andre fekk også redusert sine bøter, enten ved at dei ba om det sjølve, eller fekk andre til å stå fram for seg. Ingen stod fram for Ola Rasmussen, så derfor vart han pålagt å betale full leiemålsbot på fleire dalar. Og vesle Karen, korleis gjekk det med ho? Jau, ho kom seg bra til i livet og fekk ei stor etterslekt, men den historia ventar vi litt med.
Ola Molde fekk seg no teneste hos gamle kaptein Hans Ogman Grøn i Vika i Inderøy prestegjeld. Vika ligg sør for gardane Sund og Rol, eit par kilometer frå Straumen. Kaptein Grøn var godt opp i 60-åra da Ola kom dit i 1809-10 og hadde da vore pensjonert eit par år. Han hadde eit langt militært liv attom seg, heilt tilbake til 1760-åra . No heldt han eit større hushald i Vika, med hushalderske og ni tenestefolk . Her vart Ola i to-tre år. Etter det kom han til garden Sund og fekk teneste hos Kristian Andersen og kona Gunhild Andersdotter. Det må ha vore i 1814 og eit par-tre år framover, samtidig med at han vart soldat.
Ola Molde var no i 25-årsalderen. På storgarden Sund var det to bruk på denne tida, og mange ungdommar i nabolaget fekk teneste her. Slik var det også for Helene Jonsdotter frå Straumen. Ho var fødd 21.februar 1796 og vart døypt i Sakshaug kyrkje fem dagar seinare.
Foreldra til Helene Jonsdoter var strandsittarar på Straumen, som alt på 1700-talet var ein liten tettstad. I 1801 var det ei tjuetals strandsittarar her . Fleire av dei var handverkarar: To skomakarar, fire skreddarar, ein snekkar og dreiar og ein glasmeister. To dreiv i lag ein liten gard i nabolaget og levde av jorda der, ein var sersjant, ein var fergemann og sju av dei livnærte seg for det meste av fiske. Attåt tok dei arbeid der det var å få på gardane rundt om, ofte på gardene Ness og Sunnfer, som åtte grunnen. Jon Kristensen, far til Helene, var fiskar og dagarbeidar. Mora var Johanna Tørresdotter.
Helene budde framleis på Straumen da ho vart konfirmert i 1810 , men etter kvart kom ho som tenestejente til Sund. Det var her ho møtte Ola Molde. Dei vart godt kjente, dei to. Utover våren 1817 vart det klart at Helena var med barn, og seinast ved fløttardagen om hausten – 14.oktober – var tenestetida på Sund over. Den 25. oktober 1817 fødde Helena ein gut. Tre veker etter – den 14.november – gifta ho seg i Sakshaug kyrkje med faren til guten: Ungkar og artillerist Ola Rasmussen Molde. Det var dei to gardbrukarane på Sund – Kristian Andersen og Sevald Mathiassen – som stilte opp som forlovarar for det unge paret . Helena Jonsdotter og Ola Molde venta til etter at dei var gifte med å få guten sin døypt. Det skjedde i Saksvik kyrkje 1.juledag 1817 . Dei kalla guten Johannes. Mellom fadrane finn vi Helena si yngre søster Kristianna.
Ola og Helena slo seg til på Straumen. Dei første åra leigde dei seg husrom her . Rundt 1825 fekk dei eige hus, det som for ettertida vart kalla ”Mollestu” . Ifølgje nedteikningar frå 1970-åra , skal Moldestu ha vore flytta frå Venna i Straumen, eit område like nord for strandstuene langs Straumen . Her var det ein eksersisplass for Inderøy infanterikompani frå gammalt av. Denne eksersisplassen vart lagt ned «visstnok i 1824», skriv Sakshaug/Ystad i Inderøyboka . På slike eksersisplassar var det sett opp bygningar til forsyningslager for militært materiell, kalla telthus eller teltbur. Slike stod det og så på Venna, og Moldestu var eit slikt teltbur. Trulig var Ola Molde første eigaren av Moldestu, og den som flytta huset frå Venna til sjølve Staumen. I ein revers frå 1848 går det fram at han hadde betalt 50 dalar for teltburet . Slike teltbur var gjerne solide bygg. Dei kunne vera bygde omtrent som stabbur, men dei kunne også sjå ut som vanlige stuahus. På eit kart over Straumen frå året 1900 stod Moldestu framleis på plassen sin, og der er ho teikna inn som nr 23, ikkje langt unna Kalkbrygga, som vart bygd fem-seks år etter Ola Molde si tid. Korleis Moldestu såg ut veit vi lite om. Antakelig er ho med på nokre av dei eldre fotografia av Straumen. Etter som ho var eit tidligare teltbur, kan vi gå ut frå at ho var i halvanna eller kanskje to etasjar. Kartet frå 1900 kan kanskje gi oss ein liten peikepinn på storleiken. Ho ser ikkje ut til å ha skild seg så mykje ut frå dei andre strandsittarstuene i Straumen. Moldestu låg på øversida av gangvegen. Litt skrått på nersida av vegen låg ei stue i ein etasje som vart kalla «Komoten», og var rekna som eit lite hus, kanskje først og fremst fordi ho var så låg. Komoten hadde ei grunnflate på 6,5 x 4,0 meter . Så mykje romsligare var ikkje Moldestu, heller – kanskje 7 x 5 meter, men her var det to etasjar. Attåt dette hadde Moldestu ei tid eit lite fjøs eller eit tilbygg til stua, for dei hadde husdyr, i alle fall i 1830 – 40-åra, og kanskje hadde dei eit naust også . Tomta rundt stua var på trekvart mål.
Ola Molde og Helena Jonsdotter fekk ti born: Johannes i 1817, Grethe Maria i 1819, Ragnhild i 1822, Olava Henrikke i 1824, Petronella i 1826, Jakob i 1829, Petter Olaus i 1831, Christianna i 1834, Christian i 1837 og til slutt Maria Carolina i 1840. Desse skal vi treffe seinare.
Det skulle noko til å brødfø ein så stor famile. Korleis greidde Ola og Helena Molde det? Å vera strandsittar på Straumen gav lite å leva av. Helena hadde trulig meir enn nok med barneflokken, men både ho og dei eldste ungane arbeidde sikker på gardane i nabolaget, særlig i onnene. Men kva med Ola Molde sjølv? Kva dreiv han med? Jau, Ola var fartøykar. Han starta trulig tidlig som mannskap på jekt, og etter kvart vart han jekteskipper. Sjølv hevda han i 1835 at han nu i 22 Aar har faret som Jægtfører. I så fall var han jektskipper alt i 1813, 23 år gammal. I ungdommen har vi hørt at han tok seg teneste på gardane i nabolaget, og etter at han med familie slo seg til på Straumen, tok han seg sikkert ulikt arbeid hos andre . Men det er ikkje tvil om at det i hovudsak var sjøen som var Ola Molde sin arbeidsplass, først og fremst kystfart med jekt, mindre trulig utanriks med større skip, sjølv om det blir påstått i eit par av historiene om Ola Molde.
Ola Rasmussen Molde vart ein kjent kar på Inderøya, og forteljingane om han har levd på folkemunne mesta heilt fram til våre dagar. I Inderøyboka har forfattarane Ystad og Sakshaug tatt med nokre av dei :
Ola Molde, eller Moll’en, som han gjerne vart kalla, var vel ein tå dei sterkaste som har levd på Inderøy. Han levde på den tida da Hermann Løchen åtte Sundnes. Molle’n var jektskipper, og segla ofte poteter o.a. varer for Løchen. Ein gong kom Molle’n åt Vinnasjøa i Mosvik, og skulle hente poteter der. Da han gjekk opp åt Vinnan-garda, kom ein stor ful okse imot han. Men Molle’n tok tak i honna på oksa og vrei haue på om slik at oksin stupte og greidde ikkje stå opp att.
Ein gong var Molle’n i kast med 60 karar, som ville ta’n, men han vann på dei, og jaga dei på floget alle i hop. Men det er sagt at Hans Naustbakka dengde opp Molle’n ein gong. Hans var meddels høg, men breivaksin og svært sterk.
Molle’n hadde to søner, Jakob og Johannes. Dei var styggeleg sterke dei og. Molle’n segla no’n gonger til England med varer for Løchen. På ei av desse ferdom var han inne på eit vertshus i ein by der (London?) Det var mange karar samla der, og da Molle’n kom, ville dei ta han. Men han kom seg innåt veggjen og bort åt omna. Han reiv ned omnen, og tok ei omnsplate og slo med ikring seg, og slo ned for fote. Da rømte resten tå karom ut og ned trappa. Da hoppa Molle’n ned gjennom trappa etter dei, er det sagt.
Ola Molde bar ein gong 18 våg hamp (324 kg) i Trondheim. Og stakkalongan hengde sæ i hampbøra. Men Molle’n gjekk like lett han.
Ein gong var Molle’n og ein del andre karar i ein båt og rodde. Dei kom ut for ein hard storm, så dei måtte ro alt dei orka for å berge seg. Men Molle’n tors (torde) ikkje ta i så hardt han kunne, for da hadde han brote av årene, men det knaka nok i årom hans. Da sa Molle’n: ”Dem mått ha veri (vore) tå jarn så skoll nok båten komi fram.”
Det var helst sjøfolk på kneiper i Trondheim han var i kast med. Ein gong han var i dragkamp med nokre karar der, sa han:”Kor vart de tå trauji?” ”Ka fere traug”, sa ein tå karom. ”De vi skoll hå augsteinan ti, væt (veit) æ”.
Men ein gong fekk Molle’n stryk. Ola Smestu’n på Sakshaug var med Ola Molde og segla no’n turar, da han var ungdom. Ein annan ungdom var med og. Ein sundag straks etter at dei var komne heim frå tur skulle han gå til Molle’n og få oppgjør for turen. Da han kom at Moldestugun, fekk han sjå kameraten låg i snøen attmed dørtrappa og blødde. Han gjekk da inn likevel og forlangte oppgjør. ”Såg du han som låg attmed trappa”, sa Molle’n. ”Ja, æ såg’n ja”, sa Ola, og slo Molle’n i golvet før han fekk sukk for seg, og banka opp’n herleg. Da fekk han oppgjer både åt seg og kamerata.
Ein annan gong det låg eit italiensk skip på hamna i Trondheim hadde mannskapet gått i land og teke inn på eit vertshus der. Dei kom snart i slagsmål med nordmenner som var der. Italienarane brukte knivar, og det såg fælt ut. Politi vart tilkalla, men det var ingen som våga seg i kast med desse utanlandske knivstikkarane. Da var det no’n som fortalde at Molle’n var i byen, og dei sende bod til han, og bad han kome og hjelpe dem. Ja, Molle’n kom, og han fekk tak i ein italienar, og svinga han over hovudet sitt, og slo ikring seg med denne stakkaren. Da tok dei på flog, og Molle’n kasta ut dei som ikkje kom seg fort nok ut på anna vis.
Ein gong Molle’n var i byen vart det slåsting i det losjiet der han og sonen hans budde. Sonen la seg ikkje så hardt borti slåstinga. Da ropa Molle’n åt guta: ”Sjer du itjnå å ta dæ te med du gut? Riv ned omnen og ta ei skiv å slå me”.
Molle’n var svært breibygd og hadde så stor brystkasse, at han sokk ikkje i vatn, enda han ikkje kunne symje.
Jakob, sonen til Ola Molde, var og sterk. Han for til sjøs. I utlandet vart han kalla ”Den norske løve”. Peter Molde, bror hans Jakob, var og sterk. Men Gullmund Mikkjelson med Straumen var enda sterkare. Han dengte båe to (Jakob og Peter) ein gong dei var i byen. Dei hadde sete og drukke hos ølbryggjar Berg nedi Brattør’n. Der hadde dei vorte usamde om ein tur dei hadde gjort i Nordland, og så bar det i hop med dei framfor ”slagji” (disken). Men der dengde Gullmund båe Mollekarane, og reiv tå dei klea så berre fillene slong ikring dei. Mange byfolk og politi samlast der, men dei torde ikkje gripe inn, da dei høyrde kven det var som slost. Ein bymann fortel: ”I vinter kom G.M. hit og skulle vere med på Lofotfiske. Han fekk 8 dalar i forskot, men da laupte han sin veg. Eg kunne ha gjort han ulykkeleg (fått han på straff), men eg ville ikkje vørde det, for han var med ein gong før på Lofoten, og han var så sterk og staut ein kan å ha med å gjere. Og så dengt’n ”Den norske løve”, og broren attåt, difor let eg han gå”. (Gullmund eller Gudmund Mikkelson var f. 1835, døydde i 1890-åra).
Det var tydeligvis fleire sjøfolk som fekk utnamnet «Den norske løve» eller «Norges løve». Det var karar som ikkje kvidde seg for eit realt basketak. Ifølge avisa Dagsposten i Trondheim vart Trondheimsskipperen Tøvis Rasch Steen (1782-1839) også kalla «Norges løve». I Trondheim var han kjent under namnet Tæve Steen, og her er historia frå Dagsposten :
Om Steen, som tidligere hadde ført en brig der gik paa London med trælast, fortælles mange historier. Paa disse reiser var en mand ved navn Ole Molde med som kok og han var en alen av samme lerret som skipper Steen. En gang indgik skipper Steen et væddemaal om et guldur med en engelsk skipper som gik i samme fragt, om hvem som klarte at komme først frem. Steen vandt væddemaalet og inviterte engelskmanden til at komme ombord. Imidlertid hadde kokken paa skipperens ordre anbragt en halvtønde med brændevin i «halstræet» paa dækket. Da engelskmanden kom ombord, bød Steen ham en dram. Steen selv tok tønden i armene, satte spunsen for munden og drak gjesten til. Kokken drak sin dram paa samme maate som skipperen – han holdt halvtønden i armene og drak av spunsen. Engelskmanden blev ræd og var snar til at komme fraborde.
En anden gang, da de laa i London, var der nede i en av dokkerne en bokser som hadde spændt ut en line, og han spurte om nogen hadde lyst til at gaa i kamp. Den som vilde opta kampen, skulde kaste sin hue indenfor indhegningen. En spisbur kastet Ole Molde sin hue indenfor, og bokseren kom kampberedt imot Ole, som i al troskyldighet skulde hente sin hue. Da føk sinnet i Ole; han grep bokseren over begge skuldrene og kastet ham over folkemassen. Bokseren fik slik medfart at han maatte indlægges paa hospital.
Under overskrifta «Sterke menn og originaler i Innherred» skreiv journalist og forfattar Olaf Berg dette i avisa Dagsposten i 1936 :
Ola Molde het en mann; han var jægteskipper og bodde i Strømmen på Inderøya. Foruten å være overordentlig sterk var han også en original. Han var ingen uvenn av Lysholm og hans produkter. En julkveld kom han hjem i godt humør, men stuen var kun sparsomt oplyst. «To løs på bolet, kjærring», satte Mollen, som han kaltes i dagligtale, i. «Jeg har ikke mer enn en dåse (lite dårlig talglys av simpel talg)», sutret konen. «Skjærn av, så bli det to», sa Mollen.
Han eiet en storbåt (liten jægt) hvormed han fragtet kalk fra Strømmens verk til Trondhjem. En gang lå han med jægten ved en kai i Trondhjem da der kom en kjærring ned på kaien. De pleiet å innfinne sig for å tigge hvis det var sådan last, at de kunde benytte noe. Så sa kjærringen: «Ka det e ti båten din, mann?» «Furru», sa Mollen. «Nei, ka du har på båten din, mann?» sa kjærringen. «Tjurru», sa Mollen. «Nei, æ mein ka du hi te last?» sa kjærringen. «Kælk», sa Mollen. «Å kjære dæ, gji mæ ein bætta åt lutfesken min me da», sa kjærringen. «Ja, løft op forklæ dett, så ska du få ein klomp», sa Mollen. Ja, det gjorde kjærringen. «Han ha no vyrti lortat, æ ska sjøl tån lite», sa Mollen, og så stak han kalkklompen ned i vannet og la den i forklæet til kjærringen, som takket og gikk. Kommet noen skridt bortover kaien, så sa det: «Klask», for da hadde kalken brent hull i forklæet og datt ner i gaten. Ulesket kalk blir jo gloende het når den kommer i vann.
Kva finn vi så i kjeldene om Ola Molde som sjømann og jekteskipper? Som sjømann i utanriks fart, har vi lite å halde oss til. Vi har beretninga til den gamle skipstømmermannen Ole Martin Steen (fødd i Trondheim 4.mai 1844) i Dagsposten frå 1933, som plasserer Ola Molde som kokk om bord hos den kjente trondheimsskipperen Tøvis Rask Steen . Dette kunne det sjølvsagt ha vore noko i. Det var ikkje uvanlig at jektefolk hadde fartstid på større skip i sin ungdom, både «til orlogs og koffardis», som dei sa. Men skipparane som reiste utanriks hadde streng plikt på seg til å få registrert mannskapa sine og få dei førte inn i rullane til utskrivingsvesenet. Og her finn vi ikkje Ola Molde, og det gjer det tvilsamt om Ola Molde reiste utanriks. Noko anna grunnlag i dei skriftlige kjeldene for at Ola Molde reiste utanlands på større skip, er heller ikkje funne. Her set vi historiene om Ola Molde sine bravadar i utanlandske hamner på kontoen for frodig og artig forteljarkunst.
Nei, det var som jekteskipper Ola Rasmussen Molde var mest kjend, både i samtida og i ettertida. Og så har det seg slik at vi veit temmelig nøyaktig når han begynte som skipper på jekt. Og kven har vi hørt det ifrå? Jau, frå han som visste det best: Ola Molde sjølv! Det har seg slik at Ola vart skulda for eit tjuveri i 1834 . Han vart frikjend for tjuveriet, men under straffesaka våren 1835 stod han fram for retten og fortalte at han no i 22 Aar har faret som Jægtfører. Det aller viktigaste for Ola Molde akkurat da, var å stå truverdig fram for dommaren. Da laug han ikkje om ein detalj, som mange av dei til stades kunne kontrollere, og som i seg sjølv hadde lite å seie for saka. For oss er imidlertid dette ein svært interessant detalj. Vi kan feste lit til Ola Rasmussen Molde sjølv når han fortel oss at han begynte som jekteskipper i 1813, berre 23 år gammal. Vi må ikkje undre oss over ein så ung jekteskipper. Gutungar på 12-13 år var vanlig som mannskap på både skip og mindre fartøy på denne tida. Det er ingen grunn til at ein stor branne av ein gut som Ola Molde ikkje skulle ha samla seg årevis med erfaring som sjømann og jektekar frå han var gutunge. Om han i 1813 hadde segla med jekter i kanskje ti år, var han sjølvsagt kapabel til å begynne som jekteskipper i ein vaksen alder av 23 år.
Men før vi går jektekaren Ola Rasmussen Molde nærare i møte, kan det vera greitt å sette seg litt meir inn i jektefarten på Innherad i første halvdelen av 1800-talet. Kor omfattande var han? Kva vart jektene brukte til? Kvar segla dei? Kven åtte jektene, og kven var mannskap om bord? Korleis utvikla jektefarten seg gjennom Ola Molde si tid som mannskap og skipper på jekt?
