I denne delen av forteljinga om Ola Rasmussen Molde skal du få møte dei seks eldste barna hans og etterkomarane deira gjennom eit par generasjonar. Ola fekk dottera Karen med Beret Johansdotter før han gifta seg, og ho fortel vi om først. Så følgjer historiene til dei fem eldste barna i ekteskapet med Helena Jonsdotter.
Karen Olsdotter (1808 – 1889) var eldste barnet hans Ola Rasmussen Molde. Han var berre 18 år gammal da ho kom til verda på Lein i Sparbu 4.desember 1808 [1]. Mora Beret Johansdotter var 27 år da ho fekk Karen, og på denne tida var ho var trulig taus på ein av dei to Leingardane eller på ein av husmannsplassane der[2]. Den første tida hadde ho naturlig nok den vesle jenta si hos seg, men den som skulle livnære seg ved å tene for andre rundt om på gardane, kunne ikkje ha ein unge å dra på. Så vi må rekne med at det vart for Karen Olsdotter som for mange slike små i same stoda: Så snart ho var stor nok til det, vart ho sett vekk til ein eller annan i bygda. Kor mykje kontakt mor og dotter hadde etter det, veit vi ikkje. Kanskje var det best for begge at det vart minst mulig?
Den 31 oktober 1824 vart Karen Olsdotter konfirmert i Mære kyrkje[3]. Av dei 22 jentene stod Karen ført opp nest sist, men ho var den einaste av dei som fekk karakteren «udmærket god» i kunnskap attåt den meir vanlige «ulastelig» i oppførsel. Det var altså ikkje mangel på vett og forstand hos den unge jenta som fekk sokneprest Andreas Wright til å plassere ho nest nedst. Eit «uekte barn» hadde fast plass blant dei siste. Da ho vart konfirmert, budde Karen Olsdotter på ein av Bjørka-gardane, enten hos Ola Johanssen og Malena Olsdotter på Øvre Stor-Bjørka, hos Arnfinn Larsen og Ingeborg Andersdotter på Nedre Stor-Bjørka eller på Lille-Bjørka hos Peder Pedersen og Karen Andersdotter. Her er det altså fleire stader å velje mellom, og det er uråd å vita kva for ein det var.
Fem og eit halvt år seinare møter vi Karen Olsdotter igjen. Da var ho hos det unge ekteparet Johannes Nilsen og Doret Andersdotter på husmannsplassen Leira under garden Lein. Den 18.desember 1829 fødde Karen dottera Ane Margete. Barnet vart heimedøypt av Erik Pedersen Kåberg, og dåpen vart stadfesta i kyrkja 10.januar 1830. Faren til barnet var Tore Rasmussen. For tida budde han heime hos foreldra sine på husmannsplassen Prestaunet under Tuv prestegard. Han var fødd på Kriken, eit plassrom under Heggstad, 16.november 1808, og han vart døypt i Mære kyrkje 1.juledag 1808, same dag og same stad som Karen Olsdotter frå Lein.
Når vi skal bli meir kjente med Tore Rasmussen sin bakgrunn, held vi oss til det Tormod Aarholt skriv i bygdeboka for Sparbu og Ogndalen:
(Avsnittet «Husmannsfolket» under kapitlet om garden Hegstad) [4] Plassen, som ganske sikkert må ha vært Kriken, ble nå overtatt av Rasmus Pedersen og kona Beret, som var her til i 1816. Da flytta de til Prestaunet under Tuv, se videre om dem og deres mange barn der.
(Avsnittet «Prestaunet» under kapitlet om garden Tuv)[5]
Som nevnt ble altså slåttenget Aunet delt i 1825, vestre delen ble plassen Kåbergaunet, den østre fikk navnet Prestaunet. Og den første husmannen her var Rasmus Pedersen, f 1774 på en Mæreplass. Hans foreldre kom senere til en Rambergplass, og i 1801 bor de som inderstfolk i Vådalen. Rasmus vokste opp hos kvartermester Frants Arntsen Naust, senere Hægstad, men havnet i 20-årsalderen på Røra. Her ble han så g.m. Beret Pedersdtr. f. 1772 i Fron i Gudbrandsdal. De bodde først på Røskje en tid, i 1801 er de i en Hægstadplass senere var de innom Brattåsen, så tilbake til Røskje en tur, og så til Oppemsleira. Så det hadde vært en ganske omflakkende tilværelse for de kom hit til Prestaunet. Og hit kom de visstnok samme år som datter og svigersønn slo seg til i Kåbergaunet, muligens ikke før året etter, altså ca 1826. Barn:
- Peternille, f 1796. G.m. Lars Larsen Grandeplass, husmann under Grande på Røra.
- Elen, f. 1798. G.m. Ole Tørrisen Kåbergaunet
- Petter, f. 1801. Husmann i en av Finnstuplassene under Mære, senere i en Smolanplass.
- Ingeborg, f.1805. G.m. Lars Estensen Rønningen, f. 1807 i Lillelvdal. Også de var husmannsfolk under Grande en tid, men i 1872 flytta de til Skei i Verdal. En datter, Elen ble f her i Prestaunet i 1833.
- Tore, f.1808. Ble husmann under Storsveet under Gjermstad.
- Beret, f.1812, d.1814
- Ole, f.1816, d.1840. En regning fra distr.lege Hermann, Verdal, viser at han den 1.okt hadde vært her og behandlet ham for vatersott, ……Ole døde forresten bare fire dager etter at doktoren hadde vært her.
- Bergitte, f.1819. Se nedenfor.
Rasmus Pedersen døde i 1846, og Beret fortsatte sammen med sin yngste datter og hennes mann, Andreas Hansen Albergaunet, med plassen. De hadde blitt gift i 1845, og det var nok tanken at de skulle overta plassen, men i 1849 døde Andreas, bare 30 år gammel. De hadde i 1846 hatt sønnen Hans, men han døde i 1847. Bergitte ble oppgift med Lornts Andreas Olsen Gjermstad i 1850, og det ble de som overtok plassen etter Beret. Hun levde til 1869, og ble såleis hele 97 år gammel.
Vi kan dermed trygt slå fast at Tore Rasmussen hadde solide røter i husmannsmiljøet på Innherad, og slik skulle det fortsette òg. Forestillinga om at folk på den norske landsbygda var bufaste gjennom heile livet, er feil. Særlig husmannsfolk flytta ofte på seg, ofte på jakt etter noko betre. Både som barn og ungdom var dette noko Tore Rasmussen kjente godt til. Som barn var han sjølvsagt med foreldra og søskena sine når dei flytta frå det eine plassrommet til det andre, og så snart han vart stor nok til å klare seg sjølv, tok han seg teneste der ho var å få, snart her og snart der. Da han vart konfirmert i Mære kyrkje 16.oktober 1825[6], budde han på garden Barkhald, mest trulig på eit av gardsbruka eller på ein husmannsplass under garden.
Tore Rasmussen og Karen Olsdotter gifta seg i Mære kyrkje 25.oktober 1831[7], og på denne tida budde dei på Aunet, plassen som vart kalla Prestaunet, heime hos foreldra hans Tore. Men der vart dei ikkje lenge. Året etter kom dottera Regine Bergitte til verda. Ho var fødd 1.juni 1832 og døypt i Mære kyrkje 12.august[8]. No budde dei på Landstad, mest trulig som innerstar (=leigebuarar) på ein av husmannsplassane der. I 1835 var Karen og Tore komne til husmannsplassen Leira under garden Hamrem. Dei budde som innerstar her da Karen fekk den tredje jenta si 22.desember 1835: Mette Bergitte. Ho vart døypt i Mære kyrkje 24.januar 1836[9]. Enno hadde dei ikkje greidd å få hand om ein husmannsplass, slik at dei kunne få slå seg til ein stad med dei tre små døtrene sine, men da dottera Thale vart døypt i Mære kyrkje 2.juni 1839, står Tore og Karen førte opp som husmannsfolk i kyrkjeboka[10]. Det tyder på at dei dreiv plassen på denne tida, enten åleine eller i lag med Johannes Jonsen og Siri Olsdotter, som var husmannsfolk her da Tore og Karen kom hit rundt 1835[11]. Så fekk Karen og Tore greie på at husmannsplassen Storsveet under garden Gjermstad var ledig. Hit kom dei før sommaren 1842, for dottera Oline vart fødd der 17.juni 1842. Her slo dei seg til som husmannsfolk, og her vart dei verande. Vesle Oline vart ikkje det. Ho vart heimedøypt av kyrkjesongar P M Schiefloe 3.juli og døydde før heimedåpen vart stadfesta i kyrkja[12]. Etter dette fekk Tore og Karen fire born til, tre jenter og ein gut[13]: Karen Oline, fødd 10.september 1843, Peter Isak, fødd 15.september 1847, Petrine, fødd 8.januar 1849 og til slutt Oline Sofie, fødd 2.juli 1852. Alle jentene levde opp, men Peter Isak døydde 20.januar 1848, berre fire månader gammal.
På same viset som både mor og far måtte dei sju søstrene ut og tene sitt eige brød så snart dei var i stand til det. Sjå berre her, nokre år seinare:
Tek vi ein tur til Storsveet og ser innom Tore og Karen i desember 1865[14], så møter vi fire menneske i den vesle husmannsstua. Det er husmannen og husmannskona sjølve, no 57 år gamle, det er yngste dottera Oline på 13 år, og ein liten fosterson på fire år, Kristian Gundersen. Han heiter Kristian Teodor, fortel han oss. Tore og Karen er besteforeldra hans. Ane Margrete fekk denne guten med ein ungkar frå Barkhald: Gunnar Johansen.
Store buskapen har dei ikkje, berre seks sauer. Våren 1865 sådde dei ein åtting bygg og ei tønne havre, og dei sette ei tønne med poteter. Dei seks andre døtrene? Jau, vi får greie på at dottera Karen Oline er tenestejente hos Ola Pedersen og Rebekka Jonsdotter, gardmannsfolket her på Gjermstad, så ho er ikkje langt unna. Dottera Thale bur og her i nabolaget. Ho har gifta seg med Mortinus Pettersen, har fått sonen Petter Martin på fire år og dottera Oline Berntine, vi kallar ho Tine, på to. Dei losjerer for tida hos husmannsfolket på Landstadplass. Regine er ugift, og ho tener hos gardmannsfolka Jon Krestian Jensen og Grete Anna Johannesdotter på Auster Smolan. Ane Margrete har kome seg bra til, synes Tore og Karen, for ho er tenestejente på sjølvaste futegarden Lø. Det er rett nok berre hos forpaktaren, Gunnerus Væske, ho har teneste, men kanskje blir ho ein dag husjomfru hos futen sjølv? Nei, ho er ikkje gift. Snart er det vel for seint med det, sukkar Tore. Tullprat, glefsar Karen. Petrine er tenestejente på Ystgård, hos Nils Jonsen og Elisabet Olsdotter, og Mette har gifta seg med ein fartøykar og fiskar frå Røra: Sivert Olsen. Dei har dottera Grete Kristine på fem år, og dei bur på Røra hos foreldra hans i Sjølia (Trøa) under garden Lorås. Jau, Tore og Karen er takksame for at dei har klart å fø fram sju barn, og for at dei er friske og raske, alle sju.
Så er det freistande å ta turen til Storsveet igjen, ti år seinare:
Det er midt på vinteren vi kjem denne gongen òg, i nyttårhelga mellom 1875 og 1876. Vi blir med manntalsføraren, når han skal ta opp nytt manntal. Det vesle sauefjøset er bygd på, ser vi. Husmannsstua ser så absolutt ikkje dårligare ut enn før. Dei har visst bygd på ho også? Vi trør innafor og merkar forandring. Tore Rasmussen og Karen Olsdotter er her som før, men dei har vorte eldre dei òg, som oss andre.
-Vi er kårfolk no, seier Karen fornøgd. Det er ikkje dårlig å få kår på eit plassrom.
-Å, eg er no ikkje berre kårkall, rettar Tore på. Eg er no skomakar, som før.
Vi blir litt overraska over det. Skomakar? Det nemnte du ikkje sist, seier vi.
-Gjorde eg ikkje det? gliser Tore. Da fortalte eg vel ikkje at eg er fellmakar, heller da?
Det er dottera Regina Bergitte Toresdotter som er husmannskjerring på Storsveet no. Ho gifta seg i 1866 med Ottar Ottarson. Attåt at han er husmann her, tek han på seg ulikt slag arbeid rundt om. «Dagarbeider» skriv han som fører manntalet. Regina og Ottar har to born: Dottera Karen Oline på seks år og spedbarnet Tore. Vi merkar oss at manntalsføraren skriv «Bedstefar» og «Bedstemor» på kårfolket. Husdyr? spør mannen med skrivesakene. Ottar har ei ku og fire sauer, og Tore har ein sau. På plassen sådde dei ein kvarting bygg og ei tønne havre, og dei sette tre tønner potet i år.
Manntalsføraren må berre haste vidare, men vi gir oss litt meir tid her. Dei har kaffe å by på òg. Nei, vi vil no gjerne vita korleis det står til med dei andre døtrene til Karen og Tore. Dei slit no med sitt, som fattigfolk flest, sukkar Karen. Oline Sofie er tenestejente hos gardmann Peder Olsen og kona Petrine Andreasdotter her på Gjermstad. Oline har tre sauer på garden, får vi opplyst. Ane Margrete gifta seg i 1867 med Jon Berntinus Johansen, og dei har fått sonen Johan Marius. For tida losjerer dei på Bruhaugen under Ystgård. Her bur også Tale og den vesle dottera hennes: Oline Berntine. Stakkars Tale vart enke i april i fjor (1874). Han Mortinus, mannen hennes, fekk lungebetennelse, han. Den som får den sjuka, står det som oftast ikkje over. Dei budde på ein plass under Hegstad og livnærte seg av plassen og arbeidet hans Mortinus som malar. Da han døydde, måtte Tale berre ta med seg ungane og flytte frå plassen da, veit du. Sonen Peter Martin er snart i konfirmasjonsalderen. Han bur til vanlig på Svarva på Inderøya , men no i nyttårshelga er han innom mor si på besøk. Karen Oline gifta seg i 1869 med Elling Andreassen frå Fossem. Dei tente begge på garden Okstad den gongen. No bur dei på ein plass under garden Henning, og losjerer hos husmannsfolka Johannes Jørgensen og Ane Olsdotter. Dei fekk sonen Jon Anton i 1871. Elling driv med handsaging i lag med Johannes. Dei fekk sonen Jon for tre-fire år sia. Petrine styrer huset hos enkemannen Ola Johannesen på garden Strugstad i Ogndalen. Ein gardmann, fem ungar og eit par kårfolk steller ho for, så ho Petrine får dagane til å gå, ja. Og ho Mette og han Sivert, dei bur no på Røra, dei. Dei bur i Trøa, eit plassrom under Lorås. Han har vel meir slutta som fartøykar no, han Sivert. Han er trearbeidar og lagar møbler og slikt, forstår vi.
Vi takkar for kaffen og går frå Storsveet, og veit ikkje at dette var siste gongen.
Tore Rasmussen døydde på Storsveet 21.november 1886 og vart gravlagt på Mære 5.desember[15]. Karen følgde etter 14.mai 1889, som fattiglem. Det betyr at ho fekk fattigstønad frå kommunen dei seinare åra. Karen døydde også heime på Storsveet, og ho vart gravlagt på Mære 26.mai.
Vi følgjer ikkje Karen Olsdotter si etterslekt særlig lenger enn dette. Her nemner vi berre dette:
- Kristian Teodor Gundersen vart skomakar, slik som morfaren Tore, gifta seg og fekk etterslekt
- Ane Margrete vart enke i 1881; mannen hennar, Jon Bertinus, døydde av tuberkulose. Ho måtte da flytte frå Bruhaugen og tok seg teneste som hushaldar fleire stader i Sparbu: Hos kårfolket Nils Olsen og Tale Ingebrigtsdotter på Bullingneset[16] og hos enkemannen Jo slaktar (Jon Nikolaisen) på Bergplassen under prestegarden Tuv[17]. Etter at ho ikkje var så arbeidsfør lenger, var det fattigvesenet som tok seg av ho, og i 1910 var ho sett vekk som fattiglem på garden Barkhald. Ane Margrete døydde i 1914[18].
- Regine Bergitte og mannen Ottar fortsette som husmannsfolk under Gjermstad, men dei flytta rundt 1883 til eit plassrom kalla Øversveet, som vart skilt ut frå Storsveet. Ottar Ottarsen døydde i februar 1892. Sonen Tore gifta seg i 1897, vart jernbanearbeidar og i 1900 budde Regine saman med Tore og familien hans på Mæresmoa i Nedre Stjørdal[19]. Ti år seinare var ho hushaldar hos gardfolket Iver Jonsen og Petternella Lorentsdotter på austre Smolan[20]. Regine døydde på Sparbu Gammelheim i 1919[21].
- Mette Bergitte og Sivert Olsen emigrerte til Amerika. I 1881 tok Sivert med seg dei gamle foreldra sine på dampskipet «Tasso» med Wheatland i Dakota som reisemål[22]. Vel framme og nokonlunde etablert sendte Sivert året etter billettpengar heim til Mette Bergitte, som i august 1882 tok farvel med Karen og Tore og dei andre der heime og reiste over Atlanteren med dei tre døtrene Oline (11), Sofie (5) og Thora (3) med dampskipet «Hero»[23]. Med seg hadde dei også søsterdottera til Sivert, ho Gusta Kristiansdotter på 11 år.
- Tale hadde teneste på Lønnem nokre år etter at ho vart enke; seinare gifta ho seg på nytt med enkemannen Amund Olsen og vart husmannskjerring på Litl-jalet (Gjerdet) under Gustad. Ho hadde fire barn frå første ekteskapet sitt: Peter Martin (fødd 1862), Tina Karoline (fødd 1864), Martin Teodor (fødd 1868) og Oline Berntine (fødd 1873). Tale døydde på Litl-jalet i 1924[24].
