Ola Molde var ein kjent kar på Inderøya og nærområda ikring på 1800-talet. Han var strandsittar på Straumen og jekteskipper, men mest kjent var han kanskje for kjempekreftene sine. Han var Gammel-Broder sin nest eldste bror.
Category Archives: Uncategorized
CHRISTOFFER PAVELS RASMUSSEN MOLDE
Christoffer var yngste broren hans Gammel-Broder. Det meste av hans historie er gjømt for oss. Berre nokre små gløtt har det vore mulig å samle i hop til ei lita forteljing. Så veit vi heldigvis noko meir om etterslekta hans. Dei har greidd å sette spor etter seg. Lite visste dei trulig om han Christoffer.Les meir «CHRISTOFFER PAVELS RASMUSSEN MOLDE»
DEI FIRE SØSTRENE PÅ SØRSÆTRA
På Sørsætra på Fjellværsøya voks det opp fire søstrer i begynnelsa på 1800-talet. Dei mista faren sin tidlig, og i lag med mora si måtte dei fire vera med å drive heimegarden. Tre av søstrene vart verande på Fjellværsøya og Ulvøya heile livet. Den fjerde reiste langt sør i landet. Her kjem historiene om deiLes meir «DEI FIRE SØSTRENE PÅ SØRSÆTRA»
AMALIA ULRIKKE FREDRIKKE MOLDE – husmannsjente, lensmannsfrue og fattiglem
Amalia Ulrikke var ei av dei fem søstrene til Gammel-Broder. Ho var fødd på Rotvollberget i Strinda, kom som ung jente til Vesse i Hemne, seinare til Sunndalen og Stangvika, vidare til Sunndalsøra og til sist Kristiansund. Ho reiste kanskje ikke så langt ut i verda, men livsvegen hennar vart så visst ikkje lett …Les meir «AMALIA ULRIKKE FREDRIKKE MOLDE – husmannsjente, lensmannsfrue og fattiglem»
HISTORIA OM RASMUS OG GRETE
Slektstavler blir ofte mest namn og årstal. Historiene og livet til mennskja attom namna veit vi vanligvis mindre om. Men tek vi oss på tak og arbeider med meir enn årstala og dei mange namna, så hender det at spennande, romantiske eller kanskje tragiske historier kjem for ein dag. Historia om Rasmus og Grete blirLes meir «HISTORIA OM RASMUS OG GRETE»