Jekta var eit fraktefartøy, og jektefarten handlar først og fremst om frakt av varer. Ute ved kysten batt jektene landsdelane i hop mellom nord og sør gjennom hundrevis av år, både av handelsborgarar, embetsmenn og bygdafarjektene, der fiskarbøndene sjølve frakta varer til og frå byane. Inne i fjordane var jektene bindeleddet mellom innlandsbygdene og byane lenger ute ved kysten. Dei førte forbruksvarer til byfolket, og til kjøpmennene i byane frakta dei eksportvarer, som skulle vidare med skip utan- eller innanlands. Slik vart fjordfarten med jekt meir bunden opp mot byborgarane og dei privilegia styresmaktene til skiftande tider forsynte dei med. I Trøndelag var det borgarane i Trondheim som frå slutten av 1300-talet hadde rett på all handel, sjølv om Levangermartnaden opna for byttehandel mellom jemtar, innlandsbønder og fiskarbønder. Kjell Saxvik skriv dette om jektefarten i dei indre delane av Trondheimsfjorden på 1600-og ein god del av 1700-talet: Innherredsjektene fraktet kippved, heimkokt salt, kalk, korn, slakt og annet «bondegods» til Trondheim – og en og annen jekt til Levanger . Utover 1700-talet endra dette seg. Etter at den såkalla «hollenderfarten» gjennom 1500-og 1600-talet hadde snaua dei ytre kystområda for trevirke, fekk Trondheimsborgarane hand om sagbruksdrifta inne i Trøndelag. Gjennom første halvdelen av 1700-talet grodde det opp sagbruk langs vassdraga over alt inne i skogbygdene, og no vart det bruk for fraktefartøy til å få bordstablane utover fjorden til stabelplassane ved forstaden Ila i Trondheim. På denne tida vart Trondheim en av landets fremste eksportbyer for trelast . Verken norske eller utanlandske skip hadde lov til å segle lenger inn fjorden enn til Frosta, og dermed opna det for ein jektefart som aldri før inne i Trondheimsfjorden. Ein god del av trelasten var det byborgarane sine eigne jekter som var inne i fjorden og henta, men stadig fleire jekter som høyrte heime i dei indre delane av Trondheimsfjorden, Børgin og Beitstadfjorden vart hyra inn til å frakte trelast. Etter kvart vart det fleire innheradsjekter og færre borgarjekter som segla med trelast ut fjorden.
I tida fram mot 1800 såg handelsborgarane i Trondheim at dei kunne gjera seg meir nytte av den stadig større og meir robuste jekteflåten frå Innherad: I tillegg til eiga fartøydrift kunne nordlandshandlarane i Trondheim og på Bakklandet leige frakt av vante jekteskipperar. Slike var det fleire av, både i Trondheimsområdet og i bygdene innover i fjorden. Dermed utvikla fjordfarten seg til å bli kystfart også for innheradsjektene, i første omgang nordover. No hadde jektene frå Innherad tre bein å stå på: Frakt av forbruksvarer frå bygdene til byen, frakt av trelast til stabelplassane i Ila og reiser nordover kysten med handelsvarer på oppdrag frå byborgarane i Trondheim. Dette gjorde at sjølv om det eine beinet, trelasthandelen, meir eller mindre svikta under handelsdepresjonen etter Napoleonskrigane frå 1815 og nokre år framover, så greidde jektefarten seg jamt over bra likevel.
På Innherad er det ein tidsperiode som blir kalla storjekttida . Det var tida frå 1840-åra og fram til rundt 1890. Nemninga har dobbel tyding: Både at det var ei stortid for jektefarten her, og at det jamt over vart bygd større fartøy enn tidligare. Bakgrunnen for storjekttida låg sjølvsagt i kunnskapen, tradisjonen og kulturen for jektefart, som hadde levd i lang tid rundt dei indre delane av Trondheimsfjorden. Den utløysande faktoren låg i den gradvise oppløysinga av handelsprivilegia som dei nye styresmaktene innleidde etter 1814, og som kulminerte med den nye handelslova av 1842, der byborgarane sin einerett til å drive handel i realiteten vart oppheva. Dette opna for at dei som dreiv med jektefart – eigarar og skipperar – på eige initiativ kunne drive kontanthandel eller bytehandel på marknader, under dei store sesongfiskeria eller med handelsmenn langs kysten, både nordover og sørover.
Så mykje er det ikkje å finne i dei skriftlige kjeldene om Ola Moldes tidlige år som jektekar og jekteskipper. Trulig var han med på sine første sjøreiser rett etter konfirmasjonen våren 1805. Han er ikkje registrert i sjømannsrullene for Trondheim på denne tida, og vi veit at han flytta tilbake til Innherad kort tid etter at han konfirmerte seg i Bakke kirke. Derfor er det grunn til å tru at han begynte som sjømann på innheradsjekt. Mannskapslister for dei jektene som segla på Trondheimsfjorden finst ikkje, men nettopp for 1805 og 1806 har vi eit godt oversyn over jekter og fartøy frå Innherad, kvar dei hørte heime, kva for fart dei dreiv og kven som åtte dei .
Etter det Ola Molde sjølv fortel, kom han etter konfirmasjonen først til garden Kvitvang inst inne i Børgin, seinare eit kort opphald på Gilberg i Sparbu og så kom han til Vika og Sund på Inderøya. Over alt rundt om på gardane her ikring rusta dei ut jekter og storbåtar til forskjellig bruk. I 1806 melde lensmennene i Inderøy futedømme om 66 jekter og 86 storbåtar i fart på fjorden. Lensmann Peter Berg på Inderøya, som sjølv var medeigar i ei jekt og hadde storbåt attåt, melde 27. desember 1806 inn til amtet om 28 jekter og ti storbåtar i Inderøy tinglag. Frå Sparbu rapporterte lensmann Jøraas om tolv båtar og seks jekter i 1806 .
Alle dei seks jektene dreiv ifølgje lensmannen med frakt av trelast til Trondheim. Den største av dei var frå Bulung ved Børgin og tilhørte Lars Jakobsen og dei to sønene hans Ola og Jakob. Ho lasta opp mot 520 tønner, altså rundt 28 lestar. Lars var eigar og drivar av garden Bulung, og Ola tok over etter han. Så var det tre jamstore jekter på omtrent 340 tønner. Ei av desse hørte heime på Skarholmen under Toldnes ved Beitstadfjorden og var eigd av Ola Jensen Skarholmen, sonen Kristoffer Olsen Skarholmen og gardmannen Jørgen Pedersen Toldnes. Ei anna var frå Tønne ved Børgin, eig av gardmann Lars Andersen Tønne og sønene Jeremias og Christen, i lag med Anders Lænn, Eirik Hjelde og Ivar Roel. Den tredje hørte heime på Klettholmen, litt lenger sør ved Børgin, med bøndene Roald Bentsen Oppem og Pål Gunnarson Vådal som eigarar. På Toldnes hadde dei også ei litt mindre jekt på omtrent 250 tønner, eigd av brørne Nils og Jørgen Pedersen Toldnes. Jørgen var som nemnt gardmann på Toldnes og Nils var husmann på ein av Skarholm-plassane, der jekta hørte heime. Så var det gardmennene Kristoffer Olsen Råde og Arnfinn Arnfinnson Litl-Ryan, som hadde ei jekt på 250 tønner liggande på Steinkjer.
Attåt desse seks jektene var det tolv storbåtar i Sparbu. Dei lasta mellom 50 og 25 tønner og vart brukte til fiskeri, altså frakt av fisk og sild frå væra og sildefjordane og fram til oppkjøpar. Fire av båtane hørte heime på Steinkjer, ein på Lø, ein på Skarholmen, ein i Kvitvangsvågen, ein på Bulung og to på Grandholmen.
Det er all grunn til tru at ungguten Ola Rasmussen fekk solid opplæring på sjøen om bord i nokre av dei fartøya eller båtane som var nemnte i desse listene. Først som framvokstring om bord på storbåt, og etter kvart på jekt.
Båtlistene frå 1805 og 1806 hadde militært formål. Sjølv om Danmark og Noreg enno ikkje var trekte inn i krigen som rasa i og utafor Europa og rundt om på alle hav på denne tida, fann styresmaktene det best å bu seg på det verste. Flytting av troppar var ein del av dette, og no ville dei militære kartlegge kapasiteten for flytting av soldatar på Trondheimsfjorden. Dei ville vita kor mange fartøy og båtar som fanst, kvar dei hørte heime, kven som åtte dei, kva dei vanligvis vart brukte til og kor mange mann kvart fartøy og kvar båt kunne ta om bord. Listene gir dermed ikkje opplysningar om lastekapasitet i lestar eller tønner, slik det vanligvis vart gjort. Talet på kor mange mann kvart fartøy og kvar båt kunne romme gir likevel eit visst inntrykk av forskjellar i storleik fartøy og båtar imellom. Eit par oversyn over jektetrafikken til og frå Trondheim på1790-talet brukar nemninga båt på opp til 4 ½ lest, mens det blir kalla jekt frå 5 lestar og oppover. Går ein berre etter storleik er det altså lasteevne mellom 81 og 90 tønner at skiljet går . I båtlistene for Inderøya 1805og 1806 kan dei minst jektene (fartøya) romme 35 mann mens dei største båtane har plass til 30 mann. Det betyr om lag 2,6 tønne pr mann. Den største jekta i listene tilhørte brørne Anders og Ola Sørensen på Lyngstad, og ho kunne ta om bord 160 mann. Det vil seie at ho lasta rundt 416 tønner, altså heile 23 lestar. Det var ei uvanlig stor jekt på den tida. Haldo Eriksen Lie på Sakshaug hadde også ei stor jekt. Ho kunne ta med 120 mann og lasta dermed 15 lestar. Dei fleste jektene kunne ta 60-70 mann om bord, og det betyr at lastekapasiteten var på 8 – 9 lestar, ein høgst vanlig storleik for ei jekt på tidlig 1800-tal. 20 av dei 28 jektene vart brukte til å frakte trelast og ved til Trondheim. Dei sju-åtte største segla også nordover til fiskeværa der, fire av dei på oppdrag for Trondheimsborgarar. Mathias Jonsen frå Sør-Norem, som hadde ei jekt på 13 ½ lest, opplyste at han segla både til Nordland, Romsdalen og Trondheim.
To kvinner åtte jekter på Inderøya i 1805og 1806. Den eine var enka Anne Jørgensdotter Ystad på Røra (1751-1829). Mannen hennes, Tørres Larsen, døde i 1805, og i buet etter han var det to partar i jekter: Ein tredel i råsegljekta «De tvende Søstre» verdsett til 176 riksdalar , og ein tredel i ei anna råsegljekt «Petronella», vurdert til 144 riksdalar . Tredelen i jekta «De tvende Søstre» tilfall enka Anne Jørgensdotter, medan tredelen av «Petronella» vart delt mellom fleire arvingar. Den andre kvinnelige jekteeigaren var «Fru Majorinde Angell» på Sundnes, altså Anna Catharina Lysholm Angell (1758-1834). Ho vart enke etter major Henrik Angell, som døde på Sundnes i april 1804. Fru Angell sto oppført med ei jekt som kunne ta med 40 mann, det vil seie at ho lasta om lag 92 tønner eller 6 lestar. Om dette er jekta «Helene den Blide» som fruen hadde 15 år seinare, er uvisst, men også ho lasta 92 tønner.
Dei ti båtane frå Inderøya som lensmann Berg hadde ført opp i lista for 1806, var såkalla storbåtar, også kalla tendringar. Den største av dei tilhørte bonden Ivar Kristensen på Rol. Tretti mann fekk plass om bord i båten hans, altså var han på 4 lestar. Ivar brukte sin båt til reiser, mellom anna til Trondheim. Dei andre ni vart til vanlig bruk til frakt av krøtter over Beistadfjorden til og frå beite. Dei minste av dei kunne ta 20 mann om bord, altså lasta dei 36 tønner, ein såkalla trelestabåt.
Det var altså i eit utprega fartøy- og båtmiljø at Ola Rasmussen Molde levde ungdomstida si. Historiene om han tyder på at han var ein stor og sterk kar, så vi må tru at han var ein ettertrakta fartøykar, der sterke nevar og stødige bein kom godt med. Kven han segla med dei første åra, veit vi ikkje. Fartøykarane på fjordjektene kom ikkje med i sjøinnrulleringa for Trondheim. Trulig var han med både jekter og storbåtar, men frå 1813 veit vi altså at han var skipper på jekt. Det kan allereie da ha vore på ei av jektene til fru Angell på Sundnes. Første gongen vi får stadfesta at Ola Molde segla med «Frue Angels Fartøye» var i 1820 . Den 14.april ligg han i Trondheim høgst sannsynlig med jekta «Helene den Blide». Så møter han Nils Rasmussen Kvam – trulig ein sambygding frå Inderøya – i ei bygate og slær han i gata to gonger, slik at Nils skader foten sin. I følgje Nils gjorde Ola dette heilt utan grunn, og Ola blir sporenstreks meldt til politiet . Politimeister Mons Lie i Trondheim kallar Ola Molde og to vitne inn til å møte for politiretten klokka ni den 15.april. Det hastar med saka, for Ola Molde ligg klar med jekta for å segle frå byen. Jau, morgonen den 15. april er Nils og Ola, dei to vitna og to rettsvitne til stades hos politimeisteren, og i det saka kjem opp fortel Nils Kvam og Ola Molde at dei no er vener og vel forlikte. Ola betaler eit par ort for utgifter som styresmaktene har hatt med dette, og dermed kan han berre gå ned til jekta, purre mannskapet og segle innover fjorden. Kva som låg attom hendinga, veit vi ikkje. Kanskje ein dram eller to for mykje på ei av byens skjenkestuer?
Halvtanna år etterpå, i november 1821, var Ola Molde igjen i Trondheim med jekt. Det blir opplyst at det var et Jægtfartøi fra Inderøen, som føres af Ole Molde , men det går ikkje fram kva for jekt han førte. Det kan framleis ha vore fru Angells «Helene den Blide» han segla med. Det blir nemnt at lasta var på meir enn eitt hundre tønner poteter, og «Helene den Blide» var på seks lester, altså 108 tønner. Men det kan sjå ut som at denne reisa frå Inderøya til Trondheim hadde noko med garden Sakshaug å gjera, enten at jekta hørte heime der eller at heile eller delar av potetlasten kom frå Sakshaug. Vi veit at fleire av bøndene på Sakshauggardane til ulike tider hadde jekter på meir enn eitt hundre tønner. Grunnen til at Trondheimsturen i 1821 blir knytt til Sakshaug, er at nest eldste sonen til bonden Torberg Olsen og Marta Nilsdotter, Nils Torbergson, kom til å spela ei viktig rolle i denne historia.
Og kva var det så som skjedde på hamna i Trondheim i november 1821? Ikkje noko svært dramatisk, eigentlig. Det er berre eit lite gløtt inn i Ola Rasmussen Molde sitt liv som jekteskipper og person, og det er jo det som her er viktigast for oss. Dette skjedde :
Det er snart midt i november 1821. Ei innheradsjekt kjem inn til Trondheim og legg seg til ved ei av bryggene inne i Nidelva. Jekta er tungt lasta med meir enn eitt hundre tønner potet. Skipper om bord er Ola Rasmussen Molde, også kalla Ola Straumen, frå Inderøya. Med på jekta er Nils Torbergson Sakshaug, ein ung mann på 17-18 år, sonen til bonden Torberg på Søre Sakshaug på Inderøya. Potetene skal dei selje til folk som bur i Trondheim by, vanlige bybuarar eller handelsmenn.
Det er seint på hausten no. Frosten kan kome når som helst. Det er om å gjera å bli av med lasten så fort som råd. Om poteten frys er han øydelagd. Jau, det kjem folk og kjøper potet, men på jekta kunne dei godt ha tenkt seg at salet hadde gått glattare. Den 13.november kjem det ein bondekall frå snau-Strinda og vil kjøpe potet. Karane på jekta vil selje. Dei er glade for kvar potettønna dei blir kvitt. Men det er folk som har følgd med det som skjer nede ved elva. Eit par høkerar, Jon Næss og Erik Berg, voktar over dei særrettane og privilegia som kjøpmennene i byen framleis har i behald. Ein tredje kar av borgarstand, Svend Jensen Schjøt, har også sett seg lei på at folk som ikkje har rett til det, driv handel i byen. Handelsborgarane i byen må berre godta at bønder og fiskarar rundt byen no kjem til Trondheim og handlar med folk som bur der, men dei har ikkje lov til å drive handel i byen med folk som ikkje hører byen til. No troppar dei tre byborgarane opp ved innheradsjekta og får med seg at folk frå Strinda kjem dit og kjøper potet. Ifølgje seg sjølve varskuer dei «venskabelig og høflig» karane på jekta om at dei ikkje har lov til å selje varene sine til bønder frå andre stader når dei er komne til byen for å handle med byfolket. Da vart den eine av jektekarane «meget opfarende», fortel Jon Næss og Egil Berg i ein klage til politimeister Lie. Næss fortel at jektekaren «i en truende Tone sagde mig at han handlede med hvem han vilde» . Vi har ein stygg mistanke om at det er kjempen og skipperen Ola Molde som blir sint og opptrer truande. Slike haldningar og slik oppførsel ville ikkje høkerane Næss og Berg finne seg i, og da Svend Jensen Schjøt, som meir eller mindre tilfeldig i same stunda kjem ruslande bortover mot jekta, får sjå at Ola Molde sparkar til ein mann fordi han som kjøpar vil gjera reint potetmålet for mold før kjøpet, sender også han inn ein klage på oppførselen til denne sinte jekteskipperen.
Politimeister Mons Lie kallar inn til politikammerrett heime hos seg klokka ti på føremiddagen den 15.november . Her møter klagarane Jon Næss og Erik Berg, Ola Straumen (Molde) og Nils Sakshaug. Klokt nok er det Nils som i dag fører ordet for dei to frå jekta. Han innrømmer at dei har selt nokre tønner potet til strindingar, men at kjøparane har fortalt at dei handla for tollbetjent Peter Berg på Bakklandet. Det kan dei bevise, hevdar ungguten Nils Sakshaug. Enno har dei meir enn hundre tønner potet igjen om bord. Både Jon Næss, Erik Berg og alle andre byborgarar kan få kjøpe så mykje potet dei treng, men det tek til å haste. Kvar dag og natt fryktar dei at poteten kan fryse, fortel Nils Sakshaug.
Politimeisteren vil at partane skal gjera opp denne saka her og no. Det blir litt fram og tilbake, men så går Nils Sakshaug med på å betale 2 spesidalar, 2 ort og 8 skilling i rettskostnader. Han forsikrar at han aldri meir skal handle med utanbys bønder når han kjem med varer til byen, og dermed blir Nils også fritatt for bot. Også klagarane er nøgde med dette, og dermed er saka løyst. Den stakkars potetkjøparen som Ola Molde sparka til, er ikkje til stades, så denne gongen slepp Ola billig unna med bråsinnet sitt.
Etter som Ola Molde for det meste segla til og frå Inderøya og ikkje frå byen, fangar ikkje skipslistene opp så mange av turane hans, og verken han eller mannskapet hans er å finne i sjømannsrullene. Likevel hender det at også Mollen må finne seg i å hamne på listene til tollarane, i oversynet over dei skipperane som skulle ut med ein skjerv til hjelpekassa for sjøfolk eller hos styresmaktene i byen eller i heimbygda. Så både Ola og fartøya han førte dukkar opp av og til og gir oss i det minste eit visst innblikk i jekteskipperens liv og virke.
Ola Rasmussen Molde segla med fru Angell på Sundnes si jekt Helene den Blide fleire år i første havdelen av 1820-åra. Både i 1823, 1824 og 1825 har tollarane i Trondheim registrert Ola Molde som skipper på denne jekta . Mot slutten av 1820-talet førte han ei litt større jekt: Helene Bergitha Matheas Haab, som lasta 9 ½ kommerselestar . Det var inderøyingane Johannes Estensen Sakshaugberget og Mikal Ingebriktsen Straumen som åtte denne jekta. Ho var bygd i 1826, og kanskje vart Ola Molde skipper på denne jekta heilt frå ho var ny.