- Karen Oline og mannen Elling budde som leigebuarar på Okstadplassen under garden Okstad i Henning da dei fekk dottera Tina Karoline i august 1878. Sonen Jon Anton døydde av tæring i august 1881[25]. Da hadde foreldra vorte husmannsfolk på Okstadplassen. La oss berre gå rett inn i bygdaboka for Sparbu og få med oss slutten på Karen Oline og Elling si historie[26]:
Elling Okstadplassen fikk en tragisk død. En dag i begynnelsen av juli 1919 var det noen båbygger som skulle bringe kyrne sine til Skrovesæteren i Leksdalsallmenningen. Blant disse var Karen og Elling, med den eneste kua si, de var da 76 og 75 år gamle.
Da følget kom til Skeisætervollen tok de rast, og Karen snudde her, for å gå tilbake til bygda. At hun da skiltes fra Elling for alltid var det nok ingen som tenkte seg, aller mindst de selv. Elling, eller «Ellen» som det gjerne ble sagt, skulle være med helt fram, bl.a. for å hjelpe til med vedhogst til sæterfolket, en plikt som alle som skulle ha kyr på sæteren hadde. Elling var neppe noen sprek «falakar» lenger, og de andre tilbød seg å ta med kua hans, slik at han kunne ta det med ro og mak innover. Han ble derfor snart noe etter de andre, og da han ikke hadde kommet fram til sæteren om kvelden, ble det naturligvis ant uråd. Det ble straks satt i gang leting, men uten resultat denne første natta. I dagene som fulgte var store mannskaper ute og lette, både bygdefolk og soldater fra Sannan. Først 5 dager senere ble han funnet ved elva Lauva i Ogndalen, ved et sted som er kalt «Pålåsbommen». Den gamle, fjellvante mannen hadde gått seg vill, og da kreftene ikke holdt lenger hadde han satt seg ned under en furu for å kvile. Et stykke fra der han ble funnet sto den lille korga han hadde hatt nista i, og likeså vedøksa hans.
Karen Oline døde i 1920. Plassen de hadde lå der hvor den store grusgruva ble anlagt i senere tid, så ikke engang tomta etter den er tilbake.
- Petrine vart gardkjerring på øvre Giskåsen i øvre Ogndalen[27]. I 1887 gifta ho seg med Ola Ludvig Henriksen. Han var yngste sonen på garden, men eldste sonen døydde som barn og den mellomste tok over ein annan gard i bygda, så det vart Ola Ludvig og Petrine som i 1890-åra tok over garden og ga kår til foreldra hans. Ola Ludvig og Petrine var barnlause. Dei kjøpte garden av Ogndalsbruket i 1907, men selte han i 1909 og tok seg kår. Petrine levde til 1924 og Ola til 1943.
- Oline Sofie gifta seg med skomakar Mikal Pettersen frå Inderøya i 1878. Dei budde først i Storsveet hos Karen og Tore, og her fekk dei dottera Karen Marta her i 1879[28]. Så fekk dei eit plassrom under Hegstad og budde her som husmannsfolk da Tora Petrine kom til verda 2.juledag 1880. Sonen Ole Rikard vart fødd 13.mai 1883 på Storsveet under Gjermstad, og da hadde Oline og Mikal tatt over som husmannsfolk her. Den 18.juni 1887 døydde husmannskone Oline Sofie Toresdotter på Storsveet. Mikal gifta seg på nytt i januar 1889 med Katrine Rasmine Olsdotter frå Beistaden. Dei flytta kort tid etter til Røyskje på Røra.
Eitt spørsmål blir vi sittande med heilt til slutt i Karen Olsdotter si historie: Var det nokon gong kontakt mellom ho og faren Ola Molde? Ikkje ein einaste gong i dei mange kjeldene vi her har brukt, kjem det fram noko som tyder på at dei hadde det aller minste med kvarandre å gjera. Det var meir enn nok høve til at Ola Molde sjølv eller nokre av dei andre frå Moldestu i Straumen til dømes kunne ha stått fadder for nokre av Karen sine born, eller at Karen kunne ha stått fadder for nokre av halvsøskena sine. Det skjedde aldri. Ein einaste gong etter at Karen vart vaksen blir far og dotter kopla i hop i ei av kjeldene våre: Da Karen gifta seg i Mære kyrkje 25.oktober 1831, står det i innførsla i kyrkjeboka under rubrikken «Brudens Faders Namn»: Ole Strømen. Mindre kunne det ikkje ha vore.
Johannes Olsen (1817 – 1852) var fødd 25.oktober 1817, så gifta far Ola og mor Helena seg 14.november og så fekk dei døypt gutungen i Sakshaug kjerke 25.desember[29]. Kanskje var ikkje dette den vanligaste rekkefølgja, men ho var grei og effektiv. Johannes vaks opp i fartøymiljøet på Innherad, og vi kan trygt rekne med at da han vart konfirmert i Sakshaug kyrkje 7.oktober 1832[30], var han alt ein erfaren kar på sjøen. Men om Johannes reiste mykje på sjøen , så var han no heime i Straumen av og til. Seinhausten 1840 var Johannes heime på Inderøya, og her møtte han Andrea Andreasdotter frå Straumen. Det vart det resultat av, og den 31.august 1841 fødde ho ein gut, som ved dåpen i Sakshaug kyrkje 31.oktober fekk namnet Anton[31]. Det var skolehaldar Anders Ystad som meldte dåpen inn til presten, og han opplyste til presten at barnefaren Johannes Olsen Molde var soldat på denne tida. Det var første barnet til Johannes, men Andrea hadde eit barn frå før, fortalte skolemeisteren[32]. Andrea Andersdotter var fødd i Straumen på Inderøya 20.august 1817 og døypt i Sakshaug kyrkje 15.oktober. Foreldra var Anders Larsen og Olava Jonsdotter, og dei var strandsittarar ved Straumen da Andrea kom til[33]. Seinare flytta dei til Årfall. Her budde dei da Andrea vart konfirmert i 1833[34]. Etter at ho vart konfirmert, kom Andrea altså tilbake til Straumen.
Som vi seinare skal sjå, var Johannes Molde stadig til sjøs utover 1840-åra, men såpass mykje i land var han at han møtte damer. Den 30.oktober 1846 kom ein gut til verda i Trondheim. Mora var Beret Pedersdotter Næss, og faren var ungkar og matros Johannes Olsen Molde. Guten må ha vore svak da han kom til, for han vart heimedøypt av lærar og klokkar Gjert Berg Dahl 5.november 1846. Så gjekk det heldigvis bra med han, og dåpen vart stadfesta i Domkjerka i Trondheim 22.november 1846[35]. Han fekk namnet Peter Edvard Rasbæch Molde[36]. Mora Beret Pedersdotter Næss kom flyttande til Trondheim frå Nes i Bjugn, Ørland prestegjeld, i 1844[37]. Ho var fødd på Nes 11.desember 1822. Foreldra var drengen Peder Sivertsen og tenestejenta Ane Pedersdotter, begge tenarar på Nes. Peder var skomakar og kom frå Bjartnes i Verdalen, og Ane var frå Nes. Dei fekk dottera Ane sommaren 1826, og same hausten gifta dei seg. Vi kan vel gå ut frå at Beret vaks opp hos familien sin. Ho vart konfirmert i Nes kyrkje 17.oktober 1838, og fekk seg sikkert teneste i nabolaget fram til ho flytta til byen.
Sjømannen Johannes Olsen Molde levde etter prinsippet «en Pige i hver Havn». I Trondheim hadde han Beret, og når han var på Inderøya møtte han barndomsvenninna og sin gamle flamme Andrea Andreasdotter i Straumen. Og så gjekk det ikkje likare til enn at Andrea vart med barn igjen, og fekk ein gut 22.mai 1847. Johannes Olsen Molde var far til barnet, som vart døypt i Sakshaug kyrkje 4.juli 1847[38]. Gutungen fekk namnet Bernt, og han var altså knappe sju månader yngre enn broren Petter Edvard.
Kva Beret Næss meinte om at Johannes var hos Andrea samtidig som ho sjølv bar barnet hans fram, får vi aldri greie på. Verre tok ho det ikkje enn at ho likevel ville gifte seg med han. Dei bestemte seg for å slå seg til på Bakklandet, og det vart lyst til ekteskap for Beret og Johannes i Bakke kyrkje tre søndagar i november 1848. Men Johannes Molde var ein travel sjømann, og det ser ut til at han var ein ettertrakta kar for skipperane i Trondheim. I 1849 reiste han først som kjentmann nordover til Lofoten med skipper Johan Møller på trondheimsjekta «Marthe Marie»[39]. Med på den reisa var også Jakob Olsen Næss, broren hans Johannes. Den 5.mai var jekta tilbake i Trondheim att, og vi kan rekne med at Beret pusta letta ut og såg fram til å stå brur snart[40]. Men så reiste Johannes eit ærend nordover att, uvisst kvifor og med kven. Heldigvis kom han tilbake til Trondheim som passasjer på dampskipet «Nordcap» frå Tromsø 19.juni 1849[41], og no vart det endelig bryllup. Den 28.juni 1849 gifta «Ungkar og Søefarende» Johannes Molde seg med «Pige» Beret Næss[42]. Dei budde på Bakklandet, står det, og forlovarar var bakar Anton Berg og matros Søren Andreassen Øyen på Bakklandet. Dei var begge familiefolk som hadde budd i mange år på Bakklandet. Kanskje leigde Beret og Johannes husrom hos ein av dei?
Den 18.februar 1850 meldte jordmor Gunelie Bye[43] at ho dagen før hadde forløyst ei kvinne på Bakklandet med eit dødfødd jentebarn. Barnet var fødd i tiande månad og var utan liv. Foreldra var sjømannen Johannes Olsen Molde og kona Beret Pedersdotter[44].
Eit knapt år etterpå fekk Beret og Johannes ein gut. Han vart fødd 3.februar 1851. Men Beret kom aldri opp av barselsenga. Tre dagar etter at guten kom til – den 6.februar, døydde ho, 29 år gammal. Trulig fekk ho barselfeber. Ho vart gravlagt på Bakklandet 11.februar[45]. I Adresseavisa 27. februar stod denne annonsen[46]:
Dødsfald
At det behagede Gud, den 6te Dennes, at til sig kalde min elskede Kone Beret Næss, faa Dage efter at hun var bleven forløst med en Dreng, tilkiendegives herved sørgeligst fraværende Slægt.
Johannes Molde
Den nyfødde guten klarte seg. Han vart døypt i Bakke kyrkje 9.mars 1851 og fekk namnet Johannes eller Johan Bernhard[47]. Ved dåpen vart bustaden opplyst å vera hos Christensen på indre Bakklandet. Det er uklart om det var her foreldra budde da han vart fødd, eller om det var her han var ved dåpen, vel ein månad seinare. Far Johannes fekk til ei eller anna slags ordning for den vesle sonen sin og reiste frå Trondheim den 4.april 1851 med skipper Johan Paasche til Finnmarka på «Petronella» av Inderøya.
Det må ha vore på denne reisa Johannes Molde møtte Elen Anna Jonsdotter frå Alstahaug på Helgeland[48]. Eller kanskje han hadde møtt ho tidligare, kanskje fleire gonger? Johannes var jo i dei traktene rett som det var, både på nord- og sørturar. Men denne gongen kom han som enkemann, fri og frank, så å seie. Ikkje at Johannes kanskje hadde brydd seg så mykje om han var gift eller ikkje i sin omgang med damer tidligare, heller, men kanskje var dette ein viktig forskjell for ho Elen Anna? Enten det no var sånn eller slik, Elen Anna vart med Johannes sørover. Dei kom i lag til Trondheim i september 1851[49]. Det kan tyde på at dei hadde planar om å gifte seg. Utover hausten 1851 vart det klart at Elen Anna var med barn.
Det er uvisst når Johannes Molde reiste frå byen igjen. Verken sjømannsrulla eller mannskapslistene seier noko om det. Men ekstrarulla for Levanger, der Johannes var ført inn frå og med 1848, kjem med ei dramatisk opplysning om han: «Druknet 16/1 52»[50]. Kvar og korleis dette skjedde veit vi ikkje. Dersom Johannes hadde vore på ei lengre reise med eit fartøy eller eit skip, burde reisa ha vore registrert i rulla. Det er ho ikkje, men som vi seinare skal sjå, er ikkje rulla heilt oppdatert[51]. Han kan sjølvsagt ha vore på ein kortare tur og drukna i nærområdet. Kanskje han rett og slett var på fjorden og drog matfisk da uhellet var ute? Men noko gravferd står ikkje innført i kyrkjebøkene for verken Trondheim eller Bakklandet. Det tyder enten at han aldri vart funne att, eller at ulykka skjedde ein annan stad.
Det mest sannsynlige er at Johannes også denne hausten var med på eit fartøy som drog til sildefiskeria og kjøpte opp sild. Han kom til Trondheim i lag med den nye kjærasten sin i september, og vi må rekne med at så snart han hadde fått plassert ho i eit godt losji, begynte han å sjå seg om etter ei ny tur til sjøs. Såpass seint på hausten hadde han ikkje så mange å velje i. I oktober segla det ut åtte fartøy på innanlands reiser frå Trondheim, i november la det ut fire og i desember ingen[52]. Av dei tolv fartøya som rusta seg på fart denne hausten, var det sju som skulle på reise for å kjøpe opp sild. Eit par av skipperane på nettopp dei fartøya kjente Johannes godt til. Det var Hans Fjærem, som Johannes hadde vore med på sildetur hausten før. Han segla frå byen med dekksjakta Florine 24.oktober. Og det var Johan Paasche, som Johannes hadde reist med til Finnmarka tidligare på året. Han reiste frå Trondheim med jekta «Den 17de Mai» 26.november. Ingen av desse var tilbake i Trondheim før godt ut på nyåret 1852. Eg trur Johannes reiste med ein av dei.
Elen Anna budde hos kjøpmann Tore Wold og kona Gunhild på Øvre Bakklandet 58 den 10.mai 1852 da ho fødde barnet sitt. Det vart ein gut. Fødselen var vanskelig og hard, så jordmora, Madame Karen Schau, måtte heimedøype barnet. Han fekk namnet Johannes, etter far sin. Dåpen vart stadfesta i Bakke kyrkje 23.mai 1852. Ut på sommaren fekk Elen Anna skyss nordover, så ho tok med seg guten og reiste heim til foreldra sine i Gårdvika på Alstahaug. Men den 26.september 1852 døydde barnet Johannes Johannessen i Gårdvika, 19 veker gammal. Han vart gravlagt ved Alstahaug 3.oktober 1852[53]. Elen Anna vart verande heime hos foreldra sine i tida som kom. Ved folketeljinga i 1865 budde ho ugift i Gårdvika hos dei gamle foreldra sine, Jon og Nathana, for å ta seg av dei.
Johannes Molde var først og fremst sjømann, og det blir fortalt at han var ein kraftkar, slik som far sin og fleire av brørne sine[54]. Som gutungar og unggutar flest i dette sterke jektefartmiljøet på Innherad, var han nok ikkje gamle karen da han vart med på sine første turar med jekt. For han var det nok enklare å få vera med på turar med jekta enn for dei fleste, etter som faren var ein av dei mest røynde jekteskipperane i bygda.
Etter at han vaks til, var han soldat nokre år ved Det inderøyske kompani, men det vart etter kvart så vanskelig å kombinere eksersis med sjømannsyrket, at han 12.mai 1843 fekk attest frå kaptein Lorentzen om at han var kassert som soldat[55]. Tre dagar etter, den 15.mai 1843 fekk matros Johannes Olsen Molden [sic] sjøpatent.
Kva betyr det at Johannes Molde fekk patent? Jau, la oss sjå etter kva Arkivverket sjølv skriv om sjøinnrullering på sine nettsider 30.06.2017 under overskrifta Sjøinnrullering – historikk og rulleføring:
Historikk
Mønstring og innrullering tjente lenge militære formål, men etter hvert ble også sivile og sosiale oppgaver lagt til innrulleringsvesenet. Etter at innrulleringssjefembetene med vernepliktsloven 1910 ble bestemt nedlagt, fortsatte disse kontorene sin virksomhet med en mønstringssjef som leder for hvert sitt mønstringsdistrikt.
Selve forhyringen var en privat virksomhet – bevillingstvang ble innført i 1896. Ervervsmessig hyreformidling ble avskaffet i 1934. Sjømannskontorene som ble opprettet i 1948, ble endelig avviklet fra 1989.
Innrulleringsvesenet
Med forordning 03.06.1803 ble det fastsatt nytt reglement for sjøinnrulleringen. Den opphevet tidligere forordning av 01.02.1770. Forordningen tok sikte på å forøke de gamle sjølegder så meget som «det locale og andre Beskaffenheder tillot», og gi sjøetatens nyinnrettede ruller «den fuldkomneste Nøiaktighed og Paalidelighed».
