Om denne bloggen

Historia som aldri kom

  • Far hass bestefar Laurits? Det va ’n Gammel-Broder, det.

Ho stod med kaffekjelen og skulle skjenke i. Lenger kom ho visst ikkje. Tankane var så mykje viktigare enn kaffen. 

  • Kaffen bli kald, Alvilde.

Han heldt koppen sin fram over bordet. Ho ensa han ikkje. 

  • Ha du itj hørt om en Gammel-Broder, da?

Jau, eg hadde nok hørt om han. Sett namnet hans. Visste om nokre årstal frå kjerkebøker og folketeljingar. Men eg visste ingenting om han. Eg satt med notatboka mi framfor meg. Gledde meg til å få vita om han Gammel-Broder og forfedrane hans. 

Men eg vart skuffa. Ho visste mesta ingen ting, ho heller. 

  • Broder Hansen heitt’n vesst. Kom ifrå dalan ein plass, trur eg.  Gudbransdaln eller Ørkdaln eller Stjørdaln var det vesst.  Va’n fødd i byn, sei du?  Nei, det har eg no aller hørt.  Men han var tå fin slekt, han Gammel-Broder.  Var vesst ein prest i slekta hans.  Vi hadd ei bok heim på Sætra som hadd tehørt den presten.  Handskreve var a.  Han pappa var så redd for den boka.  Ho stod oppe i bokskapet hass inne i stua.  Vi ungan fekk itj lov te å sjå i a eingong.  Men vi lurt oss te det når han pappa itj var heim da, veit du.  Ho va så vanskelig å lesa.  Og eg kjem itj i hau ka som stod i a, nei. 
  • Og så va’n så sterk, han Gammel-Broder, sa dem.  Sløngt hunderkilos mjølsekke på skuldra og bar dem som ingen teng.  Æ ha hørt at’n va ein litt fæl mann.  Men han va tå fin slekt, ja.

Jau, kaffen vart kald.

¤ ¤ ¤

Når startar ei historie…

Når startar ei historie? Kan vi nokon gong seie: Det var her det begynte? Trulig ikkje. Alle historier har ei forhistorie. Kanskje fleire. Til og med første Mosebok kjem til kort: «I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet». Noko var altså der før opphavet, får vi høre. Eit gløtt av ei forhistorie fyk forbi oss, utan at vi får tak i ho. Slik er det ofte. Så blar vi oss tilbake, lag for lag, men veit at det alltid ligg ei historie gjømt attom.

Her hos meg finn du etter kvart mange historier. Dei spriker åt mange hald, men om det er ein tråd å finne i alt dette, så er det slekt og familie. Alle historiene her har noko med det å gjera, meir eller mindre. Dei er samla inn over eit tidsrom på meir enn femti år. Mange av dei har lege gjømte og samla støv i årevis. Ein travel kvardag har hindra dei i å komme fram i lyset. I tjuvlånt tid har eg samla historier og gledd meg over det, men kjensla av at dette var bortkasta tid og unyttig arbeid vaks etter kvart som hyller, skuffer og skap vart fylte opp meir og meir. Kvifor held eg på med dette? Kva skal eg med alle desse historiene? Den dagen eg har tatt min siste telefon og sett min siste Dagsrevy, så blir jo alt dette berre kasta i ein container og i beste fall sendt til resirkulering. Kan dette ha nokon interesse og verdi for fleire enn meg sjølv? Eg har innsett at svaret på dette spørsmålet er eit tilnærma tydelig NEI. Kanskje vil nokre få innafor mitt interessefellesskap og næraste familie krype opp i containaren og redde ut noko av dette materialet før renovasjonsselskapet kjem og gjer jobben sin, men det meste vil med rette bli til aske: Ashes to ashes, dust to dust. Om da ikkje …

I form av notat og gamle fotostatkopiar, avskrifter og fragmenterte tekstsnuttar vil det innsamla materialet mitt fortene å ende i papirinnsamlinga eller bli sletta frå disken eller skya. Ferdig med det. Men enn om dei mange bitane blir bearbeidde, sette i hop og i all sin variasjon blir samla til ein slags heilskap som kan nå fleire? Eg veit jo at mange både innanfor og utanfor landets grenser kan finne noko i desse historiene som beint fram handlar om dei sjølve og familiane deira. Kanskje er det til og med ein eller annan som kan lære noko av dette eller bli inspirert til sjølv å servere større eller mindre godbitar ho eller han har samla på opp gjennom åra? I så fall er ikkje timane, dagane og åra eg har brukt på dette til fånyttes. Så no handlar det om å nå ut med lesbare forteljingar. Dette er eit forsøk på nettopp det.

Gammel-Broder er namnet eg har valt å bruke som sjølve overskrifta på dette arbeidet. Det er fleire grunnar til det. Broder Nikolai Hansen Rasmussen var namnet hans, og han levde frå 1802 til 1871. Etter at han kom til Sætra på Fjellværsøya, brukte han Sørsæter som etternamn. Han var tippoldefaren til meg og mange andre, men for meg har han vorte eit slags symbol i tillegg. Han døydde åtti år før eg vart fødd. Likevel trur eg det er hans historie som har gjort at interessa for historie og slektshistorie har følgt meg gjennom heile mitt vaksne liv. Historia hans Gammel-Broder er ikkje spesiell på noko vis. Ho er så absolutt ei kvardagshistorie. Når ho likevel inspirerte meg, så må det ha vore fordi ho var både gjømt og glømt. Ingen eg spurte visste noko særlig om han. Berre små sprikande hint dukka opp. Dette måtte eg gjera noko med.

I tida som kom, fann eg ut at Broder Nikolai var ein av ti søsken. Og for snart ein liten mannsalder sia utfordra eg meg sjølv i mitt overmot til å skrive historiene til alle ti. Det utgjer grunnstammen i dette arbeidet, og derfor har eg brukt namnet hans Gammel-Broder som ein slags tittel på det heile. Om eg nokon gong kjem i mål med denne historia, veit eg ikkje, men starten på ho finn eg aldri, det veit eg.