Skal vi ikkje koste på oss eit lite innblikk i jektefarten frå Innherad også i 1820-åra? Kva fortel tollistene om jektene på Trondheimsfjorden på denne tida? Kvar hørte dei heime? Kven åtte dei? Kva veit vi om mannskapet? Og kvar segla dei? Var det berre på fjorden, eller var dei med også på kystfrakt nord-og sørover? La oss no aller først sjå om vi kan finne ut kor mange dei var.
Tollistene frå 1820-åra er svært nyttige kjelder i vår samanheng, men dei lovar meir enn dei held, i alle fall tidlig på tiåret. På tittelbladet til lista for 1823 står det: Specification over De i Trondhjems Tolddistrict hjemmehørende Jægte for Aaret 1823. Makalaust å sjå til, men trur vi heilt på det? Nei, da. Dette er dei jektene som har vore innom tollbua og betalt toll i året 1823. Det kan godt ha vore dei fleste, men heilt sikkert ikkje alle. Men stopp no litt: Toll? På fartøy som frakta varer innanlands? Ja, fram til og med 1828 skulle det leggas toll på alle matvarer frå landsbygda som skulle inn til byen. Dette var ein del av det vernet som kjøpmennene i byen hadde sikra seg som ein del av byprivilegia. Jektene som kom til byen lasta med alle slags varer frå bygder og grender, vart kontrollerte av tollarane når dei kom fram. Det er desse jektene vi finn i tollistene for 1823, 1824 og 1825, og kvart av desse åra vart mellom 110 og 130 jekter utklarerte frå tollbua i Trondheim. Rundt 50 av desse hørte heime i Trondheim, mellom 40 og 50 kom frå Inderøy futedøme , sju-åtte kom frå Levanger og tre-fire frå Namdalen. Resten var ei eller opp til to-tre jekter frå andre bygder i Trøndelag. Vi finn att dei fleste jektene i tollistene år etter år, kanskje med annan skipper, av og til med nye eigarar, nokre gonger med annan heimstad. Eit par jekter forliser, nokre blir selte til andre landsdelar og andre blir utsette for uhell. Så kjem det også nye fartøy til, slik at talet på jekter ikkje endrar seg svært mykje gjennom dette tiåret..
For året 1828 har tollarane utarbeidd ei liste der dei har tatt med både dei jektene som vart utklarerte og dei jektene som dette året ikkje hadde vore ved tollbua i Trondheim og klarert last. Derfor kan det vera at vi akkurat for 1828 nærmar oss ei meir komplett jekteliste, i den grad tollvesenet var i stand til å skaffe seg det. I alt vart det ført opp 195 jekter frå Trøndelag i 1828. Av desse hørte 78 heime i Trondheim, 74 kom frå dei fem tinglaga under Inderøy futedøme, 14 var frå Levanger, elleve frå Namdalen og resten kom frå bygdene Frosta, Skogn, Verdalen, Stjørdalen, Børsa, Orkdalen, Åfjorden, Ørlandet og Hemne. Her skal vi studere Inderøy futedøme litt nærare. Noko endra seg gjennom dei første tre tiåra på1800-talet. Sjå berre her:
tinglag jekter i 1806 jekter i 1828 forskjell
Beitstaden 3 17 14
Inderøya 28 13 -15
Sparbu 5 7 2
Stod 4 0 -4
Ytterøya m Mosvika og Verran 26 37 11
i alt 66 74 8
I dette oversynet er det berre jekter som er med, ikkje båtar. I heile Inderøy futedøme var det åtte fleire jekter i 1828 enn det var i 1806, altså inga rivande utvikling. Men jektefarten tinglaga imellom hadde forandra seg. No var det Ytterøya med Mosvika og Verran som hadde dei fleste jektene, mens jektefarten frå Inderøya var meir enn halvert. Denne vesle studien gir ikkje plass for å leite etter ei god forklaring på dette. Forfattaren av Inderøyboka «Bygd i bevegelse» prøver seg slik :
Nedgangen i jektefartøy i Inderøy hadde muligens sammenheng med krakket i trelastnæringen etter Napoleonskrigenes slutt ….
……
De første 15-20 årene etter 1814 var derimot svært vanskelige år for norsk trelastindustri. Dette har sannsynligvis rammet fraktefarten fra Inderøy som i stor grad var basert på trelast.
……
Nedgangen i Inderøy hang sannsynligvis derfor vel så mye sammen med mangel på eget trevirke, samtidig som nabobygdene med mye og relativt lett tilgjengelig skog, fikk bygd egne jekter for å frakte trelasten til byen. Kanskje kan krakket etter 1814 og det etterspørselsvakuum det for en periode skapte, ha gjort det lettere for de andre bygdene å komme seg inn i trelasthandelen.
Som vi forstår, er det fleire enn vi som leitar etter den gode forklaringa her. Verken for oss, og trulig heller ikkje for jekteskipper Ola Rasmussen Molde, var det så nøye om jektene frå Inderøy futedøme hørte heime på aust- eller vestsida av Skarnsundet. Det som er viktig i historia vår, er at jektefarten var ei stor næring for dette området gjennom dei første tiåra på 1800-talet. Og snart gjekk Innherad inn i den tida som seinare vart kalla storjekttida .
Av dei 195 jektene frå Trøndelag som tollistene reknar opp i 1828, var det 115 som fekk last klarert ved tollkammeret. 80 jekter kom ikkje inn til byen med last dette året. 30 av desse hørte heime i Inderøy futedøme, 29 var frå Trondheim, seks frå Levanger og sju frå Namdalen. Ingen av dei tre jektene frå Frosta kom inn med last, og heller ikkje dei tre frå Skogn.
Den desidert største jekta i Trøndelag på denne tida var «Prøven af Trondhjem», i 1828 eigd av Jonas Falch og ført av skipper Arnt Bredahl. Ho var på 35 ½ kommerselestar. Nest størst var Trondheimsfirmaet Knudtzon & Co si jekt «Emmanuel» på 24 lestar. Bortsett frå eit par Namdalsjekter og jekta «Ovedia» frå Beitstaden var alle dei største jektene frå Trondheim. Jekter på 13-14 lestar var vanlig. Jamt over var jektene frå Trondheim og frå Namdalen noko større enn jektene frå Innherad. På Inderøya var jekta «Martha Anna» på 17 lestar den største. Ho hørte heime på Lyngstad, eigd av svograne Johannes Andersson og Anders Sørenson Lyngstad. Anders var skipper på jekta.
På Inderøya, som elles i bygdene på Innherad, var det bøndene sjølve som åtte jektene, enten ein åleine eller fleire i lag. Også skipperane hørte heime i bygda . Ofte kom dei frå gardane rundt omkring, men skipperane kunne også vera strandsittarar eller plassfolk. Å bli tiltrudd oppgåva som skipper var det fremste ein fartøykar kunne oppnå, og til dette vart dei plukka ut etter kor flinke og solide dei var om bord, ikkje etter sosial rang. Skipperen skulle ikkje berre handtere fartøy og mannskap. Han hadde også ansvaret for lasta, både fram og tilbake, og ofte skulle han akkedere pris med både kjøpar og seljar. Eigen styrmann hadde ikkje jektene, men dei jektene som segla over større strekningar langs kysten, hadde ofte med seg ein kjentmann. Derfor er det ein god indikasjon på kva slags reise jektene var ute på om dei hadde med kjentmann eller ikkje. Jektene som lasta under 11-12 lestar hadde eit par matrosar, dei over hadde gjerne tre. Jekter på rundt 18-20 lestar kunne ha fire eller fem matrosar, men storjekta «Prøven af Trondhjem» hadde sju matrosar, så med kjentmann og skipper vart det eit mannskap på ni. Tollistene har registrert i alt 489 mann som mannskap på dei 115 jektene som var utklarerte frå Trondheim tollkammer i 1828. Om vi reknar tilsvarande mannskap på kvar av dei 80 jektene som ikkje vart registrerte ved tollbua dette året, var det i alt rundt 820-830 mann som segla med trønderske jekter dette året. Av desse var om lag 260 som segla med jekter frå Inderøy futedøme, og av desse igjen var i overkant av 50 mannskap på dei 13 inderøyjektene. Tre av desse jektene var ikkje utklarerte frå tollkammeret dette året, og mellom dei var fru majorinne Angell si jekt «Helene den Blide», som Ola Molde hadde ført tidligare. Sju av jektene frå Inderøya hadde kjentmann om bord, som betyr at dei segla ut Trondheimsfjorden og langs kysten, nord- eller sørover. Ei av desse var «Helene Bergitha Matheas Haab».
På jekta «Helene Bergitha Matheas Haab» hadde skipper Ola Rasmussen Molde med seg ein kjentmann og tre matrosar i 1828. At han hadde kjentmann med, fortel oss at jekta skulle ut på reise i farvatn der skipperen sjølv ikkje var nok kjent. Så her var det ikkje berre tur med trelast, ved eller matvarer frå Innherad og til byen jekta «Helene Bergitha» var ut på. Vi kjenner i det minste til eit par av reisene dette året:
Ut i februar 1828 tok skipper Ola Rasmussen Molde og mannskapet hans laus frå Inderøya med jekta Helene Bergitha og segla til Trondheim. Her hadde eigarane og skipperen avtale med ein eller fleire kjøpmenn som skulle til Marsimartnaden på Levanger med varene sine. I Trondheim vart jekta lasta opp med varer, og torsdagen den 28. februar segla Helena Bergitha frå Trondheim med kurs for Levanger . Trondheimsjekta Hommelvigen med skipper Johan Jokumsen Bakken og jekta Martha Oline frå Levanger med skipper Kristoffer Rømo segla ut frå Trondheim mot Levanger same dagen. To jekter frå Trondheim hadde segla til Levanger mandagen før, så det var i alt fem jekter som kom frå Trondheim med varer til Marsimartnaden på Levanger dette året.
Frå gammalt av begynte martnaden på Levanger første mandag etter mattismess (24.februar). Mot slutten av 1600-talet vart første martnadsdagen vanligvis 27. februar, men etter at Danmark og Noreg i februar 1700 gjekk over til gregoriansk kalender, vart første martnadsdag sett til 6. mars . Dette vart gjort for at martnaden framleis skulle stemme med gammal skikk for svenskane sin del, som framleis brukte den julianske kalenderen, og derfor låg 11 dagar etter . 22.august 1760 vart det fastsett i kongebrev at «Levangers Marknad herefter altid aarlig skal begyndes den første Tirsdag i Marts Maaned, og holdes i 5 Dage til Lørdag, begge incl.»
Til martnaden på Levanger kom det kvart år hundrevis av folk frå Jämtland, som handla og bytta varer med fiskarbønder frå kysten, innheradsbønder og kjøpmenn frå Trondheim. Jamtane hadde med seg jarnvarer og handverk av tre, skinn og ull, lerret og strie, og tilbake fekk dei fisk og sild, hestar og kornvarer og kjøpmannsvarer frå inn- og utland. Av Trondheimsborgarane var det først og fremst Nordlandshandlarane som reiste til Levangermartnaden. Fleire av desse hadde eigne handelsbuer og brygger på Levanger, og det var særlig jamtane sine varer dei var ute etter. Det var varer dei seinare skulle selje nordover langs kysten.
Om kongens ord frå dansketida framleis stod ved lag, skulle Marsimartnaden 1828 begynne tirsdag 4. mars og vara til og med laurdag 8.mars. I praksis var det ikkje akkurat slik. Martnadslivet begynte nok så snart folk kom fram og møttes på Levanger, ein dag eller to før den fastsette martnadstida. Og trulig fortsette det nokre dagar etter at martnaden etter bestemmelsene skulle vera over også, både i meir sosiale former og med det praktiske. Frå jektene skulle varer lossas i land og lastas på sledar, og frå sledane skulle andre varer om bord på jekter og båtar. Det tok nokre dagar før dei lange rekkene med hestar og sledar la i veg over fjella mot aust og jekter og vengbåtar la kursen utover fjorden. Kanskje måtte dei vente på høvelig vêr og vind også. I 1828 var ikkje dei fem jektene som kom frå Marsimartnaden på Levanger tilbake i Trondheim før langt ut i mars: Johan J Bakken med jekta «Hommelvigen» og Peter Jørgendahl med sluppen «Diana» på 18 ½ lestar vart registrerte hos tollbua i Trondheim den 18. mars, Ola Molde med «Helena Bergithe» kom den 20.mars, Kristoffer Rømo med «Marithe Oline» var tilbake den 21.mars og jekta «Haabet» med skipper Claus Sommer kom frå Levanger til Trondheim den 27.mars . No kom dei og la til ved bryggene til dei kjøpmennene som hadde hyra dei, og det kan godt vera at «Helena Bergithe» la til ved Just Hansen & Søn si brygge. Det var mellom andre for kjøpmannen Peter Arnet Hansen at Ole Molde frakta og handla varer på Marsimartnaden, kanskje også dette året. Ola Molde seier sjølv at han mellom åra 1813 og 1835 i denne Tid forhandlet mange Ladninger for både majorinne Angell, kjøpmann P. A. Hansen og fleire . Som jekteskipper hadde han ansvaret for å få varene fram dit dei skulle, men ikkje berre det. Han skulle også utføre handelen for oppdragsgivarane sine. For majorinne Angell skulle han selje varer frå Innherad til kjøpmenn, småhandlarar og byfolk i Trondheim, mens for trondheimskjøpmenn som Peter Arnet Hansen og andre, må oppdraget ha vore å segle frå byen med kjøpmannsvarer, kanskje innover fjorden til Levanger og tilbake til byen med varer som jekteskipperen handla til seg frå jämtene på Marsimartnaden.
P. A. Hansen (1779-1854) dreiv firmaet Just Hansen & Søn. Dette firmaet hadde fleire eigne skip og fartøy , men det er ikkje noko som tyder på at Ola Molde var skipper på nokre av dei.
Ut over våren og forsommaren 1828 segla fartøy med kjøpmannsvarer ut frå Trondheim, både sør- og nordover langs kysten. Siste dagen i mai segla også skipper Ola Rasmussen Molde nordover i lag med seks andre jekter: Skipper Jens Lind med jekta «Prøven» på tur til Lofoten, Ole Tolnes med Sparbujekta «Ane Margrethe» til Senja, dei to jektene «Pauline Gurine» og «Torina», begge heimehørande på Ytterøya, med skipperane Anders Troseth og Nils Walsøe til Lofoten og skipper Ola Gran frå Ytterøya med jekta «Petternella Gjertrud» til Nordland, slik som Ola Molde med «Helena Bergithe», som kan bety at dei skulle innom fleire stader langs Nordlandskysten eller at dei i oppdrag frå kompaniet Det Trondhjemske Handels- og Fiskerie-Etablissement skulle til Hundholmen i Salten, der kjøpstaden Bodø vart oppretta i 1816. Her hadde kjøpmennene i Trondheim gjennom fleire år hatt ein base for fiskehandel nært Lofoten, der dei organiserte fiske, salting og oppkjøp. Dette fortsette dei med også etter at kjøpstaden var etablert.
Tollvesenet si liste over avgifter frå skip og fartøy i 1828 gir eit godt inntrykk av jektefarten til og frå Trondheim gjennom dette året. Her finn vi både jekter som hørte heime i Trondheim by, andre stader i Trøndelag og jekter frå andre kantar av kysten. Om 1828 var eit representativt år for jektefarten på denne tida, er ikkje undersøkt, men etter som vi har kjelder til hjelp for dette året, kan vi vel like godt sjå litt nærare på det.
Lista frå 1828 nemner i alt 153 fartøy som segla på Norskekysten, og som betalte avgifter innkassert av tollvesenet i Trondheim . Dei fleste av desse var ute på to eller fleire reiser dette året. 114 av fartøya var jekter, 111 råsegljekter og to bomseglarjekter. 24 fartøy var sluppar, seks evertar, fem skonnertar, to galeasar, ein brigg og ein skonnertbrigg . Det var ikkje storleik som skilde dei ulike fartøytypane frå kvarandre. Forskjellane låg i skrog og rigg. Det er interessant å merke seg at råseglet no begynte å få konkurranse også i kystfarten. Til og med på to av jektene var råseglet bytta ut med bomsegl. Det var på Namdalsjekta «Johan» og på «Den Norske Bjørn» av Trondheim . Sneiseglrigga fartøy var på veg inn også langs kysten, og med galeasen vart tomastra fartøy ein del av kystflåta. Det hadde segla galeasar langs kysten sia 1700-talet. I 1828 var det fleire galeasar som hørte heime i Trondheim. I lista over fartøy som betalte avgifter i 1828 finn vi to: «18de Juni» på 24 kommerselester, eigd av Helmer Meinke og ført av Erik Flatås, og kjøpmann Jensen & Co sin «Peter & Jens» på 32 lestar, med Adam Sørensen som skipper . I tollvesenet si skipsliste for Trondheim tolldistrikt i 1828 står det ført inn fem galeasar til, som trulig segla til utlandet . Her finn vi også tolv evertar, ein ny fartøytype her til lands på 1820-talet, med sneirigg og ei eller to mastrer. 21 sluppar var registrerte i skipslista for Trondheimsområdet i 1828, og av desse finn vi att 14 i kystfart frå Trondheim dette året.
Dei aller fleste av fartøya som betalte avgifter til Trondheim i 1828, hørte heime i Trøndelag: 124 av dei 153. Av dei 124 frå Trøndelag, var 67 heimehørande i Trondheim og 41 i Inderøy futedøme. Alle fartøya frå Inderøy futedøme var råsegljekter. 25 av jektene herifrå var frå Ytterøya, Mosvika og Verran, ni var frå Beitstaden, fire hørte heime i Inderøy tinglag og tre i Sparbu. Jektene frå Innherad var for det meste eigd av gardeigarar eller av folk som meir eller mindre levde av jektefarten. Av dei 67 fartøya som i 1828 hørte heime i Trondheim og dreiv med innanlands fart, var minst 34 eigd av kjøpmenn i byen .
Alt i begynnelsa av januar 1828 la dei første fartøya ut frå Trondheim. Og kvar skulle dei så tidlig på året? Jau, til Lofoten. Dei var sendte oppover av kjøpmennene for å kjøpe opp råfisk under Lofotfisket. Trondheim var den fremste norske klippfiskbyen i 1820-åra . Ikkje mindre enn 74 fartøy segla nordover frå Trondheim til Lofoten i januar og 10 i februar. Nordover hadde dei med salt til klippfiskproduksjonen og kjøpmannsvarer av ulike slag til væreigarar, værvertar og gjestgivarar, som så selte vidare til fiskarane. «Det vart etter kvart vanleg å inngå avtalar med bestemte fiskarar for sesongen, og ved levering kom fiskarane langs sida på kjøpefartøyet, og fisken vart kasta om bord. Skipperen stod for teljinga. Fisken vart flekt og salta om bord i fartøyet, og så vart han frakta til klippfiskberga lenger sør. Arbeidet på berga vart sett vekk til folk som budde der. Ut på sommaren vart den ferdige klippfisken frakta inn til byen for eksport. I mai-juni segla rundt halvparten av fartøya nordover igjen. Også på denne turen hadde dei kramvarer med nordover, og også korn og jarnvarer av ulike slag. På turen sørover var fartøya lasta med tørrfisk og tran, som no var ferdig produsert. Tilbake i Trondheim i juli – august, vart fiskevarene lasta over i større skip, som segla sørover, særlig til Middelhavslanda og Portugal. Her var dei storforbrukarar av norske fiskeprodukt.