Alle som kunne regnes som sjøfolk ble med visse unntak innført i sjøinnrulleringsrullene og etter hvert til orlogstjeneste. Dette gjaldt også for en del av mannskapet i enkelte landlegder. Enhver skulle møte til sesjon når han var fylt 16 år, innskrives og motta sitt patent (sertifikat) som sjøinnrullert. Mannskapet ble inndelt i aldersklasser:
- Fylte 16 år
- De som var eldre og inntil 36 år
- Over 36 år og inntil 50 år
- De som var over 50 år
Etter dugelighet ble mannskapet så inndelt i fire klasser :
- Helbefarne
- Halvbefarne
- Sjøvante
- Ikke sjøvante
De innkaltes tjenesteplikt ble regnet fra fylte 16 år og inntil de ble meddelt avskjeds- eller fripass og slettet fra rullen. Følgende kunne også kreve å bli slettet:
- De som var 36 år og som ikke lenger ønsket å livnære seg ved sjøfart
- De som etter fylte 28 år hadde kjøpt eller bygget gård
- De som var yngre enn 28 år når de ved arv/bygsel hadde fått gård etter sine foreldre
- De som hadde vært utskrevet til orlogstjeneste 8 ganger og ikke lenger ønsket å livnære seg ved sjøfart
- De som var invalidisert
Mannskap over 50 år var fritatt for orlogstjeneste, og skulle heller ikke møte ved de årlige sesjonene. Innrullerte med skippersertifikat var fritatt for utskriving. Avskjeds-, udyktighets- eller fripass ble utstedt ved sesjonene. De innrullerte kunne i fredstid ta fritt hyre etter å ha anmeldt den påtenkte reise for sjøinnrulleringen som da utstedte sertifikat/pass. Skipsførere måtte bare forhyre dem som var utstyrt med gyldige patenter, sertifikater eller pass.
Rulleføringen etter reglement av 1859
Fra 1860 må rullene hos innrulleringssjefen betraktes som rene sjømannsruller som følge av verneplikts- og utskrivningsloven 1857. Registreringene ble ført kronologisk og et patentnummer ble fortløpende tildelt hver enkelt sjømann. Rullene gir opplysninger om blant annet:
- Navn, fødselsdato, fødested og oppholdssted (senere også foreldres navn)
- Mannskapets fart
- Forhyring
- Flytting
- Overføring til annen rulle
- Permisjon
- Avgang
Oversikten nedenfor viser de forskjellige typer mannskapsruller som ble ført av krigskommisærene i tinglagene og kjøpstedene.
Annotasjonsruller
Annotasjonsrullene ble ført kretsvis og inneholder mannskap med sjømannspatent som var av midlertidig karakter. Samtlige mannskaper under utskrivningsalder skulle registreres inntil de oppnådde halvbefarenhetsgrad, men dette gjaldt kun fram til 1. juli det året de fylte 22 år. Denne graden fikk de etter ett års tjeneste i utenriksfart etter fylte 15 år. Annotasjonsrullene omfattet ikke:
- De som hadde fått utskrivningsutsettelse inntil oppnådd halvbefarenhetsgrad
- Utskrevne mannskaper til distriktstroppene som hadde fått tillatelse til utenriksfart
- Ikke-vernepliktige utlendinger
Hovedruller
Hovedrullene ble ført kretsvis over det mannskap:
- Som ønsket sjømannspatent ved oppnådd halvbefarenhetsgrad
- Som var i besittelse av fripass
- Som på annen måte kunne godtgjøre at de var fritatt for verneplikt (se skipper og styrmannsruller)
Fra 1883 ble hovedrullene delt i henholdsvis en A-serie for matroser og B-serie for maskinister og fyrbøtere (se B-ruller).
Skipper- og styrmannsrulle
Skipper- og styrmannsrullene skulle inneholde samtlige skippere og styrmenn innenfor hver krets. Der ble de stående inntil de etter avtjent verneplikt forlangte å bli slettet eller avgikk med døden. Føring av disse rullene utgikk i 1868, og skulle deretter inngå i hovedrullene.
Utskrivningsruller
Alt utskrivningspliktig mannskap skulle registreres av innrulleringssjefene og oppføres etter rode. Disse rullene skulle kun gi opplysninger om utskrivningsforhold, og mannskapet ble stående inntil deres tjenesteplikt opphørte eller de avgikk med døden.
I mai 1843 hadde altså Johannes Molde bedt om å få sjøpatent, og dermed vart han ført inn i hovudrulla for Levanger[56]. Og her kjem det opplysningar om han på rekke og rad, først dei personlige og etterpå det som handlar om sjømannen Johannes Olsen Molde[57]:
- fødd på Inderøen 25.10.1817
- bur i Strømmen paa Inderøen
- sjøvant
- fekk patent: 1843, 15.mai
- gift: nei
- skipsfart som næringsveg: ja
- attest 14.4.1846
- flytta til ER 1/gg
- efter Capt Lorentzens Attest af 12.5.43, casseret som Soldat
Her er det mykje nyttig informasjon å finne for oss. Først og fremst får vi stadfesta at dette er vår mann. Så får vi vita at han i mai 1843 framleis er busett i Straumen på Inderøya, at han enno er ugift og at det er skipsfart han lever av. Det kjem også ei opplysing som som fortel oss noko om kva slags sjøfart han har drive. Det står nemlig «sjøvant». Sjølv om han heilt sikkert har segla til sjøs i ti-tolv år allereie, vart han plassert i nest lågaste klassa for sjømannsdugleik. For å oppnå klassa over – «halvbefaren» – måtte ein, som vi har sett, ha reist minst eitt år i utanriksfart etter fylte 15 år. Altså: Sjølv om Johannes Molde, berre som ung mann i 20-åra, høgst trulig hadde sjømannserfaring omtrent som ein gammal ulk, hadde han hittil ikkje reist utanriks. Han hadde berre reist langs norskekysten, og det kvalifiserte ikkje til å bli rekna som skikkelig sjømann enno. Men Johannes tok dette att på anna vis. I hovudrulla står det at han 14.april 1846 fekk ein attest. Og kva slags attest var det? Jau, det var ein attest som kjentmann på strekninga frå Trondheim og nordover til Finnmarka.
Kjentmennene var en del av losvesenet. Dei vart hyra inn av skipperane til å følgje skip og fartøy over lengre strekningar langs kysten. Godkjente kjentmenn fekk stadfesta sin status gjennom ein attest.
Å ha attest som kjentmann førte ikkje berre høgare status med seg, men også høgare lønn. Denne attesten fortel oss at Johannes Molde hadde reist mange, mange gonger nordover langs kysten til Nord-Noreg, langt fleire enn den eine reisa til Finnmarka, den eine til Tromsø og den eine til Lofoten som er registrert i hovudrulla mellom mai 1843 og april 1846[58]. La oss no likevel sjå på kva for sjøreiser Johannes Molde hadde frå 1843 til 1851:
| reiste frå Trondheim | reiste til | reiste med | kom tilbake til Trondheim |
| 1843, 23.mai | Finnmark | skipper Johan Peter Granboe | 1844, 18.januar |
| 1844, 22.januar | Levanger | skipper A Alstad | 1844, 1.februar |
| 1844, 26.februar | på fiskeri | skipper J Sandberg | 1844, 13.mai |
| 1844, 23.mai | Lofoten | skipper A Brevig | 1844, 7.august |
| 1845, 19.mars | Kristiania | skipper B M Dahl med skonnerten «Fortuna» | 1845, 9.juli |
| 1845, 25.juli | Tromsø | skipper P G Thomsen | 1846, 6.januar |
| 1846, 23.februar | Levanger | skipper A Alstad | |
| 1846, 14.april | Finnmark | skipper Marcus Lysøe med fartøyet «Nora» (10 ½ kl) kjentmann | 1846, 5.august |
| 1846, 21.august | Hammerfest | skipper P Dam med skipet «Condor» av Ålborg (39 ½ kl); | 1847, 28.mai |
| 1847, 28.mai | Vardø | skipper Jens Peter Granboe med jekta «Greta» av Vardø (6 ½ kl) matros | 1848, 9.februar |
| 1848, 28.februar | Finnmark | skipper Georg Nicolai Oluf Lindgaard med jekta “Friheden” av Trondheim (19 kl) kjentmann | 1848, 30.mai |
| 1848, 9.juni | Finnmark | skipper Lauritz Kaasbøll af Hitteren med jekta «Christine» av Trondheim (9 ½ kl) kjentmann | 1848, 17.august |
| 1848, 14.september | Ålesund og vidare | skipper Johan Olaus Wanvig med sluppen «Caroline» av Trondheim (20 kl) matros | 1848, 19. oktober |
| 1849, 1.februar | Lofoten og vidare | skipper Johan Arnt Møller med jekta «Marthe Marie» (13 ½ kl) kjentmann her var også broren Jakob med | 1849, 5.mai |
| passasjer med dampskipet «Nordcap» frå Tromsø | 1849, 19.juni, | ||
| 1849, 3.august | Tromsø | skipper Lars Dahl Korsvig med briggen «Ørnen» av Trondheim (49 ½ kl) kjentmann skipet fortsette vidare til Middelhavet | avmønstra 6.september i Tromsø |
| 1850, 21.februar | Lofoten utklarert for Finnmark | skipper J Molde med jekta «Enigheden» av Bergen[!] (9 ½ kl) | avm no 102/50 |
| 1850, 28.mai | Finnmark utklarert 6.juni | skipper Johannes Molde med jekta «Enigheden» av Trondhjem (9 ½ kl) her var broren Peter Olsen Næss med som matros | mannskapet mønstra av 1.august 1850; Johannes kom tilbake til byen 8.august |
| 1850, 24.aug | Tromsø | skipper D Hveding med briggen «Haakon Jarl» av Trondheim (54 ½ kl) kjentmann skipet segla frå Tromsø til Middelhavet | mønstra av i Tromsø 11.september |
| 1850, 10.des | sildetur | skipper Hans Petter Fjærum med dekksjakta «Florine» (12 kl) | mønstra av i Trondheim 8.mars 1851 |
| 1851, 5.april | Hammerfest | skipper Johan Fredrik Paasche med jekta «Petronelle» av Inderøya | |
| kom heim til Trondheim i september |
Vi ser at Johannes Molde hadde minst to-tre sjøreiser kvart år. Alle reisene hans var langs Norskekysten, dei aller fleste nordover. Antakelig hadde han vore med på fleire reiser før han fekk patent i 1843, slik at han nok var ein røynd og habil «jektlyr[59]» før 1840-åra. Fram til han fekk attest som kjentmann nordover i 1846, var det nettopp som jektlyr han segla. Frå 1846 reiste han mest som kjentmann, og da vart hyra høgare.
Om vi som døme tek reisa med jekta «Friheden» på 19 kommerselestar med skipper Georg Nicolai Oluf Lindegaard i 1848. Dei segla frå Trondheim 28.februar og var tilbake 30 mai, altså tre månader seinare. Kjentmannen Johannes Molde fekk 36 skilling dagen på denne reisa, og det utgjorde rundt 33 spesidalar for heile turen. Dei tre matrosane som var med, hadde nok ulik fartstid: Ein av dei fekk 32 skilling pr dag, og fekk 30 dalar for turen, ein annan fekk 28 skilling i dagshyre og fekk vel 26 dalar og den siste – som dessutan var eldst av dei alle – hadde ei hyre på 24 skilling dagen, altså 22 ½ dalar.
Johannes Molde var ikkje kjentmann berre på fartøy som segla innanriks. I 1849 var han kjentmann på briggen «Ørnen» med skipper Lars Dahl Korsvig. Skipet skulle først segle frå Trondheim 3.august nordover til Tromsø, og deretter utanskjærs frå Tromsø til Middelhavet. Nordover måtte dei derfor ha kjentmann, og det var Johannes Molde. Han fekk 18 spesidalar for turen nordover og mønstra av i Tromsø 6.september. I 1850 var Johannes kjentmann på briggen «Haakon Jarl» frå Trondheim til Tromsø. Dei segla frå Trondheim 24.august og kom til Tromsø 11.september. Der mønstra Johannes av. Han fekk utbetalt 10 spesidalar i forskott og 12 da oppdraget var over.
I 1850 segla Johannes Molde som skipper eit par turar. Det var med jekta «Enigheden» på 9 ½ kommerselestar, ei ganske lita jekt med eit mannskap på to utanom skipperen. Den første turen gjekk frå Trondheim 21.februar nordover til Lofoten og derifrå vidare til Finnmarka. Dagen før opplyste Adresseavisa at «Enigheden af Trondhjem» med skipper J Molde var utklarert for tur til Finnmark med innanlandske og frigitte varer[60]. Den 18.mai rykka den unge kjøpmannen Peter Andreas Holgersen i Strandgata inn ein annonse i Adresseavisa om at skipper Johannes Molde var klar til å ta imot fraktgods som skulle til Finnmark[61]. Jekta «Eigheden» skulle ein ny tur nordover. Også denne gongen skulle skipper Molde ha med seg to matrosar på turen, og den eine av desse var Peter Olsen Næss, den 14 år yngre broren hans Johannes. Utreisa var klarert den 28.mai[62], og Adressa meldte den 11.juni at jekta hadde segla frå Trondheim 6.juni[63]. Dei mønstra av frå «Enigheden» den 1.august 1850. Trulig var kjøpmann Holgersen[64] eigar eller medeigar i jekta «Enigheden».
La oss stanse opp litt ved Johannes Molde si reise med jekta «Enigheden». Merkelig nok står ikkje denne reisa ført opp mellom Johannes sine reiser i ekstrarulla for Levanger, der dei andre reisene hans fram til 1851 står. I tidsrommet der vi veit at han segla med «Enigheden», står det at han segla med eit fartøy som heitte «Oline». Eit fartøy med dette namnet er ikkje å finne i skipperlistene for Trondheim i 1850, så vi må gå ut frå at namnet er feil; det skal stå «Enigheden».
Men så kjem det meir. Det står at Johannes ikkje kom tilbake til Trondheim før 8.august «efter Forliis». Det ser altså ut til at dei har forlist med jekta «Enigheden» på Johannes Molde sin andre tur som skipper. Mannskapet kom tilbake til Trondheim. Om jekta gjorde det, veit vi ikkje. Ho ser ikkje ut til å vera nemnt meir i dei kjeldene vi har nytta oss av her, og det kan tyde på at ho aldri kom tilbake til Trondheim.
Eit par veker etter at Johannes Molde kom heim til Trondheim etter reisa med «Enigheden», reiste han som kjentmann med briggen «Haakon Jarl» (sjå ovafor). Denne turen er ikkje registrert under reisene hans i ekstrarulla, og det er heller ikkje ei reise frå desember 1850 til mars 1851, der Johannes var kjentmann på dekksjakta «Florine» med skipper Hans Fjærum og kjøpte opp sild frå fiskarane.
Kvar haust var det fleire fartøy som segla ut frå Trondheim til dei stadene der sildefisket gjekk føre seg for å kjøpe sild frå fiskarane. Da låg dei lasta til langt opp på mastra med tomtønner, og så snart det kom tiend om kvar notstenga var, så heiste dei segl og la i veg. Problemet med silda var at ho var så ustabil, både med tid og stad. Ein visste aldri akkurat når eller nøyaktig kvar ho kom. Difor måtte ein handle raskt når bodet endelig kom.
I 1840- og -50-åra var det feitsilda dei fiska etter på vår kant av kysten. Her kom ho inn mot land på seinsommaren og utover hausten. Lenger nord kom ho gjerne meir seinhaustes, men fisket varte som oftast til over nyttår både i Trøndelag, i Vesterålen og i sildefjordane på Senja. Problemet for både fiskarane og oppkjøparane var dei årlige variasjonane. Plutselig kunne silda komme heilt uventa inn i store mengder til eit område, slik til Eidsfjorden og Sigerfjorden i Vesterålen i 1843 og i Malangen i Senja i 1854[65]. Ingen var budde på dette, og dermed mangla dei få oppkjøpsfartøya som kom til, både tønner og salt. Sjølvsagt vart det godt med sild til eige hushald for fiskarfamiliane, men mykje av silda vart brukt som dyrefor og pløydd ned i åkrane som gjødsel.
Slikt skjedde nok i Trøndelagsområdet også, men om forholda her skriv Trygve Solhaug i sitt storverk om dei norske fiskeria: «Det området som imidlertid later til å ha hatt det sikreste sildefiskeri, var Trøndelag, og et storfiske i Bjugnfjorden i 1855 ga angivelig ca 70.000 tønner»[66]. Dette gjorde det nok enklare og meir forutsigbart for kjøpmennene og oppkjøpsfartøya i Trøndelag å vera budd på det årlige sildeeventyret på hausten og førejulsvinteren. Slo fisket til her i nærområda, kunne dei vera ved fiskeria på kort varsel. Kom det tiend om godt fiske lenger nord, var det berre å heise segl og legge i veg. Ein liten studie om fartøy på sildeturar frå Trondheim frå 1846 til 1852 viser at det enno ikkje var så mange fartøy som tok del i oppkjøp av sild, og at det varierte mykje frå år til år:
| år | 1846 | 1847 | 1848 | 1849 | 1850 | 1851 | 1852 |
| fartøy | 10 | 18 | 13 | 39 | 30 | 17 | 30 |
Kjelde: SAT: Utskrivingsvesenet, sjøutskrivinga, boks 100, skipper- og styrmannsruller for Trondheim 1846-1859
Det var innsiget som kvart år bestemte når sildefisket kom i gang. Fartøya segla ut så snart «sildtina» nådde byen. I dei sju åra som er med i denne studien, segla dei første fartøya ut dei siste dagane i juli eller helst litt ut i august. Somme avslutta sesongen før jul, men andre heldt på til ut i januar eller februar året etter. Fleire av dei som reiste i august, kunne rekke ei ny reise i november. Mange av fartøya var på sildetur år etter år, og fleire av skipperane var meir eller mindre årvisst på sildeoppkjøp. Trulig leigde skipperane inn sildeverkarar på staden der dei kom. Verking av sild var oftast kvinnfolkarbeid, og kvinnfolka stod gjerne klare til innsats når fartøya kom sigande inn på sildefjordane. Saltinga og legging i tønnene var det helst mannskapet om bord som tok seg av, men det hendte ofte at dei måtte hyre inn fleire til den jobben også. Silda skapte eit folkeliv både om bord og på land nokre hektiske veker kvar haust og førjulsvinter år etter år. Sjølv om dei aldri sikkert visste på førehand kvar «slaget skulle stå», var det mange som kvart år møtte fram for å vera med på dette livet og sjølvsagt tene seg nokre skillingar.