Seint i februar var det fem jekter som segla til marismartnaden i Levanger, og dei kom att derifrå i mars. I april segla fire fartøy nordover frå Trondheim: To jekter til Nordland, sluppen «St. Thomas» til Tromsø og Beitstadjekta «Emanuel» til Finnmarka. I april segla også to Sunnmørsjekter heim til Sunnmøre. I mai var det i alt 50 fartøy som segla ut fjorden frå Trondheim. Utanom dei 27 som skulle til Lofoten og hente tørrfisk, var det 18 som skulle nordover og fem sørover langs kysten. Lengst skulle jekta «Johanna Andrea» til Vardø og sluppen «Haabet» til Kristiania. Utover sommaren var det nokre få fartøy som segla frå Trondheim og nordover, fleire av dei var utanbys fartøy som var komne til Trondheim litt tidligare på sommaren, handla med seg varer av ulike slag og segla så heim att.
I august segla seks og i september to fartøy til Namdalen, og vi kan gå ut frå at dei skulle til den årvisse Overhallamartnaden i månadsskiftet september-oktober, der Trondheimskjøpmennene var aktivt med kvart år . På same tid var det også fire fartøy som reiste til Romsdalen, og dei vil vi tru hadde Romsdalsmartnaden på Veblungsnes ved munningen av elva Rauma som mål. Også denne martnaden gjekk føre seg i månadsskiftet september-oktober.
I tidsrommet 12.august til 4.november var det i alt 21 fartøy som la ut frå Trondheim til sildefiskeria for å kjøpe sild av fiskarane. Feitsilda var årviss, og kom sigande til land på seinsommaren og vart utover hausten og førejulsvinteren. Ein kunne aldri vita kor stort innsiget var og heller ikkje akkurat kor det største innsiget kom. Dei fartøya som skulle kjøpe opp sild, måtte ligge klare og vente på sildetidend. Og når tidenda kom, segla dei dit notstenga var store nok til at det var lønsamt å handle. Silda vart gana, salta i tønner og frakta inn til byen. Feitsilda vart mest brukt innanlands. Sild og poteter var vanlig kost, både for fattig og rik. Trulig kom ikkje fartøya inn til byen med sild før etter at rekneskapen over avgifter for 1828 var avslutta 12.november.
Jekteskipperen Ola Molde var rett som det var på reise med jekter i mange slags oppdrag, både på kortare og lengre reiser. Vi har ei historie frå våren 1833 som fortel om at han kjem med jekt frå Inderøya til Trondheim og sel varer for majorinna på Sundnes, fru Angell. Sjølve hendinga var neppe så spesiell. Dette skjedde i tida før det vart lempa meir på dei gamle byprivilegia, slik at handelen vart friare. Kjøpmennene i byen måtte den gongen stadig slå ned på det dei meinte var ulovlig handelverksemd. Det som likevel gjorde denne hendinga litt spesiell, var at ho vart noko delikat fordi ho råka sjølvaste politimeisteren i Trondheim personlig. Nettopp dette førte til at heile historia raskt vart kosta under teppet, og det var nok både politimeisteren og jekteskipperen fornøgde med. Slik er historia :
Rundt midten av april 1833, rett etter påske, kjem skipper Ola Rasmussen Molde frå Inderøya inn til Trondheim med fullasta jekt. Kva for jekt han kjem med, veit vi ikkje. Det kan ha vore «Helene Bergitha», som han hadde segla med den seinare tida, eller det kan ha vore med ei av majorinne Angell sine jekter, etter som det var hennes last han kom med. . Vel inne i byen går Ola Molde rett heim til politimeister Henrik Lysholm og ber om å få eit par ord med han. Jau, politimeisteren tek gjerne ein prat med Ola, kanskje også fordi han gjerne vil høre korleis det står til på Sundnes, som er majorinne fru Angell sin gard. Ho er politimeisterens faster. Ola fortel at det er nettopp i hennes ærend han kjem. Han er akkurat komen hit med jekta, lasta med meir enn to hundre tønner korn frå Sundnes, som han skal selje til byborgarane på vanlig vis i torgtida, slik han etter privilegia har lov til. Men ikkje før var han inne i byen med jekta, fortel Ola, så kom det nokre bønder og ville kjøpe sju-åtte tønner havre til såkorn. Desse bøndene skal dra frå byen alt i kveld, så no spør Ola om politimeisteren vil gi han lov til å levere ut desse korntønnene til bøndene, sjølv om det er utafor torgtida. Lysholm tenkjer seg om ei stund, og så gir han Ola lov til å gi frå seg desse tønnene med havre i kveld, mot at han for resten av kornlasten følger dei reglane som gjeld.
Godt fornøgd går Ola Molde tilbake til jekta og let bøndene få korntønnene sine. Men så kjem det tydeligvis fleire og vil ha korn. Kanskje er det kornmangel både i byen og i omlandet? Ola tenkjer som så: Når politimeisteren har opna for at han kan selje korn til nokre bønder, så kan det vel ikkje vera så ravgale om han sel til fleire? Som tenkt, så gjort. Salet går godt. Alle er fornøgde.
Alle? Å nei, det er nokon som får med seg det som skjer. Driv denne skipperen frå Inderøya og sel korn til bøndene, ikkje berre til byborgarane? Og foregår dette ulovlige salet til alt overmål utafor den bestemte torgtida? Børs- og handelskomitéen i Trondheim får inn ein klage på det som foregår, og fredag den 19.april melder komitéen «Jægtskipper Ole Molde af Inderøen» til politiet for at han «har udsolgt Kornvahrer fra et Fartøy i Elven» og no krev dei at politimeisteren tek affære.
Au-au, tenkjer Henrik Lysholm, dette vart ikkje bra. Eg burde ha tenkt meg meir om før eg let denne Molde selje korn til bøndene på kveldstid. Lysholm veit at om Ola Molde no blir tatt inn til politiretten for forhør, så kjem han sjølvsagt til å seie at han hadde fått lov av politimeisteren. Dessutan er det Lysholm si eiga tante sitt korn, så ho kjem også til å bli involvert i dette. Men saka er i gang, så kva skal politimeisteren gjera?
Han gjer det einast fornuftige: Kryp til korset. Tirsdagen veka etter, den 22.april, sender Lysholm brev til stiftamtmannen der han legg korta på bordet. Her fortel han det som har skjedd, og han ber seg fritatt for å ha noko med den vidare handteringa av denne saka å gjera, fordi han har for tette slektsband til ho som leverte kornet som vart selt.
Alt går formelt etter boka. Jektskipper Ola Molde blir stemna inn for politikommisjonen, og saka kjem opp i Trondheim politikommisjon den 24.april. Der møter ikkje Ola Molde. Det viser seg at han hadde reist frå byen før innkallinga nådde fram til han, så derfor må saka utsettas til Ola kjem tilbake til Trondheim. Dessutan slår politikommisjonen fast at denne hendinga «ikkje qvalificerer sig til Paatale af det offentlige», så om ein skal gå vidare med denne saka, så får det vera opp til dei som har klaga på Ole Molde, altså Børs- og handelskomitéen sjølv.
Ingen gjekk vidare med denne saka. Kvifor? Tja, det kan vi alltids lure på.
Majorinne Anna Catharina Lysholm Angell, som for tida budde på sin eigen gard Voldsminde i Strinda, døde 30. august 1834, 76 år gammal. I buet etter ho var dei to jektene Gud mit Haab og Fortuna på til saman om lag 350 tønner lastekapasitet, og desse vart lagt ut for auksjon same hausten av sorenskrivaren i Strinda, Frederik Daniel Timme . Dermed veit vi at fru Angell hadde desse to jektene heilt til ho døde . Det er høgst trulig at Ola Molde var skipper på den største av desse jektene, Gud mit Haab, da han var i Trondheim med den store kornlasten hennes i 1833, for den jekta lasta rundt 250 tønner. Etter fru Angell si tid segla Ola Molde med ein jekt på åtte kommerselestar, ikkje større enn at to mann segla ho: Skipperen og ein matros.
Det var Elling Andreas Jonson Ness (1806 – 1885) som åtte denne jekta. På Ness ved Straumen hadde det vore gjestgiveri og handel sia 1780-åra . Det var stefaren til Elling, Andreas Andersen Ness, som satt med retten til handel på Ness frå 1817, og han overlét denne handelen til stesonen da han var gammal nok. Elling dreiv først handel frå eit loft på Ness nokre år, og seinare i eit eige hus på Straumplassen, eit plassrom under Ness. Dette kan ha vore i tida frå 1831-32 og 4-5 år framover. I 1829 gifta Elling seg med Siri Olsdotter(1805 – 1875) frå nordre Sakshaug. I 1830 var dei innerstar på Sakshaug, men i 1833 hadde dei flytta til Ness og var innerstar der. I 1835 dreiv Elling og Siri også gjestgivarstaden ved Straumen, og same året kjøpte Elling ein part av garden øystre Sakshaug. Elling Ness fekk bygd ei jekt på 8 lestar på Inderøya vinteren 1836-37 . Denne jekta hadde han til 1842. Så kjøpte han resten av garden øystre Sakshaug i 1839 , fekk nok med gardsdrifta og slutta etter kvart med jektefarten.
Det var altså med ei ganske nybygd jekt Ola Rasmussen Molde segla for eigaren Elling Ness i 1838 . På denne tida prøvde Ola seg også som partseigar i jekt sjølv. Henrik Henriksen Trana i Sparbu var medeigar i ei jekt som heitte «Lykkens Prøve». Vi kjenner ikkje så mykje til denne jekta, anna enn at ho var nybygd og låg ved Steinkjersannan i februar 1833 .
Vi kjenner ikkje så mykje til Henrik Trana, heller. Han var fødd på garden Trana i Ogndal sokn i Sparbu i 1795, mista far sin tidlig, vaks opp på garden hos mora og stefaren, vart korporal i artelleriet og tok over ein part av Trana i 1825, vart gift med Elen Pedersdotter Skjefte, fekk seks ungar. Dei dreiv gardsbuket, men Henrik var tydeligvis engasjert i mykje forskjellig, som førte med seg ein usikker økonomi, gjeld og pantsetting av gard, hus og heim. Pantebøkene fortel om lån, mislighald, truslar om tvangsauksjonar og eit evig økonomisk jag . Satsing på jektefart var eitt av prosjekta. Da Henrik døde på Trana hausten 1850 berre 55 år gammal, var han og Elen kårfolk på garden.
Henrik Trana fekk altså bygd jekta «Lykkens Prøve» i 1832, men ikkje åleine. Han åtte halvparten av jekta. Dette kjem fram i ein revers – eit gjeldsbevis – frå 12.februar 1833 der det blir tinglyst at Henrik Henriksen Trana skuldar Peter Andreas Kjeldseth 250 spesidalar . Her lovar Henrik å betale skulda si innan 29.januar 1834, og som sikkerheit sett han alt sitt lausøyre, samt min Andeel nemlig den halve Deel af et nyt Jægtfartøi, for nærværende paa Steenkjær-Sandene. Kven som åtte den andre halvparten, kjenner vi enno ikkje til.
Vi har nokre lister over fartøy på Innherad i 1830- og 40-åra (sjå nedafor). For Sparbu tinglag finn vi 13 fartøy i 1840: Bortsett frå ei, som var bygd i 1837, har vi namnet på alle. Ingen av desse heitte «Lykkens Prøve». Så er det langt frå sikkert at den andre halvparten av «Lykkens Prøve» hørte heime i Sparbu, og ikkje er det sikkert at Henrik Trana framleis var medeigar i denne jekta, heller. Ser vi oss litt rundt i nabolaget, så finn vi ei jekt med namnet «Løkkens Prøve», som var åtte år gammal i 1840. Ho var bygd på Inderøya og hørte heime der. Ola Tøllevsen Bruse på Tronhus (1775-1844) står i 1838 ført opp som eigar, og sonen Ola Olsen Tronhus var skipper. «Løkkens Prøve» var på 15 kommerselestar – lasta altså 270 tønner – og segla med eit mannskap på fire, utanom skipperen. Ola Tøllevsen på Tronhus døde i mars 1844, og i 1845 var det ifølgje lensmann Ola Kjeldseth gardmannen Lorents Hansen Bartnes på Sandvollan, Inderøya som hadde overtatt jekta «Lykkens Prøve». Han hadde ho enno i 1847. Med sine 14 år var ho da den eldste jekta på Inderøya. Året etter var ho borte frå fartøylistene.
Peter Andreas Kjeldseth (1813 – 1870) kom frå Ytterøya og var bror til lensmann Ola Kjeldseth på Inderøya. Som ungdom kom han til Lønnem ved nordenden av Børgin i Sparbu, vart kontorbetjent hos sorenskrivar Nannestad på garden Vika i Inderøy og flytta til Kristiania rundt 1835. Her vart han tilsett i Revisjonsdepartementet, gifta seg i Oslo Domkyrkje i mai 1836 med Jensine Glad frå Gjerpen og fekk seks born. Eldste dottera var Rosa Constance Sophie, fødd 28.oktober 1836, og ho vart seinare gift med Aasmund Olavsson Vinje.
Henrik Trana greidde ikkje heilt å halde lovnaden om å betale dei 250 dalarane til Peter Andreas Kjeldseth innan januar 1834. Sommaren 1835 stod det enno vel 87 dalar att av gjelda, og fram til desember 1837 hadde ikkje Henrik klart å betale tilbake ein skilling til. Pantet stod derfor fast: «.. min eiende ½ part i Jægtfartøyet Lykkens Prøve» .
Vintertinget for Inderøy tinglag i 1837 vart halde på Sundnes den 29.mars. Her vart det tinglyst eit «Sikkerhedsbrev» der det sto :
Paa Grund af at jeg undertegnede Ole Molde den 20de d.M. har kjøbt en 6te Part i et Henrich Trana af Sparboen tilhørende Jægtfartøi kaldet Lykkens Prøve for den Summa 50 femti Speciedalere, er det jeg herved til Sikkerhed for bemeldte Pengebeløb, pantsætter med 1ste første Prioritet mine ved Strømmen staaende Husebygninger og alt mit Løsøre hvad jeg nu eier eller eiendes vorder. Dette til Stedfæstelse under min Haand i 2de Vidners Overvær.
Strømmen den 28de Marts 1837 Til vitterlighed: P Irgens Tønder
Ole Molde
m s P
For 50 dalar hadde altså Ola Molde kjøpt ein sjettepart av jekta «Lykkens Prøve» den 20.mars 1837, og svogeren sokneprest Peder Borch Tønder og leigebuaren hans Paul Irgens på Li prestegard skreiv under som vitne.
Men dette at Henrik Trana i desember 1837 nyttar halvparten av jekta «Lykkens Prøve» som pant for gjeld, sjølv om Ola Molde hadde kjøpt ein sjettepart i mars, kan tyde på at Ola sitt eigarskap enten var svært kortvarig, eller at det var meir proforma.
(her må ekstrarettsprotokollen sjekkas for tinglese fartøyskøyte)
Gjennom rapportane frå lensmann Kjeldseth på Inderøya har vi ei god oversikt over jektene som hørte heime her gjennom 1840-talet . Vi går no inn i den tidsperioden som ettertida kallar storjekttida på Innherad – ei oppblomstringstid for jektefarten og ei tid da dei bygde jektene større enn før. Oppblomstringa hadde å gjera med endringar i handelslovene og i stort behov for trevirke i Trondheim etter fleire bybrannar.
For Inderøya sin del kan det sjå ut som om denne «oppblomstringa» begynte på 1830-talet. I 1828 registrerte styresmaktene 13 jekter frå Inderøya, og ti år seinare – i 1838 – opplyste Inderøy-lensmannen at det var 20 jekter i drift frå hans lensmannsdistrikt . La oss så sjå kva som skjer i jektefarten frå Inderøya gjennom 1840-talet:
1840 1841 1842 1843 1844 1845 1846 1847 1848 1849
23 23 24 20 23 25 20 19 17 24
Ei akkurat rivande utvikling i talet på jekter ved innleiinga av den såkalla storjekttida finn vi ikkje for Inderøya sin del. Små variasjonar var det frå år til år, men ingen eintydig tendens. Men stillstans i jektetrafikken var det ikkje. Berre åtte av dei jektene som var registrerte i 1840 segla framleis da tiåret tok slutt. Det var altså store utskiftingar i jekteflåten, og det var ein tendens til at større jekter kom til, mens dei mindre meir gjekk ut av drift. I 1840 var gjennomsnitts drektigheit på jektene 12 lestar, og i 1849 var gjennomsnittet på 14 lestar. Av dei 21 jekteeigarane som dreiv i 1840 var det åtte igjen i 1849. Vi ser at somme dreiv jektefart gjennom heile tiåret, mens andre prøvde seg berre eit år eller to. Johannes Andersson Lyngstad (1783-1858) dreiv med tre jekter kvart år på 1840-talet, så han var den største jekteeigaren på Inderøya på denne tida.
At Ola Rasmussen Molde var jekteskipper også på 1840-talet, er det ingen grunn til å tvile på, men kven han segla for, veit vi ikkje så sikkert . Han kan ha segla med jekta hans Elling Ness til han slutta med jektefart i 1842. Husmannen Mentz Mortenson Hylla under garden Austad på Røra tok over jekta etter Elling Ness, og Mentz vart trulig skipper på eiga jekt.
Mykje tyder på at Ola Molde var skipper på ei jekt frå Sparbu nokre år i første halvdelen av 1840-åra. Bonden Anders Lorntsen frå storgarden Naust fekk bygd ei jekt på 200 tønner – 11 kommerselestar – i 1837. Han kalla ho opp etter kona si – Ingeborganna Kristiansdotter frå Sund, så jekta fekk namnet «Ingeborgranna». Denne jekta hadde Anders Naust fram til 1844, da sonen Mikal Andreas Naust tok over som jekteeigar. Kva får oss til å tru at Ola Molde skal ha vore var skipper på jekta hans Anders Lorntsen på Naust? Jau, forliksprotokollen for Inderøy fortel oss at Anders Lorntsen på Naust og grannen hans, Lornts Kristian Kristensen på Tønne, i 1842 reiste eit felles krav mot Ola Molde på 24 spesidaler 44 skilling . Den 28.mai 1842 skreiv Lornts Tønne ei fullmakt til Anders Naust, slik at Anders kunne representere dei begge hos forlikskommisjonen på Inderøya . Her skreiv Lornts at Ole Molde skulda han sju dalar og ei ort, og at han ville reise sak «imod Ole Maalde ved Strømen for Jæld for en Byreisses afhandlede varer for mig». Altså hadde Ola Molde vore på garden Tønne i Sparbu, fått med seg varer – trulig trevirke eller landbruksprodukt – om bord på jekta han førte, segla til Trondheim og selt varene. Så hadde ikkje Lorentz fått oppgjeret sitt frå salet. Om varen til dømes var potet, betyr det at Lornts mangla oppgjer for 18 tønner, med dei potetprisane som var på denne tida. Etter som Anders Naust og Lornts Tønne hadde felles krav mot Ola Molde, er det rimelig å tenkje seg at jekteskipperen frå Inderøya hadde hatt same oppdraget for dei begge. Men kravet frå Anders på Naust i 1842 var så mykje større enn Lornts Tønne sitt. Det var på heile 17 dalar og 20 skilling. Det kan jo bety at Ola Molde hadde selt fleire varer for Anders enn for Lornts, men det kan også ha samanheng med at Anders på Naust jo var jekteigar. Det gir inga meining at Anders Naust leigde plass for varene sine på andre fartøy når han hadde jekt sjølv. Derfor er det høgst sannsynlig at Ola Molde var skipper på jekta «Ingeborganna» i tida rundt 1840 og utover, og at noko av kravet frå jekteeigaren Anders Lorntsen på Naust hadde med det å gjera.
Det kan hende det var litt kamp om stillingane som jektskipper òg. Sjølv om det var fleire jekter i drift, så var det mange jektlyrar som hadde mange års erfaring om bord, også som skipperar. Kanskje var det heller ingen fordel for Ola Molde at han begynte å trekke på åra? Lang erfaring, sterk og dyktig, javisst, men det var fleire yngre karar som begynte å melde seg på, til og med i Ola sin eigen familie. På nyåret 1849 vart ikkje Ola Molde hyra som jekteskipper. Og kva gjorde han så? Nei, den gamle kjempen – han var no enno berre knapt 60 år – ga seg ikkje så lett: Han mønstra på jekta «Martha Anna Bergitha» av Trondheim . Det var Jakob Eriksen Rønne som var skipper og eigar av denne jekta i 1849.
Jakob var opprinnelig frå Ørlandet, fødd i året 1800, budde på Bakklandet nokre år, flytta så med kona Anna Abahamsdotter til Kolvereid og kom i 1848 tilbake til Bakklandet. 18.april 1848 var han på Lyngstad på Inderøya og kjøpte Andreas Andersen Lyngstad, Nikolai Sivertsen Kjelvika og Iver Sivertsen Sumstad sine tre femdelar av jekta «Martha Anna Bergitha» for 240 spesidalar. Og tre veker seinare var han tilbake på Inderøya på garden Letnes hos Andreas Rasmussen og kjøpte hans to femdelar av jekta.
Den 27.januar 1849 meldte skipper Jakob Rønne at han segla frå Trondheim og nordover med jekta si på reise til Lofoten. Det var ei mellomstor jekt, ho var på 19 ½ kommerselestar, altså om lag 350 tønner, og om bord på ei slik jekt var det vanlig med eit mannskap på tre-fire mann, utanom skipperen. Slik var det ikkje om bord i Martha Anna Bergitha. Her hadde Jakob Rønne tatt med sju mann, utanom seg sjølv! Kva gjorde han det for?
La oss først sjå etter kven dei var:
matros Jørgen Elias Clausen (21) frå Trondheim
jektmann Ole Molde (64) frå Inderøya
jektmann Ole Ingebrigtsen Opphaug (28) frå Ørlandet
jektmann Tobias Jonsen Opphaug (25 ½) frå Ørlandet
jektmann Edvard Kristian Opphaug (22 ¾) frå Ørlandet
jektmann Johan Pedersen (19 ½) frå Trondheim
jektmann Peter Olaus Næss (17 ½) frå Inderøya
Vi ser med ein gong at tre av dei sju karane var ørlendingar, frå skipperen sin fødestad. Ein rask sjekk viser at matrosen Jørgen Elias Clausen også var fødd i Ørland prestegjeld, men kom flyttande til Trondheim med foreldra sine berre som liten gut . Han var søstersonen til skipper Rønne. Dei to inderøyingane var Ola Rasmussen Molde og nest yngste sonen hans, Petter Olaus Næss . Johan Pedersen frå Trondheim har enno ikkje valt å presentere seg nærmare for oss. Men mannskapslista gir oss informasjon om kvifor skipper Rønne har med seg alle desse karane på turen nordover. For dei alle står dette: Nyder ingen Hyre, men skal drive Fiskerie paa egen Regning i Lofoden. Så slik er det altså. Dei sju karane skal nordover på Lofotfiske! Ikkje først og fremst på fiskeoppkjøp, og arbeid med flekking og salting om bord i jekta. Vi ser for oss at opplegget er slik: Dei sju karane seglar med skipper Jakob Rønne utan mannskapshyre, dei har med seg eit par færingar og fiskereiskap på jekta, driv fiske på Lofothavet sjølve og sel fisken til skipper Rønne på jekta Martha Anna Bergitha eller flekker og saltar om bord i jekta, mot ei eller anna slags form for betaling eller godtgjerdsle til Jakob Rønne. Dermed har skipperen sikra seg oppgjer for turen, og fiskarane har sikra seg mottakar på førehand. Det kan godt vera at Ola Molde alt året før hadde gjort avtale med Jakob Rønne om å reise med jekta hans nordover til Lofoten. Da Rønne var på Lyngstad på Inderøya og avgjorde kjøpet av jekta i april 1848, var Ola Molde der og skreiv under som vitne .
• Er det fleire jekter som gjer noko liknande? Kor vanlig er denne måten å gjera det på?
xxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxx
I 1849 var det eit par av Molde-karane som reiste nordover Norskekysten med dampskip. Kva ærend dei hadde anna enn sjølve opplevinga, er uklårt. Den 6.juni gjekk Ola Molde om bord som passasjer på dampskipet «Nordcap», og ifølgje passasjerlista, som var trykt i Adresseavisa den tida, reiste Ola nordover til handelsstaden Hamnvik på Rolløya i Sør-Troms . Da «Nordcap» så kom tilbake til Trondheim på same turen nordfrå den 19.juni, steig Johannes Molde, Ola sin eldste son, i land i Trondheim. Etter passasjerlista kom han da frå Tromsø . Det verkar påfallande at far Ola reiste nordover til Troms på nordgåande rutebåt og så kom sonen Johannes heim med same båt på sørgåande? Det er rart om det ikkje er ein samanheng her, men han kjenner vi ikkje.
Hjuldamparen Nordcap var statens fjerde postdampskip (Constitutionen og Prinds Carl i 1827 og Prinds Gustav i 1837), og vart sett i rute mellom Trondheim og Kristiansand i 1841. I 1845 begynte Nordcap også å gå i rute mellom Trondheim og Hammerfest og alternerte med Prinds Gustav i denne ruta. Ruta Trondheim – Hammerfest gjekk frå april til august, og frå mars til september Trondheim – Tromsø. I 1845 tok turen mellom Trondheim og Hammerfest åtte døgn, og vel fire døgn mellom Tondheim og Tromsø. Nordcap vart bygd ved Horten verft, vart rigga som ein skonnert og fekk ein maskin på 120 HK.
Det ikkje kvardagskost verken for Molde-karane eller for vanlige folk elles å reise med dampruta langs kysten enno i 1840-50-åra. Både far Ola og son Johannes Molde reiste berre ein veg med dampskipet, så dei må ha hatt annan skyss motsett veg. Begge hadde vore nordover ein tur før i 1849. Ovafor er det fortelt om at Ola Molde den 27.januar reiste på jekta «Martha Anna Bergitha» til Lofoten i lag med nest yngste sonen sin, Petter Olaus Næss , på Lofotfiske i lag med fire andre . Johannes Molde reiste som kjentmann på jekta «Martha Marie». Ho segla frå Trondheim 1.februar. Skipper var stjørnværingen Johan Arnt Møller, og jekta skulle først til Lofoten og derifrå vidare nordover. Utanom kjentmannen hadde «Martha Marie» eit mannskap på to: Matrosen John Olsen Storfosen og jektmannen Jakob Olsen Næss frå Inderøya. Jakob var Ola Molde sin son og Johannes sin yngre bror. Dei var tilbake i Trondheim 5.mai.
Kva ærend Ola Molde hadde oppe i Sør-Troms i juni 1849, kan vi berre spekulere på. Det kan sjølvsagt ha hatt noko med fangsten frå Lofotfisket å gjera. Skulle han hente tørfisken som hadde hengt på hjell der oppe? Men kva hadde han heilt oppe i Troms å gjera? Og Johannes, han må ha reist oppover til Tromsø som passasjer på eit fartøy ein gong i mai i eitt eller anna ærend. Og så fekk han det så travelt med å kome seg heim at han måtte spandere på seg billett med dampskipet. Kanskje, men kva var det som i så fall hasta slik for Johannes?
Jau, svaret finn vi antakelig i kyrkjeboka for Bakke sokn:. Han skulle gifte seg . Det var lyst tre gonger for Johannes Molde frå Inderøya og Beret Nes frå Bjugn i Bakke kyrkje alt i november 1848. Både Johannes og Beret budde på Bakklandet på denne tida. Så hadde vel bryllupet vorte hefta ei tid medan Johannes var ute på reiser. Utpå forsommaren 1849 merka kanskje den komande brura at det begynte haste litt med giftemålet, og da brudgommen vart hefta nordafor, kanskje med kontrari vind og det som verre var, er det trulig at han bestemte seg for å ta rutebåten sørover. Dette blir no berre spekulasjonar, men gudsens sanning er det at vel ei veke etter at Johannes Molde steig i land i Trondheim frå dampskipet Nordcap, stod han brudgom i Bakke kyrkje.
I fem år, frå 1844 til 1848, hadde Peter Jonson Sakshaug eit fartøy på tre lestar, altså meir ein storbåt enn ei jekt. Det er ikkje urimelig å tenkje seg at Ola Molde segla med den. Og kvifor ein slik tanke? For det eine at det blir nemnt i tradisjonsmaterialet rundt Ola Molde at han også segla med storbåt. Og for det andre at Ola vart skipper på den jekta Peter Sakshaug fekk bygd i 1849, som avløyste storbåten. Det er ikkje utenkelig at skipperen følgde med over frå det gamle til det nye fartøyet. Det blir no berre spekulasjon, men sikkert er det at 8.januar 1850 segla jekta «Syv Brødre» ut frå Trondheim, utover Lyngholmråsa, dreidde nordover Frohavet og så vidare nordover med Lofoten som mål. Ved roret stod skipper Ola Molde, og med seg hadde han eit mannskap på fire , jektlyrar, dei kalla. Det var Lornts Haugberg, Petter Sundfær, Jakob O Næss og Lars Hamsås . To av desse er det greitt å identifisere, den tredje kan vi vera bra sikre på, men den fjerde veit vi ikkje kven var. La oss helse på dei:
Lars Olsen Hamsås var fødd på ein av Skogtrøplassane under garden Hamsås på Inderøya i 1809, og etter at han gifta seg med Anna Dortea Eriksdotter i 1838 fortsette dei som husmannsfolk i Skogtrøa. Dei fekk fleire born. Ut i 1850-åra flytta dei til ein husmannsplass under garden Kvistad.
Jakob Olsen Næss var fødd i Straumen på gardsvaldet til garden Ness 28.juli 1829. Han var nest eldste sonen til Ola Rasmussen Molde og Helena Jonsdotter, og følgde altså far sin som jektekar. Han vart også jekteskipper i 1850-åra. I 1852 flytta Jakob til Trondheim, og på denne tida begynte han å segle utanriks. I 1860 mønstra han på barken Sverre av Trondheim med skipper Peter Jakob Olsen Brechan på reise frå Trondheim til Frankrike. I desember 1861 var dei i Odessa, og her mønstra Jakob Molde av frå Sverre og fekk hyre på eit dansk skip.
Lorents Haugberg er trulig husmannen Lorents Larsen, fødd 7.april 1826 på Undersåker. Foreldra var gardbrukarar på Undersåker frå 1826. Lorents gifta seg med enka Elen Bergitta Eliasdotter Bruås, og dei flytta til husmannsplassen Svian under Haugberg.
Peter Sundfær har det ikkje late seg gjera å identifisere. Handelsmannen Lorents Didrich Muus frå Snåsa kom til Sundfær og begynte landhandel i 1832, og like etterpå kjøpte han garden. Peter kan ha vore i teneste hos Muus. Strandstaden Straumen låg dels under gardsvaldet til Ness og dels under Sundfær. På same vis som Jakob Olsen vart kalla Næss og budde i Straumen, kan også Peter ha budd her og vorte kalla Sundfær. Det kan også hende at denne Peter Sundfær var ein som stod skipper Ola Molde nært. Det kan ha vore Petter Olaus, nest yngste sonen til skipper Molde. Petter var 18 ½ år på denne tida, og høgst kapabel som jektlyr.
Kanskje var det altså tre Molde-karar om bord i jekta «Syv Brødre» på Lofot-tur?
Jekta «Syv Brødre» frå Inderøya var ei av dei første fartøya som segla ut frå Trondheim og nordover til Lofoten i 1850. Ho segla ut i lag med jakta «Alida Charlotte» med skipper Peter Laurits Øien frå Trondheim
Ein heil armada segla frå Trondheim til Lofoten denne vinteren: Ikkje mindre enn 73 fartøy i januar, 25 i februar og fire i mars. Dei var ute på den berømmelige slofarten, altså oppkjøparar som kjøpte råfisk av fiskarane, flekka og salta om bord i fartøya og tok med seg fisken til tørking på klippfiskberga sørover langs kysten. I andre halvdelen av mai 1850 segla ei ny flåte av fartøy frå Trondheim til Lofoten, i alt 40 fartøy. No vart tørrfisken plukka ned frå hjellane, kjøpt opp av fartøyskipperane, lasta om bord i fartøya og segla sørover til Trondheim. Her vart både klippfisk og tørrfisk tatt om bord i større skip og eksportert til sør i Europa.
I alt vart det registrert 263 innanriks avreiser – fordelt på 171 ulike fartøy – frå Trondheim i året 1850 , og av desse var det altså 142 reiser til Lofoten. Det fortel kor viktig Lofotfisket var også for jektefarten frå Trondheim og for handelen i byen. Sambandet med andre kystbyar var også ein del av bildet, særlig Kristiansund og Bergen, men og så Kristiania, Ålesund, Hammerfest, Namsos og Tromsø. I juni var 15 fartøy som la ut på marknadshandel, det kan ha vore til Nærøymarknaden på Namdalskysten eller kanskje til den store Bjørnsmarknaden på austsida av Dønna på Helgeland , som begge gjekk føre seg midt på sommaren. I september segla fem fartøy til marknaden i Overhalla og jekta «De tvende Brødre» til Veblungsnes i Romsdalen på marknadene der. Ingen fartøy segla til marsimarknaden på Levanger dette året. Frå starten av august og ut desember var det 27 fartøy som segla ut frå Trondheim på sildeoppkjøp. Sildefisket varierte, så her måtte oppkjøpsfartøya ligge klare og segle så snart det kom bod om sildesteng ein eller annan staden.
Ved midten av 1800-talet høyrde fleirtalet av Trondheimsjektene heime på Bakklandet. O J Johansen fortel det slik : I midten av det forrige århundre var det omkring 60 skib og fartøier hjemmehørende på Baklandet. Forstadens handelsmenn og redere utsendte sine skuter på handelsekspedisjoner både nordover og sydover og delvis også til utlandet. I begynnelsen av januar måned var det liv i Elva, når Baklandsjektene tok inn salt, varer og gjorde sig klar til Lofottur. Så snart lasten var inntatt og vinden blåste fra land, hivet alle fartøier sine anker op under sang, musikk og larmende støi.
De hvite seil blev heist, og Baklandsflåten drog ut på nordlandsferd. På nordlandsturen var jektene lastet med alle slags varer. De fleste hadde kaffe, tobakk, sukker, mel, gryn, erter og andre kolonialvarer, samt smør, gammelost og flesk. Andre hadde jernvarer, taugverk, fiskeredskaper, manufaktur, kortevarer, strømper, vanter, lær, skotøi, tresko, vadmel, ullgarn, papir og kortstokker m. m. m. Skipperens kahytt akterut var helt innredet som en butikk. Alle varer blev solgt eller bortbyttet i Lofoten eller Finnmarken. Til last for hjemturen blev råfisk innkjøpt, som saltedes løs i rummet, og samme blev losset ute i distriktene og tørret til klippfisk.
I juni måned sendte mange av Baklandets kjøbmenn sine jekter på handelsturer til de Nordlandske og Namdalske markeder for å selge varer av alle slags. Det første marked begynte i juni på Stokmarknes. Når dette marked var slutt, blev det fortsatt til markedene på Sleipnes i Helgeland, Bjørn på Dønna, Tyldrum ved Brønøy, Rørvik (i Nærøy) og Mehlen i Overhalla (ved Namsen).
Det var alltid bare 8 dager mellem hvert marked, og på grunn derav var disse markedsturer mange ganger meget anstrengende for mannskapene ombord, da det absolutt gjeldt å komme frem i rette tid. Hvis det inntraff blikkstille vær, så det ikke nyttet å bruke seilmakt, var det ingen annen utvei enn å sette sig i båten, ta årene fatt og buksere jektene frem til bestemmelsesstedet. I slike tilfeller måtte jektmannskapet ofte sprengro i flere døgn i sommervarmen så svetten drøp utav buksebaken. Efter hjemkomsten fra Lofoten og markedsturene blev fartøiene bredd, malt og oppusset.
I juli eller i begynnelsen av august drog man atter på Nordlandsferd. Mange av Baklandsjektene seilte også i fraktfart på kysten og formidlet den vanlige varetransport som i våre dager besørges av dampskibsrutene. Andre seilte på handelsturer med varer og tomtønner. Disse saltet som regel sildlast for hjemturen eller tok med tørrfisk, rogn og tran. I høsttiden sendte Baklandets større kjøbmenn sine jakter og galeaser med sildlaster til Bergen., Oslo, Kjøbenhavn og Øsersjøstatene.
«Syv Brødre» var ei ganske stor jekt på 22 kommerselestar, altså rundt 400 tønner, kanskje ei av dei største jektene Ola Molde hadde vore skipper på. Om han segla fleire turar med denne jekta, eller om det vart berre med denne eine slofart-turen til Lofoten på nyåret 1850, veit vi ikkje. I januar 1853 veit vi at «Syv Brødre af Inderøen» vart ført av ein annan skipper. Den 19. januar segla ho ut frå Trondheim med J.Sundfærd ved rorpinnen .
Eigaren av «Syv Brødre» var Petter Jonson Sakshaug. Han var husmann frå Øver-Grava på Leksvikstranda. I 1831 flytta han med kona Ingeborg Larsdotter og fire ungar til Inderøya, og i 1833 kjøpte han garden Vestre Sakshaug. Denne garden dreiv Petter og Ingeborg i 26 år, før dei overlet han til eldste sonen Johannes.
Petter og Ingeborg hadde i alt ni ungar. Det var dei to døtrene Karen (f 1824) og Ingeborg Anna (f 1835), og det var dei sju sønene Johannes (f 1822), Anton (f 1827), Peter Karsten (f 1830), Lorns (f 1833), Johan Petter (f 1837), Mortinus (f 1841) og Bernhardus (f 1844). Vi treng altså ikkje å fundere så mykje på kvar namnet «Syv Brødre» vart henta frå.
I dei historiene som har levd på folkemunne om kraftkaren Ola Molde blir det fortalt at han segla for Hermann Løchen på Sundnes . Her kjem det fram at han segla på fjorden med potet og andre varer for Løchen, og det blir også påstått at han var på reiser til England i ærend for Løchen. Vi veit ikkje kor mykje av dette som verkelig har hendt, men det er all grunn til å tru at Ola Molde segla med fartøy som hørte Løchen til, eller at Ola var med og frakta varer til og frå Sundnes på andre fartøy.