Kva så med dei fire sønene hans Johannes etter at faren drukna? Anton og Bernt hadde mor si i live. Det ser ut til at Andrea vart verande på Inderøya. I 1865 losjerte ho på husmannsplassen Saltbuberget hos dottera Anne Olava Ivarsdotter og mannen hennes Petter Sakariassen[67]. Dei hadde tre små born på denne tida. Andrea var 48 år, ugift og levde av dagarbeid. Ho hadde altså inga fast teneste, men reiste rundt på gardane og tok arbeid der det var å få. Om det var slik ho levde også i 1840- og -50-åra, er det vanskelig å sjå for seg at ho hadde nokre av ungane sine hos seg. Kanskje er sjansen større for at dei tidvis var hos nokre av besteforeldra sine, men mest trulig var dei bortsette hos folk i bygda, som kanskje fekk betalt av kommunen for å ta seg av dei og som hadde bruk for dei til arbeid på garden eller husmannsplassen.
Den 12 august 1843 vart eldstesonen Anton vaksinert[68], og da budde han i Straumen. Da han vart konfirmert i Sakshaug kyrkje 4.oktober 1857[69] går det ikkje fram kor han budde, men kanskje ligg det ein liten indikasjon i at han brukte heile namnet Anton Johannesen Molde? Kan han ha budd hos besteforeldra i Moldestu?
Da toåringen Bernt Johannesen vart vaksinert i 1849, budde også han i Straumen. Kanskje heldt mor Andrea til der på den tida, eller kanskje var han hos besteforeldra. Han vart konfirmert i oktober 1862[70], og da budde på husmannsplassen Råvika under garden Ulvin. Det var Sivert Sivertsen og kona Henrikka Halvorsdotter som var husmannsfolk her på denne tida. Dei hadde ein respektabel barneflokk sjølve, så da Bernt hadde fått presthanda på hauvet, kunne han ikkje vente lenge med å takke for seg og greie seg på eiga hand.
Petter Edvard vart sett vekk som liten. Da han fekk attest for koppevaksine 2.desember 1848[71], budde han i Kleiva. Dette kan godt vera garden Kleiva i brattlendet ovafor Orkla på austsida, nedafor Høston. Da han vart konfirmert 9.oktober 1861 står det i kyrkjeboka at han budde på Volden [72]høgst trulig på garden Vollen på vestsida av Orkla ved elva Ustdørja.
Yngste sonen til Johannes Olsen Molde og Beret Pedersdotter, Johannes eller Johan Bernhard, finn vi dåpen til i Bakke kyrkje 9.mars 1851[73]. Han var fødd på Bakkalndet den 3.februar, og mora hans døde tre dagar seinare[74]. Kven som tok seg av den nyfødde guten da mora døde, veit vi ikkje, men far Johannes måtte jo ha funne ei ordning. To månader seinare reiste Johannes til sjøs igjen på reise til Finnmark. Om det var oppfostringa eller om det var barnet det var noko gale med, skal vera uvisst, men da han var årsgammal hamna vesle Johannes Bernhard på sjukehuset. Der døde han den 23.januar 1852 av «Udtæring» står det i klokkarboka for Domkyrkjesoknet[75]. Det må bety at han enten ikkje greidde å ta til seg næring, eller at han ikkje fekk nok næring. Johannes Bernhard vart gravlagt i fattigfolks jord på føremiddagen torsdag 29.januar. Både mor og far var døde, og det er tydelig at dei som hadde hatt hand om barnet og gav opplysningar til klokkaren, ikkje hadde så god kjennskap til opphavet hans. Dei visste ikkje at foreldra var gifte, meinte at faren Johannes Olsen Molde var fiskar og kjente ikkje patronymet til mora. Vi forstår at Johannes Bernhard må ha vorte sett vekk til framande.
Eldste sonen Anton vaks altså opp på Inderøya. Etter konfirmasjonen i 1857, verva han seg som soldat og var i teneste ved 2den. Trondhjemske Halvbrigades Depotkompani frå 12.november 1861 til 16.mai 1865[76]. Kompanikommandør kaptein Johannes Sejersted skreiv ein tenesteattest for han 27.november 1865, og her går det fram at han var straffa fem gonger i den tida han var verva soldat: «2 Gange for Vagtforseelse og 3 Gange for utilladt Udeværen af Kvarteret». Dette må bety at han to gonger har skofta vakthaldet og at han har tatt tre tjuvpermar. Og den unge kompanikommandøren føyer til at Anton «hørte til de mindre ordentlige Mandskaber ved Kompagniet»[77]. Det kan ha vore under ein av tjuvpermane at Anton møtte sydama Anna Lovise Larsen. Ho budde på Jonsløkka, eit område ved Nidelva, mellom Vollabakken og Klostergata. Anna Lovise budde her i lag med søstera si i ein bygård med mange familiar. Den 8.februar 1865 fekk Anna Lovise ei dotter, og far til barnet var «Ungkarl og Musketer Anton Molde». Den vesle jenta vart døypt i Bakke kyrkje 17.april 1865[78] og fekk namnet Josefine Isidore[79]. Dette var Anna Lovise sitt tredje «uægte» barn.
Da Anton Molde slutta som verva soldat 16.mai 1865, skjedde det ved at han bytta med ein musketer frå Det Indherredske nationale musketerkorps, og vart dermed no utkommandert soldat. Sommaren 1865 fekk han seg teneste hos vognmann Anders Aune i Danielsveita 3, men har vart ikkje Anton særlig lenge. Den 11.desember 1865 vart han sett inn på tukthuset i Trondheim. Han tulla han seg borti ei bedragerisak, der han lurte ei trøye og ein frakk frå ei kone ved hjelp av eit falsk dokument. Dermed hamna han på tukthuset i ni månader, frå 11.desember 1865 til 11.september 1866. Denne historia fann både Drammens Blad og Throndhjems Stiftsavis spalteplass til i januar 1866[80]:
Som Bevis paa, hvor let det er gjort for enfoldige Folk at komme i Forlegenhed derved, at de lade sig forlede til at skrive og underskrive Beviser eller Kautionssedler, kan anføres følgende kriminelle Tilfælde:
En Vognmandsdreng ved Navn Anton Molde blev i afvigte November enig med en Mand om at afkjøbe ham en Trøie for 2 Spd.; der var ogsaa Tale om Kjøb af en Frakke for 4 Spd., men han syntes at denne Pris var for høi. Med Kjøbesummen for Trøien skulde han faa Henstand intil Jul mod at han skaffede Kaution fra Vognmand Aune, hos hvem han opgav at være i Tjeneste. Angjældende begav sig derfor hen til en af sine Kjendinge paa Hlademoen for at faa skrevet Kautionsbeviset, men da denne erklærede ikke at kunne skrive og at hellerikke de øvrige Husbeboere kunde dette, spurgte han, om man ikke kunde sætte ham paa Nogen, som kunde. Man viste ham hen til Antonette Weiseth, hvem han bad om at skrive en Kautionsseddel fra Vognmand Aune for 2 Spd., – men da hun erklærede ikke at ville skrive noget falskt Dokument, svarede han, at Aune var syg og han derfor ikke kunde skrive selv; Konen skrev derpaaa Seddelen (efterat hun havde faaet Blæk, Pen og Papir af Anton) hvormed Angjældende begav sig til Sælgeren. Manden var ikke hjemme men havde givet sin Datter Ordre til at udlevere TRøien til Angjældende som benyttede Leiligheden til at forlange Frakken, som skulde koste 4 Spd., i stedet for Trøien, som kun kostede 2 Spd., idet han lederede Kautionsseddelen hvorpaa intet Navn var underskrevet, hvorimod Aunes Navn var anført i selve Texten, uden Efterligning.
Anton Molde, 24 Aar gammel, og Antonette Weiseth bleve begge satte under Tiltale; men ved den afsagte Underretsdom blev Konen – om hvem det ved Attest fra Naboer og Sognepræst oplystes, at hun var og altid havde været en skikkelig Kone – frifunden for videre Tiltale medens Anton Molde idømtes 9 Maaneders Tugthus for den begaaede Forseelse.
Etter dette reiste Anton Molde frå byen. Kanskje reiste han til sjøs nokre år, eller kan hende han var ei tid i Sverige?[81]. I første halvdelen av 1880-åra var han på Steinkjer, og der gifta han seg i Egge kyrkje 10.oktober 1884 med Marit Andersdotter Vikström, fødd i 1855 i Øvre Elvedal i Värmland[82]. Dei budde i Steinkjerbakken[83] på denne tida, men ikkje lenge etter reiste dei til Sverige, til Mårsjøen i Jemtland. Der fekk dei sonen Johannes i 1885. I 1887 var dei komne til Lademoen, og her i området vart dei buande, først i bustadområdet Kolonien, så eit par år på Voldsminde og seinare tilbake til Kolonien igjen[84]. Anton fekk arbeid som kjelesmed på Trondhjems Mekaniske Verksted. Da folketeljinga vart tatt opp den 3.desember 1900, budde Anton og Marit i Voldsminde nr 24. I tillegg til sine eigne to eigne søner og fire døtrer, budde pleiesonen Anders Larsen Rein[85] (17) frå Värmland i Sverige hos Anton og kona Marit. Dei sju borna var i alderen 17 år til åtte månader, og heile familien budde på eitt einaste rom og delte kjøkken med nabofamilien, som var nær slekt[86].I tillegg til sonen Johannes fekk Marit og Anton åtte born til: Andrea Marie Berntine (1887), Aslaug Kaspara (1889), Peter Olaus Arnfeldt (1890), Kristian Valdemar (1892), Aslaug Petrine Caspara (1895), Oskar Ahnfeldt (1896), Clara Mathilde (1898) og Ruth Emilie (1900). Fem av borna døydde som små: Aslaug Kaspara 23.juni 1889, Kristian Valdemar 7.desember 1892 av difteri, Peter Olaus 18.januar 1893 på Trondhjems Sygehus av skarlagensfeber, Ruth Emilie berre åtte måneder gammal den 18.februar 1901 av salmonellainfeksjon[87] og Aslaug Petrine Caspara, som døydde i 20.oktober 1903 av tuberkulose. Da hadde ho alt mista mor si, for Marit Andersdotter døydde den 22.april 1903 av hjertestans[88]. Ho vart gravlagt på Lademoen gravplass 28.april. Dette må ha vore ei svært vanskelig tid for den barnerike familien, og da mor Marit døydde vart det nemnt i kyrkjeboka at dei fekk fattigstønad. Så kva skulle Anton gjera no? Han satt att med fire ungar under konfirmasjonsalder, Aslaug Kaspara på 14 var svært sjuk, han hadde elendig økonomi og måtte på arbeid kvar dag. Om han skulle sleppe å spreie ungane sine for alle vindar, måtte han finne seg ny kone med ein gong. På andre sida av byen, borte i Kofodgeilan i Ila, var dei ei som nettopp hadde fått sitt femte barn utafor ekteskap. Ho måtte berre ta den ho kunne få. Slik sett var dei i same båt, dei to. Marit Olsdotter Vassli heitte ho.
Marit Olsdotter var fødd på husmannsplassen Grytbakkholten under Austigard Grytbakken i Rinndalen 14.juli 1866[89]. Ho var den yngste av sju søsken. Foreldra var Ola Pederson frå Tørset og Ildrid Andersdotter frå Haugen[90]. I 1877 tok dei med seg tre av borna sine og flytta til Orkdalen[91]. Dei slo seg til på ein av husmannsplassane under Vassli-gardane, og her budde dei da Marit vart konfirmert i Orkdal kyrkje i 1881. Det bars ut på teneste med Marit, og ho kom til husmannsplassen Myralykkja – rett i nabolaget til Vasslia. Våren 1887 fekk Marit ein son, og det vart klart at det var husmannen sjølv, familiefaren Hans Olsen Myralykkja, som var faren. Guten fekk namnet Iver. Han var fødd 14.mars 1887[92]. Antakelig vart ikkje Marit lenge på Myralykkja etter dette, men ho møtte Hans Olsen på nytt, og 11.jauar 1890 fekk dei dottera Karen Randine[93]. No flytta Marit Olsdotter til garden Selmo ved elva Svorka. Hit kom det ein skomakar frå Stolsmo i Meldalen rett føre jul i 1894. Gunnar Olsen heitte han, enkemann var han og meir enn å plugge sko kunne han. 11 august 1895 vart det resultat av skomakarbesøket. Da fekk Marit sin andre son, og han vart kalla Ola da dei døypte han i Orkdal kyrkje den 22.september[94]. Ein eldre bror av Marit, Anders Olsen, var husmann på plassrommet Kvålestua under ein av Kvåle-gardane i Orkdalen. Her budde han med kone og barn, og her fekk også Marit Olsdotter losjere seg inn. Ho hadde med seg den eldste sonen sin, Iver Hanssen. Dottera Karen Randine vart pleiedotter hos Tomas Eriksen og Karen Larsdotter på garden Steinshaugen, og femåringen Ola Gunnarson vart sett vekk som «fattigpleiebarn» hos gardfolka Sivert og Ane på Litlmyra i Orkdalen[95]. Til Kvålestua kom ein gammal flottenfeiar frå Ljøkell på besøk. Han presenterte seg som Anders Fredrik Karlsen, tidligare handelsbetjent. Rett nok begynte han å bli noko opp i åra, men det stod ikkje verre til enn at Marit Olsdotter fekk ei dotter 13.november 1900. Sjølvsagt var det flottenfeiaren frå Ljøkell som vart skriven som far for jenta da ho vart døypt i Orkdal kyrkje 9.desember 1900[96]. Ho fekk namnet Johanna Marie. Trulig i 1902 flytta Marit Olsdotter frå Orkdalen til Trondheim[97]. Kor mange av dei fire borna sine ho hadde med seg, er uvisst, men yngstejenta Johanna var ganske sikkert med til byen. Da Marit kom til Trondheim, ser det ut til at det var i Ila ho fekk arbeid og tilhald. Ein rørosing hadde vore vognmann i Trondheim i snart 20 år. Han heitte Henrik Hansen Bakke og hadde eit ekteskap med sju ungar bak seg. No var han enkemann, etter at kona Karen døydde ved juletider 1900. Henrik kjørte rundt i byen heile tida og trefte mykje folk. No trefte han Marit Olsdotter, som kanskje tenkte at Henrik var eit varp. Ho slo til, og resultatet vart ei lita jente, som vart fødd i Kofodgeilan 6 den 20.mars 1903. Jenta fekk namnet Petra Marie Signora da ho vart døypt i Ila kyrkje den 24.mai[98], men ikkje ein gong det vakre namnet gjorde inntrykk på vognmannen. Han gifta seg med Augusta Mathilde frå Stadsbygda 6.september 1903 og vart far til fleire, også til fire utafor dei to ekteskapa sine. Vesle Petra var ei av desse. Men ho Marit Olsdotter Vassli var ikkje tapt verken bak ei vogn eller ein vognmann. Ho heiv seg rundt og kapra ein fortvila kjelesmed frå TMV, ho.
Det gjekk ikkje meir enn fire månader frå Anton Molde følgde Marit Andersdotter til grava til han gifta seg med Marit Olsdotter[99]. Men ekteskapet med den siste Marit vart ikkje langvarig. Den 10. oktober 1904 døydde Anton Molde av ein nyresjukdom[100], og dermed kunne ein tru at Marit Olsdotter stod åleine igjen. Men nei, åleine var ho slett ikkje, og ikkje var ho utan pågangsmot og framtidstru, heller. Ho flytta frå Kolonien etter at Anton døydde. Bustadane der var bygde i 1870-åra først og fremst som rimelige husvære for industri- og kommunearbeidarar i den nye bydelen Lademoen. Kanskje var Marit tvinga til å flytte ut etter at Anton var død. I 1906-07 budde ho i Gyldenløves gate 29 på Rosenborg, og etter det var ho å finne like ved i Weidemanns veg nr 6, og her delte Marit Molde bustad med malarsveinen Anders Molde, den svenske guten som Anton og den første kona hans hadde tatt med seg hit frå Värmland i 1880-åra. I 1909 flytta Marit og Anton til Kirkegata 8c på Møllenberg, like ved Bakklandet. I Adressebøkene for Trondheim, som hjelper oss med å følgje i Marit Molde sine fotspor, blir ho titulert som «husholderske», og ein skulle da kanskje kome på den tanken at ho hadde tatt seg teneste som nettopp det. Slik var det ikkje. Folketeljinga 1910 fortel oss ei anna historie. For kva er det vi finn her? Jau, enka Marit Molde, som no er 44 år, driv pensjonat for losjerande. Og her losjerer for tida sydama Karen Hansen, Marit si eldste dotter. Her finn vi også ein som kallar seg Ivar Molde, og kven er det? Jau, det er Marit sin eldste son. Han er 23 år no, og arbeider med trelast. Malarsveinen Anders Molde bur også her, og her finn vi også Ola Gundersen, Marit sin yngste son. Han er 15 år no, og er visargut hos ein bakar. Og her er også Marit si yngste dotter, Petra Molde, på sju år. Ein einaste utanom familien bur hos den ferske pensjonatvertinna i Kirkegata: Bøkkarmeister Johan Haugen (45) frå Skaudalen i Rissa. Marit giftar seg med han[101]. Etter eit par år flytta Johan og Marit med familien til Innherredsvegen 58[102], og her budde dei framleis da den kommunale folketeljinga for Trondheim vart tatt opp i 1925.