Hermann Løchen var fødd i Drøbak i 1822. Han vart lært opp i spritbrennerifaget av far sin, som først hadde brenneri i Drøbak og seinare i Oslo. På garden Sundnes på Inderøya starta den daverande eigaren Mattson frå Sverige med brenneri i 1845-46, og han fekk Hermann Løchen til å kome dit og hjelpe seg i gang. Så gjekk det slik at Løchen kjøpte heile garden av Mattson i 1847, og gjennom åra som kom, bygde han Sundnes opp til eit mønsterbruk i nasjonal målestokk. Løchen gifta seg med Anne Margrethe Jensen frå Vinnan i Mosvika i 1848, og dei fekk etter kvart åtte døtrer og ein son.
På Løchen si tid var jordvidda på Sundnes 1400 mål, og i tillegg hadde garden 22 husmannsplassar. Med tida vart 1100 mål dyrka. Sonen Håkon, som var avismann og grunnleggjar av avisa Nidaros, skreiv i ein minneartikkel i Nidaros i 1922 (hundre år etter farens fødsel) at dei på Sundnes kjørte inn 2000 dobbeltspente lass med høy, tok opp 6000 tønner potet og hadde 425 klavebundne naut på fjøset. A O Vinje, som budde på Sundnes i 1860, skreiv i Ferdaminne om dei enorme byggåkrane, 300 mål bygg og 100 mål rug og kveite, og meinte at desse åkrane ville gi minst 1100 tønner korn. Løchen var med og fekk i gang dampskipsfart på fjorden frå 1856 med dampskipet Nidaros, som han hadde aksjar i, etablerte dampskipsekspedisjon i Sundneshamna og her starta han også landhandel.
Løchen var ein kulturperson, som samla mange av tidas fremste kulturkjendisar på Sundnes: Vinje, Bull, Asbjørnsen, Moe. Han dreiv brenneriet på Sundnes, som var i drift sju månader i året og brukte 150 tønner potet i døgnet; destillerte Sundnesakevitt og hadde eige ølbryggeri. Han starta også meieri på Sundnes for å nytte ut all mjølka som dei produserte på garden.
Hermann Løchen satsa stort over alt, ofte i høgt tempo. Han brukte mykje kapital både på eigen gard, på gardar han kjøpte og på mange investeringar og satsingar i og utafor bygda. Han berga seg så vidt unna konkurs i 1867. Gjennom fleire år ala han opp oksar som han selde til England. Eitt år skal Løchen ha sendt 300 oksar med dampskipet «Tasso» til England. Siste sendinga dit gjekk våren 1874, men da hadde prisane stupt etter den fransk-tyske krigen, så oppgjeret dekte knapt nok frakta. Dette gjorde trulig utslaget da Løchen gjekk konkurs i 1875. Han prøvde å starte opp att, men så vart han sjuk og døydde på Sundnes våren 1876 .
Sjølvsagt rådde Hermann Løchen seg med eige fartøy, som han brukte til å frakte varer til og frå Sundnes. I 1848 kjøpte han ei jekt på 10 kommerselestar av Jakob Person Hø. Ho var ni år gammal da Løchen kjøpte ho, rekna som ei halvgammal jekt på den tida. Jakob Hø hadde kjøpt denne jekta av Ola Kristoffersen Ulvin året før, og Ola Ulvin hadde da hatt ho 3-4 år. Trulig var det Pål Ivarson Jystad som hadde fått bygd denne jekta heime på garden sin i 1838, men han brukte ho berre eit år eller to. I åra 1848 til 1853 står denne jekta ført opp i fartøylistene med Hermann Løchen som eigar.
Tirsdag 5.desember 1854 stod denne notisen i Adresseavisa:
Throndhjem den 4de Decbr:
Fra Løverdag Aften til igaarmorges rasede her en voldsom Storm med Snefog. I Stormen omtr. Kl. 7 Løverdag Aften forliste en Jægt, ført af Ole Molde fra Værran og ladet med Ved, efter at den iforveien paa Strindfjorden havde mistet Seilet. Den drev ind i Størdalsfjorden, gik fuld og kantrede efter at Folkene havde forladt den. Da den imidlertid er tørnet op for Ankeret har man Haab om at faa bjerget Skrog og Rig, hvorvel i ramponeret Tilstand, ligesom og den største Del af Ladningen er drevet i Land.
Kan det ha vore Hermann Løchen si 15 år gamle jekt som Ola Molde kollsegla med laurdagskvelden den 2.desember 1854? Løchen var i Mosvika og fikk bygd jekta «Rosine Margrethe» på 7 ½ kommerselestar i 1855. Og han drog til Skogn midt på 1850-talet og kjøpte ei jakt på 16 ½ kommerselestar . Ho fekk namnet «Anna Margrethe», oppkalla etter kona hans Løchen. Så vi kan slå fast at Løchen etter 1854 erstatta den første jekta si – som det aldri er opplyst namnet på – med to andre fartøy. Gammeljekta var ikkje meir i bruk.
Enn om vi tek ein tur til Straumen på Inderøya, kanskje i jula 1854, troppar opp utafor Moldestu, bankar på og spør om han Ola sjølv er heime? Det er vel helst ho Helena Jonsdotter, kona i huset, som møter oss.
Jau, han Ola er heime, men om han vil treffe oss er ho Lena meir usikker på.
– Æg kan no hør etti, seier ho og går inn i den vesle stua.
Ho kjem fort tilbake og fortel at han Ola ligg og kviler, men da ho får høre at vi har ei flaske akevitt med oss, trur ho sikkert at kvila snart er over, ja.
Det er halvmørkt inne i stua hos ho Lena og han Ola. Sjølv sitt han for enden av bordet på ein skinnfell i ein stor kubbestol, og vi blir vist plass på benken attmed. Ho Lena kjem og sett eit talglys på bordet, så no ser vi Mollen betre. Du verden. Vi har hørt at han var stor, men dette ….! For nokre nevar! For ein brystkasse! Utover dei enorme akslene fell ein grå hårmanke. Eit par skarpe auger følgjer oss gjennom hår og skjegg. Vi forstår at denne karen tullar du ikkje med.
Kva det er vi vil? Jau, ønske han god jul, by han på ein dram og høre om det som skjedde på Strindfjorden for godt og vel tre veker sia. Nå, han veit no ikkje akkurat om det på fjorden er så mykje å snakke om, men etter eit par-tre drammar kjem han på gli.
Han Løchen sendt bu etti mæg. Han skull så absolutt ha fått ein farm med bjørkved inn åt byn, sa’n. Om æg kunn få med eit par mann og ta laus jekta og seggel inni Verran og hent denner veden? Æg vesst så vel: Du sei itj nei åt’n Løchen! Men såpass sa æg at om vi no kjem oss åt Trondhjæm by med eit vedlass og velberga heim igjen, så e det i allfall itj den gammel jekta di si skyld, sa æg. Da flirt’n han Løchen, og slo mæg på aksla.
– Å, du har vært ute en vinterdag før du, Molde, efter hva jeg har hørt, sa’n.
Det va sist i november. Jekta låg meir eller minder klar, så gammel ho va. Æg fekk med to jektlyrar. Det va synnavind. Vi hadd rom vind innover åt Framverran, og vedlaet låg klart. Ein tre-fir stakkalunga villa meir enn gjern tjen sæg ein skjelling, så vi fekk lasta jekta på ein halv dag. Heilt oppåt vaterbordet stabla vi veden. Flakern la vi igjen heim. Og da bynt’n å trekk på aust og nord, så jaggu fekk vi bør tebakers òg. Han stod sæg frammed Mosvika og gjennom Nordviksundet og vi segla bra heile fredan. Om kvelden tok vi hamn i Nordhamna på Tautra, og da rekna vi med at vi skull vera i Trondhjæm i rett tid om laurdan.
Men da vi vetta segl på laurdagsmorran hadd’n spakna. Enno va det såpass at vi hadd styringsvind, så vi hadd både forseglet med tre bonetta og toppseglet opp. Det gjekk seint, utpå dan va vi enno itj mefjords, og da stilna’n heilt. Så sjer vi han svartne te vestover ut fjorden. Snøkava og vind. Han grov opp sjøn på inga tid. Jau da tok ho lammongen i kjeften gammeljekta, ja. Vi strauk toppseglet og reiv unna to bonnett. Æ bynt å gå a skjevver for å demp farten. Gong på gong måtte vi vende opp, halskaren og kokkguten med skautet og eg med styret og brasen. Så hekta brasen seg fast etter at skautet var gått. Ein smell, og den gamle råa rauk beint åv. Seglet fauk over bord, og vi var utan styring.
Jekta la seg på sida mot vêret, vedfarmen rasa til sida. Heldigvis for mykje av farmen på sjøen, så ho retta seg før ho gjekk rundt. Vi dreiv inn Stjørdalsfjorden, og eg trudde ei stund vi kunne kome inn mot Hommelvika og tørne for anker og ta fast der, men stormen dreidde for mykje på vest og sør, så vi dreiv meir nord mot Vikbukta, der vinden stod rett inn. Æg venta så lenge eg våga før eg hauka: «La gå anker!» Ankeret gjekk, men ho tørna ikkje. Da sette vi ut småbåten og rodde i land. Der vart vi ståan i fjæra ved Viklandet og såg at sjøen braut over jekta, fylte ho og velta ho rundt. Så tørna ho endelig og vart liggande på ankeret. Vedfarmen flaut langs heile fjæra bortetter, noko heilt bortover mot Holmtåa.
Mollen sukkar og sett glaset fram for påfyll.
– Fekk de hjelp frå nokon? spør vi.
– Å ja, da. Det kom folk både frå Vikan-gardane og Viksjøen og frå andre stader, svarar Ola. Vi fekk husrom og tørt på kroppen og mat i skrotten, ingen fare med det. Det meste av veden vart berga i dagane etter, men jekta hans Løchen hadde segla sin siste tur. Slik som eg, sukkar han, tømmer glaset, takkar for skjenken, tek med seg flaska og går.
Vi takkar for oss og går, vi òg.
Om det var akkurat slik dramaet på Strindfjorden 2.desember 1854 gjekk føre seg, veit vi sjølvsagt ikkje, men så langt unna sanninga vågar vi å tru at denne oppdikta historia ikkje er. Om dette verkelig vart Ola Molde sin siste tur som jekteskipper, veit vi heller ikkje. Han var 64 år gammal på denne tida, ein nokså gammal mann midt på 1800-talet. Og sjølv om jekteeigarane rundt fjorden visse om Ola Molde og den lange fartstida hans med styrepinne i den kraftige neven, hjelpte nok ikkje uhellet på Strindfjorden på tiltrua som ein fartøyeigar og ein kjøpmann må ha til ein skipper. Tap av fartøy og last måtte han bera med seg, sjølv om farkosten var gammal og uvêret kom brått.
Xxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxxx (blir han nemnt i mannskapslister?)
Kva veit vi meir om Ola Rasmussen Molde sitt liv? Ikkje så mykje, kanskje, men tre små forteljingar basert på skriftlige kjelder må vi ha med. Dei er alle tre frå 1830-åra. Den første historia handlar eigentlig ikkje om Ola sjølv, men ho fortel likevel ein god del om han og korleis han stod på for å skaffe mat på bordet og kleda på kroppen til familien og seg sjølv.
Det var i 1830. Den våren kom det ny prest til bygda: Peder Borch Tønder . Han hadde tydeligvis sett seg føre å gå kritisk igjennom prestebolets inntekter da han kom til Li prestegard på Inderøya. Kanskje hadde ikkje presten før han i embetet, gamle Job Dissingthun Bødtker, greidd å halde orden på alt dei seinare åra? Tønder tok seg ein tur rundt i bygda og besøkte dei gardane som hørte presteembetet til, og som presten dermed skulle ha inntekter frå. Han ville vel sjå etter om dei var godt drivne og halde i god hevd, slik bygselavtalane med leiglendingane kravde. Kanskje var han særlig interessert i å sjå nærare på garden Sakshaugvang, for der hadde bygselmannen Nils Nilson problem med å betale den årlige landskylda. Kanskje hadde presten hørt rykte om at det ikkje stod så bra til på Sakshaugvang?
Nils Nilson var fødd i 1779, og han var son av Nils og Mali Sakshaugvang, som dreiv garden fram til 1805. Da fekk sonen Nils bygselbrev frå sokneprest Bødtker . Han hadde garden fram til 1834. Mortinus Torberson Sakshaug forpakta garden i 1834-1835, men 3.mars 1835 fekk lensmannen i Inderøy, Ole Kjeldseth, skøyte på Sakshaugvang, og han bygde opp garden til eit mønsterbruk.
Trulig vart ikkje presten Tønder gledelig overraska da han kom til Sakshaugvang. Ryktet viste seg å stemme. Fleire av husa på garden var i dårlig stand; ja, presten meinte nokre av dei rett og slett stod til nedfalls. Og gjerda, som skilde innmark frå utmark og den eine garden frå den andre, var stort sett rotna ned over alt. Seinhaustes 1830 sende Tønder Poul Irgens, ein kar som «conditionerede hos Pastor Tønder», og to vitne, svogeren Ola Rasmussen Molde og Ola Andersen Berg i Straumen, til Sakshaugvang for å få rydda opp i forholda . Dei såg over garden, både ute og inne. Jau, Nils Nilson var berre velvilje, han. Husa skulle han straks begynne å sette i stand, og gjerda skulle han sette opp. Så gjekk det ikkje akkurat slik. Det var dei som meinte at Nils i staden for å arbeide på garden, heller trivdes med «hyppige og lange Besøg hos Gjæstgiveren» . Eit år seinare var lite og ingenting gjort på garden. Og no var det også kome for ein dag at Nils lånte ut jord av Sakshaugvang til andre, og i tillegg selte han ut høy og halm frå garden. Dette meinte Tønder var dårlig gardsdrift, som førte til at garden tapte seg år for år. Det vart ein runde i forlikskommisjonen alt i februar 1831, utan resultat. Da stemna Tønder leiglendingen sin for retten. Han ville seie han ut frå garden og få seg ein ny drivar, og han ville krevje Nils Nilson for åbot. Det vart tatt åbotstakst, og pastoren kravde leiglendingen sin for 226 spesidalar og 42 skilling. Nils gjekk i forsvar. Han og kona Margrete Jakobsdotter hadde ein stor barneflokk, så dei hadde mykje å kjempe for. Ikkje ville Nils betale åbota, og ikkje ville han vekk frå garden. Så vart det rettsak i november 1831, og ho er interessant for oss.
Saka i seg sjølv er ikkje av særlig interesse for historia om Ola Rasmussen Molde. Derimot er nokre opplysningar som kjem fram i saka, med på å fortelje oss noko om Ola Molde og familien hans sitt liv. Ola stod sjølv fram som vitne nr 1 da retten vart sett i Straumen på Inderøya 7.november 1831, og her fortel han ikkje så reint lite om korleis han og familien hans stod på for å ha mat på borden kvar dag.
Ola fortalte i retten at han var strandsittar og budde i Straumen på Inderøya. Han var 43 år gammal, sa han. Det var feil, for han var så vidt fylt 41 år. Så opplyste han at han var «Fuld Broder til Pastor Tønders Frue», og det hadde han sjølvsagt heilt rett i. Da dei begynte å spørje Ola om Nils Sakshaugvang, fortalte han at han var kjent med at Nils av og til om åra hadde selt unna dyrefor frå garden. Han minnes særlig ein gong for rundt fem år sia, da Nils overlet fire eller kanskje fem lass høy til Ola og bad han om å frakte høyet til Trondheim og selje det der. Dette kan Johannes Estensen Sakshaug stadfeste, sa Ola, for Johannes var med og frakta høyet ned til sjøen og fekk det om bord i fartøyet. Også Jakob Sivertsen Sakshaug veit om dette, for Ola hadde med høy til byen også frå han på same turen. Ola kjem på at Nils Sakshaugvang bad Ola om at han ikkje måtte fortelje noko om dette til sokneprest Bødker.
Her får vi altså vita at jekteskipperen Ola Molde hadde små fraktoppdrag for bøndene på Inderøya rundt midten av 1820-åra. Skipperen hadde ansvaret for frakta, og han stod for salet av varene inne i byen. Det var på denne tida han segla med Fru majorinne Angell si jekt «Helene den Blide».
No fekk Ola Molde spørsmål frå prokurator Holm om han visste at Nils Sakshaugvang let andre bruke jorda på garden. Det kunne Ola stadfeste. Han nemnte opp minst sju-åtte i nabolaget som hadde fått lov til å dyrke både poteter, korn og erter på Saksvikhaugs grunn. Sjølv hadde Ola i alle fall i tre år fått dyrke poteter på garden, og det stadfestar også Nils Nilson: I 1818 hadde han ein tolvfemming med potet, i 1819 ein heil mæling og i 1825 eller i 1826 ein tolvfemming. På dei jordstykka han fekk låne fortel Ola at han dyrka mellom 20 og 30 tønner potet, og aldri under tolv tønner. Og korleis betalte Ola for det potetlandet han leigde? Jau, det var gjennom arbeid på garden eller andre tenester, fortalte han.
I eit forsøk på å sette ein verdi på kva «fremmande» brukarar hadde henta ut frå Sakshaugvang, takserte lagretten det slik: Eit lass høy inneheldt 12-13 våger, ei våg høy var verd 32 skilling, altså 3 spesidalar og 24 skilling pr lass. På ein tolvfemming vil ein normalt kunne få 14 tønner potet, ei tønne potet vart både i 1818 og 1825 betalt med 48 skilling, altså 5 spesidalar og 72 skilling for avlinga frå ein tolvfemming. På ein mæling kunne ein dyrke 20 tønner potet, så her kunne ein selje avlinga for 8 spesidalar. Det er ingen grunn til å tru at Nils Sakshaugvang var åleine om å leige ut jordlappar til strandsittarane ved Straumen. Antakelig var det heilt vanlig. Nils sitt problem var at han var leiglending og ikkje sjølveigar. Derfor hadde han ikkje full råderett over den garden han dreiv.
Vi går ut frå at Ola Molde og kona Helena brukte ein del av avlinga i eige hushald, men ein god del kunne dei også selje, først og fremst i Trondheim. Trulig var både vaksne og barn i familien med i arbeidet på åkrane, og trulig var det ikkje berre på Sakshaugvang dei lånte seg åkerjord. Vi må rekne med at dei årvisst dyrka eigen potet, trulig også korn, erter og rotvekster. I historia frå 1834 var det kålrabi Ola Molde var i byen for å selje.
Resten av vitneprovet til Ola Molde i saka mellom presten Tønder og leiglendingen hans er ikkje av særlig interesse for vår historie. Det handla om husa og gjerda på garden Sakshaugvang. Enden på striden er heller ikkje så viktig for oss. Vi merkar oss berre at lensmannen, som sjølvsagt hadde eit ord med i laget på fleire vis under handteringa av saka, var den som vart sittande som eigar og drivar av garden Sakshaugvang kort tid etter at Nils, Margrete og ungeflokken var borte derifrå.
Som vanlig var det haustmarknad i Trondheim ved Mikkelsmess også i 1834, og som vanlig var det mykje folk i byen under marknaden. Ein av dei som var der, var Ola Rasmussen Molde frå Inderøya . Han segla inn til byen med småbåten sin, trulig ein færing eller ein seksring med råsegl, lasta med ni tønner kålrabi som han hadde planer om å selje. Salet gjekk greitt, og han vart varene sine kvitt. Mens marknaden enno var i full gang, bestemte Ola Molde – han var kjent under namnet Mollen – for å reise heim til kjerring og ungar i Straumen på Inderøya. Kona hans – ho Helena Jonsdotter – var forresten ikkje heilt frisk, så Ola fann det rettast å gjera opphaldet i byen kortast råd. Ved middagstider torsdag 2.oktober tok han reisekista si om bord i båten sin, sette seg ved årene og begynte å ro ned Nidelva.