Av Anton Johannesen Molde sine ni born var det fire som nådde vaksen alder:
Eldste sonen Johannes Antonsen Molde, fødd 7.april 1885 i Jämtland, vart konfirmert i Bakke kyrkje 2.juni 1901, og han budde da heime hos foreldra sine i Kolonien, Rosenvinges gate 11. Etter det reiste han trulig nokså snart til sjøs. Ikkje få unge gutar reiste ut allereie på «konfirmasjonsmandagen», og omtrent slik kan det ha vore med Johannes også. Fem og eit halvt år seinare, 15.desember 1906, møter vi sjømannen Johannes Antonsen Molde igjen: Kvar? Jau, i Sandefjord. Her er han ført inn i flytteprotokollen for Sandefjord by[103], litt uvisst kvifor. Det står oppført her at han er heimehørande i Trondheim, så opphaldet i Sandefjord var altså midlertidig. Kanskje reiste han med eit skip som kom til hamn i Sandefjord rett før jul i 1906, eller kanskje han segla med eit reiarlag som hørte heime der. Heime i Trondheim var han fire år seinare. Da folketeljinga 1910 vart tatt opp 1.desember, låg sjømann Johannes Molde som pasient nr 184 på Trondhjems Sjukehus. Kvifor han var innlagt veit vi ikkje. Her vart det opplyst at bustaden hans var i Kolonien, Rosenvinges gate 23. Det kan vera at Johannes leigde seg eit krypinn her når han var i land, men det kan også hende at dette er feilskrive for Rosenvinges gate 21, for her budde på denne tida Johannes eldste søster med mann og tre barn[104]. Om sjømannen Johannes Molde kom seg igjennom sjukehusopphaldet og korleis det eventuelt gjekk med han deretter, er inntil vidare ikkje kjent.
Eldste dottera til Anton Molde var Andrea Marie Berntine Molde, fødd i Kolonien 21.mars 1887. Til daglig vart ho kalt Maria, det ser vi mellom anna av folketeljinga 1900. Da budde ho heime i lag med dei åtte andre i familien sin på eitt rom i Voldsminde 24, men da ho vart konfirmert i Bakke kyrkje 6.april 1902, hadde familien fått seg eit betre husvære i Rosenvinges gate 11 i Kolonien. Den 2.juni 1907 vart det døypt ein gut i Bakke kyrkje[105]. Han var fødd 1.april 1907 og fekk namnet Erling. Foreldra hans var barberar Harald Albert Værnes frå Strandveien og fabrikkarbeidar Andrea Marie Antonsen frå Rosenvinges gate. Foreldreparet gifta seg i Bakke kyrkje 28.juli 1907[106], og da var Maria strikkerske, så det var trulig ved ein ullvarefabrikk ho hadde arbeid[107].
Harald Albert Værnes var fødd i Austre Ila 2b i Trondheim 12.mai 1889 og vart døypt i Ila kyrkje 16.juni. Foreldra hans var bakar Even Tobias Ananiassen Værnes frå Stjørdalshalsen og Lovise Albertine Albertsdotter Sotåen frå Trondheim. Dei budde fleire stader rundt om i byen, og i 1903-04 kom dei til Strandveien og slo seg til der[108]. Harald var nest eldst i ein søskenflokk på seks.
Ved folketeljinga 1910 budde barberar Harald Værnes og kona Maria i Rosenvinges gate 21 med tre born: Erling fødd i 1907, Harald fødd i 1908[109] og Arthur fødd i 1910. Hos dei budde også Harald Værnes si yngre søster Margit (fødd i 1897). Dei vart buande i Rosenvinges gate 21 eit par år til. Enno i 1913 budde dei der, men i 1914 hadde dei flytta[110]. No flytta dei til Stjørdalen. I Kjøpmannsgata midt i Stjørdal sentrum stod huset som blir kalla Bernhards Minde. Her slo barberar Harald Værnes seg til med familien sin og dreiv som barberar og frisør utover 1900-talet.
I dag er huset Bernhards Minde frå 1878-79 flytta til Hæsjgata på Stjørdal museum og er tatt vare på som eit av dei typiske handverkarhusa i Stjørdalen frå 1800- og 1900-talet.
Oskar Ahnfeldt Molde, fødd 12.november 1896, budde sjølvsagt heime hos foreldra sine i Kolonien medan dei enno levde. Etter at dei var borte, vart Oskar sett vekk som pleiebarn til det barnlause ekteparet Bergitte og Martin Engdal på garden Kola i Kvålsgrenda i Orkdalen. Det var Trondheim kommune som betalte dei for å ta seg av guten. Her var Oskar ved folketeljinga i 1910, og den 8.oktober 1911 vart Oskar Molde frå Kloa konfirmert i Orkdal kyrkje[111]. Kor lenge Oskar vart verande i Orkdalen etter konfirmasjonen, veit vi ikkje. Trulig vart han ikkje verande så lenge som pleieson på Kloa, og kan hende reiste han til sjøs berre som ung gut. Da han var midt i tjueåra finn vi spor etter han. Den 16.oktober 1922 finn vi han i sjømannsprotokollen for Trondheim som påmønstra xxxxxxxxxxxxxx. Her oppgav han bustadadressa si til Nedre Bakklandet 73, og på denne tida var det fosterboren hans frå Kolonien, malaren Anders Larson Rein med familie som budde her. Det kan bety at Oskar hadde budd hos dei ei tid før han reiste til sjøs.
Klara Mathilde Molde, fødd 28.mars 1898, vart også sendt til Orkdalen som lita jente. Ho vart pleiedotter hos Tomas Eriksen og Karen Larsdotter på garden Steinshaugen, på austsida av Orkla med Kvålsgrenda på motsett side. Klara vaks altså opp ikkje så langt unna broren Oskar. Vi fin ho på Steinshaugen vad folketeljinga 1910, og ho budde også her da ho vart konfirmert i Orkdal kyrkje 29.september 1912. To og eit halvt år seinare fekk ho sonen Torleif. Han vart fødd 20.mars 1915. Faren hans var daverande jusstudent i Kristiania, seinare mangeårig kontorsjef og rådmann i Strinda kommune, Lars Johnsen Garberg (1888-1967). Han var vel heime i Orkdalen på ferie sommaren 1914 da han møtte den litt over 17 år gamle fattigjenta på Steinshaugen. Sjølv var han ein høgt respektert 27 år gammal student frå hovudstaden. Det ser ut til at pleieforeldra var til støtte for Klara på denne tida. Dei stod begge fadder på Torleif da han vart dlypt i Orkdal kyrkje 18.april 1915[112]. Ikkje overraskande stod ingen av jusstudenten sin familie fadder på det nye familiemedlemmet sitt. Om kontorsjef Garberg i Strinda kommune sende ein gratulasjon til sonen sin da Torleif Steinshaug vart konfirmert i Orkdal kyrkje 28.september 1930[113], er uvisst. På denne tida budde Torleif på Grøttemoa i Orkdalen. Kvar han tok vegen etter dette, går ikkje inn i denne historia. Klara Molde Steinshaug døydde 30.august 1966, gravlagt på gravplassen ved Orkdal kyrkje 2.september 1966[114].
- FT 1910: pleiedotter hjå Tomas og Karen på Steinshaugen
- konf i Orkdal 29.sep 1912, bustad Steinshaug
- fekk sonen Torleif i 1915 med jusstudenten Lars Jonsen Garberg; budde på Seinshaug framleis, pleieforeldra var fadrar
- 1930 vart Torleif konf i Orkdal krk; bustad Grøttemo
Peter Edvard var Johannes Olsen Molde sin nest eldste son. Han kom til Kleiva i Orkdalen som liten, og trulig tente han på garden Vollen da han vart konfirmert i Orkdal kyrkje 1861[115]. Og med det er han borte for oss. Sikre spor etter han er ikkje å finne, verken i Orkdalen, i Trondheim eller andre stader. Det er ikkje usannsynlig at han som nykonfirmert fekk hyre og reiste til sjøs, som far sin.
Bernt Johannesen Molde vaks som kjent opp på Inderøya[116]. Etter konfirmasjonen fekk han seg arbeid som bergverksarbeidar på Ytterøya.
«Ytterøens Kobberverk» ble stiftet, og var i virksomhet både på 1600, 1700 og 1800-tallet. Det var imidlertid ikke før ut over 1800-tallet at det ble skikkelig fart i sakene. Det viste seg at forekomsten av svovelkis ble av mye større betydning enn kobber. Kisen var av høy kvalitet og fantes i store mengder. Markedet for svovelkis var stort og utskipning av kis til England ble en viktig virksomhet.
Etter å ha vært under skiftende eierskap, ble gruvene i 1864 solgt til et engelsk selskap og omdøpt til «Ytterøen Mining Company». De engelske eierne bosatte seg på bygda. Med sine internasjonale kontakter bidro de til at vi på Ytterøy utover i 1860-åra hadde landets største gruvedrift. Toppåret var 1867. Da var det sysselsatt 470 mann i gruvene. Det ble skipet ut 35000 tonn malm (95 tonn pr. dag). Leveransen fra Ytterøy utgjorde i disse årene så mye som 25% av verdensmarkedets behov. Gruvedrifta ga i disse årene godt overskudd og førte blant annet til ivrig letevirksomhet etter nye kisforekomster rundt på bygda. Rundt 1880 begynte det å bli lite malm igjen i gruvene og aktiviteten sank hurtig.
I de 20-30 mest aktive årene i gruvene opplevde Ytterøy et «Klondyke» hvor impulser utenfra bidro til utvikling av bygda som har hatt betydning helt opp til våre dager. I dag er det bare rester og minner igjen av den store gruveaktiviteten.
Frå WikiStrinda: Ytterøen Mining Co
Bernt losjerte på garden Forberg austre i 1865[117]. I november 1875 gifta han seg med Fredrikke Olsdotter[118]. Ho var fødd på Verås på Ytterøya 19.mars 1841[119]. Ved folketeljinga i 1875 finn vi det nygifte paret Bernt og Fredrikke i ei av dei 15 brakkene som var sette opp for bergverksarbeidarfamiliar på Ytterøya. Hos dei budde Fredrikke si dotter Ingeborg Johanna, som var fødd på Ytterøya 11.april 1873[120]. Den 23.mai 1876 kom Anna Bardoline til verda. Da hadde foreldra Bernt og Fredrikke flytta til Verås, og her budde dei også da Berntine Fredrikke vart fødd 7.mai 1879. Da dottera Jørgine vart fødd i januar 1882, budde dei på plassen Otersteinen. Seinare flytta Bernt, Fredrikke og dei tre jentene til husmannsplassen Buret[121]. Her budde dei i lag med døtrene Berntine og Jørgine ved folketeljinga i 1891. I tillegg til husmannsfolket sjølve og Bernt Molde med familie, budde det ein familie med fem born i Buret.
Det må ha vore dei siste åra på 1890-talet at Bernt og Fredrikke flytta frå Ytterøya. Dei flytta til Lademoen, Trondheim, og dottera Jørgine flytta med dei[122]. Dei tre budde i lag i Voldsminde nr 24 da folketeljinga vart tatt opp 3.desember 1900. Dei hadde eitt rom i andre etasje og delte kjøkken med ein annan familie. Og kven delte dei kjøkken med? Jau, det var Bernt sin bror Anton og den store familien hans[123].
Voldsminde nr 24 var ikkje nokon stor bygård. Her var det to etasjar, ein kjellar og ein kvist. Det budde eit par med eitt rom og kjøkken i første etasje. Trulig var resten av første etasje brukt til næringsverksemd av eitt eller anna slag. I andre etasje budde ein familie på sju på to rom og kjøkken, ein familie på tre på eitt rom og kjøkken og to familiar – Bernt og Anton – som delte kjøkken og hadde eitt rom kvar. På kvisten budde ein familie på fire, og dei hadde kjøkken og eitt rom. I alt budde det 28 personar med stort og smått i denne gården.
Etter å ha arbeidd som bergverksarbeidar på Ytterøya i over 30 år, fekk Bernt arbeid som byarbeidar i Trondheim kommune, og det fortsette han med til han vart pensjonist. I 1900 reiste dottera Anna Bardoline til Amerika. I lag med Inga karoline Olsen frå Stjørna gjekk ho den 14.februar 1900 om bord i selskapet Stjerne sitt skip «Zero» og hadde Fargo i North Dakota som reisemål. Billetten hennar var betalt i Amerika, får vi vita, så ein eller annan, som var der frå før, har bidratt til at ho reiste over[124]. I Fargo fann ho seg ein farmar – Oscar Larsson – og slo seg til der.
Dottera Berntine Fredrikke vart konfirmert i 1894, enno mens familien budde på Ytterøya. Så forsvinn ho for oss[125].
Yngste dottera, Jørgine, gifta seg sommaren 1908 med en svensk mann, Anders Gustav Agrell. Han var frå Bollnäs i Gävlesborg, rett sør for Sundsvall, og hit flytta dei nygifte rett etter bryllupet.
Den 23.februar 1908 døydde Fredrikke Olsdotter, Bernt si kone på Lademoen. Da dottera Jørgine flytta, vart Bernt Molde åleine. Ved folketeljinga 1910 budde han i Rosenvingens gate 18 på Lademoen, der han og Fredrikke hadde budd sia 1904. I 1913 bestemte Jørgine og Anders Agrell seg for å emigrere til Amerika. Trulig hadde dei korrespondert med Jørgeine si søster Anna Bardoline, som var farmarkone i Fargo, Nord-Dakota, for det var dit dei reiste. Og da dei reiste over, vart også 66-åringen Bernt Molde med. Den 2.juli 1913 gjekk han i lag med dottera og svigersonen om bord i selskapet Canadian sitt skip som skulle frakte dei over Atlanteren[126]. Bernt ville kanskje treffe også den eldste dottera si ein siste gong. Det var ho som betalte billetten hans, så ho ville sikkert også sjå han. Bernt var no pensjonist og hadde ein kommunal pensjon på 400 kroner året. Når han kom tilbake, veit vi ikkje. Han fekk seg husrom hos Oliver Selsbak i Nordtvedts gate 6 på Lademoen, og her levde han si siste tid til han døydde av lungebetennelse på sjukehuset den 8.november 1915.
Grete Maria Olsdotter (1819 – 1888) vart fødd 9.desember 1819, heimedøypt 13.desember og døypt i Sakshaug kyrkje 1.januar 1820[127]. Namnet Grete må vi tru ho fekk etter farmora si, som var døypt Margrete, men som vart kalla Grete til daglig. Grete Maria vart konfirmert i Sakshaug kyrkje 5.oktober 1834[128], og 20.september 1844 gifta ho seg i Sakshaug kyrkje med Henrik Pedersen[129]. Ole Molde var ein av forlovarane.
Henrik budde på Bossnes da han gifta seg, men han var fødd på Gausa på Inderøya 25.august 1815[130]. Foreldra hans var Peder Pedersen og Bergitte Ingebrigtsdotter, husmannsfolk under ein av Gausa-gardane.
Om foreldra til Henrik skriv Andreas Ystad i Inderøyboka: (Husmannsplassen Kneppet under garden Kjesbu[131]): Det var ein innflytta trysling, som heitte Per. Denne «Trysil-Per» var far til Trysil-Henrik, som var husmann i Sundnesplassen Nesset VI. Kneppet er såleis ein gamal plass. Han låg like ved vegen som gjekk til Sølli (og Kyrkjenesvågen).
Henrik og Grete slo seg ned som leigebuarar på Nes sin del av Straumen. Berre fem dagar etter at ho stod brur, fødde Grete sitt første barn: Hans. Han var altså fødd 25.september 1844. Truleg stod det dårleg til med guten, for han vart heimedøpt av Anders Sundbugen rett etter at han kom til. Heimedåpen vart stadfesta i Sakshaug kjerke 12.januar 1845[132]. Etter ei tid vart Henrik og Grete strandsittarar ved Straumen, og her budde dei da sonen Bertin Olaus kom til 27.januar 1847. Også han vart heimedøpt, og dåpen vart stadfesta 4.juli i Sakshaug kyrkje[133]. Så flytta dei til Bosnes og vart strandsittarar under den garden. Dette skriv Andreas Ystad i Inderøyboka under garden «Vestre Bosnes ytre»[134]:
Limomnåsen (også kalla Greteheimen)
Denne plassen låg attmed Fagerberget nedmed Børgin omlag 800 meter frå garden. Nedmed sjøen like nedanfor Limomnåsa var det fleire limimnar, der dei brende kalk. Plassnamnet kjem av det.
Det var Henrik Olss. Molde som bygde plassen ikring 1840. Kona til Henrik heitte Grete. Etter henne vart plassen ofte kalla Greteheimen. Det var mest ikkje jord til denne plassen, difor måtte ein helst rekna plassmannen der millom «husmenn utan jord», og Henrik hadde visst ikkje nokon arbeidsplikt på garden. Vi kjenner til at Henrik og Grete hadde ein son: Hans Henrikss., som var fødd i 1844 i denne plassa. Hans vart seinare husmann i Ingolsgjali, og tok da «Indgul» til etternamn.
Henrik Olsson for noko til sjøs. Han var son til den namngjetne kjempekaren Ola Molde, (Stor-Molde’n).
Plassen Limomnåsen er ikkje nemnt i folketal-listom 1865, 1875 eller 1891, så han var kanhende nedlagd føre 1865. No er plassen tilvoksten med stor granskog; men enno kan ein sjå hustufta og kor vid plassen var. Det står ei stor gran midt i kjellarhole no.
Denne forteljinga byggjer bygdabokforfattaren tydeligvis i all hovudsak på det som har levd i meir enn hundre år på folkemunne. Slik er det interessant å merke seg kva som har vore viktig for folkeminnet å ha med seg: At det var Henrik som rydda plassen, at kona Grete gav namn til staden, at dei hadde ein son Hans, at Henrik tidvis var sjømann og at dei som budde der var i familie med kjempen Ola Molde. Så får vi heller leva med at folketradisjonen ikkje heilt stemmer med dei historiske fakta. Det er godt gjort at minnet om denne plassen, som neppe kan ha eksistert som bustad for folk i meir enn 8-10 år, har overlevd og at staden der stuahuset låg var kjent hundre år seinare. At plassen fekk namn etter Grete, fortel vel mest om at det var ho som var heime og styrte hus og heim. Det underbygger berre tradisjonen om at Henrik henta utkomme utafrå, trulig først og fremst frå sjøen, men kanskje også som kalkbrennar eller på andre måtar.