Da han var komen eit stykke nedover elva, kom han på at han hadde glømt å kjøpe med seg noko for å glede ungane sine med når han kom heim, slik han hadde tenkt – og kanskje lova? Han hadde mange små i stua si heime i Straumen, og nokre av dei skillingane han hadde tent på salet av kål og gulrot og nepe under marknaden, måtte han vel kunne avsjå for å glede ungane med. Kanskje var det fleire av dei som hadde hjelpt til i kålåkeren også? Hadde ikkje ein bakar bua si like oppe i gata her? Han kunne kjøpe bybrød åt ungane sine. Da ville dei bli glade. Som tenkt, så gjort. Ola rodde inn til kaia ved elvebreidda. Her låg jekta hans Tørres Vestvik frå Beistaden, og Ola batt båten sin fast til ho. Da han kleiv frå båten sin og opp på jekta, tok han med seg reisekista si og sette frå seg ho der. Han meinte ho stod tryggare på jekta enn nede i båten, der folk kunne kome seg usett frå elva og stela ho med seg. Oppe på flaka over lasterommet på jekta, ville ein tjuv måtte vise seg tydelig i folkemyldret om han tenkte å stela ho. Spesielt hadde han den kjente tjuven Ola Persen Stineshaugen i tankane. Han heldt til i ein av nabobåtane . Ola fann bakarbua, kjøpte bybrød åt ungane sine, kom tilbake til jekta, tok med seg reisekista tilbake til båten sin, løyste han og la i veg med kraftige åretak nedover elva på heimtur. Mastra let han stå oppe og seglet låg breidd utover framskotten, klart til bruk om han skulle få ein liten vindtrekk.
Men det stod tre karar og følgde nøye med Ola Molde da han var om bord i jekta og henta kista si . Ein eller annan sa: Sjå på Mollen, han er noko te kar no, ja … Dei venta til dei såg han rodde nedover elva. Så sprang dei ned til jekta, løfta til sides eit av flaka, tok ein rask kikk med i rommet, «oppdaga» at ei matbomme, ei bukse, ei taugile og ei flaske var borte. Dei hoppa ned i ein småbåt dei hadde liggande klar og rodde etter Ola Molde. Dei tre mennene var meir eller mindre kjenningar av Ola Molde: Petter Andreas Kristoffersen Strømnes, Mekal Jonsen Utvik og Tørres Pedersen Vestvik, jekteskipperen. Dei var alle tre frå Beistaden og var sist i tjueåra . Ola hadde vore i litt klammeri med Petter Strømnes ein gong tidligare , men elles kjente dei kvarandre som jektefolk flest.
Ola Molde var komen eit stykke inn på fjorden før dei tre tok han att. Det var ein liten vindtrekk frå nord, så han Ola bestemte seg for å ta ned mastra før han skulle ta seg over Strindfjorden i retning Tautra. Det låg litt vind i mastra og riggen. Han hadde akkurat reist seg for å løyse stag og vant og bretta seglet i framskotten til side. Da oppdaga han ei matbomme, klesplagg, ei ile og ei flaske, som var stukke inn under seglet hans. Dette var ting han ikkje kjentes med. Han sette matbomma på tofta, og akkurat i det same var Petter, Mekal og Tørres framme hos Ola. Dei spurte om han hadde noko som ikkje hørte han til om bord. Jau, det måtte Ola innrømme. Dei fortalte at dette var Petter Strømsnes sine ting, og dei skulda Ola for å ha stole dei. Det blånekta Ola på. Han hadde ikkje lagt desse tinga om bord i båten sin, sa han. Og om det var Petter sine eigedelar, så skulle han da få dei overleverte med ein gong. Ola langa både matbomma og det andre over til dei tre karane. Men Petter stod fast på at Ola Molde var ein tjuv. Dei batt Ola sin båt fast til sin og forlangte at han skulle bli med tilbake til byen, bli levert til politiet og settas i arresten. Ola svara at det kom ikkje på tale. Om dei ville han noko, så visste dei kvar han budde. Da prøvde dei tre å ta Ola Molde med makt. Men no sette Mollen seg til motverge. Petter Strømsnes var til og med så dumdristig at han slo til Ola, men da fekk han eit slag tilbake som gjorde at han ikkje prøvde seg fleire gonger. Ola Molde hadde handtert slåsskjempar før. … en Sø=Battaille opstod mellem dem, som vilde føre ham i Arrest og Ole, i hvilken sidsnævnte gik af med Seieren . Etter sjøslaget rodde Ola heim til Inderøya, og dei tre rodde tilbake til byen og meldte Ola Molde for tjuveri.
Om det vart ei sak av dette? Ja visst, full pakke. Det vart halde eit forhør på Inderøya den 4.november og i Beistaden 11.november 1834 , og på bakgrunn av det fann påtalestyresmaktene grunnar nok til å reise tiltale mot Ole Molde. Den 8.januar 1835 vart Ola Molde arrestert heime i Straumen på Inderøya, transportert til Trondheim og sett inn i Rådstuearresten. Deretter vart saka kjørt for ekstraretten i Trondheim. Ho gjekk føre seg i Trondheim Rådhus og vart leia av byfuten Hans Severin Fürst . Saka starta den 15.januar og fortsette med ujamne opphald heilt fram til 16.mars. Ola Molde satt i arresten heile denne tida. Tre gonger vart saka utsett fordi nokre papir mangla, så det drygde lenge før saka kom opp til doms. For Ola Molde høvde det sjølvsagt dårlig. Han hadde hus og heim, åtte ungar og ei sjaber kone å forsørge. For oss passar all denne dokumentasjonen betre, for han fører med seg fleire små opplysningar, som gir oss eit breiare bilde av Ola enn vi hadde før. Og dei gongane Ola sjølv slepp til, så er det grunn til å la seg imponere. Han svarar god for seg, kjem med gode argument for at han ikkje er tjuven, samtidig som han aldri direkte skuldar dei tre karane, Petter, Mekal og Tørris, for sjølve af Ondskab har lagt Tøiet i hans Baad og på den måten vilde bringe Ole Molde i Fortræd . Ola innrømmer at han ikkje er ein rik mann, men så elendig står det ikkje til med han at han treng å gjera seg til tjuv og kjeltring for slike småting – som til saman var takserte til 2 spesidalar og 16 skilling. Han fortel også at han no i 22 Aar har faret som Jægtfører, og i denne Tid forhandlet mange Ladninger, saavel for Majorinde Angell, hvorom hendes Søn Alexander Angell og fuldmægtig Thun vil kunne være Vidne, som og for Kjøbmand P A Hansen og Flere, og har udført alt til deres største Fornøielse . Ingen har tidligare klaga han for å vera tjuvaktig. Petter, Mekal og Tørris hevdar at Ola Molde tilstod tjuveriet da dei tok han att på fjorden. Det er ikkje sant, svarar Ole Molde, men han tilstod sjølvsagt av varene var om bord i båten hans, noko alle kunne sjå. Dei tre påstod også at Ola hadde prøvd å stikke seg vekk i ei bergsprekke ved Ladehammaren, noko Ola nektar plent på og samtidig ber han dei om å legge fram prov på påstanden sin. Det vart dårlig med det.
Det store spørsmålet vart altså: Korleis hadde Petter Strømsnes sine ting hamna under seglet i Ola Molde sin båt? Var Ola tjuven? Var det ein annan som først hadde tatt tinga frå jekta, så gjømt dei i båten hans Ole for i skjul av jekta å kunne hente dei seinare? Eller var det Petter Strømsnes som sjølv ville gjera Ole Molde eit pek som hemn for ein gammal krangel? Byretten sin dom fall i Trondheim rådhus den 17.mars 1835. Dei kom fram til at det let seg ikkje gjera å dømme ein mann for at det var tjuvgods i båten hans. Mange kunne ha lagt det der, sjølvsagt også båteigaren, men ingen kunne bevise noko mot nokon. Når alle tråder var samla, trudde retten meir på Ola enn på dei tre klagarane, så derfor vart dommen slik: Tiltalte Ole Rasmussen Molde bør for Justitiens videre Tiltale i denne Sag fri at være . Men Ola Molde fekk svi likevel, for kostnadene ved rettsaka og fengselsopphaldet måtte han punge ut for. Det tyder på at retten ikkje stolte heilt på Ola, heller. Dessutan var det jo viktig for prokuratorane og dommarane at dei sjølve fekk betalt for eigen innsats. Kostnadene kom fort opp i godt og vel 20-25 spesidalar.
Og hadde det no enno stansa der. Men så vel var det ikkje. Den 19.mars vart dommen anka til Overretten. Her fall dommen den 30.mars, og han stadfesta berre bytingsdommen. Ola vart frikjent, men sakskostnadene og arrestkostnadene auka til meir enn det dobbelte. Først den 1.april 1835 slapp Ola Molde ut frå arresten.
Sakskostnadene kom opp i 52 spesidalar 107 skilling til slutt. Først den 17.april 1837 vart beløpet gjort opp . Ola drygde med betalinga i det lengste, og det held vi med han i.
Ola Molde var rett som det var i Trondheim. Det var han også i januar 1838. På denne tida førte han Elling Jonsen Ness si jekt Enigheten, og etter som det i politiretten sin forhørsprotokoll uttrykkelig står Jægtfører Ole Rasmussen Molde , er det trulig som jekteførar han var i byen, i alle fall i april 1838, da forhøret vart tatt opp.
Og kva handlar så denne saka om? Ganske lite, eigentlig. Berre om at Ola Molde vart fråstolen ei grønnmala lita kiste – ein såkalla koffert – med fem flasker einebærolje i. At dette var trasig for Ola, kan vi forstå. Under saka opplyste Løveapoteket i Trondheim at normal pris på ei flaske einebærolje låg rundt to spesidalar. Fem flaskar einebærolje var altså verd ti spesidalar, omtrent same verdi som ei god ku eller ein færing med master og segl. Og ikkje var det Ola sine flasker, heller. Han skulle berre ha dei med til Inderøya for bonden Erik Klev frå Snåsa. Sjølv om dette kanskje ikkje var ei storhending, verken for Ola eller for andre, så får vi gjennom denne historia likevel eit lite kvardagsbilde frå Ola Molde sitt liv.
Eineren har ei lang historie som medisinplante over alt der han finst. I vårt land er det ingen plantar som har vorte brukt mot så mange plagar som eineren. Einerlåg, der busken med nåler og bær vart koka opp, vart brukt for alt mulig frå hårvask til gikt. Einebærolje vart framstilt ved tørrdestillering av eienbæra. Fersk var han mesta fargelaus eller gulaktig i fargen, men med tida vart han mørkare og tjukkare. Einebærolje vart særlig brukt mot plagar i urinvegane. Elles hadde einebæroljen god verknad mot ei rekke plagar: Forgifting, væskesamlingar, blærekatarr, nyrestein, menstruasjon, hemoroidar, kviser, dårlig matlyst, revmastisme, dårlig fordøyelse, luft i magen, diaré og kolikk. Einebæroljen kunne også verke roande og oppkvikkande på folk, så han vart brukt mot angst og uro.
I Gudbrandsdalen var produksjon av einebærolje ein heil liten industri, men han vart framstilt meir eller mindre over alt og blir rekna som en del av folkemedisinen.
Det skjedde i grålysinga søndagen den 14.januar 1838. Ved Brattøra hadde Ola ein småbåt liggande, og i fjæra her sette Ola frå seg denne grøne kofferten. Han skulle ein snartur opp i gata og sjå etter ein kamerat. Da han kom tilbake, var kofferten med dei fem flaskene og ei grå ullhuve borte. Ola hadde det travelt og skulle dra frå byen akkurat da, men han var innom det losjiet dei kalla Hamna på Brattøra og fortalde kva som hadde skjedd. Neste gong Ola kom til byen melde han tjuveriet til politiet, og i begynnelsa av april vart det forhør av Ola sjølv og av fleire som politiet hadde funne ut kunne vera involverte i saka. Grosserar Friderich Bing hadde levert inn den grønne kofferten til politiet, etter at kofferten var funnen ved ei av bryggene hans. I slutten av januar kom skomakar Nicolai Smidt (50) og soldat Ola Braa (36) til politiet med ei flaske einebærolje som Nicolai hadde kjøpt av Henrik Jacobsen Wold (31). Ryktet om tjuveriet frå Ola Molde gjekk da i byen, og dei to karane fekk mistanke om at her kunne det vera «ugler i mosen». Etter kvart vart mange meir eller mindre involverte i denne historia. Bonden Pål Voldgraven frå Støren hadde vore i lag med Nicolai Smidt og Ola Braa da Nicolai kjøpte flaska av Henrik. Og no vart Henrik Wold leita opp på byen og henta inn til forhøret, og han kunne bekrefte at han hadde selt ei flaske einebærolje til skomakar Nicolai. Kor han hadde fått tak i denne flaska? Jau, han hadde fått ho på gata av ein soldat Christen Olsen, som no låg på sjukehuset, og det var for denne soldaten han skulle selje einebæroljen. Henrik hadde ingenting med tjuveriet frå Ola Molde å gjera, påstod han. Denne påstanden trudde ikkje politimeisteren meir på enn at Henrik Wold på flekken vart sett i rådstuearresten.
På ettermiddagen den 6.april vart Henrik Wold henta opp frå arresten, for no var det nye forhør. To politibetjentar hadde vore ein tur til Trondheims militære sjukehus og funne soldat Christen, som var No 94 av 1.kompani. Om han i januar hadde levert ei flaske med einebærolje til Henrik Wold og bedt han om å selje ho for seg? Nei, dette visste ikkje Christen noko om. Rett nok kjente han Henrik, men noko einebærolje hadde han aldri hatt noko med å gjera. Men Henrik heldt fast på si historie, og kunne fortelje at det var ved Torvhuset han hadde møtt Christen. Og no fekk Henrik kjeften på gli, for han hadde sett at soldat Christen i lag med ein annan soldat, Lorens Jonassen Kirkebye, i januar hadde fallbydd ei flaske med einebærolje, både på gata og til begge apoteka i byen, utan å få selt ho. Og ikkje nok med det: Henrik hadde vore i lag med soldaten Ivar Ivarsen Solem da han hadde bydd fram einebærolje, både på gata og til Løveapoteket. Og no hadde Henrik fått høre av ein medfange i rådstuearresten at soldat No 95 Arnt Arntsen hadde vore i den såkalla Måneskinnsklubben i Major Stabells gård og ville selje ei flaske einebærolje.
Henrik vart sendt tilbake til arresten og forhøra fortsette neste dag.
Og no blir dei hanka inn, den eine etter den andre, og meir og meir rotete og uklar blir historia. Påstandar står mot kvarandre, namnlause personar blir aktørar, eit mårskinn og boka «Predikkener af Peter Hersleb» blir på kronglete vis eit tema. Henrik Wold hevdar etter kvart at Nicolai Smidt og Ola Braa har meldt han til politiet berre «for at bringe ham i Forlegenhed». Forhøra fortsette fram til 3.mai. Med Ola Molde sjølv hadde da i alt tolv personar vorte eksaminert, utan at politiretten hadde kome nokon veg. Politimeister Lysholm ga no opp og sendte saka til stiftet. Den 5.mai svarte stiftet at dei «efter de fremkomne Oplysninger ikke finder tilstrækkelig Grund til at foranstalte noget videre ved denne Sag, og at Henrik Jakobsen Vold derfor kan sættes paa fri Fod, forsaavidt han endnu maatte være arresteret» . Dermed var denne historia slutt. Om Ola Molde sjølv måtte erstatte dei fem flaskene med einebærolje, veit vi ikkje.
I ein attest frå januar 1835 skreiv sokneprest Peder Borch Tønder om svogeren Ola Molde at «han med Kone og otte uforsørgede Børn, som Strandsidder ved Strømmen, er i yderlig fattige Omstændigheder» . Antakelig pynta ikkje Tønder på stoda, men det er ikkje vanskelig å sjå for seg at det til tider kunne vera stritt for Ola og Lena Jonsdotter med ungeskokken sin å få endane til å møtas. Det var neppe noko trøyst, men så absolutt sant, at dette var ikkje Ola og Lena i Moldestu åleine om. Det var frå hand til munn for dei aller fleste.
Møteprotokollane for forlikskommisjonen på Inderøya gir oss på sitt noko einsidige vis eit visst innblikk i korleis folket der i området hadde det i kvardagen. Sjølvsagt er det først og fremst usemje og konflikt som her blir fanga opp, men om vi kikar litt forbi krangel og ufred, kan denne kjelda fortelje litt, særlig om dei små dagligdagse hendingane. I håp om å få vita litt meir om korleis familien i Moldestu levde sine liv ved Straumen på Inderøya, har vi ikkje berre bladd igjennom forliksprotokollane for Inderøy prestegjeld frå rundt 1820 og ein god mannsalder framover, men også sett igjennom det som finst av vedlegg til protokollane .
Både for Ola Molde og dei andre handla dei aller fleste sakene som vart klaga inn for forlikskommisjonen, om pengar og gjeld og usemje om økonomi. Inntrykket av at det meste handla om å få endane til å møtast, blir ikkje svakare av å lesa dette. Folk slost om skillingane beint fram fordi dei hadde for få av dei.
Mellom 1820 og 1862 vart Ola Rasmussen Molde kalla inn til forlikskommisjonen på Inderøya for gjeld 23 gonger. Ved fem høve var det Ola Molde som kalla inn folk som hadde gjeld til han. Fire gonger var han involvert i saker som handla om anna enn gjeld. Av dei 28 gjeldssakene Ola Molde var borti, vart 16 enten avklarte under møtet eller avviste av kommisjonen, ofte fordi partane ikkje møtte fram. Tolv gjeldssaker vart ikkje avklarte under kommisjonshandteringa og skulle gå til retten etter krav frå ein av partane, men ikkje ein einaste av desse sakene kom for retten. Vi må rekne med at det vanligvis gjekk slik for seg: Etter at den eine parten i lang tid hadde masa på den andre om å få pengane sine, gjekk han lei og melde saka inn til forlikskommisjonen. Da forstod «debitoren» at no kunne han ikkje tøye dette lenger, tok kontakt med motparten og fekk avgjort det heile på tomanns hand, heilt sikkert til fordel for begge partar.
Som oftast handla gjeldssakene der Ola Molde var involvert ikkje om store beløp. I femten høve var kravet på mindre enn fem dalar, og berre i fire tilfelle var det på meir enn ti. To av desse var krav som Ola Molde hadde til andre: Eit var til Nils Nilsen Sakshaugvang på 14 dalar i 1824, som Nils lova å betale innan fjorten dagar. Eit anna var til Nikolai Sivertsen Kjelvika på 14 dalar og 40 skilling i 1848. Denne saka vart utsett og sia aldri vart tatt opp meir, trulig fordi Ola og Nikolai gjorde opp seg imellom utan hjelp frå andre. Kjøpmann Brodtkorb i Trondheim kom med eit krav mot Ola Molde på 12 spesidalar og 15 skilling i mars 1839. Ein jekteskipper med respekt for seg sjølv var sjølvsagt ikkje heime i mars, så det var kona Helena Jonsdotter som måtte troppe opp for forlikskommisjonen og svara for mannen sin. Men eit kvinnfolk kunne ikkje stå fram åleine, så ho fekk med seg gardmannen Tørres Pålsen frå Øver Salberg på Røra som verge. Det vart ikkje noko forlik hos kommisjonen, men etter at Ola kom heim, fekk han ordna opp med kjøpmann Brodtkorb, for saka kom aldri opp meir.