Vi har merka oss at enno i januar 1847, da sonen Bertin Olaus kom til verda, budde Henrik og Grete i Straumen. Men da dottera Laura vart fødd den 20.februar 1850 var dei komne til Limomnsåsen under Bosnes. Laura vart døypt i Sakshaug kyrkje 14.april 1850[135]. Dei vart nokre år i Limomnsåsen. Den 25.august 1852 fekk dei dottera Jakomine der[136], og den 5.juni 1854 kom guten Henrik til verda[137]. I 1855 eller 1856 flytta Henrik og Grete med ungeskokken sin tilbake til området ved Straumen. Dei vart husmannsfolk under Sundnes. Om vi igjen blar opp i Inderøyboka og ser etter kva Andreas Ystad fortel, så plasserer han Henrik og Grete på ein av Nesset-plassane, den som vart kalla «Trysilheimen»[138]. Forklaring på namnet har han også:
Denne Henrik vart også kalla «Trysil-Henrik». Faren, «Trysil-Per» var husm. i Kneppi (Kjesbupl.). Trulig var faren innflyttar frå Trysil.
Her budde dei da dottera Kristianna kom til. Det var den 25.mars 1857, og ho vart døpt i Sakshaug kyrkje 23.juni det året[139]. Da sonen Kristian vart fødd to år seinare, det var 20.april 1859, står det at dei var innerstar på Sundnesplassen, men dei var nok husmannsfolk[140]. Dei var det da dottera Gunelia Petrine kom til 18.februar 1863[141], og folketeljingane både i 1865 og 1875 stadfester dette.
Ved folketeljinga i 1865 budde fem av dei åtte ungane heime. Dottera Laura hadde fått teneste på husmannsplassen Oldre under Sakshaug[142], sonen Henrik på 11 år var gjetargut hos husmannsfolket på Blomsetbakken i Verran og dottera Jokomine var gjetar hos Nils og Lisbet Hellem på Røra. Heime i Trysilheimen hadde dei tre sauer, sådde eit kvarter bygg og sette tre tønner potet. Vi forstår at det var ikkje plassrommet som held liv i familien. Ti år seinare budde Grete og Henrik framleis på plassen Nesset (Trysilheimen), men no hadde dei berre yngste dottera Gunelie på 12 år og eit lite barnebarn på fem år buande hos seg, sonesonen Håkon Bertinson.
Grete Marie døydde i Trysilheimen 21.mai 1888, og vart gravlagt på Sakshaug gravplass 27.mai. Ein var ikkje heilt sikker på om ho døydde av eit «Mavetilfælde» eller om det var slag[143]. Enno i 1891 dreiv Henrik Pedersen husmannsplassen på Nesset med gardsarbeid på Sundnes attåt. Han hadde tenestejenta Sofie Ellingsdotter (f 1845) til å gjera husarbeid hos seg, og ho hjelpte til litt ute også. Her budde også jektmatrosen Håkon Olufsen, fødd i 1867, sonen til Sofie Ellingsdotter. Den 22.mai 1897 døydde Henrik Pedersen heime på Nesset under Sundnes av «Hjernesygdom», som kan tyde på at han vart senil. Henrik vart gravlagt på Sakshaug gravplass 7.juni 1897[144].
Eldste sonen i Trysilheimen, Hans Henriksen, gifta seg i Sakshaug kyrkje 13.august 1868 med husmannsjenta Ingeborg Olsdotter frå plassen Kjølen under garden Jugle. Det hasta visst, for berre halvannan månad etter, 28.september, fekk dei sonen Gustav Herman. Da budde dei som leigebuarar på Sundnes, og Hans var jektekar og skipper. Etter ei tid fekk han bøksla husmannsplassen Ingålsgjerdet under garden Ingål, og her budde Hans og Ingeborg i lag med sonen sin i 1875, da folketeljinga vart tatt opp.
Ingeborg var frå Gudbrandsdalen. Ho var fødd på plassrommet Linbakken under garden Nordre Toft ved Follebu i Gausdal. Berre årsgammal kom ho flyttande til Trøndelag i lag med foreldra og bror sin.
Nest eldste sonen, Bertin Olaus Henriksen, fekk ein son med Jonette Jonsdotter Hårstad på Inderøya 10.mai 1870. Guten vart døpt i Sakshaug 10.juli 1870 og fekk namnet Håkon[145]. Jonette hadde da fire born utanom ekteskap frå før, mens det var Bertin sin første. Håkon fekk sine første barneår hos besteforeldra Henrik og Grete. Faren Bertin Olaus reiste nordover i første delen av 1870-åra og kom til garden Våg i Tjøtta på Helgeland. Her finn vi han som losjerande fisker ved folketellinga i 1875. På nabogarden budde Pernille Marie Johansdotter i lag med den gamle mor si Beret Pedersdotter, som var kårkjerring og enke etter Johan Klausen. Pernille var fødd på Våg i 1845. Bertin og Pernille gifta seg i Vevelstad kjerke 17.juli 1876[146], og litt travelt hadde dei det vel òg, for berre halvannan månad etterpå, den 4.september 1876, vart sonen Johan Henrik fødd. Han vart heimedøpt av Hanna Brun på Våg, og så vart dåpen stadfesta i Vevelstad kjerke 5.november 1876[147]. Den 11.september 1878 fekk dei ein gut til. Han vart døpt 17.november 1878 i Vevelstad og fekk namnet Gudmund Benjamin[148]. I april 1882 fekk dei ei dotter, men ho døydde udøypt – og fekk ikkje noko namn[149]. Så fekk Berntlin og Pernille ei dotter til i 1888, fødd den 11.juni. Da ho vart døypt den 5.august, fekk ho namnet Petra Berntine, og mellom faddrane finn vi ungkar Håkon Bertinsen[150]. Det var sonen hans Bertin, som da hadde budd hos far sin i fleire år. Han vart konfirmert i Vevelstad 28.juni 1885[151]. Ein gong mellom 1885 og 1888 hadde Berntin og Pernille flytta med familien sin frå Våg til ein husmannsplass under Vevelstad. Så slo ulykka til: På ei reise for lensmannen 27.oktober 1890 omkom Bertin Olaus på sjøen i lag med to andre karar[152]. Ved folketellinga 1900 finn vi enka Pernille Johansdotter som husbestyrarinne på Nordgarden Høgholmen i Tjøtta. Ho har berre dotra Petra Bertinsdotter hos seg.
- Håkon Bertinson tok namnet Hoken Molde og slo seg med i Swanville township, Morrison county, Minnesota
- Ved folketeljinga 1940 budde Hoken Molde (69) som enkemann på eigen farm ved Swanville i lag med sonen sin Lawrence (32), som var ugift; sonen fødd i Minnesota
- FT 1905:Swanville township; Morrison, Minn.
- Hocken Molde (35 1/12), farmar, har budd i Minn I 15 år 6 mnd, og på denne plassen I 8 år og 3 mnd
- Carrie Molde (39 7/12), har bud di Minn 7 år og 1 mnd, og på denne farmen 7 år og 1 mnd
- Olga Molde (5 7/12)
- Arthur Molde (2 10/12)
- FT 1910: Swanville; Morrison;Minnesota:
- Hoken Molde (39), head, fødd Norge, immigration Year: 1890, farmar, eig farmen (No 116)
- Carrie Molde (44), wife, Sverige; imm i 1893
- Olga Molde (10), daugther, Minnestota
- Arthur R Molde (7) son, Minn
- Laurance Molde (2) Minn
- FT 1920: No er det Håkon, Kari og dei to sønene på 17 og 11 som bur på farmen
- FT 1930: No bur Håkon, Kari og Lawrence B Molde på farmen, her står det at dei immigrerte til USA i h h v 1900 og 1902
- Carrie Molde døydde 9.aug 1937 på Little Falls, Morrison, Minnesota, 71 år gl
- Arthur Rudolph Molde døydde 5.juli 1926, f 2.sept 1902, grl i Swanville, budde i Alexandria, Douglas County, Minnesota, gift med Grace Mullins Molde
- Haaken Molde (f 10.mai 1870, døydde 3.feb 1958 i Morrison, Minnesota; grl i Swanville
Henrik og Grete si dotter Laura Henriksdotter gifta seg 3.september 1875 i Sakshaug kjerke med ungkar Anders Gunnerius Andreassen frå husmannsplassen Revikmarka på Inderøya[153]. Her slo dei seg ned, og i 1875 hadde dei foreldra og bror hans buande hos seg. I husmannssoga for Inderøya skriv Andreas Ystad om plassen Marka under Revika (=Røvika)[154], og her fortel han at Anders og Laura satt med plassen enno i 1891. Så døydde Anders det året, berre 54 år gammal. Da sa Laura frå seg plassen, men ho budde i stua der til rundt 1915 og fekk gjerda inn eit lite stykke av plassjorda til potetåker åt seg.
Jakomine Henriksdotter gifta seg 11.desember 1874 i Sakshaug kyrkje[155]. Brudgommen var Lornts Kristian Nilsen.
Lorents Kristian Nilsen var fødd 22.september 1853 på husmannsplassen Lilleenget under Bruem i Henning, Sparbu. Han var døypt i Henning kyrkje 26.desember 1853[156]. Foreldra var ungkar Nils Andersen Steinkjer og pike Gurine Olsdotter Bruemsplass. I 1865 var Lornts gjetargut hos besteforeldra på Lilleenget. Her budde også mora hans, ho Gurine, med dottera Elise på sju år, og morbroren hans Lornts, Johan (24), som gjorde pliktarbeidet for far sin på garden Bruem. Lorents flytta til Steinkjer[157] rett før konfirmasjonen 3.oktober 1869[158].Den 20.november 1874 fekk ungkar Lorents Kristian Nilsen flytteattest frå presten på Steinkjer for å flytte til Trondheim, men ifølgje kyrkjeboka for Inderøya budde han framleis på Steinkjer da han gifta seg med Jakomine i desember same året. Presten fortel at Lornts var husmannsson og bøkker.
Henrik Henriksen vart konfirmert i Sakshaug kyrkje 26.september 1869[159]. Etter å ha vore gjetargut i Verran på Ytterøya, var han altså tilbake på Inderøya og fekk «presthanda på hauvet».
- Henrik Henriksen 1872 Norway skip: Olaf
- Henrik Henriksen 1873 Norway skip: Haakon Adelsten
Den 12.oktober 1877 gifta Kristianna Henriksdotter seg med Johannes Larsen frå husmannsplassen Risan under Sundnes. Johannes var snekkar, og da foreldra hans drog på åra, vart Johannes og Kristina husmannsfolk på Risan. Dei fekk ein son som heitte Lorns. Han rydda seg ein liten plass attmed Risan, men da foreldra Johannes og Kristina fann på at dei skulle flytte til Trondheim, overtok han Lorns heile Risan. Lorns vart gift med ei jente frå Haugbergsmyra, Dortea. I 1921 fekk han kjøpe plassen, og etter han var det dotra Gerta og svigersonen, Kåre Oppheim, som tok over Risan[160].
Kristian Henriksen budde på Kjesbu, 3-4 kilometer frå heimstaden Sundnesnesset, da han vart konfirmert 27.juli 1874[161]. Om han budde på ein av dei to gardsbruka eller om det var på eit av plassromma under Kjesbu, kjenner vi ikkje til, men i følgje seg sjølv kom han dit som gjetargut i tiåralderen[162], altså rundt 1868. Frå da av måtte han greie seg sjølv. Han vart på Kjesbu i seks år, fram til han vart konfirmert. Da reiste han til Sverige og vart der eit par år. Helst ville han kome seg på sjøen og bli fiskar, og da han kom tilbake frå Sverige fekk han hyre som mannskap på fiskarbåt, med sildefiske om sommaren og torskefiske om vinteren. Dette dreiv han med i fem år. Så bestemte han seg for å reise til Amerika. I januar 1882 troppa Kristian i lag med fire andre opp på prestekontoret på Li prestegard. Han ba om at soknepresten, Gabriel Fredrik Ludvig Schübeler, måtte skrive ein attest, for han skulle reise bort.
Soknepresten stilte eit spørsmål til dei fem unge karane, sjølv om han alt visste svaret: Kvar skulle dei reise? Til Amerika, var svaret. Det hadde vore eit renn på kontoret til presten den seinare tida. Stadig vekk kom det folk og skulle ha presteattest, og dei aller fleste skulle reise til Amerika. Det vart mest ugifte unge menn som skulle dra, men også ein god del unge ugifte kvinner og nokre ektefolk med ein barneflokk. Av og til lurte presten på: Blir det berre oss gamle tilbake her i landet?
1880-åra var den første store utvandringsbølga frå Norge til Amerika. Heller ikkje Inderøya slapp unna den. Nokre hadde reist over Atlanteren også i 1860- og 1870-åra, men i 1880-åra rasa ein rein amerikafeber over Innherad – og dermed også over Inderøya. Mens det i 1860- og -70-åra reiste mellom to og 18 personar i året, så emigrerte 26 inderøyingar i 1880, 67 i 1881, 119 i toppåret 1882 og 57 i 1883. I 1887, som har litt ekstra interesse for denne historia, emigrerte 55 personar med smått og stort frå Inderøy prestegjeld[163].
Dei unge karane var på Li og henta attestane sine 31.januar 1882[164]. Så bar det rett til Trondheim, der reisepapira vart klarerte og billettane vart betalte. Den 9.februar gjekk dei om bord i dampskipet S/S Hero, som via Bergen og Stavanger tok dei over Nordsjøen til Hull på austkysten av England[165]. Så bars det med tog tvers over England til Liverpool, der amerikaskipet låg og venta. Reisemålet til Kristian og reisekameratane hans var Fergus Falls i staten Minnesota, USA. For reisa dit måtte kvar av karane ut med 197 kroner og sju øre.
Reisekameratane til Kristian Henriksen var: Nikolai Eliassen Sundnes (30), Oluf Eliassen Sundnes (25), Anders Hanssen Sundnes (25), Johannes Larssen Melhus (21) og Andreas Nilssen Ness (28). Dei var alle ungkarar, bortsett frå Andreas, som var gift strandsittar i Straumen.
Karane kjøpte billettar gjennom Allan Lines sin agent i Trondheim. Dei segla frå Liverpool 22.februar med S/S Parisian, var i Halifax 3.mars og segla vidare til Boston. Hit kom dei, slik Kristian hugsa det, i starten av mars, og derifrå reiste han rett til Fergus Falls i Minnesota. Hit kom han 11.mars 1882[166].
Da Kristian kom til USA brukte han namnet Christian Molde. Han valde altså morfar Ola Molde sitt etternamn, og det namnet brukte han resten av livet. Slik gjenfortel Krister Olsen historia om Christian Molde sitt liv i USA:
Christians første jobb i Minnesota var på jernbanen. Han var med å legge strekningen mellom Brainerd og Breckenridge. I juli 1882 dro han til Canada og jobbet på Canadian Pacific Railroad. På senhøsten reiste han tilbake til Minnesota og bosatte seg i Minneapolis. Her jobbet han de neste ti årene på sagbruk og med trelast.
Han var fullt klar over at han manglet utdanning. Men Christian var snarlært og ikke redd for å ta i et tak. Han grep de mulighetene han fikk til å tilegne seg ny kunnskap og nye ferdigheter. Innen trelastnæringen var det de som skalerte tømmeret som tjente best. Christian bestemte seg for å lære seg denne krevende jobben. Han holdt på å gi opp underveis, men etter ei tid ble han regner som en av de beste i selskapet.
I 1888 kjøpte han åtte mål jord i Morrison county, Minnesota. Rett etter å ha kjøpt jordene, fikk han vite at han likevel ikke hadde rettigheten til eiendommen, og han fikk aldri pengene tilbake. Fire år senere kjøpte han på ny land i Morrison, denne gang åtti dekar vill, urørt og skogkledd natur. Allerede første vinteren hogg han fem dekar skog.
Christian tok med seg familien hit i 1892. Plassen lå i utkanten av landsbyen Swanville. Med kone og fire barn hastet det å få tak over hodet. Christian fikk reist et toetasjes hus på rekordtid. Han hadde ingen erfaring med snekkerarbeid, men gjorde alt selv uten noen form for hjelp. Gjennom årene ryddet han store områder og dyrket marka. Han var kjent for å ha uvanlig bra storfe og hadde eierandeler i Swanville Creamery Company, det lokale meieriet. Her hadde han også jobben som kasserer i en periode. Christian Molde var kjent som en ryddig og rettskaffen mann. Han var en flink forretningsmann og ble ofte satt til viktige tillitsverv. I flere år var han valgt til å være leder og talsmann for landsbyen, og han var også offentlig takstmann.
I 1895 ble han amerikansk statsborger.
Som mange andre i området var Christian medlem av den skandinaviske kongregasjonskirken (Scandinavian Congregational Church). I 1901 donerte (solgte for en symbolsk sum) Christian jord til kirke og gravplass. Kirka ble reist like ved familiens gård. Han var også aktiv i menighetsarbeidet, spesielt i det administrative og merkantile arbeidet.
Tre måneder etter at Kristian kom til Minneapolis, kom også en ung dame ved navn Kristine Vestgrund over Atlanteren. Hun var fra Vuku og ville søke lykken i USA. De to fant tydeligvis tonen, og snart fikk de det også travelt med å gifte seg. På senhøsten 1884 ble Kristine, eller Christina Westgrund som hun ble hetende på amerikansk, gravid. 13. november giftet de seg i Minneapolis. 1. mai 1885 kom førstejenta, Georgia Antonia. I løpet av ti år kom det fire barn til: Henry (f. 20. mars 1887), Petra (f. 2. april 1890), Harry Molde (f. 16. april 1892) og Alfred Molde (f. 20. april 1895).
Alfred giftet seg med svenskættede Velma Johanna Lundstrom og flyttet til Minneapolis, hvor hun var født og oppvokst. Petra ble gift med Oliver James Dolven fra Nord-Dakota. De bodde noen år på gården i Swanville, flyttet så til Minneapolis, men endte til slutt i Havre i Montana. Henry bodde lenge på heimplassen. Han giftet seg med sambygdingen Bertha Glantz. De fikk ei datter, men så døde Bertha. Henry giftet seg på nytt med Esther Mathilda Peterson fra Duluth. De flyttet etter hvert til Minneapolis. Harry ble værende på heimplassen sammen med kona Ruby Elizabeth Jahnke, som kom fra Iowa. Eldstedattera Georgia forble singel og barnløs. Hun bodde sammen med søstera Petra i Minneapolis noen år, men var tilbake på heimgården da hun døde i 1939. Christian Molde levde ikke så mange år etter at datteren døde. Sommeren 1943 gikk han bort, 84 år gammel. På gravsteinen hans står det ”Father Christ Molde”
Yngste dottera til Henrik Pedersen og Grete Maria Olsdotter var Gunelia Petrine Henriksdotter. Ho budde heime hos foreldra sine ved folketeljinga i 1875 og da ho vart konfirmert 6.oktober 1878[167].
No kjem ein uferdig tekst:
- 1887: Gunelie P Henriksen (24) Inderøy, 2017
- SAT, Trondheim politikammer, 32/L0007: Emigrantprotokoll VII, 1885-1888
Gunelie P Henriksen (24), Inderøen, ug
- reiste med «Hero» , selskap Guion vidare
- S/S Arizona, Guion Line frå Liverpool 11.juni 1887 og framme i New York 20.juni 1887 kl 09.00 om morgonen
- S/S Arizona, Guion Line frå Liverpool 16.juli 1887 og framme i New York 24.juli 1887 kl 16.00
- S/S Wisconsin, Guion Line frå Liverpool ca 18.juni 1887 og frame i New York 28.juni 1887
- reisemål: New York
- billetten betalt i Amerika
- dato for kontrakt og forevisning: 1.juni 1887
- reiste ikkje i lag med nokon sambygding
Ragnhild Olsdotter (1822 – 1914) vart fødd 20.januar 1822 og døypt i Sakshaug kjerke 16.mars 1822. Den 4.oktober 1835 vart ho konfirmert i Sakshaug kjerke, og den 8.juni 1863 gifta ho seg der. Brudgommen var Johan Johnsen frå Levanger, enkemann etter søstera Olava Henrikke – altså svogeren hennes Ragnhild. Han var da 29 år, så ho var 12 år eldre enn han.
Den 12.august 1865 fekk dei sonen Henrik Olaus. Han vart døypt i Levanger kjerke 24.september 1865. Der står det at Johan Buraunet var arbeidsmann og at Ragnhild hadde mellomnamnet Christina. Folketellinga samme året fortel at dei budde i Østre gade i Levanger og at Johan Buraunet arbeidde som bryggesjauar, seinare som fiskar. I 1900 budde dei i Haakon den godes gate i Levanger, og i samme huset budde sonen Henrik, også han fiskar. Henrik vart gift med Anna Gustava Johansdotter Tingstadeid (f.1871) 22.november 1896 i Levanger kjerke og dei hadde døtrene Ragna Margrethe, som var fødd 24.mars 1897, Jenny (f.1898) og sonen Herman (f.1900).
Ragnhild døydde i Levanger 1. april 1914 og vart gravlagt 7.april[168].
Olava Henrikke Olsdotter (1824 – 1862) fødd 21.april 1824, døpt i Sakshaug kjerke 6.juni 1824. Ho vart konfirmert i Sakshaug 6.oktober 1839. Den 15.april 1856 fekk Olava ei dotter. Ho vart døypt 4.mai 1856 i Sakshaug kjerke og fekk namnet Johansine Henriette[169]. Faren var dreng på Sundnes og heitte Edvard Isaksen.
Olava gifta seg i Sakshaug kjerke 5.juli 1860 med ein ungkar frå Levanger, Johan Christian Johnsen Buraunet. Dei flytta til Levanger, og 21.september 1860 fekk dei dottera Christine Henriette, som vart heimedøpt samme dag. Tre veker seinare, den 9.oktober, døydde Christine Henriette. 15.juli 1862 døydde Olava Henrikke på Levanger. Ho vart gravlagd der 21.juli 1862.
Petternella Olsdotter (1826 – 1858) var fødd 10.september 1826 i Straumen. Ho vart heimedøypt av klokkaren 27.september og dåpen vart stadfesta i kyrkja 25.desember 1826[170]. Ho vart konfirmert i Sakshaug kyrkje 17.oktober 1841[171]. Petternella fekk ein son i 1848. Han var fødd 2. august, døypt i Sakshaug kyrkje 20.august 1848 og fekk namnet Hilmar Odin[172]. Vi merkar oss at det var morfaren Ole Rasmussen Molde som melde inn dåpen til presten. Faren til guten var drengen Jon Petter Simensen Heggdal.
Det ser ut til at Hilmar Odin vaks opp på Inderøya. Den 20. september 1863 vart han konfirmert i Sakshaug kyrkje[173], og da budde han på garden Ring. Ved folketeljinga 1865 finn vi han som tenestekar på garden Ytter Ring på Inderøya, hos gardfolket Petter Persen og Lisbet Rasmusdotter, som da var noko opp i åra[174]. Året etter, i mai 1866 flytta Hilmar Odin til Kristiansund[175], neppe «foruten grunn». Kva han gjorde der og kor lenge han vart verande der i byen er uvisst, men det kan hende at han såg meir framtid i å drive sjøen enn å arbeide med jorda. Og det var sjøen som vart framtida hans, først som sjømann, seinare som fiskar. Ikkje utenkelig starta han sjømannskarrieren som mannskap i fartøymiljøet heime på Inderøya og fortsette i Kristiansund. Der var det ein god del utanriks skipsfart, som kan ha lokka. Kor lenge han reiste til sjøs veit vi ikkje, men etter ei tid flytta han nordover, mesta så langt nord ein kjem her til lands. Ved folketeljinga i desember 1875 var matros Helmer Ringen, som han her vart kalla[176], i Lofoten. I lag med fire andre tilreisande og ein losjerande familie på tre[177] budde han hos husmannsenka Anne Hansdotter på Hellskjæret i Svolvær. Her opplyste han at han var fødd på Inderøya, men at heimstaden hans no var Hammerfest. Kanskje var det rundt denne tida Hilmar slutta som sjømann og begynte som heiltids fiskar. Ti år seinare – i 1885 – må vi til eit fiskevær heilt oppe ved Austhavet og Barentshavet for å finne han. I Losvika [samisk: Lohkesváhki] på vestsida av Tanafjorden i Aust-Finnmark, her hadde no fiskaren Hilmar Odin Sundfer, som han kalla seg her, slått seg til i lag med tenestedrengen sin, Bernhard Andreas Johansen, 16 år frå Tana[178]. Seks år etter – i 1891 – budde Hilmar framleis i Losvika. Han hadde ei tenestejente: Kaisa Mathilde Hansen. Ho var kven og fødd i Torneå i Finland i 1856. Hos Hilmar losjerte også fiskaren Hans Olai Hansen. Han var norsk og fødd i Tana i 1859. Verken Hilmar, Kaisa eller Hans var gifte. Det var dei heller ikkje desember i året 1900[179], i alle fall ikkje Kaisa Mathilde og Hilmar. Dei budde her tosaman no, og var ugifte som berre det.
Folketeljinga 1900 fortel oss at Losvika var eit av mange små fiskevær langs Tanafjorden. Losvika var eitt av dei minste og ligg nesten lengst ute i fjorden. Her budde det seks husstandar med i alt 26 menneske i 1900. Losvika hadde rådd seg med eigen fiskeoppkjøpar og skolelærar, og dei fleste heimane hadde nokre sauer. Men det var fisket som heldt liv i dei, sjølv om kyrkjeboka vitnar om at mange sette livet til på havet.
Han som kom åt Losvika og førte folketeljinga for 1910, var ikkje så heilt sikker på at Hilmar og Kaisa var så aldeles ugifte, og trulig hadde han skral hørsel i tillegg, så han skreiv «Helmel Sunfeer» og «Mathilde Sunfeer» og slo fast at dei to var gifte. Og i same slengen gjorde han Mathilde fem år yngre, at ho var fødd i Finland 15.august 1861 og det kan han kanskje ha hatt rett i. Men han bomma da han påstod at Hilmar og Kaisa Mathilde hadde gifta seg. Kanskje såg det berre slik ut? Sjølv om dei to hadde levd i lag i 20 år, så hadde dei aldri kome på å gifte seg.
I desember 1913 var Hilmar Odin Jonsen Sundfer godt og vel 65 år gammal. Da gifta han seg. Med Kaisa Mathilde? Nei, da. Den 9.desember 1913 luska han opp kyrkjegolvet i Gamvik kyrkje i lag med enka Johanna Kristine Martinsdotter. Ho var fødd i Karlsøy i Troms i 1853, hadde vore gift med fiskaren Bendik Johannesen, budde nokre år i Berlevåg, seinare i Losvika og deretter i fiskeværet Finnkongkeila [samisk: Sieidevuotna], 5-6 kilometer sjøvegen rett nord for Losvika. Johanna hadde sonen Oluf Anton Johan (fødd i Berlevåg 1889), og så hadde ho dottera Benedikte Katrine (fødd i Berlevåg 1892) og sonen Arthur Eivind Meyer (fødd i Losvika i 1896) med mannen sin. Den 9.april 1910 kom Bendik Johannesen bort på sjøen[180]. No var dei tre borna vaksne nok til å greie seg sjølve, og Johanna Kristine fann fram til stua hans Hilmar Odin. Om ho Kaisa Mathilde hadde gitt opp og reist før, om ho vart buande hos Hilmar og Johanna eller om ho etter 25 år vart sett på dør, kjenner vi ikkje til.
I oktober 1855 flytta Petternella Molde frå Inderøya til Strinda[181]. Ei tid tidligare hadde ein ungkar fødd på husmannsplassen Torgjerjale under garden Sør-Klefstad på Sandvollan flytta til Strinda og slått seg ned på Ladespannet. Han var trulig tenestedreng på garden Heggstad på Sandvollan, for han kalla seg Petter Hansen Heggstad.
Foreldra til Petter Hansen var Hans Andersen frå Heggstad og Margrete Larsdotter frå Flakkeberg, en annan gard på Sandvollan. Dei gifta seg i Hustad kyrkje på Sandvollan 21.oktober 1814[182], og deretter flytta dei mykje rundt ikring[183]: Da dottera Anne Margreta vart fødd i 1816, budde dei på Heggstad, og da Lovisa kom til i 1819 var dei i Skjelvågen. Her var dei også da Anders vart fødd i 1821, men i 1824, da dei fekk Petter, var dei altså på Torgjergjale under Sør-Klefstad[184]. Her på Klefstadplassen ser det ut til at dei vart verande. Både Petter og broren Anders budde på Klefstadplassen Torgjergjale da dei vart konfirmerte i slutten av 1830-åra, og det gir grunn til å tru at foreldra også budde her. Margrete Larsdotter døydde som leigebuar på Klefstad 2.desember 1856[185] 64 år gammal, og trulig var det Hans Andersen som døydde som spedalsk fattiglem på ein husmannsplass under Stornes 14.september 1861[186]
No flytta Petternella etter og vart innført i kyrkjeboka for Lade i Strinda i lag med Petter den 1.juni 1856, han 32 år og ho 30 år[187]. Dei skulle gifte seg, står det, og fjorten dagar seinare gjorde dei nettopp det. Petter og Petternella gifta seg i Bakke kyrkje 15.juni 1856[188]. Først budde dei ei tid på Ladespannet, og etter ei tid fekk dei leige seg husrom på Ladetrøa under garden Lade.
Den 1.februar 1858 var Petternella med i ein båt i Korsvikbukta ved Lade. Kva for båt det var, kven som var med og kva ho gjorde der, veit vi ikkje. Men vi veit at båten kollsegla, og at Petternella vart berga i land. Vi veit også at ho døydde rett etter at dei fekk ho i land. Ho vart gravlagt på Lade den 9.februar 1858[189]. Kanskje var det mannen Petter ho segla i lag med, og kanskje bleiv også han i Korsvikbukta denne dagen. Verken Petter eller nokon andre står innførte som gravlagde frå denne kollseglinga. Kanskje kjem det av at dei aldri vart funne, eller kanskje Petternella segla ein småbåt heilt åleine? Mest sannsynlig kom Petter Hansen bort på sjøen denne dagen. I kjeldene er det ikkje spor å finne etter han seinare.
NOTAR OG KJELDETILVISINGAR:
[1] Sjå s 2. I kyrkjeboka 1795-1816 for Sparbu, s 232 står det at Karen var fødd på Lein.
[2] Beret var jo sjølv fødd på husmannsplassen Leinplassen, men foreldra Johan og Marit flytta derifrå til husmannsplassen Trettenget under garden Veie rundt 1795. Johan var fødd på Trettenget. Da Beret Johansdotter vart konfirmert i 1796, budde ho på prestegarden Tuv, ein av nabogardane til Lein (Kyrkjebok for Sparbu 1795-1816, s 532). Ved folketeljinga i 1801 var Beret tenestejente på garden Fossem i Ogndalen hos Svend Rasmussen og Gjertrud Olsdotter, og i 1818 kan det vera Beret Johansdotter som stod fadder for eit barn frå ein husmannsplass under Tuv, og da budde ho på Frøset. Ho vart aldri gift, og i 1854 døydde ho som fattiglem på garden Haugan, 72 ¾ år gammal (Kyrkjebok for Sparbu 1849-1862. s 293).
[3] Kyrkjebok for Sparbu 1816-1824, s 508
[4] Tormod Aarholt: Bygdebok for Sparbu og Ogndalen, bd IV, s 357
[5] D.s., s 155f
[6] Kyrkjebok for Sparbu, Mære sokn 1825-1835, s 102. Eigentlig skulle Tore ha vore konfirmert året før, same året som jamaldringen Karen Olsdotter, men Tore hadde nok ikkje så lett for boklig lærdom som Karen hadde, så han slapp ikkje fram for konfirmasjonen i 1824. Han måtte gå for presten i to år, og sjølv da fekk han karakteren «slet» i kristendomskunnskap og flid.
[7] Kyrkjebok for Sparbu, Mære sokn 1825-1835, s 191
[8] Kyrkjebok for Sparbu, Mære sokn 1825-1835, s 33
[9] Kyrkjebok for Sparbu, Mære sokn 1836-1848, s 39
[10] Kyrkjebok for Sparbu, Mære sokn 1836-1848, s 44
[11] Forfattaren av bygdeboka hevdar at Karen og Tore losjerte på Leira under Hamrem frå 1835 til 1841, men innføringa i kyrkjeboka tyder på at dei i det minste var med og dreiv plassen (Tormod Aarholt: Bygdebok for Sparbu og Ogndalen, bd IV, s 179) .
[12] Kyrkjebok for Sparbu, Mære sokn 1836-1848, s 50
[13] Alt henta frå Kyrkjebok for Sparbu, Mære sokn 1836-1848
[14] Folketeljinga 1865 for Sparbu
[15] Kyrkjebok for Sparbu 1884-1908, s 274
[16] Folketeljinga 1891
[17] Folketeljinga 1900
[18] Tormod Aarholt: Bygdebok for Sparbu og Ogndalen, bd V, s 178
[19] Folketeljinga 1900
[20] Folketeljinga 1910
[21] Tormod Aarholt: Bygdebok for Sparbu og Ogndalen, bd V, s 107
[22] DA, Emigrasjonsprotokoll for 1881, Sivert står som nr 3297; her er det ikkje nemnt om det var Wheatland i Nord- eller Sør-Dakota. Staden fins i begge statane.
[23] DA, Emigrasjonsprotokoll for 1882, Mette står som nr 5861
[24] Tormod Aarholt: Bygdebok for Sparbu og Ogndalen, bd V, s 123
[25] Kyrkjebok for Henning i Sparbu 1873-1883, s 57
[26] Tormod Aarholt: Bygdebok for Sparbu og Ogndalen, bd VII, s 256
[27] Tormod Aarholt: Bygdebok for Sparbu og Ogndalen, bd VIII, s 222
[28] Karen Marta var tvilling. Ho var fødd 25.mars 1879 og vart heimedøypt med ein gong av Petrine Andreasdotter Gjermstad, trulig jordmora. Den andre tvillingen var Peter Teodor, men han vart ikkje fødd før etter midnatt, altså den 26.mars. Han vart også heimedøypt med ein gong, men han stod det ikkje over og døydde den 28.mars
[29] Kyrkjebok for Inderøy 1816-1821, s.64
[30] Kyrkjebok for Inderøy 1830-1839, s 49
[31] Kyrkjebok Inderøy 1840-1854, fol 12a
[32] Andrea Andersdotter fekk ei dotter i august 1839 med bakarsveinen Iver Andreas Strøm frå Trondheim. Jenta vart døypt i Sakshaug kyrkje 22.september 1839 og fekk namnet Anne Olava. Da vart Andrea kalla Sundfer til etternamn. Det kan bety at ho budde i Straumen, på den delen som låg under garden Sundfer, eller det kan hende ho var tenestejente på Sundfer, kanskje hos handelsmann Lorents Muus, eller at ho budde på ein av husmannsplassane under Sundfer.
[33] Kyrkjebok for Inderøy 1816-1822, s 49.
[34] Kyrkjebok for Inderøy 1830-1839, s 56
[35] Kyrkjebok for Domkyrkja Trondheim 1840-1847, s 135.