Det største kravet mot Ola Molde var på 24 dalar og 44 skilling, og det kom frå to grannar på storgardane Naust og Tønne i Sparbu, på nordaustsida av Børgin: Anders Lorntsen Naust og Lornts Kristian Kristensen Tønne . Dette var i 1842, og dei møttest to gonger hos kommisjonen på Nes ved Straumen. Første gongen var 6.juni, men dei vart ikkje einige. Så prøvde dei på nytt den 5.desember same året. Ola Molde var ikkje heime da, men løytnant Fredrik Welding Brun møtte for han. Nei, det kom ikkje til noko ordning imellom dei denne gongen, heller, så saka vart vist til retten. Men så langt kom ho aldri. Og kva handla denne saka om?
Jau, det får vi vita gjennom ei skriftlig fullmakt som Lornts Tønne ga til Anders Naust den 28.mai 1842, slik at Anders kunne representere dei begge hos forlikskommisjonen. Her skriv Lornts at det handla om ei sak «imod Ole Maalde ved Strømen for Jæld for en Byreisses afhandlede varer for mig» . Akkurat, ja: Ola Molde hadde vore skipper på ei jekt, som segla til Trondheim med varer for karane på Naust og Tønne. Der hadde jektskipperen på vanlig vis selt varane, og så hadde Anders og Lornts av ein eller annan grunn ikkje fått oppgjeret sitt etterpå. Vi veit ikkje kva slags varer det var, mest trulig trelast eller landbruksvarer, og vi kjenner heller ikkje til kva for jekt Ola Molde segla med, sjølv om vi har ein sterk mistanke: Anders Naust si jekt «Ingeborganna» på 200 tønner . På vanlig vis ordna dei opp seg imellom.
Knappe tre år seinare, 6.oktober 1845, måtte Fredrik Brun på nytt møte for Ola Molde for forlikskommisjonen etter eit krav frå Anders Naust mot Ola Molde på 9 dalar og 22 skilling . Om dette var ein rest frå saka i 1842 eller om det var ny gjeld, veit vi ikkje. Denne gongen vart dei forlikte på møtet hos kommisjonen. Ola skulle betale fem dalar innan utgangen av januar 1846 og resten innan utgangen av mai, altså på den tida av året da jektene var heime etter årets reise til Lofoten. Denne historia fortel oss mykje interessant om jektefarten hans Ola Molde. Vi veit at han reiste nordover langs kysten både som skipper, mannskap og fiskar, og vi har plukka opp fleire små historier der vi får vita at Ola dreiv jektefart heime på Trondheimsfjorden, ofte mellom bygdene og byen. Gjennom kontroversen mellom Ola Molde og Anders på Naust og Lornts på Tønne veit vi no meir om korleis handelen med varer faktisk gjekk føre seg, og vi får ein klar indikasjon på at Ola Molde var skipper på Anders Naust si jekt i første delen av 1840-åra.
Og det er fleire av krava mot Ola Molde som opplagt har med han som jekteskipper å gjera. Det gjeld ikkje minst dei gongene det er kjøpmenn som meiner dei har pengar uteståande hos han. Sjølvsagt kan det handle om betaling for varer som Ola har kjøpt til eige eller familiens bruk, men i dei fleste høva gjeld det nok oppgjer for varer som Ola har selt for kjøpmennene på turar med jekta, slik jekteskipperane jamt over dreiv med. Berre ved eitt tilfelle var det ein lokal kjøpmann frå Inderøya som kom med krav mot Ola Molde: Lornts Didrik Muus på Sundfer i oktober 1842.
Lornts Didrik Muus (1809-1887), fødd på Krogsgården på Snåsa, foreldra var bonde og løytnant Broder Nikolai Muus og Beret Ingebrigtsdotter. Kom til Sundfer ved makeskifte i 1831 og begynte landhandel der i 1832. Gifta seg med lensmannsdottera Louise Larsdotter Bjerkan frå Bjørka på Sandvollan i 1836, og dei fekk 11 born. Dreiv handelen på Sundfer fram til 1885. Flytta da til Steinkjer og døydde der i 1887. Louise Muus døydde sju år seinare.
Landhandlar Muus meinte at Ola Molde skulda han tre dalar, kanskje for varer Ola og Lena i Moldestu hadde handla på krita. Av dei andre handelsmennene som kom med krav til Ola Molde, var seks frå Trondheim og to frå Verdalsøra. Det var heilt vanlig at Trondheimskjøpmennene dreiv handel via jektskipparane langs kysten nordover. Dei selte varer på marknader, som marsimarknaden på Levanger, Nærøymarknaden og marknaden i Overhalla på Namdalskysten og på Bjørnsmarknaden på Helgeland, og dei handla med kjøpmannsvarer ved dei større fiskeria, ikkje minst Lofotfisket. Dei to handelsmennene på Verdalsøra var Andreas Hegge og Johannes Groth Monrad, den første kom med eit krav på 6 dalar 2 ort og 4 skilling i 1833 og den andre kravde ein halv dalar i 1836. Dei seks kjøpmennene i Trondheim var Tobias Brodtkorb som kravde 12 dalar og 15 skilling i 1839, Erik Wullum kravde 4 dalar i 1842, Christian Hansen Grønvold 4 dalar og 24 skilling i 1845, Bertram Engelsen 6 dalar og 50 skilling i 1849, Lornts Hegstad 2 dalar og 12 skilling i 1861 og Torger Hansen Lie forlangte 2 dalar og 48 skilling i 1862. Fleire av desse var kjende handelshus i Trondheim, som dreiv nordlandshandel gjennom mange år, og vi kan vera bra trygge på at det var derfor han Ola Molde hadde med så mange av dei å gjera.
Så var det karane på Ness: Andreas Andersen, stesonen hans, Elling Jonsen, og sonen hans, Anders Andreassen. Ness var eit slags sentrum i bygda, med landhandel, skysstasjon og gjestgivarstad.
Andreas Andersen Næs var fødd rundt 1780. Foreldra Anders Andersson og Ane Jonsdotter Røysing frå Steinkjertraktene kjøpte garden Ness på auksjon i 1801 og tok samtidig over landhandel, gjestgiveri og skysstasjon, som garden hadde hatt sia 1780-åra . Andreas gifta seg i 1811 med enka Agnes Jonsdotter frå Verdalsøra, og ho hadde med seg sønene Jon, Åge og Elling Andreas Jonssøner inn i eksteskapet. Andreas og Agnes fekk fire born i lag: Anders, Ane Jonetta, Sigrid og Ingebjørg. I 1831 kom det opp ei sak for retten mot Andreas Andersen på Ness. Han vart skulda for at han leigde ut landhandelen til ein som heitte Christen Settem, utan å ha henta inn løyve til det frå styresmaktene. Det var brot på dei handelsprivilegiet som eigarane på Ness hadde hatt i ein mannsalder. Tolv vitne vart kalla inn til saka, og eitt av dei var Ola Molde. Under saka kom det fram at Andreas hadde lånt ut landhandelen sin både til Settem og tidligare til fleire andre. Futen meinte det var fordi Andreas ikkje var i stand til å drive handel sjølv. Han kunne ikkje eingong skrive, blir det fortalt. Elles var det kjent at Andreas hadde dårlig økonomi, og sokneprest Tønder skreiv om han: «….hvad hans moralske Forhold angaar, da skal denne være efter hvad jeg har hørt ikke med den Bedste» . Akkurat kva presten hadde hørt om Andreas Næs, gjekk han ikkje nærare inn på. Saka om misbruk av handelsløyvet enda med at Andreas Næs og Christen Settem fekk 20 dalar i bot kvar, ei dagbot på ei ort så lenge dette fortsette og 10 dalar i sakskostnader attåt. Andreas mista ikkje løyvet, men han overlét til stesonen Elling Jonsen å drive landhandelen for seg, heilt sikkert etter godkjenning frå styresmaktene. Andreas og Agnes selte garden Ness til sonen Anders for 1200 daler i 1851 og tok seg kår. Andreas døydde i 1862 og Agnes i 1870.
Elling Andreas Jonsen Næs var fødd på Verdalsøra i 1806. Faren hans var gardmannen Jon Ottosen, og han døydde i 1810 berre 36 år gammal. Året etter gifta mora Agnes Jonsdotter seg med Andreas Næs på Inderøya. Elling vaks opp på Ness med mora, stefaren og heil- og halvsøskena sine. Han gifta seg med Siri Olsdotter frå nordre Sakshaug i 1829, og budde der som leigebuarar eit par år. Så flytte dei til Ness i 1832 og dreiv landhandelen og gjestgivarstaden der to-tre år. I 1835 kjøpte Ellev ein part av garden øystre Sakshaug. Han fekk bygd ei jekt og dreiv med jektefart til 1842. I 1839 kjøpte han resten av garden øystre Sakshaug , fekk nok med gardsdrifta der og selte jekta. Sjå meir side 22.
Anders Andreassen Næs var fødd på Ness i 1817. Foreldra var Andreas og Agnes Næs. Andreas fekk skøyte på garden etter foreldra i 1851, men hadde nok da drive han nokre år. Han var gift med MalenaTorbergsdotter frå Sakshaug. Dei hadde borna Anton, Anne Margrete og Karoline. Anders døydde i 1853, trulig av tyfus, berre 36 år gammal, og Malena døydde i 1854, 40 år gammal. Her oppgir kyrkjeboka «nervefeber»(tyfus) som dødsårsak . Ved arveskiftet, som vart slutta i 1856, vart garden vart lagt ut for 1900 spesidalar til sonen Anton Andersen, som da var 16 år gammal.
Forliksprotokollane viser at Ola Molde hadde ein del med karane på Ness å gjera, og det var ikkje unaturlig. Ness var eit slags sentrum i grenda, med handel, gjestgiveri og skysstasjon. Mange hadde ærend dit. Dessutan låg jo den delen av strandsetet Straumen der Ola og Lena Molde hadde stua si, under gardsvaldet til garden Ness. Både dei i Moldestu og alle dei andre i strandsittarstuene ved Straumen måtte kvart år betale grunnleige til gardmannen på Ness. Vi veit at Ola Molde sette opp stua si på Straumen i 1824-25. Frå da av måtte han betale leige for grunnen der stua stod, og for litt jord rundt stua, med plass til eit lite uthus og kanskje ein åkerlapp. Den 12.januar 1830 troppa både Ola Molde og Andreas Næs opp hos forlikskommisjonen på Inderøya . Det var Andreas som meinte at Ola sia 1826 ikkje hadde betalt for grunnen han leigde i Straumen, altså for dei fire siste åra. Dette hadde kanskje Andreas rett i, men Ola ville ikkje betale. Grunnen var nok at Ola hadde pengar til gode hos Andreas. Alt hausten 1826 hadde Ola Molde gått til forlikskommisjonen med eit krav mot Andreas Næs . Dette vart dei ikkje einige om den gongen, og tydeligvis ikkje seinare, heller. Men etter at saka kom opp på nytt på nyåret i 1830, fann vel Andreas og Ola at dette måtte dei kunne løyse seg imellom. Sjølv om kommisjonen valde å sende saka vidare til retten, så kom ho aldri dit. Ikkje dukka ho opp meir til forlik, heller. Kor mykje Ola Molde skulle betale i grunnleige i året, kjem ikkje fram i denne saka. Men det får vi vita tolv år seinare, for da var det sonen til Andreas på Ness, den nye gardeigaren Anders Næs, som klaga på at Ola Molde ikkje hadde betalt grunnleiga si. Den 7.august 1852 vart Anders og Ola einige. Leiga var på ein dalar for året, «hvilken Afgivt bliver gjeldende saalenge som Ole Rasmussen Molde og Konen Helene Johnsdtr ere Eiere af Husbygningen enten i Fællig tilsammen eller den Ene af dem efter den Andres Død» .
Elling Jonsen Næs kom med to krav mot Ola Molde, eitt på to dalar og 84 skilling i 1838 og eitt på tre dalar og 16 skilling i 1841. På denne tida hadde Elling flytta til Sakshaug og åtte ei lita jekt på 8 lestar – 144 tønner . Mykje tyder på at det var Ola Molde som var skipper på denne jekta, og det er ikkje usannsynlig at Elling sitt krav mot Ola Molde hadde noko med jektefarten å gjera.
I februar 1818 hadde det vore auksjon på garden Bartnes på Røra. Der hadde Ola Rasmussen Molde vore og handla for tre ort og 20 skilling, men så hadde han ikkje gjort opp for seg . Lensmannen Lars Kristoffersen Bjerkan på Røra kalla derfor Ola inn til forlikskommisjonen i september 1820, men Ola hadde lovlig forfall og møtte ikkje. Så kom saka opp på nytt den 7.oktober same året, men da møtte ingen av partane, og dermed rekna kommisjonen med at saka var opp og avgjort. I november 1832 var Ola Molde oppe i ei liknande sak. Eit års tid før hadde han vore på auksjon ein stad på Inderøya og handla for seks spesidalar tre ort og åtte skilling. Kristian Iversen Roel var inkassator ved auksjonen, og det var han som reiste sak mot Ola Molde for at han ikkje hadde gjort opp for seg, slik han hadde lova. På møtet i forlikskommisjonen på Inderøya, som vart halde på Sakshaug den 4.desember 1832 var Kristian Roel og Paul Irgens på Ola Molde sine vegner einige om betalinga, og her kjem det fram at Ola tidligare hadde betalt mesta halvparten av pengane .
I forlikskommisjonen den 16.januar 1827 kom det opp ei sak som involverte mange, mellom dei Ola Molde. Vi har berre nokre få liner i Inderøy forlikskommisjon si møtebok å bygge på , men det ser ut til at saka var omtrent slik:
Familiemedlemmar frå Hø og Salberg på Røra åtte ei jekt i lag. Det var Peder Olsen og Jakob Pedersen på Hø og Jørgen Olsen og Mathias Salberg som hadde dette partsreiarlaget. Trulig ein gong i 1825-26 gjorde Peder Olsen Hø ein avtale med Hans Austad, Johannes Estensen Berg og Ola Molde om at dei tre skulle få kjøpe halve jekta. Men noko hadde skjedd med Peder Olsen Hø på denne tida. Nordre Trondhjems Amt gjorde han umyndig ifølgje resolusjon av 10.desember 1826, og Kristian Iversen Rol vart oppnemnt til formyndar for han. Og da handelen med jekta skulle gjennomføras, så trakk formyndar Kristian Rol tilbake heile handelen. Trulig hadde kjøparane fått eit godt tilbod og kanskje hadde dei oppdrag og planar klare for drifta, så dei ville ha handelen gjennomført. Da salet vart stoppa, klaga dei saka inn for forlikskommisjonen, men det ser ikkje ut til at dei nådde fram.
Ola Molde og Lena Jonsdotter på Straumen hadde det naturlig nok ekstra vanskelig våren 1835. Ola hadde jo sete i rådstuearresten i Trondheim frå 8.januar 1835 for dette påståtte tjuveriet under haustmarknaden i Trondheim i 1834 (sjå ovafor). I arresten vart han sittande heile tida medan saka mot han pågjekk i under- og overretten, og han slapp ikkje ut før 1.april 1835. Sjølv om han vart frikjent, vart Ola pålagt å betale saks- og arrestkostnader på mesta 53 spesidalar. Og for ein jekteskipper var det dessutan nærmast katastrofe å bli sittande i kasjotten midt under lofotfisket. All inntekt for det første halve året var tapt, og på toppen av det heile altså ei rekning på 53 dalar. Så kva gjorde Ola Molde? Da han endelig kom seg heim til Straumen kanskje 1. eller 2. april 1835, gjekk han til Li prestegard for å be svogeren og søstera si om hjelp. Presten og prestefrua hadde ikkje sjølve så mykje hjelp å by han, men hos dei på prestegarden budde ein husven, pensjonisten Poul Irgens. Han hjelpte Ola Molde ut av knipa og lånte han 95 dalar, som Ola lova å betale tilbake innan to år. Tre dagar etter han kom ut av arresten i Trondheim var Ola Molde i lag med Poul Irgens på kontoret hos sorenskrivaren for Inderøy tinglag på garden Vika og fekk forfatta og underteikna ein revers, som vart tinglyst på månadstinget for Inderøy og Ytterøy 3.juni 1835 .
To år seinare – i mars 1837 – var det altså at Ola Molde kjøpte ein part i jekta «Lykkens Prøve», så da hadde han tydeligvis kome seg ovanpå igjen. Korleis den investeringa eigentlig slo ut for Ola, veit vi lite om, men det ser ikkje ut til at karrieren som fartøyeigar vart så langvarig. I desember 1848 laut Ola Molde låne 29 ½ dalar av kontorbetjent Fredrik Laugsand i sorenskrivargarden Vika, med lovnad om å betale tilbake innan seks månader , og på månadstinget for Inderøy og Ytterøy den 6.juni 1849 vart det tinglyst eit dokument der Ola Molde vedgjekk at han skulda handelsmann Lorentz Diderik Muus på Inderøya 8 dalar, 3 ort og 6 skilling. Desse pengane skulle Muus få att ved slutten av månaden . Om vi ser litt stort på det: Ola og Lena Molde i Straumen ser ut til å ha greidd seg nokolunde bra gjennom livet, i alle fall så lenge dei var friske og arbeidsføre. Så kom alderdommen, og da trong dei hjelp, slik som alle andre.
Ola Rasmussen Molde døde klokka 9 om morgonen 30.juli 1863 . Han står oppført som «Strands(sidder) og Fattiglem» i kjerkeboka . Det var dårlig med pensjon etter eit liv som jekteskipper, sjømann, fiskar og strandsittar, så Ola hamna på fattigkassa, på sine gamle dagar, som så mange andre. Han vart gravlagt ved Sakshaug kjerke 4.august 1863.
Tilfeldigvis er vi innom Straumen på Inderøya akkurat den 30.juli 1863. Det er ein varm dag, sola står høgt på himmelen. Det er middagsstille og ro. Ei kvinne kjem ut frå Moldestu. Ho ber eit lite barn på arma. På hauvet har ho eit svart skaut, og attåt har ho trekt det svarte sjalet sitt framover panna i sommarvarmen. Vi går ho i møte, og ser at det er ho Grete Maria frå Trysilplassen. Ho har vore innom foreldra sine i Moldestu ein tur, forstår vi. Vi har hørt at faren hennes, han Ola Molde, har vore klein i det siste, og no vil vi høre med ho korleis det står til. Så møter vi blikket hennes, og forstår at det ikkje er nødvendig å spørre.
Ja, eg satt hos han da det var slutt, seier ho stille. Det gjekk stilt for seg. Pusten dempa seg meir og meir, og så plutselig var det som om alt slokna. Vi var der, satt rundt senga hans, såg korleis livet forsvann frå ansiktet hans, såg korleis døden tok over. No er ikkje han far meir, sukkar ho Grete. Korleis skal vi venne oss til det?
Snakka han noko på slutten? spør vi.
Ikkje dei siste timane, fortel ho Grete. Men før det låg han og mintes. Eg har seks barn som har gått før meg, sa han. Snart skal eg treffe dei att. Det såg han fram til. Men mest såg han fram til å møte mor si, ho Grete, som eg er oppkalla etter. Han snakka mykje om ho.
Enn far sin? spør vi. Nemnte han faren?
Aldri, svarar ho Grete og hastar heimover mot Trysilplassen.
Helena Jonsdotter budde i Moldestu i lag med sonen Peter Olaus og svigerdottera Oline da folketeljinga vart tatt opp i desember 1865. Ho levde til 22.august 1872, og vart gravlagt på Sakshaug gravplass 29.august 1872 .