[36] Mellomnamnet Rasbæch er eit namn vi kjenner på fleire militære offiserar nordafjells på 1600- og 1700-talet (sjå Olai Ovenstad: Militærbiografier. Den norske hærs officerer 1628-1814, bd II s 284-286. Det var ein kaptein i det Nordenfjeldske nasjonale dragonregimentet i siste halvdelen av 1700-talet som til og med hadde namnet Peter Rasbeck (premierløytnant ved Det sparboske kompani under kpt Johan Christopher Brun i 1756, 44 år gl). Koplinga til Johannes Molde og Beret Næss er høgst uklår. På 1800-talet er namnet kjent særlig i Nord-Noreg.
[37] Kyrkjebok for Ørland 1842-1856, s 984
[38] Kyrkjebok for Inderøy 1840-1854, fol 54a
[39] SAT, Utskrivingsvesenet, sjøinnrulleringa: Bemannings- og mønstrinslister for Trondhjems innrulleringsdistrikt. Boks 204
[40] DA:Sjøinnrulleringa. Ekstrarulla for Levanger; rode 1, bokstav gg
[41] Sjå side xx. Trondhjem borgerlige Realskoles alene-priviligerede Adressecontoirs-Efterretninger, No 74: Torsdagen den 21.juni 1849
[42] Kyrkjebok Strinda (Bakke) 1818-50, s 125 og Kyrkjebok Strinda (Bakke) 1841-1850, s 112
[43] Jordmor Gunelie Kirstine Bye (1803-1851); budde i Prinsens gate i Vår Frue sokn den siste tida.
[44] Kyrkjebok Strinda (Bakke) 1841-1850, s 134
[45] Klokkarbok Trondheim (Bakklandet) 1851-1860, s 151
[46] Trondhjem borgerlige Realskoles alene-priviligerede Adressecontoirs-Efterretninger, No 25:
Torsdag den 27.februar 1851
[47] Klokkarbok for Bakklandet (Trh) 1851-1869, s 2-3 og kyrkjebok for Bakklandet (Trhondheim) 1851-1860, s 2. Namnet på dåpsbarnet er foreløpig uvisst, etter som klokkarboka fører namnet Johan Bernhard, mens det i prestens bok, kyrkjeboka (minestrialboka) står Bernt (overstoke) Johannes Bernhard.
[48] Elen Anna Jonsdotter var fødd på garden Tormodsvoll på Alstahaug i 1828. Foreldra var Jon Hansen og Nathana Kristoffersdotter. Dei flytta til ein husmannsplass under garden Gårdsvika på Alstahaug før Elen Anna vart konfirmert i 1845.
[49] Kyrkjebok for Bakke 1851-1860, s 9.
[50] Sjøinnrulleringa, Extra-Rulla for Levanger, rode 1, gg
[51] Sjå side 57
[52] SAT: Utskrivingsvesenet, sjøutskrivinga, boks 100, skipper- og styrmannsruller for Trondheim 1846-1859
[53] Kyrkjebok for Alstahaug 1831-1854, s 212
[54] Sjå side 5
[55] DA: Sjøinnrulleringa. Hovedrulla for Levanger; rode 1, bokstav z. Nemninga «cassert» i denne samanhengen er ikkje så negativ som ho høres ut; her er det å forstå som dimittert.
[56] Det var her mange av dei frå Nordre Trondhjems Amt fart vart førte inn.
[57] DA: Sjøinnrulleringa. Hovedrulla for Levanger; rode 1, bokstav z.
[58] DA: Sjøinnrulleringa. Hovedrulla for Levanger; rode 1, bokstav z.
[59] Jektekar, mannskap på jekt, matros på jekt
[60] Handelsloven av 1842 åpna for friare handel på fleire område, og handelen vart ytterligare liberalisert utover 1850-talet. Det vart lettare å begynne med handel rundt om på landsbygda i Noreg. Landhandelen omfatta handel med innanlandske varer og med nokre importerte varer, som kaffe, sukker og tobakk.
[61] Trondhjem borgerlige Realskoles alene-priviligerede Adressecontoirs-Efterretninger, No 60: Løverdagen den 18.mai 1850
[62] SAT, Utskrivingsvesenet, sjøinnrulleringa: Bemannings- og mønstrinslister for Trondhjems innrulleringsdistrikt. Boks 204
[63] Trondhjem borgerlige Realskoles alene-priviligerede Adressecontoirs-Efterretninger, No 70: Tirsdagen den 11.juni 1850
[64] Kyrkjebok for Vår Frue sokn i Trondheim 1840-1854: Handelsmann Peter Andreas Holgersen døydde 11.september 1851, 27 ¾ år gammal av ein brystsjukdom. Han vart gravlagt 18.september.
[65] Trygve Solhaug: De norske fiskeriers historie, bd 2, s 393ff. Oslo 1976
[66] D.s. 395
[67] Saltbuberget var husmannsplass under garden Øystre Svarva. I tillegg til å drive plassen var Petter bergarbeidar. Ifølgje Andreas Ystad i Inderøyboka bd III s 641 flytta Petter Sakariassen til Trondheim og busette seg der før 1870.
[68] Kyrkjebok for Sakshaug i Inderøy 1840-1854, s 412
[69] Kyrkjebok for Sakshaug i Inderøy 1855-1865, s 187
[70] Kyrkjebok for Sakshaug i Inderøy 1855-1865, s 215
[71] Kyrkjebok for Orkdal 1840-1853, s 330: Dette var datoen for attesten frå vaksinatoren jordmor Karen G Schei; iflg konfirmasonen vart han vaksinert 28.mai 1848.
[72] Kyrkjebok for Orkdal 1854-1869, s 161
[73] Kyrkjebok for Bakke sokn i Trondheim (Bakklandet) 1851-1860, s 2
[74] Sjå s 50
[75] Klokkarbok for Domkyrkja i Trondheim 1837-1855
[76] SAT: Trondheim byfogd, pk nr 10h0078, justissaker 1865
[77] D.s.
[78] Kyrkjebok for Bakklandet, Trondheim 1861-1865, s 56
[79] Da folketeljinga vart tatt opp 31.desember 1865, budde Josefine hos mora si på Jonsløkka. Ti år seinare, ved folketeljinga 1875, var ho fosterbarn hos husmannsfolket Peder Johannessen og Pedrikka Eriksdotter på Moa i Skogn.
[80] NB: Throndhjems Stiftsavis, søndag 21.januar 1866
[81] Anton Johannessen Molde er ikkje å finne i folketeljinga 1875, og da er det nærliggande å tru at han ikkje var i landet.
[82] Kyrkjebok for Egge i Steinkjer 1881-1895, fol 84b.
[83] Steinkjerleksikonet fortel dette: Bakken ned til Steinkjer – både på Nordsia og Sørsia. Stedsnavn brukt i Steinkjer i perioden 1870 til 1945. Navnet er brukt på ulike steder, om bakken ned til Steinkjer (morenen rundt Steinkjer by). I folketellingene i 1875, 1900 og 1910 brukes Stenkjærbakken som bosted på et betydelig antall (ca 50) boenheter i Egge kommune. I en beskrivelse av husmannsplasser under Egge gård nevnes flere plasser på Steinkjerbakken. På et kart fra 1878 er navnet skrevet langs vestsiden av Nordsihaugen og over mot Våttåbakken og Heggesenget.
[84] Adressebøkene for Trondheim viser at familien Anton Molde budde i Suhms gate 3 frå 1893 til 1896 og i Rosenvinges gate 21 i åra frå 1897 til 1899; begge desse gatene låg i Kolonien, nede ved fjæra på Lademoen. Så flytta dei oppover til Voldsminde og budde her i 1900 og 1901, før dei flytta tilbake til Kolonien og fekk bustad i Rosenvingesgt 11.
[85] Ved folketeljinga for Trondheim frå 1925 finn vi Anders Larsen Rein, kona Magdalene og dottera Johanne Maria på Nedre Bakklandet nr 73. Anders var malarsvein.
[86] Sjå neste side
[87] Kyrkjebok for Bakklandet 1901-1911, s 304. Legen Jacob Lønning fann ut at Ruth Emilie døydde av cholera nostras, som sannsynligvis var salmonella- og koliinfeksjon med liknande symtom som cholera asiatica, med oppkast, kraftig diaré og nedsett allmenntilstand. Væsketapet gjer at kroppen tørkar inn, og det kan føre til nyresvikt, muskelkrampar og død.
[88] Kyrkjebok for Bakklandet 1901-1911, fol 336b; dødsårsaka var iflg lege Jacob Lønning paralysis cordis, altså hjertelammelse
[89] Kyrkjebok for Rinndal 1858-1871, s 66
[90] Hans Hyldbakk og Willy Karlstrøm: Gards- og ættesoge for Rinndal, bd IV, s 184-185
[91] Kyrkjebok for Rinndal 1872-1881, s 252
[92] Kyrkjebok for Orkdal 1881-1895, s 58
[93] Kyrkjebok for Orkdal 1881-1895, s 96
[94] Kyrkjebok for Orkdal 1881-1895, s 191
[95] Folketeljinga 1900 for Orkdal
[96] Kyrkjebok for Orkdal 1894-1913, s 53
[97] Sonen Ivar Hanssen vart konfirmert i Orkdal kyrkje 12.oktober 1902 (Kyrkjebok for Orkdal 1894-1913, s 271). Han budde da i Eiklia. Mora må nødvendigvis vera komen til byen minst fire månader før det.
[98] Kyrkjebok for Ila i Trondheim 1896-1932, s 81
[99] Kyrkjebok for Bakklandet 1901-1911, fol 72b
[100] Kyrkjebok for Bakklandet 1901-1911, fol 359b
[101] Det har vore vanskelig å finne ut når dei gifta seg. Heller ikkje bakgrunnen til Johan Haugen har det vore greitt å finne ut av. Opplysningar frå folketeljingane i 1910 og 1925 ser ikkje ut til å stemme med kyrkjebøkene for Stadsbygd prestegjeld. Flokane let seg trulig løyse, men ikkje her.
[102] Adresseboka for Trondheim 1913 og utover
[103] DA: Flytteprotokoll for Sandefjord by 1901-1912
[104] Det var vanlig at sjøfolk, som for det aller meste hadde heimen sin om bord, oppgav adressa til nære slektningar som si heimeadresse i land
[105] Kyrkjebok for Bakklandet (Bakke) 1901-1908, s 300
[106] Kyrkjebok for Bakklandet (Bakke) 1901-1911, s 191
[107] Maria kan ha hatt arbeid ved Bernhard Brænnes Uldvarefabrik i Søndre gate,Trondheim. Her vart det produsert ullgarn og strikkeplagg. Verksemda kom i gang i 1878 og dreiv heilt til 1994.
[108] Adressebok for Trondheim 1903-04
[109] Da Harald Margido vart døypt i Lademoen kyrkje 21 mars 1909 (han var fødd 30.november året før), var ein av fadrane fabrikkarbeidar Anders Molde. Det var trulig Marie sin fosterbror Anders Larsson Rein.
[110] Adressebøkene for Trondheim 1913 og 1914
[111] Kyrkjebok for Orkdal 1894-1913, s 318
[112] Klokkarbok for Orkdal 1912-1936, s 26
[113] D.s., s.236
[114] Gravminner, Id nr 95617
[115] Sjå s xxx 50.
[116] D.s.
[117] DA: Folketeljinga 1865 for Ytterøya
[118] Kyrkjebok for Ytterøy 1871-1888, fol 132a
[119] Foreldra var Ole Olsen og Beret Larsdotter Verås. Da ho vart konfirmert i 1857, budde ho på Brustad. I 1865 satt ho som fange på tukthuset i Trondheim. Da ho gifta seg med Bernt i 1875 brukte ho etternamnet Forberg, så ho tente kanskje der på den tida.
[120] Kyrkjebok for Ytterøy 1868-1880, s 20. Far til Ingeborg var ungkaren Ole Fredriksen Husby. Dette var Ole sitt første og Fredikke sitt andre leiarmål.
[121] Staden der ferja til og frå Levanger legg til i dag.
[122] Jørgine Bentsdotter Molde skaffa seg attest frå presten på Ytterøya da ho flytta til Trondheim. Den opplyser at Jørgine flytta til Trondheim i 1898 og fins innført i kyrkjebok for Ytterøy 1881-1908, s 207
[123] Sjå s 56 xxxxxx
[124] DA. Trondheim politikammer, Emigrantprotokoll nr 10, 1895-1902
[125] Ho er ikkje å finne ved folketeljingane i 1900 og i 1910. og ho levde ikkje ved skifteoppgjeret etter far Bernt i 1915.
[126] DA: Trondheim politikammer, Emigrantprotokoll XIV, 1911-1916, s 216. Bernt har nr 2677
[127] Kyrkjebok for Inderøy 1816-1821, s 113
[128] Kyrkjebok for Inderøy 1830-1839, s 58
[129] Kyrkjebok for Inderøy 1840-1854, s 230
[130] Kyrkjebok for Inderøy 1802-1816, s 83
[131] Andreas Ystad: Inderøyboka, bd III (Husmannssoga), s 436 (1964)
[132] Kyrkjebok for Inderøy 1840-1854, s 35
[133] D.s. side 50
[134] Andreas Ystad: Inderøyboka, bd III (Husmannssoga), s 326-327 (1964)
[135] Kyrkjebok for Inderøy 1840-1854, s 64
[136] Kyrkjebok for Inderøy 1840-1854, s 77
[137] Kyrkjebok for Inderøy 1840-1854, s 85
[138] Andreas Ystad: Inderøyboka, bd III (Husmannssoga), s 629 (1964)
[139] Kyrkjebok for Inderøy 1855-1865, s 26
[140] Kyrkjebok for Inderøy 1855-1865, s 50
[141] Kyrkjebok for Inderøy 1855-1865, s 94
[142] Kalla Olderbakken i 1865-teljinga
[143] Kyrkjebok for Inderøy 1879-1914, s 369, og Klokkarbok for Inderøy 1880-1897, s 294
[144] Kyrkjebok for Inderøy 1879-1914, s 387, og Klokkarbok for Inderøy 1880-1897, s 324
[145] Kyrkjebok for Inderøy 1866-1878, s 36
[146] Klokkarbok for Vevelstad 1869-87, fol 96b
[147] D.s., s,20
[149] D.s., s.36
[150] Klokkarbok for Vevelstad 1888-1917, fol 2b
[151] Klokkarbok for Vevelstad 1869-1887, s 77b
[152] Klokkarbok for Vevelstad 1888-1917, fol 206b. Dei to som omkom saman med Bertin var Hans Hansen Hestun og Lornts Lund Brøløs
[153] Kyrkjebok for Inderøy 1866-1878, s 245
[154] Andreas Ystad: Inderøyboka, bd.III (Husmannssoga), s.553
[155] Kyrkjebok for Inderøy 1866-1878, s 243
[156] Kyrkjebok for Henning i Sparbu 1849-1862, s 74
[157] Kyrkjebok for Steinkjer (Egge) 1868-1881, s 165
[158] D.s., s.71
[159] Kyrkjebok for Inderøy 1866-1878, s 155
[160] Andreas Ystad: Inderøyboka, bd.III, s 616-617
[161] Kyrkjebok for Inderøy 1866-1878, s 183
[162] Opplysningar han sjølv har gitt i eit intervju mange år seinare, funne fram og referert av Krister Olsen.
[163] Desse tala gjeld dei som vart registrerte ved Trondheim politikammer. Det var sikkert nokre som reiste frå andre byar, så våre tal er minimumstal.
[164] Kb Inderøy 1879-1914, s 443
[165] SAT, Trondheim politikammer, 32/L0005: Emigrantprotokoll V, 1880-1882; Kristian har nr 29 i 1882
[166] Opplysningar han sjølv har gitt i eit intervju mange år seinare, funne fram og referert av Krister Olsen.
[167] Kyrkjebok for Inderøy 1866-1878, s 400
[168] Klokkarbok for Levanger 1880-1917, s 124-l
[169] Klokkarbok for Inderøy 1849-1871, s 35
[170] Kyrkjebok for Inderøy 1822-1830, s 168-169
[171] Kyrkjebok for Inderøy 1840-1854, s 181
[172] Kyrkjebok for Inderøy 1840-1854, s 56. I kyrkjeboka vart først namnet Henrik Olaus ført inn, men det er seinare retta til Helmer Odin.
[173] Kyrkjebok for Inderøy 1855-1865, s 220
[174] Folketeljinga for Inderøy 1865. s 30
[175] Kyrkjebok for Inderøy 1866-1878, s 358
[176] Ringen må kome av at Hilmar trulig i fleire år hadde budd på garden Ring på Inderøya. Han som førte folketeljinga for Svolvær i 1875 røper her ein stygg brist i sin kunnskap om lokale forhold på Inderøya.
[177] Mellom dei andre fire tilreisande var matrosen Peter Nikolai Irgens frå Inderøya
[178] Folketeljing for Gamvik i Tana 1885.
[179] Folketeljing for Gamvik i Tana 3.desember 1900.
[180] Kyrkjebok for Tana, Gamvik sokn 1908-1920, s 118
[181] Kyrkjebok Inderøy 1855-1865, s 353
[182] Kyrkjebok Inderøy 1802-1816, s 123
[183] Kyrkjebøkene for Inderøy, der dåpen på ungane er ført inn, gjer det mulig å følgje dei.
[184] Andreas Ystad: Inderøyboka bd III (Husmannsboka), s 265. Hans og Margrete sin eldste son Anders var husmann på Torgjergjale under Sør-Klefstad, og han tok over plassen etter foreldra.
[185] Kyrkjebok Inderøy, Hustad 1816-1881, s 229
[186] D.s., s 236
[187] Kyrkjebok for Strinda Lade 1848-1856, fol 317
[188] D.s., s 246
[189] Kyrkjebok for Strinda Lade 1856-1865, s 387, og klokkarbok for Strinda Lade 1850-1859, s 209